Hopp til innhold
X
Innhald

Bhutan

Bhutan er eit lite, lukka fjelland i Himalaya. Landet er økonomisk fattig, men nyleg demokratisert og kjent for konseptet «bruttonasjonallukke», som fungerer som ei politisk rettesnor for styresmaktene i landet.

Bhutan (Druk-Yul) er eit kongerike i Himalaya, Asia, mellom India og Kina. Det er eit fjelland med toppar på over 7000 m, i sør sletteland ca. 150–200 moh. Klima- og vegetasjonssoner er forskjellige for dei ulike høgdetrinna. Det er varmt og fuktig i lågare strøk. Befolkninga er av tibetansk opphav. Bhutan er eit jordbruksland som er økonomisk avhengig av India. Det har vore kraftig økonomisk vekst i landet sidan tusenårsskiftet.

Bhutan vart eit samla rike på 1600-talet, og det noverande kongehuset vart etablert i 1907. Også militært og utanrikspolitisk er landet avhengig av India. Som ledd i kongens politikk for å bevare bhutanske tradisjonar og levesett er det lagt strenge restriksjonar på turismen. Dessutan er det påbode for alle innbyggjarar i landet å bruke bhutansk språk, klesdrakt, byggjeskikk osv. Dette har i dei siste åra ført til aukande spenning mellom den etnisk bhutanske og den betydelege nepalske befolkningsdelen. Etter konstitusjonelle reformer endra Bhutan i 2008 statsform frå absolutt til konstitusjonelt monarki. Parti vart legaliserte, og det har vore halde nasjonalforsamlingsval kvart femte år sidan, med ulike vinnarar og ny statsminister i alle vala. Statsoverhovud sidan 2006 er kong Jigme Khesar Namgyel Wangchuck. Statsminister sidan 2018 er Lotay Tshering.

I 2015 vart Bhutan stiftande medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019