Hopp til innhold
Det bruneiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det bruneiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Brunei

Det vesle landet Brunei er blant landa i verda med høgast levestandard, takk vere store olje- og gassressursar.

Brunei (Negara Brunei Darussalam) har eit tropisk, fuktig klima. To tredelar av befolkninga er muslimske malayar, og den største minoriteten er kinesarar (10 %). Økonomien i landet er basert på eksport av olje og naturgass. Inntektene har gått til oppbygging av ein velferdsstat. Innbyggjarane har ingen inntektsskatt, og dei har gratis helseteneste. Gunstige skattevilkår skal trekkje industri til landet. 

Brunei var britisk protektorat frå 1888. Landet var okkupert av Japan 1941–45 og fekk full uavhengigheit frå 1984. Det er medlem av Samveldet og av ASEAN.

Regjeringa i Brunei har begynt å styre landet mot å bli mindre avhengig av olje- og gasseksport, men framleis er dette heilt dominerande i økonomien til landet. Brunei har det femte høgaste BNP per innbyggjar i verda, justert for kjøpekraftsparitet. Landet har inga statsgjeld og har nest høgast HDI (Indeks for menneskeleg utvikling) av søraust-asiatiske land, etter Singapore. Sultan sidan 1967 er Hassanal Bolkiah.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 19.02.2020