Hopp til innhold
X
Innhald

Dei sameinte arabiske emirata

«Perlekysten» skifta i løpet av 1700-talet namn til «Piratkysten» og på 1800-talet til «Traktatkysten». Etter at traktatane vart oppheva og sjølvstende var oppnådd i 1971, kunne «oljekysten» ha vore eit treffande namn på det no oljerike landet.

Dei sameinte arabiske emirata (Ittihaad al-Imaaraat al-'Arabiiya) består av sju sjølvstyrte emirat: Abu Dhabi, Ajman, Dubai, Fujairah, Ras al Khaimah, Sharjah og Umm al Qaywayn. Alle desse er absolutte monarki med lite politisk fridom. Landet er eit flatt, ørkenaktig lågland med sanddyner i det indre. 

Emirata er på få år blitt eit av dei rike oljelanda i verda, men har mindre olje- og gassreservar enn dei andre Golf-statane, og økonomien er i mindre grad bygd rundt eksport. Mesteparten av olja blir utvunnen i Abu Dhabi og Dubai, delvis frå felt i Persiabukta. Her bur og arbeider også nesten alle framandarbeidarane, som med sine over 80 % av totalbefolkninga er den nest største migrantbefolkninga i verda i prosentdel av befolkninga, etter Qatar.

Dei arabiske emirata har ei omfattande industrialisering, særleg i området omkring Dubai, som har ein stor internasjonal flyplass og sidan 2009 det høgaste bygget i verda: Burj Khalifa. Skule- og helsevesenet er godt utbygde. HDI (Indeks for menneskeleg utvikling) er den høgaste i Midtausten og blant arabiske land. Emirata har ein investeringspolitikk som liknar den norske, og dei har den mest differensierte økonomien av dei arabiske oljenasjonane. Føderasjonen fører ein generell nullskattspolitikk for å tiltrekkje seg framandarbeidarar, men innførte ei meirverdiavgift på 5 % i 2018.

Landet vart kalla Piratkysten før emirane i 1820 inngjekk ein avtale med britane om ikkje å angripe britiske skip. Då fekk det namnet «Traktatkysten» («Trucial Oman») og var eit britisk protektorat for alle praktiske formål. Storbritannia trekte seg ut i 1971, og den noverande føderasjonen vart danna.

Emirata deltok i Golfkrigen mot Irak i 1991, dei støtta NATO i Afghanistan-krigen 2001 og USA i Irak-krigen i 2003, dei deltok i Libya-krigen i 2011 og har sidan 2015 bidrege med jagarfly i krigen i Jemen, på saudiarabisk side. Alliansen med Saudi-Arabia er også synleg i Emirata sin økonomiske og diplomatiske boikott av Qatar sidan 2017.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019