Hopp til innhold
X
Innhald

Den arabiske halvøya

Den arabiske halvøya er ei av Asias største halvøyar. Ho ligg mellom Raudehavet i vest, Persiabukta og Omanbukta i aust og Adenbukta og Arabiahavet i sør. 

Flateinnhaldet av Den arabiske halvøya (arabisk Jaziirat al-'Arab) er fire gonger så stort som den skandinaviske halvøya, bortimot 3 millionar km². Ca. 52,6 millionar innbyggjarar bur i området. Mesteparten av landet er ei tørr, ørkenaktig høgslette med ei fjellkjede i vest og sør på opptil 3700 m. Mot aust skrånar høgsletta ned mot Persiabukta. Klimaet er varmt og tørt. I det indre kan det berre drivast jordbruk ved oasane. Elles lever folk der som nomadar, men mange arbeider no i oljeverksemda. Fjellskråningane ned mot kysten får ein del regn, særleg i sørvest mot Raudehavet. Her finst det beste klimaet og fruktbare område. Romarane kalla denne delen av halvøya Arabia felix, «det lykkelege Arabia».

Den eldste historia til landet er lite kjend, men handelen mellom India og middelhavslanda har tydeleg gitt grunnlag for rike byar og velståande statar. I Det gamle testamentet er «dronninga av Saba» omtalt; ho besøkte kong Salomo i Israel omkring år 1000. Kongeriket Saba låg ved sørvest-spissen av Arabia. Arabia vart aldri samla til eitt rike i gammal tid, men arabarane greidde å halde seg uavhengige, trass i framande erobrarar. Romarane gjorde fleire forgjeves forsøk på å vinne herredømmet, men under keisar Hadrian gav dei opp alt dei hadde erobra. Seinare stod ein del av dei arabiske smårika under bysantinsk, persisk eller etiopisk herredømme. Muhammed er den einaste som har greidd å samle Arabia under éi leiing og under éi lære, islam.

Etter Muhammeds død (632) spreidde arabarane seg over heile området frå Indus i aust til Spania i vest, men moderlandet kom snart i skuggen av dei nyvunne områda, og tyngdepunktet vart flytt frå Mekka og Medina til Damaskus, Bagdad, Kairo og Granada. Dei gamle stammestridane blussa snart opp igjen, og det store riket løyste seg opp i fleire smårike. I 1517 kom ein del av Arabia under tyrkisk styre, men tyrkarane greidde aldri å få kontroll over heile halvøya. Dei måtte stadig sende troppar frå Egypt for å slå ned oppstandar.

På 1800-talet vart Storbritannia meir og meir interessert i å skaffe seg støttepunkt for å tryggje sambandet med India langs kysten av Arabia. I 1839 hærtok britane Aden, ved innseglinga til Raudehavet, og etter kvart slutta dei traktatar (truces) med ei rekkje emirat langs sør- og austkysten. Desse områda vart kalla Trucial Oman. Mot slutten av 1800-talet blussa det på nytt opp ei nasjonalistrørsle, leidd av Ibn Saud og Hussein Ibn Ali, som gjekk saman med britane under første verdskrig i kamp mot tyrkarane.

Etter krigen vart det strid mellom Ibn Saud og Hussein Ibn Ali. Ibn Saud sigra og gjorde seg sjølv til konge i ein ny stat, som i 1932 fekk namnet Saudi-Arabia. Staten omfattar det meste av halvøya, bortsett frå kyststrøka i sør og aust. Storbritannia kontrollerte store delar av desse områda til etter andre verdskrigen.

Då britane avvikla sitt rike «aust for Suez» i 1960-åra, oppstod det ei rekkje sjølvstendige statar: Jemen, Sør-Jemen, Oman, Dei sameinte arabiske emirata, Qatar, Bahrain og Kuwait. I Saudi-Arabia, Kuwait og nokre andre statar har ein funne nokre av dei rikaste oljekjeldene i verda. Inntektene frå dei har gjort desse statane svært velståande og har totalt endra levekåra for befolkninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2019
Sist oppdatert: 10.12.2019