Hopp til innhold
X
Innhald

Filippinane

Krigen mot narkotika har gjort Filippinane til det fjerde farlegaste landet i verda. Kanskje er det då ikkje så rart at landet held fram med å gi arbeidskraft til heile den rike verda, med ein av dei største diasporaene i verda.

Filippinane (Republika ng Pilipinas) er ei øygruppe som består av over 7000 øyar. Av dei bur det folk på ca. 800. Dei 11 største utgjer 93 % av landarealet, har fruktbare kystsletter og ofte eit fjellrikt indre. Øyane har tropisk klima med regnskog og monsunskog, og langs kysten er det hyppige tyfonar. Filippinane er eit jordbruksland, men har betydeleg næringsmiddelindustri, elektronisk industri og teknoindustri. Det blir dyrka ris, mais, sukkerrøyr, kokospalmar, tobakk og manilahamp. I 2019 arbeidde ein fjerdedel av yrkesbefolkninga i jordbruket, mot halvparten i 2005. Økonomien er avhengig av og til dels strukturert rundt migrantoverføringar frå dei mange filippinske framandarbeidarane i rike land, deriblant Noreg. Dei viktigaste eksportvarene er elektroniske produkt, konfeksjon, kokosolje, bananar, gull og kopar.

Filippinane er medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak. Presidenten er også regjeringssjef. Av statsforfatning er Filippinane ein sekulær stat.

Filippinarane er eit austronesisk folkeslag som innvandra til øygruppa truleg rundt 4000 f.Kr. Øygruppa var lenge under indisk innverknad. Ca. 1570–1899 var øyane spanske og vart sterkt prega av katolsk tru og spansk kultur. Inspirert av revolusjonane i Latin-Amerika voks ei uavhengigheitsrørsle fram mot slutten av 1800-talet. Den første filippinske republikken vart proklamert under den spansk-amerikanske krigen i 1898, men ikkje anerkjend av USA. Landet var amerikansk koloni 1899–1946.

President Marcos innførte diktatorisk presidentstyre i 1972 etter langvarig indre uro, med nærmast borgarkrig i sør. Han vart styrta ved ein ublodig revolusjon i 1986, og Corazón Aquino vart president (etterfølgd av Fidel Ramos, president 1992–98). Borgarkrigen heldt likevel fram med både den kommunistiske NPA-geriljaen og muslimske separatistar i kamp med regjeringsstyrkane, og fleire mislukka kuppforsøk vart sette i verk frå hærens side. På øya Mindanao i sør førte den muslimske Moro-geriljaen ein væpna kamp frå 1970-talet til 2019. I 1996 inngjekk geriljaen ein fredsavtale med regjeringa.

Kraftige utbrot frå Pinatubo-vulkanen frå juni 1991 øydela store delar av dei amerikanske basane Subic Bay og Clark Air Base, og fleire landsbyar vart dekte av slam frå vulkanen. Hausten 1991 vedtok senatet å seie opp baseavtalen med USA. Året etter trekte USA styrkane sine ut av øygruppa. Amerikanske basar vart gjeninnførte etter Barack Obamas besøk i 2014.

Då IS vart oppretta same år, gav det nytt liv til den muslimske motstandskampen i Mindanao, der fleire lokale grupperingar svor sin truskap. Målet frå IS’ side er å opprette eit austasiatisk kalifat. Delvis for å stagge ei slik utvikling vart det i 2019 halde folkeavstemning om sjølvstyre på delar av øya, med klar ja-siger. Fredsavtale med Moro-geriljaen vart underteikna, og september 2019 leverte dei inn sine våpen i byte mot økonomisk støtte.

Den kontroversielle Rodrigo Duterte, som sjølv er frå Mindanao, har vore president sidan 2016, med utvida makt etter mellomval til nasjonalforsamlinga i 2019. I utlandet er han særleg kjend for krigen sin mot narkotika. Metodane hans møter internasjonal fordømming og har gjort Filippinane til det fjerde farlegaste landet å bu i når det gjeld vald mot sivile. Med valseieren i 2019 planlegg han og partiet hans, PDP-Laban, å gjeninnføre dødsstraff.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019