Hopp til innhold
X
Innhald

Georgia

Georgia ligg strategisk til der Europa møter Asia. Landet har ein unik og eldgammal kulturarv og er kjent for rike tradisjonar når det gjeld gjestfridom og kokekunst.

Georgia (Sakartvelos Respublikis) ligg rett sør for Kaukasus-fjella. Landet grensar i nord til Russland, i aust til Aserbajdsjan, i sør til Tyrkia og Armenia, i vest til Svartehavet. Det omfattar Den abkhasiske republikken, Den adzjariske republikken og Den sør-ossetiske republikken. Befolkninga er svært samansett: ca. 87 % georgiarar, resten aserbajdsjanarar (6 %), armenarar (5 %), russarar, ukrainarar, adzjarar, grekarar, jødar ofl. Klimaet varierer frå kontinentalt til subtropisk (ved Svartehavet). Viktige jordbruksprodukt er sitrusfrukter, tobakk, te, silke og vin. Landet har oljekjelder og driv manganutvinning. Det er stor tilgang på vasskraft, noko som har fremma industrialiseringa. Ved Svartehavet er det mange kurstader. 

Georgia var eit gammalt kongerike som vart kristna på 300-talet, men riket begynte å falle frå kvarandre på 1400-talet, og sidan har det vekselvis vore under persisk, tyrkisk og russisk dominans. Landet vart annektert av Russland i 1801. Det vart uavhengig republikk 1920–21, men vart innlemma i SSSR etter ein væpna intervensjon. I tida 1922–36 var Georgia ein del av Den transkaukasiske SFSR, og deretter vart det ein eigen sovjetrepublikk.

I slutten av 1980-åra fekk uavhengigheitsrørsla auka oppslutning, og i 1989 erklærte det georgiske øvste sovjet at republikken hadde rett til å gå ut av SSSR viss han sjølv ønskte det. I 1991 erklærte Georgia seg som uavhengig. Den folkevalde presidenten vart styrta gjennom eit militærkupp, og Sovjetunionens tidlegare utanriksminister Eduard Sjevardnadse tok over vervet og vart seinare vald (1992). Det vart krig mot uavhengigheitsrørsler i Abkhasia og Sør-Ossetia. Sjevardnadse vart gjenvald som president i 1995 og 2000. Under hans styre vart landet etter kvart prega av store økonomiske problem, kriminalitet og korrupsjon.

Sterke protestar etter parlamentsvalet i november 2003, kalla roserevolusjonen, førte til at Sjevardnadse trekte seg, og unge Mikhail Saakasjvili vart vald til president i januar 2004. Sidan har Georgia ført ein pro-vestleg politikk. Dette har ført til auka spenning med Russland, som toppa seg under den russisk-georgiske krigen i august 2008, då Russland invaderte Georgia for å beskytte utbrytarrepublikkane Abkhasia og Sør-Ossetia.

President sidan desember 2018 er Salomé Zurabisjvili, som er forventa å vere den siste folkevalde presidenten på grunn av forfatningsreforma i retning av eit parlamentarisk system. Statsminister sidan 2018 er Mamuka Bakhtadse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019