Hopp til innhold
X
Innhald

India

Med raskt veksande økonomi, snart den største befolkninga i verda og eit nasjonalistisk styringsparti under ein karismatisk leiar gjer India seg stadig meir gjeldande på den internasjonale scena.

Den indiske unionen (hindi Bhârat, engelsk Republic of India) omfattar den framindiske halvøya og enkelte mindre øygrupper. Landet består av 25 delstatar og 7 forbundsterritorium. Det meste av landet består av høgplatået Deccan (ca. 600 moh.), som er avgrensa av forkastningsskråningar, ghat, ved kystane. Nord for Deccan ligg det fruktbare og tettbefolka låglandet omkring elva Ganges. Lenger nord hevar Himalaya seg med det omstridde Kashmir-området i nordvest. I vest ligg ørkenen Thar, i aust det regnrike Assam. Landet har eit utprega monsunklima: Regntida fell som regel i tidsrommet juni–oktober.

To tredelar av yrkesbefolkninga bur i landsbyar og driv jordbruk. Ein tredel av arealet er dyrkbart, men mykje er avhengig av kunstig vatning. Føydale eigedomsforhold og til dels primitive dyrkingsmetodar held produksjonen nede, men indarane er nokolunde sjølvforsynte med mat. Avlingane varierer med nedbøren frå år til år. Dei viktigste produkta er ris, kveite, hirse, mais, sukkerrøyr og belgfrukter. Landet eksporterer edelsteinar, metallvarer, kjemiske produkt, bomull, te, belgfrukter og oljefrukter. Det er store førekomstar av jernmalm, kol og mangan i India. Oljeproduksjonen dekkjer nær 60 % av forbruket. Landet har kjernekraftverk. Industriutviklinga er ujamn; landet har avansert industri på ein del satsingsområde, men elles mykje småindustri og handverk. Ca. ein firedel av folket er analfabetar, men India har mange høgt utdanna menneske.

Ein høgkultur ved elva Indus i dagens Pakistan oppstod ca. 2500 f.Kr. Ca. 2000 f.Kr. innvandra ariske folkeslag, og brahmanismen og kastevesenet vart utvikla. Buddhismen oppstod ca. 500 f.Kr. Ca. 300 e.Kr. grunnla Gupta-dynastiet eit stort nordindisk rike. Ca. 500–1000 utvikla brahmanismen seg til hinduisme, og buddhismen vart fortrengd. Islam trengde inn i Nordvest-India ca. 1000, og Delhi-sultanatet (1201–1554) vart grunnlagt. Mongolar under Timur Lenk herja Nord-India 1398–99, og Timurs ætling Babur oppretta stormogulriket i 1526. Dette fall i 1700 under europeisk press, og mektige fyrstedømme oppstod. Frå 1757 styrte Det britiske austindiske handelskompaniet over store landområde i Bengal. På 1800-talet utvida britane sitt herredømme og bygde eit jernbanenett for å halde riket saman, samtidig som dei øydela den avanserte lokale bomullsindustrien for å sleppe konkurranse.

Mahatma Gandhi leidde kampen til nasjonalistrørsla, og den førte til full uavhengigheit i 1947, med Jawaharlal Nehru som statsminister. India vart republikk i 1949. Det var grensekrig med Kina i 1962, og med Pakistan i 1965. Nehrus dotter Indira Gandhi var statsminister 1966–77 og frå 1980 til ho vart myrda i 1984. Ho vart etterfølgd av sonen Rajiv Gandhi, som igjen vart etterfølgd av opposisjonsleiaren V.P. Singh. Valkampen i 1991 vart prega av vald og store etniske og sosiale konfliktar. Rajiv Gandhi vart drepen i mai 1991 i eit bombeattentat. Deretter danna Kongresspartiet regjering leidd av Narasimha Rao. Partiet tapte valet i 1996 og vart erstatta av ein koalisjon av hinduistiske nasjonalistar og sentrum-venstre-parti. Ved valet i 1998 vann det hinduistiske nasjonalistpartiet Bharatiya Janata (BJP) og danna regjering med Atal Behari Vajpayee som statsminister.

På 1990-talet var situasjonen svært spent i Kasjmir, der delar av det muslimske befolkningsfleirtalet ønskjer å bli uavhengige. Også elles i India kravde samanstøytar mellom hinduar og muslimar og mellom hinduar og sikhar mange menneskeliv. Våren 1998 gjennomførte India fem kjernefysiske prøvesprengingar. Kort etter gjorde Pakistan det same, og i 1999 var landa på randa av atomkrig på grunn av Kasjmir. Konflikten har stabilisert seg, men er stadig spent og forblir uløyst. I februar 2019 vart over 40 indiske soldatar drepne i eit sjølvmordsangrep, og rundt 350 separatistar vart drepne av indiske bomber på pakistansk side som tilsvar. Etter langvarig unntakstilstand, og val i mai 2019, kunngjorde indiske styresmakter i august at Kasjmirs spesielle status med sjølvstyre skulle fjernast og staten delast i to. Reforma er den største endringa i Kasjmirs status sidan regionen vart innlemma i India i 1948, og opnar blant anna for landeigarskap og at hinduar frå resten av India kan flytte inn. Hindunasjonalistiske BJP og statsminister Narendra Modi har dominert indisk politikk sidan 2014. Modi er populær og blir gjerne heidra for sterk økonomisk vekst og diplomatisk sjølvhevding, men blir også kritisert særleg for desekularisering, svekking av minoritetsrettar og ein autoritær leiarstil. Modi og BJP auka fleirtalet sitt ved valet i 2019. Kongresspartiet slit med å fjerne seg frå det elitistiske og nepotistiske ryktet partiet har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 10.02.2020