Hopp til innhold
Det indonesiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det indonesiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Indonesia

Den største øystaten i verda har hatt ei imponerande økonomisk og demokratisk utvikling sidan tusenårsskiftet, men den tidlegare kolonien held fram med å opptre som ei kolonimakt sjølv.

Indonesia (Républik Indonésia), den største øynasjonen verda, består av ca. 17 000 øyar, mellom andre Dei store Sundaøyane: Java, Sumatra, Sulawesi (Celebes) og Borneo (den sørlege delen, Kalimantan) og Dei små Sundaøyane (Nusa Tenggara): Bali, Vest-Timor ofl., og dessutan Molukkane og Vest-Papua. Øystaten har tropisk klima med mykje nedbør, regnskog og savanne. Mange av vulkanane er verksame. To tredelar av befolkninga bur på Java, og det blir oppmuntra til utflytting til andre område. Jordbruket er den viktigaste næringsvegen. På Java er tre firedelar av arealet dyrka mark. Det blir dyrka ris på terrassar, og i tillegg dyrkar landet sukker, kokospalmar, gummitre, oljepalmar, te og kryddernellik. Det blir drive fiske og eit betydeleg skogbruk. Indonesia er ein stor oljeprodusent og -eksportør, noko som har vore essensielt for utviklinga i landet. Det har også tekstil- og forbruksvareindustri, og utvinning av mellom anna nikkel, kopar og bauxitt.

Indonesia har ei etnisk og lingvistisk svært variert befolkning, og landsmottoet er «einskap i mangfald». Befolkningsmessig er Indonesia det største muslimske landet i verda, og det tredje største demokratiet i verda etter India og USA.

Dei fleste indonesiske folkeslag er etterkomarar etter austronesarar som, ifølgje den leiande teorien, utvandra frå det som i dag er Taiwan, og nådde Nordaust-Indonesia truleg ca. 4000 f.Kr. Dei var indiskinspirerte hinduistiske og buddhistiske rike i det første tusenåret e.Kr., særleg Sri Vijaya. Det skjedde ei gradvis islamisering frå 1300-talet.

Portugisarane dreiv krydderhandel på 1500-talet, men vart fordrivne av nederlendarane på 1600-talet. Det nederlandske ostindiske kompaniet forvalta øyane inntil den nederlandske staten overtok i 1798. Indonesia var okkupert av japanarane under andre verdskrig. Landet førte frigjeringskamp mot nederlendarane frå 1945 og vart sjølvstendig stat i 1949 med Achmed Sukarno som president.

I 1965 tok hæren makta under leiing av general Suharto og gjennomførte omfattande massakrar på kommunistar og venstreorienterte. Fleire hundre tusen menneske vart drepne eller fengsla. Suharto overtok som president i 1967.

I 1975 annekterte Indonesia det tidlegare portugisiske Aust-Timor. FN fordømde anneksjonen, og nasjonalistrørsla Fretilin innleidde geriljakrig mot invasjonstroppane. I 1999 vart det oppnådd semje om ein FN-leidd overgang til sjølvstyre, og ein internasjonal styrke rykte inn. Aust-Timor vart sjølvstendig i 2002. Uavhengigheitsrørslene i Aceh på Sumatra og på Vest-Papua har også blitt slått hardt ned. Minoritetane der klagar på kolonialistisk utnytting og rasisme og mangel på politiske rettar, forhold som ikkje blir rapporterte i nasjonale medium.

Dei seinare åra har Indonesia begynt ei liberalisering og privatisering av næringslivet i landet, og det blir satsa sterkt på å trekkje til seg utanlandsk kapital. Utanrikspolitisk har landet vore medlem av ASEAN frå starten.

Hausten 1997 førte påsette brannar i den tropiske regnskogen på Sumatra, Kalimantan og Irian Jaya til ein betydeleg miljøkatastrofe. Over ein halv million hektar skog vart øydelagd. Ei djuptgripande økonomisk krise 1997–98 førte til samanbrot for valutaen i landet og mange lokale oppstandar.

Suharto lét seg velje opp att for sjuande gong i mars 1998. Etter omfattande uro vart han tvinga til å trekkje seg i mai 1998. Reformati, som den påfølgjande perioden blir kalla, førte etter nokre kaotiske innleiande år etter kvart til politisk liberalisering og stabilisering. Desekularisering (islamisering), utvida regionalt sjølvstyre og økonomisk liberalisering har vore to viktige utfall. Susilo Bambang Yudhoyono vart i 2004 første president vald direkte av folket, same året som den katastrofale tsunamien kosta rundt 160 000 indonesarar livet.

Blasfemidommen i 2017 mot Jakarta-ordførar Basuki Tjahaja Purnama, populært kalla «Ahok», blir rekna som eit tilbakeslag for indonesisk demokrati. President sidan 2014 er Joko «Jokowi» Widodo, som stilte til gjenval og vann i 2019. Widodo, som har ein beskjeden og ikkje-militær bakgrunn, vart lenge kalla «Indonesias Obama» og rekna som svært progressiv, men har sidan lagt seg på ei meir konservativ og autoritær linje. Store endringar i straffelova vart sette i gang hausten 2019. Dei styrkte blant anna blasfemilovene i landet, forbaud utanomekteskapeleg (og dermed også homofilt) samliv og sex og gjorde kritikk mot presidenten straffbart. Lovendringane vart møtte av store protestar i Jakarta og andre byar, der presidenten vart skulda for å prøve å gjenopplive Suhartos «Nye orden»-æra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 27.08.2020