Hopp til innhold
Det iranske flagget. Illustrasjon: rawpixel.com. Kjelde: freepik.com.
Det iranske flagget. Illustrasjon: rawpixel.com. Kjelde: freepik.com.
X
Innhald

Iran

Eit eintydig bilete av Den islamske republikken Iran pregar vestlege medium, men bak presteveldet skjuler det seg eit historisk og kulturelt mangfald få land kan måle seg med.

Iran grensar mot Irak, Tyrkia, Armenia, Aserbajdsjan, Turkmenistan, Afghanistan og Pakistan. Landet er i hovudsak ei høgslette med ørkenar og stepper, omgitt av randfjell. Klimaet er tørt, med varme somrar og kjølige vintrar.

Fossile energikjelder er den økonomiske ryggrada i Iran, noko som har ført til forureining lokalt og globalt og gjer landet sårbart for økonomiske sanksjonar. Iran er ei regional stormakt i Midtausten, ved sida av Tyrkia, Saudi-Arabia og Israel, og har eit fiendtleg forhold til dei to siste.

Frå 1800-talet var iransk territorium, sjølvråderett og kultur konstant truga av vestleg og russisk imperialisme. I auga til mange iranarar tok ikkje denne audmjukinga slutt før den islamske revolusjonen i 1979.

Sidan då har Iran vore ei unik blanding av prestestyre og folkestyre, med ein kinkig internasjonal posisjon, som særleg er ei følgje av atomkraftprogrammet og den uttalte motstanden mot USA. Dei fleste av dei internasjonale økonomiske sanksjonane mot Iran vart først oppheva med atomavtalen i 2015, men så innført att etter at USA trekte seg frå avtalen i 2018.

I åra etter har iranske styresmakter slite både under amerikansk press og med dei største protestane på heimebane sidan opprettinga av republikken. Begge delar toppa seg, og vevde seg saman, då den mektige generalen Qasim Soleimani vart drepen i eit amerikansk luftattentat 3. januar 2020. I den spente situasjonen som følgde, skaut den iranske revolusjonsgarden ved ein feil ned eit passasjerfly, noko som leia til nye storstilte demonstrasjonar.

Historie

Iran, som ligg i utkanten av «sivilisasjonens vogge», Mesopotamia, har ei lang og rik historie. Iranarane sjølve reknar historia til landet attende til det første persarriket, oppretta i 550 f.Kr. På sitt største femnde dette riket om nær halvparten av befolkninga i verda, meir enn noko anna rike i historia. Riket var i konstant konflikt med grekarane, og i 330 f.Kr. fall det for Aleksander den store.

Persepolis. Mauro Gambini, flickr.com. 2019. CC BY-NC-ND 2.0.jpg?w=600

Utsnitt av ruinane i Persepolis, som står på UNESCOs verdsarvliste og var ein antikk hovudstad i persarriket grunnlagd rundt år 520 f.Kr. Foto: Mauro Gambini på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Frå 245 f.Kr. til den arabiske invasjonen på midten av 600-talet e.Kr. var Iran på nytt styrt av uavhengige iranske kongar. Dei neste tusen åra var prega av først arabisk (633–892), tyrkisk (1040–1258) og så mongolsk (1258–1467) overherredøme. Under arabarane vart Iran islamisert. På nær alle andre område var det den iranske kulturen som påverka okkupantane. Iransk kultur vart såleis ein vesentleg faktor i den islamske gullalderen (ca. 750–1258), og det mongolskstyrte ilkhanatet var kulturelt meir iransk enn mongolsk.

Frå sjølvstendet i 1501 var Iran ei regional stormakt som greidde å halde stand mot det osmanske riket. Men utover på 1800-talet vart dei nyleg industrialiserte europeiske kolonimaktene for overveldande. Sakte, men sikkert åt Storbritannia og Russland seg inn på iransk territorium og sjølvråderett. I begge verdskrigane vart nøytralitet og suverenitet nekta Iran.

Audmjukinga toppa seg i 1953, då Storbritannia og USA sørgde for å fjerne den populære og demokratisk valde statsministeren Muhammed Mossadek, for å sikre økonomiske interesser og avskjere sovjetisk innverknad.

Ved kuppet kom sjahen Muhammed Reza Pahlavi attende til makta. I ideane hans om «positivt demokrati», i og implementeringa av desse ideane i den «kvite revolusjonen» frå og med 1963, spela vestlege økonomiske og kulturelle modellar ei viktig rolle. Eit eksempel er frigjeringa av kvinner, der kona Farah Diba òg var ei drivkraft og eit viktig symbol. Vestlege politiske fridomar såg sjahen derimot på som prematurt, og det eineveldige styret hans møtte etter kvart motstand frå alle samfunnslag. I tillegg vart det for mange skapt ein assosiasjon mellom styret hans og vestleg kultur og imperialisme. Når sjahen attpåtil miste mykje av støtta si i Vesten i 1970-åra gjennom den brutale framferda overfor den politiske opposisjonen – og truleg gjennom planar om å nasjonalisere oljeindustrien, akkurat som Mossadek hadde freista før han – var eit politisk skifte føreståande.

Sjahen Muhammed Reza Pahlavi og kona Farah Diba på statsbesøk i USA hos president Kennedy i 1962. Foto: Warren K. Leffler. Kjelde: loc.gov. Ingen kjende restriksjonar.

Sjahen Muhammed Reza Pahlavi og kona Farah Diba på statsbesøk i USA hos president Kennedy 11. april 1962. Foto: Warren K. Leffler. Kjelde: loc.gov. Ingen kjende restriksjonar.

Likevel var det ingen som hadde føresett revolusjonen i 1978–79, som vart meir radikal og djuptgåande enn noka anna politisk omvelting i iransk historie (som på ingen måte har vore spart for omveltingar). Til alt hell viste det seg at sjahen ikkje var tilhengar av massakrar. Han innsåg til slutt at hans tid var omme, og forlét landet. Dette gjorde at revolusjonen, i likskap med kuppet i 1953 og den «kvite revolusjonen» til sjahen, stort sett gjekk føre seg utan blodspille. Ei rekkje rørsler og interesser tok del i den nye revolusjonen, mellom anna sosialdemokratar, kommunistar, anarkistar og nasjonalistar. Likevel fekk han seinare namnet Den islamske revolusjonen, av di det var dei islamske kreftene under leiing av ayatolla Khomeini som til slutt makta å kanalisere, leie og til slutt kuppe opprøret – og som såleis oppretta den nye iranske islamske republikken.

Politisk system

Det politiske systemet til den iranske republikken er i teorien ei blanding av prestestyre og folkestyre. Iran har dei same demokratiske institusjonane som andre demokratiske republikkar, slik som lovgivande forsamling, president og regjering, i tillegg til ei grunnlov innført etter folkeavrøysting. Desse institusjonane, som i hovudsak er demokratiske, står for den daglege handteringa av iransk politikk og har reell makt.

Samstundes er denne makta avgrensa og trumfa av særleg to religiøse, og udemokratiske, institusjonar: «den øvste leiaren i Iran» og «vaktarrådet for grunnlova». Vaktarrådet kan, med grunnlag i sharia, leggje ned veto mot all lovgiving. Den øvste leiaren – sidan 1989 Ali Khamenei – peikar ut dei fleste sentrale stillingar utanom regjeringa og har siste ord i all viktig politikk. Den øvste leiaren, og ikkje presidenten, er altså den med størst politisk makt i Iran.

Veggmåleri av Ali Khamenei i Teheran. Babak Fakhamzadeh, flickr.com. CC BY-NC 2.0.jpg?w=600

Veggmåleri av Ali Khamenei i Teheran. Foto: Babak Fakhamzadeh på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

I praksis har denne blandinga av demokrati og teokrati selskap av ein tredje primær maktfaktor: militæret. Militæret er delt i tre greiner: hæren, politiet og revolusjonsgarden. Revolusjonsgarden vart opphavleg oppretta for å verne revolusjonen militært frå krefter innanlands og utanlands. Garden har sidan mutert til ein økonomisk mastodont som i dag grip inn i alle lag av iransk politisk og økonomisk liv. Denne utviklinga byrja i og med privatiseringa av den iranske økonomien på 1990-talet, då garden gjorde storstilte oppkjøp i strategiske sektorar. Garden er sidan 2019 klassifisert som ein terrororganisasjon av USA. Den mest berykta delen av garden, og hovudgrunnen til denne klassifikasjonen, er Quds-styrken.

Eit anna problem med det iranske demokratiet, sett med vestlege auge, er mangelfulle politiske fridomar, slike som ytringsfridom og pressefridom, og harde straffer, mellom anna utstrekt bruk av dødsstraff, også for mindreårige. Fredelege protestar og demonstrasjonar vert slått ned på med hard hand.

Det er ikkje likskap for lova mellom kjønna. Kvinner har til dømes lågare kriminell lågalder og svakare foreldrerett, er utelatne frå visse yrke, og i ein rettssal veg vitnemål frå ei kvinne mindre tungt.

Juristen Shirin Ebadi, som kjempa for slike fridomar og rettar, vart i 2003 den første iranaren og den første kvinnelege muslimen til å vinne Nobels fredspris. Ho har levd i eksil sidan 2009.

Trass i desse problematiske sidene ved det iranske politiske systemet er Iran mellom dei mest demokratiske og likestilte samfunna i Midtausten.

Nobelprisvinnar Shirin Ebadi held tale under ein konferanse om kvinner, makt og politikk i Oslo i 2013. Foto: Julie Lunde Lillesæter / PRIO. Kjelde: PRIO på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Nobelprisvinnar Shirin Ebadi held tale under ein konferanse om kvinner, makt og politikk i Oslo i 2013. Foto: Julie Lunde Lillesæter / PRIO. Kjelde: PRIO på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Internasjonale relasjonar

Internasjonalt er Iran ein stat med mange fiendar og få allierte. Til det er det tre hovudgrunnar. 

Den første, og truleg viktigaste, er det politiske systemet og ideologien til den islamske republikken nemnd ovanfor. Islamismen, kombinert med motstanden mot amerikansk nærvær i regionen og Israel sin rett til eksistens, har skapt motvilje i mange vestlege land. At forma for islam er sjia, har gitt Iran mange fiendar òg mellom sunnimuslimske land, særleg dei som pleier relasjonar med USA.

Iransk anti-imperialisme har tona seg ned med åra, men det faktiske militære nærværet deira i regionen har auka – noko som er den andre hovudgrunnen. Gjennom Quds-styrken, som driv fordekte operasjonar på utanlandsk jord, har Iran pleia nære militære relasjonar med dei få allierte dei har i regionen, som Hizbolla i Libanon, Hamas på Gazastripa, Assad-regimet i Syria, og sjia-militsar i Irak. For denne økonomisk kostbare maktdemonstreringa haustar regimet kritikk ikkje berre utanlands, men òg innanlands frå økonomisk vanskelegstilte iranarar. 

Åtferda er likevel på ingen måte eksepsjonell i regionen eller særskild aggressiv. Saudi-Arabia, Tyrkia og Israel opererer alle på liknande vis. Iran har heller ikkje atomvåpen som Israel, og nyttar langt mindre ressursar på militæret enn Saudi-Arabia gjer. 

Rett nok har det vore bekymring for at det iranske regimet ønskjer å tileigne seg atomvåpen. Dette er den siste grunnen til mostanden mot Iran.

Framfor alt når det er tale om dei internasjonale relasjonane til Iran, kan det vere på sin plass å nemne at det iranske regimet ikkje er einstydande med det iranske folket. Eit anna illustrerande døme på dette – i tillegg til motstanden mot den militære utanrikspolitikken nemnd ovanfor – er at Iran er det landet i Midtausten der antisemittiske haldningar er minst utbreidde. Dette biletet har vorte overskygd av den offisielle motstanden mot Israel, og av dei antisemittiske utsegna til den kontroversielle Mahmoud Ahmadinejad, som var president mellom 2005 og 2013.

Økonomi og energi

Iran har dei nest største naturgassreservane i verda og dei fjerde største oljereservane. Som for mange andre oljestatar er petroleumen eit tviegga sverd. Han gjer Iran til ei energisupermakt i verda og ei stormakt i Midtausten på linje med Tyrkia, Saudi-Arabia og Israel. Men Iran har òg vorte kalla ein renteniststat – det vil seie ein stat som er i overkant avhengig av eksportinntekter frå éin industri, og der denne industrien kveler utviklinga av andre sektorar. Tradisjonelt har eksportinntekter frå olje og gass stått for over halvparten av staten sine inntekter og budsjett (til samanlikning ca. 10 prosent i Noreg).

Kanskje nettopp av den grunn har Iran òg satsa på atomkraft. Programmet vart starta under sjah-styret, med tysk og fransk hjelp. Men sidan revolusjonen i 1979 har det herska frykt i Vesten for at Iran skal nytte teknologien til å utvikle atomvåpen. Internasjonale økonomiske sanksjonar, innført særleg sidan 2006, har forverra langvarige problem som inflasjon, arbeidsløyse, budsjettunderskot og økonomisk ulikskap.

Fotografering etter signering av atomavtalen ved FN-kontoret i Wien sommaren 2015. Avtalen vart signert av USA, Kina, Russland Storbritannia og Frankrike, som faste medlemer av tryggleiksrådet i FN, og Tyskland, EU og Iran. Foto: European External Action Service på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Fotografering etter signering av atomavtalen ved FN-kontoret i Wien 14. juli 2015. Avtalen vart signert av USA, Kina, Russland Storbritannia og Frankrike, som faste medlemer av tryggleiksrådet i FN, og Tyskland, EU og Iran. Foto: European External Action Service på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

I 2015 kom det internasjonale samfunnet omsider fram til ein avtale for å lette sanksjonane, mot at Iran gjekk med på ei rekkje tiltak for å sikre at atomteknologien vert nytta berre for fredelege formål. Avtalen, som vart implementert i 2016, førte til ein økonomisk oppsving, særleg i oljesektoren, men etter at USA i 2018 trekte seg frå avtalen og innførte strengare sanksjonar, har denne utviklinga bremsa opp, og spenninga i regionen har auka. EU freista å finne ein måte å omgå dei amerikanske sanksjonane på – utan suksess. Iran svara som venta ved stegvis å trekkje seg frå delar av forpliktingane sine. Spenninga nådde eit klimaks i byrjinga av 2020, då USA likviderte den nest mektigaste mannen i Iran: Qasim Soleimani, leiar for Quds-styrken gjennom 20 år.

Den største regionale fienden til Iran, Israel, og ein av naboane, Pakistan, har atomvåpen.

Demonstrasjon i Teheran 4. januar 2020 etter drapet på Qasem Soleimani. Foto Reza Adeli. Kjelde: Tasnim News Agency. CC BY 4.0.

Demonstrasjon i Teheran 4. januar 2020 etter drapet på Quds-leiaren Qasem Soleimani dagen før. Foto: Reza Adeli. Kjelde: Tasnim News Agency. CC BY 4.0.

Demografi og religion

Gjennom 1980-åra hadde Iran mellom dei kraftigaste folkevekstane i verda, oppunder 4 prosent årleg, delvis som følgje av ein aktiv befolkningspolitikk under krigen med Irak i 1980–88. Veksten har seinare vore mindre, og han stabiliserte seg rundt 1 prosent etter tusenårsskiftet. Gjennomsnittsalderen er framleis låg, og arbeidsløysa er høg blant dei unge.

Hovudstaden Teheran, fotografert i 2016. Foto: daniyal62 på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Hovudstaden Teheran, fotografert i 2016. Foto: daniyal62 på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Med unntak av balutsjane, turkmenarane og brorparten av kurdarane, som er sunnimuslimar, er alle dei muslimske etniske gruppene i Iran tradisjonelt sjiamuslimske. Iran har såleis den største sjiamuslimske befolkninga i verda, både som del av befolkninga (90–95 prosent) og tal på personar (ca. 77 millionar i 2019). Resten er sunnimuslimar (5–10 prosent, ca. 6 mill.), høyrer til andre religionar eller er ikkje-religiøse (til saman under 1 prosent, ca. 500 000). Desse tala tek ikkje omsyn til ikkje-praktiserande og ikkje-truande muslimar, som det ikkje finst offisielle statistikkar for, men som truleg utgjer ein stor del. Dei tek heller ikkje omsyn til bahaiar, som vert rekna som fråfalne og sidan 1979 har vore ein forfølgd og ikkje anerkjend religiøs minoritet i Iran.

Minoritetane i Iran har tradisjonelt vore godt integrerte, og landet er stort sett spart for separatisme, trass i mangelfulle særrettar for minoritetar. Nokre grupper, til dømes kurdarane, balutsjane og arabarane, arbeider for større grad av sjølvstyre og utvida rettar, slik som rett til undervisning på morsmålet og rettferdig tilgang til reint vatn og rein luft. Kristne, jødar og tilhengarar av zoroastrismen har, som «folk av Boka», nokre særrettar, mellom anna eigne tildelte sete i nasjonalforsamlinga.

Språk

Namnet «Iran» tyder etymologisk «landet til ariarane». Namnet tok på 1900-talet gradvis over for «Persia», som historisk var det greske namnet på Iran. «Persar» vert framleis nytta som etnonym (namn på etnisk gruppe), og har då ei snevrare tyding enn «iranar», som anten tyder «person frå Iran» eller femner om alle iranske folk.

11514936634_603dfbde4b_b.jpg?w=600

Illustrasjonsbilete av persiske bokstavar (frå høgre mot venstre: â, b, p). Kjelde: Dr. Bashi på flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Iran er eit multietnisk og difor eit fleirspråkleg land. Den indoeuropeiske, den tyrkiske, den semittiske og den kaukasiske språkfamilien er alle representerte. Farsi (indoeuropeisk, og altså i slekt med norsk) er det mest utbreidde språket (i overkant av 50 prosent) og det einaste offisielle. Arabisk (semittisk) har ein særeigen status som religiøst språk og er det nærmaste ein kjem eit andre offisielt språk. Dei mest talte minoritetsspråka er aserbajdsjansk (tyrkisk) og kurdisk (også indoeuropeisk).

Klima og natur

Topografien i Iran kan samanliknast med den norske, med mykje fjellandskap og store høgdeforskjellar. Den geografiske plasseringa i utkanten av subtropane gjer at klimaet likevel er svært ulikt, med unntak av dei kalde, snøfulle vintrane i høgtliggjande område, særleg fjellkjeda Zagros.

I ei anna fjellkjede, Elburs, ligg det høgaste fjellet i Iran, Damavand, som ragar 5610 moh. Nord for denne fjellkjeda og sør for Kaspihavet ligg dei frodige, biomangfaldige og relativt fuktige hyrkanske skogane («ulveskogane»). Utanom desse områda, og kystområda ved Persiabukta, har Iran i hovudsak eit tørt klima, for det meste ørkenklima.

Flyfoto av Damavand frå sommaren 2015. Foto: Sergey Yeliseev, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Flyfoto av Damavand (5610 moh.), det høgaste fjellet i Iran, frå sommaren 2015. Foto: Sergey Yeliseev, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Den islamske republikken Iran har hatt ein mangelfull miljøpolitikk og slit i dag med konsekvensane av tiår med stor industriell og demografisk vekst, framfor alt i form av luftforureining, jorderosjon og sterkt redusert biomangfald. Dessutan ulmar global oppvarming, med ekstrem tørke og heite, vassmangel og klimaflyktningar som dei viktigaste framtidige utfordringane.

Asiatisk gepard. Foto Erfan Kouchari. Tasnim News Agency. CC BY 4.0..jpg?w=600

Den asiatiske geparden (Acinonyx jubatus venaticus), som finst berre i Iran, er kritisk utryddingstrua. Foto: Erfan Kouchari. Kjelde: Tasnim News Agency. CC BY 4.0.

Kunst og kultur

Litteratur har hatt ein særleg viktig plass i iransk kultur, men har lide under sensur sidan den islamske revolusjonen. Ei kunstform som har teke over mykje av den kunstnariske og kritiske rolla sidan då, er iransk film. Filmindustrien har vore eit viktig kunstnarisk og politisk utløp, samstundes som han har mint resten av verda på at det finst andre aspekt ved Iran enn det som det noverande regimet står for. Ein av dei mest framståande regissørane, Jafar Panahi, er under husarrest.

Minnesmerke over den persiske nasjonalpoeten Hafez (1320–1390) i Shiraz, den femte største byen i Irak. Foto: Chris-45, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Minnesmerke over den persiske nasjonalpoeten Hafez (1320–1390) i Shiraz, den femte største byen i Iran. Foto: Chris-45 på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Iran har ein gamal kunsthandverkstradisjon. Dei persiske teppa er særleg vidkjende.

Den nasjonale sporten er bryting, medan den mest populære er fotball, der herrelandslaget ofte rangerer høgast i Asia.

Kjelder

Ervand Abrahamjan: A History of Modern Iran. Cambridge 2008

Gholam Reza Afkhami: The Life and Times of the Shah. Berkeley 2008

Michael Axworthy: A History of Iran: Empire of the Mind. New York 2016

Michael Axworthy: Revolutionary Iran. A History of the Islamic Republic. New York 2013

Tom Holland: Persian Fire. London 2005


Sasha Achilli og Jane Corbin: «Irans militære mesterhjerne» (originaltittel: «Shadow Commander: «Iran’s Military Mastermind»), BBC-dokumentar frå 2019, nrk.no: https://tv.nrk.no/program/KOID23005019

Amir-Hussein Radjy: «Rewriting the Iranian Revolution», newrepublic.com, publisert 6.7.2017: https://newrepublic.com/article/143713/rewriting-iranian-revolution [lesedato 10.10.2019]

Alissa J. Rubin: «Iran's Revolutionary Guards: The Supreme Leader's Military-Industrial Complex», nytimes.com, publisert 9.4.2019: https://nyti.ms/2D82oz0 [lesedato 10.4.2019]

Elaine Sciolino: «The Last Empress», nytimes.com, publisert 2.5.2004: https://www.nytimes.com/2004/05/02/books/the-last-empress.html [lesedato 9.10.2019]

 

Peikarar

Encyclopædia Iranica, nettbasert oppslagsverk om Iran, iranicaonline.org

NRK: Temaside om Iran, nrk.no

Statistikk om Iran i The World Factbook, cia.gov

UNESCO-statistikk for Iran, unesco.org

Den offisielle nettstaden til utanriksdepartementet i Iran, en.mfa.ir

Reiseinformasjon frå det norske utanriksdepartementet, regjeringa.no

Først publisert: 08.01.2020
Sist oppdatert: 04.03.2020