Hopp til innhold
X
Innhald

Israel

Ei historie med eksistensielle truslar både rett før og rett etter opprettinga av staten Israel har ført til ein forsvars- og okkupasjonspolitikk som stadig oftare blir kritisert for sjåvinisme og overdriven maktbruk.

Israel (Medinat Yisra'el) er eit smalt land mellom Middelhavet og Jordandalen. Det grensar til Libanon, Syria, Jordan og Egypt, og dessutan til dei okkuperte palestinske områda Vestbredda og Gazastripa. Dei sentrale delane av landet er eit bakke- og platålandskap som i sør går over i Negevørkenen. Landet har eit mildt, men tørt middelhavsklima. Israel har mange typar lettare industri, med hovudvekt på instrument, elektrisk og elektronisk apparatur, diamantsliping, glas, keramikk o.l. Landsorganisasjonen (Histadrut) eig mykje av industrien. Jordbruket blir delvis drive i kollektiv (kibbutzar) og er svært effektivt; over halvparten er kunstig vatna. Viktige eksportprodukt er sitrusfrukter og grønsaker, men hovudtyngda av eksporten er industrivarer. Det blir vunne ut kalium og andre mineral. Landet har òg turisme. Det store underskotet på betalingsbalansen blir delvis vege opp av økonomisk støtte frå USA og andre overføringar frå utlandet. Det er ei kjensgjerning – ikkje stadfesta av Israel sjølv – at Israel har atomvåpen.

Israels moderne historie har sin bakgrunn i sionisme og den jødiske innvandringa til Palestina, som starta på slutten av 1800-talet og skaut fart i tiåra før andre verdskrig. Det var aukande konflikt mellom arabisk befolkning og jødiske innvandrarar. Staten vart erklært oppretta 14. mai 1948 med utgangspunkt i FNs delingsplan for det britiske mandatområdet i ein jødisk og ein arabisk stat (Palestina). Opprettinga av staten Israel vart straks etterfølgd av angrep frå dei arabiske nabostatane. Krigen 1948–49 vart den første i ein serie krigar: Suezkrigen 1956, seksdagarskrigen 1967, Yom Kippur-krigen (oktoberkrigen) 1973 og Libanonkrigen 1982. Israel gjorde betydelege landevinningar etter krigane 1948–49 og 1967. I samband med krigen 1948–49 flykta nærmare 800 000 arabarar frå heimstadene sine i Palestina. Mange av desse slo seg ned på Vestbredda og i Gaza. Det voks fram palestinske frigjeringsrørsler. Ein fredsavtale med Egypt vart underteikna i 1979, og dei okkuperte områda på Sinaihalvøya vart gitt tilbake i 1979–82. I 1987 braut det ut opprør i dei okkuperte områda.

Under Golfkrigen i 1991 vart det skote mot Israel med irakiske rakettar, men Israel leid små tap. Den jødiske immigrasjonen auka kraftig i 1991, og særleg kom det mange jødar frå tidlegare USSR. I løpet av perioden 1979–85 og 1991 vart nesten heile det jødiske samfunnet i Albania floge til Israel. Det same skjedde med jødane i Etiopia. Gjennom Oslo-avtalen i 1993 anerkjende Israel PLO som den representative organisasjonen til palestinarane, og partane vart einige om ein plan for ei gradvis utvikling av sjølvstyre for palestinarane på Vestbredda og i Gaza.

Oslo-avtalen og seinare forsøk på løysingar er omstridde både i Israel og blant palestinarane. I Israel er motstanden sterkast blant jødiske nybyggjarar i dei okkuperte områda. Det vart skrive fredsavtale med Jordan i 1994. Statsminister Yitzhak Rabin vart myrda av ein israelsk høgreekstremist under eit fredsmøte 4.11.1995. Han vart etterfølgd av Shimon Peres, som tapte valet i 1996 mot Likuds Benjamin Netanyahu. Statsminister Netanyahu intensiverte bygginga av israelske busetjingar på Vestbredda og skjerpa dermed konflikten med palestinarane. I 1999 tapte han valet mot Ehud Barak frå Arbeidarpartiet.

I mai 2000 trekte dei israelske styrkane seg ut av Libanon. Juli same år starta forhandlingane om ein fredsavtale mellom Israel og Palestina, men dei førte ikkje til noko gjennombrot. Hausten 2000 braut det ut kraftige samanstøytar mellom israelarar og palestinarar på Vestbredda og i Gaza. I mars 2001 overtok Likud-politikaren Ariel Sharon som statsminister i ei samlingsregjering. Valdsbruken mellom partane auka kraftig frå 2002, mellom anna i form av palestinske sjølvmordsaksjonar mot jødiske mål (i dei fleste tilfella sivile) og omfattande israelske væpna aksjonar i dei okkuperte områda. Bygginga av ein mur for å forhindre infiltrasjon av terroristar frå Gazastripa førte til sterke internasjonale protestar. Dei israelske busetjarane vart evakuerte, og troppane trekte seg tilbake frå Gazastripa og enkelte busetjingar på Vestbredda i august/september 2005. Dette førte til sterke protestar frå høgresida. Sharon, som var ansvarleg for evakueringa, melde seg ut av Likud og danna sentrumspartiet Kadima. Han vart ramma av slag i desember 2005. Det vart skrive ut nyval, og Ehud Olmert frå Kadima vart vald til statsminister og leiar for ei koalisjonsregjering i april 2006.      

Same år vann Hamas det palestinske valet, og året etter tok partiet over makta i Gaza etter mislukka forhandlingar med Fatah, som på si side beheldt makta på Vestbredda. I 2008 og igjen i 2014 braut det ut krig mellom Hamas og Israel i Gaza. Likud, eit sekulært høgreparti, og leiaren Benjamin Netanyahu vende tilbake til makta ved valet i 2009 og beheldt makta til 2019, i form av samlingsregjeringar med religiøse og sekulære småparti frå ytre høgre. Forholdet til USA, eit politisk nøkkelområde i israelsk politikk, var historisk dårleg på leiarnivå mellom 2009 og 2016 under Barack Obamas presidentskap, men endra seg drastisk i og med Trumps siger i 2016. Trump-administrasjonen anerkjende i 2017 Jerusalem som hovudstad i landet, og i 2018 Israels styre over Golanhøgdene. Den nye leiinga i USA trekte også landet ut av atomavtalen med Iran. Etter det nye tøværet med ei rekkje arabiske land sidan 2009 har Iran stått fram som Israels store fiende – slik sett ein felles fiende med fleire av desse landa. Konflikten har lenge manifestert seg i stadfortredarkrigar, og etter 2018 i direkte trefningar i Syria. I tråd med Begin-doktrinen utelukkar ikkje Israels noverande regjering såkalla «førebyggjande raid» mot Iran på iransk jord. Trass i omfattande skuldingar om korrupsjon og pågåande etterforsking auka Netanyahu Likuds oppslutning ved valet i 2019, men regjeringssamtalane med høgresiden lukkast ikkje. Han skreiv ut nyval, som vart halde same haust. I mellomtida overtok han frå landsfader David Ben Gurions plassen som Israels lengstsitjande statsminister. Nyvalet gav ein endå meir uklar situasjon, men med eit svekt Likud. Under Likuds styre sidan 2009 har Israel utvida sitt nettverk av politiske alliansar i Midtausten, innført marknadsliberalistiske reformer og hatt sterk økonomisk vekst. Utvidinga av ulovlege busetjingar på Vestbredda har auka i fart og omfang, og diskriminering av så vel palestinarar i Israel som palestinarar på Vestbredda og i Gaza har auka på. I 2018 vedtok Knesset ei lov som definerer Israel som nasjonalstat for berre «det jødiske folket», og før vala i 2019 snakka Likud ope om annektering av okkuperte område, som internasjonalt blir rekna som eit uoverkomeleg hinder for ei tostatsløysing.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 15.04.2020