Hopp til innhold
Det japanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det japanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Japan

Japan er ikkje den økonomiske supermakta landet ein gong var, men eksport av japansk kultur sikrar at landet framleis har status og innverknad i verda.

Landet Japan (Nihon) omfattar dei store øyane Honshu, Hokkaido, Shikoku og Kyushu og dessutan ca. 3000 mindre øyar. Det er fjellrike vulkanøyar, og høgaste topp er Fuji (3776 m). I nord er det kjølige vintrar, i sør subtropisk havklima med rikeleg nedbør – vinterregn på vestkysten og sommarregn på austkysten.

Dyrkbart areal utgjer berre ca. 15 % og er konsentrert til kystslettene. Jordbruket sysselset ca. 3 % av befolkninga, bruka er små, men veldrivne, og landet er nesten sjølvforsynt med ris, kveite og bygg. Fedrifta er mindre viktig, men fisket er omfattande: Japan hentar heim nesten 20 % av den totale fangsten i verda. Skogen dekkjer to tredelar av landarealet, men er ikkje alltid særleg produktiv. Landet manglar stort sett energiressursar og mineralressursar og må importere store mengder råstoff til den avanserte industrien sin, først og fremst metall, kol og olje.

Japan er ein av dei største stålprodusentane i verda. Av stålet blir det framstilt mellom anna bilar, skip, motorsyklar, maskinar o.a. I tillegg kjem ein mangearta elektronisk og elektroteknisk industri, framstilling av kamera og andre optiske instrument, kjemisk-tekniske varer og tekstil.

Bedriftene er ofte store familiekonsern med meir eller mindre patriarkalsk personalpolitikk. Japan har ein stor handelsflåte og eit godt utbygd fly-, jernbane- og vegnett. Landet har aktivt forsøkt å nedkjempe miljøproblema i dei tettpakka storbyområda.

Det japanske samfunnet oppstod ca. 400 e.Kr. Buddhismen vann innpass på 500-talet og vart kombinert med folkereligion – det som seinare vart shinto. Kyoto vart keisarhovudstad i 794. Den politiske makta gleid etter kvart over til lensherrane, daimyo, som herska ved sine vasallar, samuraiane. Den øvste av dei, shogunen, styrte i røynda Japan.

Europearane fekk fotfeste på 1500-talet med portugisiske kjøpmenn og jesuittmisjonen. Men under Tokugawa-shogunatet (1603–1867) vart Japan eit lukka land for utlendingar, berre Nagasaki kunne føre ein avgrensa handel. Ein amerikansk flåteeskadre tvinga igjennom ein utvida handelsavtale i 1853. Dette førte til ei innanrikspolitisk krise som enda med at shogunatet fall i 1867. Keisaren vart innsett i Tokyo med uinnskrenka regjeringsmakt, føydalvesenet vart oppløyst, forvaltninga sentralisert og landet raskt modernisert, særleg på det tekniske området. Hæren og flåten vart kraftig opprusta.

Under krigen mot Kina 1894–95 vart Formosa (Taiwan) erobra, Russland vart slått 1904–05 og Korea annektert i 1910. I 1932 vart Mandsjuria ein japansk vasallstat under namnet Mandsjukuo. Frå 1937 vart store delar av Kinas austkyst hærsett. Japan kom med i andre verdskrig ved det vellukka angrepet på den amerikanske flåtebasen Pearl Harbor i 1941. I løpet av eit halvt år la japanarane under seg veldige område i Aust- og Søraust-Asia og Stillehavet, men vart så drivne tilbake steg for steg, inntil atombombene over Hiroshima og Nagasaki i august 1945 tvinga dei til kapitulasjon utan vilkår. Japan mista alle områda dei hadde lagt under seg, og vart okkupert og demilitarisert av USA.

Etter fredsslutninga i 1951 vart landet gjenoppbygd, og økonomien vart utvikla i eit høgt tempo, med amerikansk hjelp. Japan fekk ein demokratisk konstitusjon, og keisarens makt vart sterkt redusert.

I 1980-åra var japansk politikk heimsøkt av skandalar som også rysta regjeringane. I 1988 tok Akihito over som regent etter faren, keisar Hirohito. Akihito vart krona i 1990. Japan hadde på den tida skaffa seg eit teknologisk overtak i forhold til andre industriland og hadde eit kapitaloverskot som vart brukt til å kjøpe opp industri og andre selskap over heile verda, men i 1990-åra vart veksten i økonomien redusert.

Sidan 1991 har landet gjennom forhandlingar med Russland prøvd å få tilbake kontrollen over dei nordlege øyane, Kurilane, som vart okkuperte i 1945.

Den økonomiske oppgangen vart avløyst av stagnasjon og krisetendensar frå 1992–93. Japans store handelsoverskot samanlikna med USA førte på 80- og 90-talet til eit anstrengt forhold mellom dei to statane. I dag er den rolla overteken av Kina. Den økonomiske stagnasjonen svekte Japan i forhold til konkurrentane. Krisa vart forsterka i 1997 då også viktige japanske marknader som Sør-Korea, Thailand og Indonesia vart ramma av økonomisk krise.

Samtidig med den økonomiske nedgangen opplevde Japan ein kraftig opptur i kulturell innverknad: japansk populærkultur, som manga, anime, videospel og mat, er i dag vidgjetne verda rundt.

I 2011 vart Aust-Japan ramma av eit kraftig jordskjelv. Flodbølgja som følgde av jordskjelvet, drap over ti tusen menneske og førte til radioaktiv katastrofe ved atomkraftverket i Fukushima.

Frå 2010 til 2019 fall Japan frå 11. til 67. plass på pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser. Kritikarar knyter dette til ei anti-demokratisk utvikling under noverande statsminister Shinzo Abe.

Statsminister sidan 2012 er nasjonalisten Shinzo Abe. Keisar frå 1. mai 2019 er Naruhito.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 30.01.2020