Hopp til innhold
X
Innhald

Jemen

Jemen var i oldtida sentrum for den sørarabiske sivilisasjonen. I imperialismens tidsalder var landet dominert av det osmanske og det britiske riket. I dag er det Saudi-Arabia som leier ein blodig intervensjon i Jemen, som har slite med borgarkrig gjennom heile si moderne historie.

Jemen (al-Jumhuuriiya al-Yamaniiya) har ei rik historie, men er i dag det fattigaste og mest ustabile landet på den arabiske halvøya. Den nordlege delen av landet, som inntil 1990 utgjorde Republikken Jemen, er i hovudsak eit fjellområde. Innanfor eit ørkenaktig kystbelte har Jemen ei meir nedbørrik og fruktbar sone. Innanfor denne er det igjen ørken. Sør-Jemen, som inntil 1990 utgjorde Den demokratiske republikken Yemen, er eit platå- og fjelland med ørkenklima. Hovudnæringa er jordbruk og fedrift; det blir dyrka bygg, kveite, mais, hirse, bomull, kaffi og grønsaker. Dessutan blir det dyrka qat, eit narkotisk produkt. Jemen har oljeraffineri, men elles lite industri. Inntekter som framandarbeidarane sender heim, har stor økonomisk verdi for det fattige landet. Det har vore borgarkrig i landet og intervensjon leidd av Saudi-Arabia og støtta av USA sidan 2015.

I 2016 vart Jemen medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa som kjempar for klimatiltak.

Jemen er eit gammalt kulturområde. Landet var sentrum for den sør-arabiske sivilisasjonen, som modna ca. 1000 f.Kr. med kongedømmet Saba. Området ligg strategisk plassert og har ofte vore utsett for kolonisering og stormaktsspel, som det framleis er. Likevel har heile eller delar av Jemen gjennom historia stort sett makta å behalde sjølvstendet. Romarriket mislukkast i å invadere «Arabia felix» i år 25. Islam vart innført i 628, og sidan vart Jemen gjennom hundreår styrt av ein imam.

I 1517–1634 var Jemens vestkyst under tyrkisk overherredømme, og igjen frå 1872 til 1918, som svar på britisk ekspansjon i området. I 1839 erobra britane byen Aden, og på slutten av 1800-talet vart det utvida området, no store delar av Sør-Jemen, britisk protektorat. I 1937 vart landet kronkoloni. Samtidig hadde Nord-Jemen vore eit sjølvstendig monarki sidan tyrkarane vart utviste. I 1962 vart monarken avsett og ein republikk proklamert i Nord-Jemen. I borgarkrigen som følgde, støtta Egypt republikanarane, og Saudi-Arabia og Storbritannia rojalistane. I 1970 vart det slutta fred, og det republikanske styret vart anerkjent. Etter ei rekkje militærkupp kom oberstløytnant Ali Abdullah Saleh til makta i Nord-Jemen i 1978.

Sør-Jemen, som forutan Aden bestod av 17 statar i den tidlegare Sør-Arabia-føderasjonen, tre sjeikdømme, tre sultanat og øyane Sokotra, Kamaran og Perim, vart uavhengig av Storbritannia i 1967 og erklærte seg i 1970 som ein marxistisk folkerepublikk. Forholdet mellom dei to Jemen-statane var spent. I mai 1990 vart dei to statane slått saman under namnet Republikken Jemen og med hovudstad i Sana.

Under Golfkrigen i 1991 avstod Jemen frå å stemme i Sikkerheitsrådet og inntok ein venleg nøytralitet overfor Irak. Dette forverra forholdet til Saudi-Arabia så mykje at ca. 800 000 jemenittiske framandarbeidarar i Saudi-Arabia måtte reise heim. Dette fekk alvorlege konsekvensar for Jemens økonomi.

Frie val i 1993 førte til siger for Salehs parti. I mai 1994 braut det ut borgarkrig med utgangspunkt i dei to tidlegare statane, og i mai same år erklærte styresmaktene i Aden at Sør-Jemen igjen var eigen stat. Seinare same år vann regjeringsstyrkane frå nord ein klar siger.

Etter at regjeringa vann borgarkrigen, fekk den saudi-arabiske wahhabismen fotfeste i Nord-Jemen, som tradisjonelt har tilhøyrt zaidi, ei sjiamuslimsk grein. Zaidi-muslimsk misnøye utarta til væpna oppstand i 2004 då styresmaktene prøvde å arrestere leiaren for Houthi-rørsla, Hussein al-Houthi.

Den arabiske våren nådde Jemen i 2011 og førte til at president Saleh gjekk av i 2012. Regimeskiftet var overflatisk og forverra snarare enn å løyse dei politiske utfordringane i landet. I 2015 inntok houthiane hovudstaden Sana, kuppa makta og var på veg mot kontroll over heile landet då ein Saudi-Arabia-leidd koalisjon gjekk inn i konflikten for å forhindre dette. Den påfølgjande krigen, der også Al-Qaida, IS og Sør-Jemen-separatistar er aktørar, har utvikla seg til ein humanitær katastrofe, med svolt og kolera-epidemi som dei mest prekære utfordringane. USAs styresmakter har støtta intervensjonen, men i april 2019 vedtok kongressen eit lovforslag for å setje ein stoppar for støtta. President Donald Trump la likevel ned veto, og krigen held fram.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019