Hopp til innhold
X
Innhald

Jordan

Trass i at landet har færre ressursar enn nabolanda, at det er kronisk ustabilitet i regionen, og at landet har hatt opne armar for flyktningar, har relativt fattige Jordan makta å bevare stabilitet og jamn økonomisk vekst.

Jordan (al-Mamlaka al-Urdunniiya al-Haashimiiya) er eit kongerike i Midtausten. Det vart oppretta i 1921 og uavhengig i 1946. Landet grensar til Israel, Palestina, Syria, Irak og Saudi-Arabia. Trass i den geografiske plasseringa – ressursfattig og midt i ein konfliktfylt region – har Jordan hatt ei relativt stabil utvikling og er blant Midtaustens jamnast utvikla og høgast utdanna nasjonar. Jordan har ei av dei største flyktningbefolkningane i verda. 90 % av landet er ørken ellen halvørken med liten økonomisk verdi. Jordan har eit stort saue- og geitehald. Det er berre få mineralførekomstar i landet: fosfat og kali ved Dødehavet. Dei viktigaste jordbruksområda ligg i den nordvestlege delen (vinterregn, kunstig vatning i Jordan- og Yarmukdalen). Produkt er kveite, mais, frukt, oliven, dadlar og tobakk. Einaste hamneby er Akaba ved Raudehavet.

Det tidlegare emiratet Transjordania vart i 1921 skilt ut frå det britiske protektoratet Palestina. I den lange perioden 1516–1918 hadde landet tilhøyrt den osmanske (tyrkiske) provinsen Damaskus. I 1946 vart området anerkjent som eige kongerike under namnet Jordan. Uttrykket «det hasjemittiske kongeriket» refererer til at kongefamilien stammar frå profeten Muhammeds oldefar Hashem. Dei seinare grensene vart fastsette i 1949 ved våpenkvila mellom arabarstatane og Israel, og staten omfatta frå no av det gamle Transjordania og dei arabiske distrikta på Vestbredda. Hussein (soneson av kong Abdullah, som vart myrda 1951) vart konge i 1952. Han førte vidare den vestorienterte politikken landet tradisjonelt hadde ført, og støytte på motstand frå arabiske nasjonalistar som gjekk inn for ei styrking av Den arabiske ligaen.

Etter krigen i juni 1967 og tapet av Vestbredda vart også balansegangen mellom jordanarane og palestinarane i Jordan problematisk. I 1970 braut det ut borgarkrig («Svart september»). Denne enda i 1971 med at dei palestinske gerilja-organisasjonane måtte trekkje seg tilbake til Libanon. I 1970-åra var det eit nært samarbeid mellom Jordan og Syria, men forholdet kjølna sterkt i 1980. Jordan har sidan vendt seg meir mot Saudi-Arabia. I 1988 gav Hussein offisielt avkall på Vestbredda. Under Golfkrigen i 1991 var reaksjonane i Jordan sterkt anti-amerikanske, både frå kongens og befolkninga si side. Landet vart sterkt ramma økonomisk av krigen og av blokaden mot Irak. Under og etter krigen mottok Jordan eit stort antal flyktningar, særleg palestinarar frå Kuwait og Emirata.

Det var frie val i 1993. I juli 1994 inngjekk landet fredsavtale med Israel. Kong Hussein døydde i 1999 og vart etterfølgd av son sin, kong Abdullah bin Hussein. Stor økonomisk vekst følgde, etter økonomiske reformer. Veksten har minka noko etter finanskrisa i 2008. Den arabiske våren førte med seg motstridande utviklingar i Jordan. På den eine sida er det iverksett politiske reformer, slik som innleiande steg mot eit parlamentarisk system. På den andre sida er pressefridomen blitt innskrenka. Likevel er Jordan i dag rekna som eit av dei friaste landa i Midtausten. Jordan har også tradisjonelt ein svært open flyktningpolitikk. Saman med den geografiske plasseringa har dette ført til at Jordan har ei enorm flyktningbefolkning, beståande av særleg palestinarar, irakarar og syrarar, både kristne og muslimar – til saman rundt 3 millionar, av ei befolkning på rundt 10 millionar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019