Hopp til innhold
X
Innhald

Kambodsja

I år 1000 var praktfulle Angkor ein av dei største byane i verda i eit mektig handelsrike. Kambodsjas nyare historie har vore prega av utanlandsk dominans og lokal brutalitet. Stabilitet vart endeleg nådd rundt tusenårsskiftet, men det har gått ut over den politiske fridomen.

Kambodsja, Kampuchea (Preah Reach Ana Pak Kampuchea), grensar til Thailand, Laos og Vietnam. Landet har varmt og fuktig klima og består av høgland dekt av skog og savannar rundt eit sedimentært søkk. Befolkninga er konsentrert i dette låglandet, som har avløp til Mekong, og der den store innsjøen Tonlé-Sap ligg. Hovudnæringskjelda er ris, som saman med gummi lenge var den viktigaste eksportartikkelen. Råstoff er fosfat, kol og olje, og industriprodukt er tekstil, papir og sement. Mykje av næringslivet braut saman under uroa i 1970-åra, delvis i samband med at befolkninga vart driven ut av byane, som fekk mindre å seie.

Sidan tusenårsskiftet har Kambodsjas økonomi vakse kraftig. Samtidig har politiske fridomar gradvis blitt bygde ned. Veksten er boren særleg av tekstilindustrien i landet, som står for rundt 80 % av eksportinntektene. Turisme er den nest viktigaste sektoren. Kommersiell oljeutvinning begynte i 2020.

I 2016 vart Kambodsja medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak.

Kambodsja, som er befolka av khmerfolket, var kongerike frå ca. 200 e.Kr. Khmerriket vart grunnlagt ca. 800 og utvikla ein praktfull kultur basert på solid økonomi, mellom anna med intensiv risdyrking med storslåtte kunstige vatningsanlegg. Dette riket var lenge det mektigaste riket i Søraust-Asia og eit viktig handelsknutepunkt mellom aust og vest.

Frå 1400-talet vart riket dominert av det siamesiske og det vietnamesiske riket. Denne konflikten bana veg for franskmennene, som sikra seg protektorat over Kambodsja i 1863. Kong Norodom Sihanouk innleidde i 1953 eit «kongeleg korstog for sjølvstende», og Frankrike anerkjende landet som uavhengig same år. På Bandung-konferansen i 1955 erklærte Kambodsja seg som ein «nøytral og alliansefri stat». Sihanouk styrte deretter landet i spissen for ei «sosialistisk masserørsle». General Lon Nol tok makta i 1970, Sihanouk vart styrta og republikken proklamert. Lon Nols regime fekk støtte av USA og deira allierte i Thailand og Sør-Vietnam.

Geriljastyrkane frå Raude Khmer fekk makta i landet i april 1975. Med makt vart bybefolkninga flytt ut i landdistrikta for å drive ein kollektiv ris-økonomi, og landet var prega av terror, svolt og naud. Leiaren var statsminister Pol Pot. I desember 1978 rykte vietnamesiske styrkar inn og hærsette landet. Heng Samrin vart president i eit styre kontrollert av vietnamesarane. Vietnam trekte sine styrkar ut i 1989, og krigen mellom Phnom Penh-regjeringa og ein allianse mellom Raude Khmer og fyrst Sihanouk, støtta av Kina og USA, auka i intensitet.

I oktober 1991 vart det likevel underteikna ein fredsavtale mellom partane. UNTAC, FNs overgangsstyresmakter for Kambodsja, fekk i oppgåve å førebu val til ei grunnlovsgivande forsamling og administrere landet til denne var vald. Avtalen fastsette at det skulle dannast eit nasjonalråd beståande av alle partar i borgarkrigen, og at kong Sihanouk skulle fungere som statsoverhovud. Valet i mai 1993, der Raude Khmer avslo å delta, gav fleirtal til monarkistpartiet Funcinpec, følgt av CPP, partiet til Phnom Penh-regjeringa.

I 1996 vart Raude Khmer splitta då delar av toppleiinga og ein del av geriljahæren inngjekk separat fred med regjeringa. I 1997 gjorde statsminister Hun Sen kupp mot koalisjonspartnaren sin i regjeringa, prins Norodom Ranariddh. Kuppet førte til at landet ikkje vart teke opp i ASEAN, slik planane var. Restane av Raude Khmer dømde på same tid den tidlegare leiar Pol Pot til livsvarig husarrest. I februar 1998 gav styrkane til prins Ranariddh opp den væpna kampen, og regjeringa til Hun Sen erklærte våpenkvile. I juli same år vart det gjennomført val til ny nasjonalforsamling. 

Sidan har politiske fridomar i Kambodsja gradvis blitt nedbygde. I 2017 forsvann både det siste opposisjonspartiet og det siste uavhengige mediehuset. Politisk liv blir dermed dominert av statsminister Hun Sen og hans parti, Det kambodsjanske folkepartiet, som vann alle sete i parlamentet ved valet i 2018. Same år kunngjorde styresmaktene at Raude Khmer-tribunalet skulle leggjast ned.

Hun Sen og mange andre topp-politikarar i Kambodsja begynte sine karrierar i Raude Khmer før dei hoppa av til Vietnam og stifta eit nytt vietnamesiskstøtta kommunistisk parti. Dette partiet er forløparen til Det kambodsjanske folkepartiet.

Ingen noverande statsministrar i verda har regjert lenger enn Hun Sen. Konge sidan 2004 er Norodom Sihamoni, sonen til Norodom Sihanouk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 12.08.2020