Hopp til innhold
X
Innhald

Kasakhstan

Kasakhstans enorme naturressursar har gjort landet til det mest velståande av dei post-sovjetiske statane i Sentral-Asia. Utviklinga har skjedd på bekostning av interne politiske rettar og globalt klima. Landet har uttalte ambisjonar om å bøte på begge. 

Kasakhstan (Qazaqstan Respublikasï) ligg mellom Kaspihavet og Kina og er Sentral-Asias mektigaste land. Landet er det åttande største i verda i flatemål, og det største landet utan havkyst i verda. Det har tørt kontinentalklima og er mest steppe og ørken. I aust er det fjellendt. Det blir drive fedrift, og det blir dyrka korn, bomull, solsikker, frukt og vindruer, dels ved hjelp av store kunstige vatningsanlegg. Landet er svært rikt på mineral, olje og gass. Industriveksten har vore rask, spesielt tungindustri, tekstil- og næringsmiddelindustri.

Kasakhane utgjer 65 % av befolkninga. Det er eit tyrkisk folk, nær i slekt med karakalpakane i Usbekistan, kirgisarane, usbekane og turkmenarane. Av den resterande befolkninga er 21 % russarar og 2 % ukrainarar. Desse innvandra særleg i samband med industrialiseringa av landet etter 1941, då tysk okkupasjon i vest tvinga russarane til å leggje mykje av industrien hit, og i samband med nydyrkingsprogramma frå 1945. Begge desse minoritetane har minka drastisk sidan landet vart uavhengig i 1991.

Kasakhstan kom under Russland i perioden 1731–1819, etter tidlegare å ha bestått av kasakhiske khanat og dei tre såkalla «hordane». Landet vart autonom republikk i 1920 og sovjetrepublikk i 1936. Det vart uavhengig i 1991, men medlem av Samveldet av uavhengige statar (SUS). Kasakhstan vart også medlem av OSSE og av FN i 1992. I 1995 inngjekk landet ein avtale om eit tett militært samarbeid med Russland.

Nursultan Nasabajev leidde landet i 30 år frå 1989 til han gjekk av i mars 2019. Nasarbajev og hans regime blir rekna som moderat blant Sentral-Asias post-sovjetiske despotar, men han stod like fullt i spissen for eit svært autoritært styre. Nasarbajev er framleis leiar av Nur Otan, det dominerande partiet i landet, og av Kasakhstans sikkerheitsråd, og blir dermed framleis rekna for å halde i taumane.

Styresmaktene har lova demokratiske reformer. Dessutan har det oljerike landet dei seinare åra begynt ein ambisiøs klimapolitikk. Tida vil vise om lovnadene blir røyndom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019