Hopp til innhold
X
Innhald

Kina

Før den industrielle revolusjonen i Vesten var Kina lenge den mest avanserte sivilisasjonen i verda. Med eit særeige statskapitalistisk system og under den autoritære Xi Jinping er landet igjen klart for å bli ei supermakt.

Folkerepublikken Kina (Zhonghua Renmin Gongheguo) er inndelt i 22 provinsar (inkludert Taiwan) og fem sjølvstyrte regionar, og dessutan fire sentralstyrte byar (Beijing, Shanghai Tianjin og Chongqing). Hong Kong og Macau tilfall Kina i høvesvis 1997 og 1999.

Kina er for det meste eit fjelland med vidstrekte høgplatå. Den aust-vestlege fjellkjeda Qinling-shan dannar ei klimagrense mellom det subtropiske Sør-Kina og det tempererte Nord-Kina. I Nord-Kina har slamavleiringar frå Huang He (Hwang Ho) og vinderodert løssjord (gul jord) danna fruktbare sletter. I Sør-Kina er Det raude bekkenet langs elva Chang Jiang (Yangtze) det viktigaste jordbruksområdet. Tre firedelar av befolkninga er sysselsett i jordbruket, som var kollektivisert i store einingar, folkekommunar, men i 1980-åra vart dei oppdelte med større vekt på privat innsats. Intensiv dyrking med utstrekt kunstig vatning gjer at Kina kan brødfø seg sjølv. Dei viktigaste produkta er ris, kveite, mais og hirse, dessutan soyabønner, frukt og grønsaker, sukker, bomull og tobakk. Det er mykje griseavl og fjørkre, og i risdammane blir det drive fiskeoppdrett. Landet har store naturressursar, i første rekke kol, olje og jernmalm og spesielle metall som antimon og wolfram. Industrialiseringa tok eit stort steg framover i 1950-åra, trass i store begynnarvanskar. Tungindustrien er konsentrert i nordaust. Det er omfattande lokal produksjon av forbruksvarer, stimulert ved at det er større moglegheiter for privat initiativ etter 1978. Kina har i den påfølgjande reformperioden i stor grad løyst sitt fattigdomsproblem, men med enorm økonomisk ulikskap, politisk undertrykking og miljøkatastrofar som biverknad.

Under Shang-dynastiet ca. 1500 f.Kr. oppstod det eit kinesisk rike i nord med Anyang som hovudstad. Under huset Zhou ca. 1100 f.Kr. vart riket utvida til Chang Jiang i sør og vart ein sterkt sentralisert embetsstat under Han-dynastiet ca. 200 f.Kr., som ytterlegare auka territoriet til Korea i nord og India i vest. Etter splittingar skapte Tang-dynastiet (618–907) ei ny politisk og kulturell stordomstid. Mongolane erobra Beijing i 1215 og styrte heile Kina under Yuan-dynastiet, 1279–1368. Ming-dynastiet (1368–1644) styrta mongolregimet og herska over ein raskt veksande økonomi og ei aukande befolkning. Under mandsju-dynastiet (1644–1911) vart det kinesiske keisarriket utvida til Mongolia, Xinjiang og Tibet, men vart etter kvart svekt i forhold til dei vestlege maktene og Japan, med nederlag i krigen 1894–95.

Revolusjonen i 1911, leidd av Sun Yat-sen, førte til at keiserdømmet fall. Borgarkrigen i 1920-åra gav Guomindang-partiet under Chang Kai-shek makta i 1928, og det kom til brot med kommunistane. Japan tok Mandsjuria i 1932 og invaderte Kina i 1937. Under andre verdskrig fekk Kina hjelp av USA og Storbritannia mot Japan. Borgarkrigen mellom Chiang og Mao Zedongs kommunistar 1945–49 førte til at Folkerepublikken Kina vart danna i 1949 med Mao som leiar. Chiang flykta til Taiwan (Nasjonalist-Kina). Kina greip inn i Koreakrigen og rykte inn i Tibet i 1950. Det var konflikt med Sovjetunionen frå 1956, og kulturrevolusjonen førte til store øydeleggingar i tida 1966–69. Kina vart medlem av FN i 1971.

Mao døydde i 1976, og det kom til eit oppgjer med radikale element i kommunistpartiet («firarbanden»). Den økonomiske politikken vart liberalisert under leiing av veteranen Deng Xiaoping. Krav om også politisk liberalisering kulminerte i fredelege studentdemonstrasjonar på Den himmelske fredsplassen i Beijing. Demonstrasjonane vart brutalt slått ned av militære styrkar 3.–4. juni 1989, og fleire tusen menneske skal ha blitt drepne. På 1990-talet var forholdet mellom Kina og Taiwan prega av ei forsiktig tilnærming ispedd periodar med politisk spenning og militær opptrapping.

Den raske økonomiske veksten i Kina har skapt ein moderne infrastruktur i kystområda, men også raskt aukande sosiale skilje. President sidan 2012 er Xi Jinping, som blir rekna som den mektigaste leiaren sidan Deng Xiaoping, kanskje til og med Mao. «Xi Jinping-tankar» har blitt skrivne inn i grunnlova, og den øvre grensa for presidentskap på åtte år er fjerna for hans skuld. Under Xi Jinping har politiske fridomar på heimebane blitt innskrenka, og Kinas internasjonale ambisjonar er kraftig utvida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 02.10.2020