Hopp til innhold
X
Innhald

Kirgisistan

Den gongen verdshandelen føregjekk over land i karavanar, gjorde Silkevegen Kirgisistan til eit viktig og velståande knutepunkt mellom aust og vest. I dagens verd er vegen til den internasjonale scena mykje lengre for det landet i verda med lengst avstand til havet.

Kirgisistan (Kyrgyzstan Respublikasy) ligg nordvest for fjellrekkja Tianshan og grensar mot Tadsjikistan, Usbekistan, Kasakhstan og Kina. Høgaste punkt er 7439 meter, og nærmaste kyst ligg 1600 kilometer unna. Området er fjellrikt, og naturforholda har gjort det mogleg for kirgisarane (74 % av befolkninga), som er eit tyrkisk folkeslag, å behalde språket og eigenarten sin. Landet har eit betydeleg husdyrhald, mest sauer, geiter og jak-oksar, og har ein industri basert på jordbruksprodukt.

Landet kom under russisk styre i siste del av 1800-talet. Det var autonomt område frå 1924, frå 1936 sovjetrepublikk. Det erklærte seg uavhengig av Sovjetunionen i august 1991, men er medlem av Samveldet av uavhengige statar (SUS). Kirgisistan vart medlem av FN i 1992 og same år av KSSE (seinare OSSE) og av Den muslimske økonomiske samarbeidsorganisasjonen (ECO).

Presidenten sidan 1990, Askar Akajev, vart tvinga til å gå av i mars 2005 etter eit omstridd val på ny nasjonalforsamling. Opposisjonsleiaren Kurmanbek Bakijev vann presidentvalet i juli 2005. Sidan har Kirgisistan bevega seg lenger bort frå totalitært styre enn dei post-sovjetiske nabostatane, men det har også vore det urolegaste området – som det òg var under russisk herredømme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019