Hopp til innhold
X
Innhald

Korea

Korea er ei halvøy i Aust-Asia og er i dag delt i to statar.

Den koreanske halvøya (koreansk Tayhan) utgjer 219 000 km². Her oppstod tidleg ein høgtståande sivilisasjon, og Korea var ein samla stat frå 668 e.Kr. Frå 1945 vart landet delt langs den 38. breiddegraden i to delar, Nord-Korea og Sør-Korea, som begge vart sjølvstendige statar i 1948.

Kulturelt kom Korea tidleg under kinesisk innverknad. I 1231 vart landet erobra av mongolane, som snart drog sin veg igjen. Frå 1392 opplevde landet ein makelaus blomstringsperiode. Japan gjorde eit storstilt forsøk på å erobre Korea i 1592. Etter tradisjonen vart japanarane slått tilbake av koreanske jernbeslåtte krigsskip oppfunne av admiral Yi Sun Sin.

I 1627 vart Korea erobra av mandsjuane. Frå 1644 høyrde landet formelt inn under det kinesiske Qing-dynasti (mandsju-keisarane), men stort sett var det overlate til seg sjølv. I 1876 tvinga japanarane seg til tilgang til Korea, som i tida 1895–1910 stod heilt under japansk innverknad. Landet vart offentleg annektert av Japan i 1910. Då Japan kapitulerte i 1945, vart Korea hærsett av sovjettroppar i nord og USA-troppar i sør, med grense ved 38. breiddegrad. Statane Nord- og Sør-Korea vart oppretta i 1948.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2019
Sist oppdatert: 10.12.2019