Hopp til innhold
Det kuwaitiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det kuwaitiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Kuwait

Oljerike Kuwait er eit bitte lite land på toppen av Golfen, med mektige naboar som Saudi-Arabia, Irak og Iran. Den strategiske plasseringa og dei enorme oljereservoara gjer landet til eit av dei rikaste i verda per hovud.

Emiratet Kuwait (Dawlat al-Kuwayt) ved Persiabukta, mellom Irak og Saudi-Arabia, er eit flatt ørkenland, ofte med høg luftfuktigheit, men vassmangelen er eit problem. Landet er ein av dei større oljeprodusentane i verda. Det første oljefeltet vart funne i 1938, og produksjonen kom i gang i 1946. Kuwaits statlege investeringsfond, etablert i 1953, er det første i verda, og stadig blant dei største. Oljefelta vart nasjonaliserte i 1970-åra. Landet har brukt dei svære oljeinntektene dels til å yte bidrag til andre arabarstatar, dels til å byggje opp eit moderne velferdssamfunn der ein har utvikla også andre næringsgreiner, mellom anna petrokjemisk industri og fiske.

Kuwait er eit av dei rikaste landa i verda rekna i nasjonalinntekt per innbyggjar og var lenge den mest utvikla Golf-staten. Som andre Golf-statar har Kuwait ein stor prosentdel framandarbeidarar. Desse utgjer rundt 70 % av befolkninga, men har få rettar. Dei fleste innvandrarane er arabarar; før Golfkrigen budde det ca. 350 000 palestinarar i landet, men det finst også indarar og pakistanarar.

Emiratet Kuwait vart grunnlagt ca. 1756. Landet var eit britisk protektorat frå 1899 og vart uavhengig i 1961. Det var ein enorm økonomisk vekst i dei to følgjande tiåra. På 80-talet fekk landet økonomiske vanskar. Det støtta Irak i Iran–Irak-krigen 1980–88. 2. august 1990 vart landet likevel okkupert av Irak, regjeringa driven på flukt og mange institusjonar øydelagde eller regelrett fjerna av dei irakiske styrkane. Okkupasjonen var innleiinga til den andre Golfkrigen. Under krigen vart ei mengd oljebrønnar i Kuwait sette i brann, noko som skapte ein stor miljøkatastrofe. Etter krigen vart meir enn halvparten av dei palestinske framandarbeidarane drivne ut av landet. Kuwait var oppmarsj-område for store delar av dei amerikanske og britiske styrkane som angreip Irak våren 2003.

Jabir al-Ahmad al-Jabir al-Sabah, emir frå 1977, døydde i 2006. Han vart etterfølgd av emir Sabah al-Ahmad al-Jabir al-Sabah. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 26.02.2020