Hopp til innhold
X
Innhald

Laos

Lao-folket er kjent for det venlege og avslappa lynnet sitt. Dette medverkar til den blomstrande turismen i landet, men det kan også setje det nyliberaliserte landet i fare for økonomisk og økologisk utnytting.

Laos (Sathalanalat Paxathipatai Paxaxon Lao) er eit fjelland i Søraust-Asia med monsunskog og regnskog. Det er regntid frå mai til oktober. Jordbruk er den viktigaste næringsvegen. Det blir dyrka ris og mais, og landet eksporterer tømmer, tinn, kaffi og elektrisk kraft. Dessutan er det ein del opiumsmugling. Turistindustrien er stadig viktigare og sysselset over 10 % av befolkninga.

Sidan slutten av 1980-åra har det statsberande Laos folkerevolusjonære parti gjennomført marknadsliberalistiske reformer som liknar dei i Aust-Asias andre kommuniststatar, det vil seie at dei har innført reformer utan å gi slepp på maktmonopolet til partiet. Landet har ein raskt veksande økonomi som er avhengig av utanlandsk investering. Kina er den største investoren, medan Thailand er den største handelspartnaren.

Laos vart tungt bomba av USA under Vietnamkrigen, og udetonerte klasebomber frå denne perioden skader også i dag fleire titals laoittar årleg.

Landet er multietnisk, eit faktum som også er fastslått i grunnlova. Lao-etnisiteten utgjer drygt halvparten av befolkninga. «Laoitt» er dermed først og fremst ei nemning på statsborgarskap. For etnisiteten lao er det tydelegare å bruke lao, lao-folket eller lao-etnisiteten.

Lao-folket er, som andre tai-folkeslag, etterkomarar av folk som under han-kinesisk press migrerte frå Sør-Kina til Søraust-Asia i løpet av det første tusenåret e.Kr. Frå ca. 1300 til 1700 eksisterte det eit einskapleg laoittisk kongerike, før det vart delt i tre og dominert av Burma, Siam og Vietnam på 1700- og 1800-talet.

Laos tilhøyrde Frankrike frå 1893. Landet vart delvis okkupert av Japan under andre verdskrig. Det vart medlem av Den franske unionen i 1947. Ved Parisavtalen 29.12.1954 vart Laos anerkjent som sjølvstendig stat. Frå 1964 vart Laos trekt inn i Vietnamkrigen. Ei folkeforsamling vedtok i 1975 å avskaffe kongedømmet. Den marxistiske rørsla Pathet Lao overtok all kontroll i landet, med støtte og betydeleg innverknad frå Vietnam.

Med oppløysinga av Sovjetunionen vart Laos tvinga til å finne nye økonomiske partnarar. Forholdet til Kina og Thailand, som i periodar har vore anstrengt, vart normalisert, samtidig med ei gradvis liberalisering av økonomien. Denne utviklinga kulminerte i WTO-medlemskap i 2013.

President sidan 2016 er Bounnhang Vorachith. Statsminister sidan 2016 er Thongloun Sisoulith.

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019