Hopp til innhold
Det libanesiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det libanesiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Libanon

Libanon, det minste landet i det kontinentale Asia og blant dei tettast befolka, er ein kulturell og religiøs smeltedigel. Dei forskjellige folka har levd side om side i tusenvis av år, stort sett fredfullt, men med ein øydeleggjande borgarkrig frå 1975 til 90, og ein sårbar politisk balanse sidan då.

Libanon (al-Jumhuuriiya al-Lubnaaniiya) ligg i Midtausten, nord for Israel. Bak den smale, fruktbare kystsona ligg fjellkjedene Libanon og Anti-Libanon, mellom dei den frodige Bekaadalen. Landet har middelhavsklima med sommartørke og vinterregn. Før 1975 var Libanon eit handels- og finanssenter for Midtausten og eit populært turistsentrum, men krig og uro har svekt økonomien i landet. Det blir dyrka sitrusfrukter, grønsaker og tobakk. Det er oljeraffineri i hamnebyane. Landet er no avhengig av omfattande støtte frå utlandet.

Libanon har eit unikt såkalla konsosiert politisk system, der visse plassar i parlament og regjering er haldne av til visse etnoreligiøse grupper. Landet har lenge planlagt gradvis overgang til eit meir proporsjonalt demokratisk system. Parlamentsvalet i 2018, som var det første forholdstalsvalet i landet, var eit viktig steg. Den sårbare politiske balansen vart truga av borgarkrigen i Syria, både gjennom trefningar på libanesisk jord og av flyktningar. Det er over halvannan million syriske flyktningane i landet, og dei utgjer rundt ein fjerdedel av befolkninga i landet.

I 2016 vart Libanon medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak.

Landet blir rekna blant dei mest liberale landa i Midtausten. Regjeringa som vart danna i 2019, hadde den første kvinnelege innanriksministeren i eit arabisk land nokosinne, og dessutan tre andre kvinnelege ministrar. Den kristne befolkninga er tradisjonelt jamt over meir konservativ enn den muslimske, for eksempel når det gjeld homofili.

Libanon svarer omtrent til fønikarane sitt land i oldtida og var sidan meir eller mindre ein del av Syria. Det var ein del av det osmanske riket frå 1516. Forfølgingar av dei kristne i Libanon fekk Frankrike til å gripe inn i 1860 og tvinge det osmanske riket til å gjere området til eigen provins, som 1864–1914 vart styrt av ei kristen militærregjering under den osmanske sultanens herredømme. I 1918 vart Libanon fransk mandatområde saman med Syria. Landet vart eigen stat under fransk herredømme i 1926, og sjølvstendig stat frå 1944. Konfliktar mellom kristne og muslimar førte til ein amerikansk intervensjon i 1958. Palestinske flyktningar vart ytterlegare eit uromoment i landet.

Frå midten av 1975 til november 1976 vart Libanon herja av ein blodig borgarkrig, der hovudstriden stod mellom muslimar og kristne. Store delar av Beirut vart lagde i grus. Ein arabisk fredsstyrke under leiing av Syria vart sett inn. Israel rykte inn i Sør-Libanon i 1978. FN oppretta ein fredsbevarande styrke som hadde som mandat å overvake Israels tilbaketrekking frå Sør-Libanon. Noreg deltok med ein kontingent i denne styrken frå starten og fram til 1998. Sommaren 1982 hærsette Israel Sør-Libanon for å knuse PLO-styrkane. Dei trekte seg ut av mesteparten av området i 1985, og ein fredsavtale vart inngått i 1986. I 1996 gjennomførte Israel ein ny offensiv mot Sør-Libanon, men trekte seg heilt ut i mai 2000. Landet har sidan tidleg på åttitalet vore delt mellom grupper som har ført krig mot kvarandre. I mai 1991 underteikna Libanon og Syria ein samarbeidsavtale. Denne gav i praksis Syria politisk kontroll over Libanon. Rundt midten av 1990-talet kunne gjenreisinga av Beirut begynne og det økonomiske livet i landet normaliserast.

Statsminister Rafiq Hariri gjekk av i oktober 2004 i protest mot at den syrisk-støtta presidenten fekk forlengt sin embetsperiode med tre år. Hariri vart drepen i eit bombeangrep i Beirut i februar 2005, der også 14 andre menneske omkom. Drapet skapte ny uro i landet, då opposisjonen skulda regjeringa og støttespelarane i Syria for å stå bak bombeangrepet.

Den påfølgjande fredelege «seder-revolusjonen» i 2005 førte til at Syria trekte seg heilt ut av landet, og at det vart oppretta eit internasjonalt tribunal for drapet på Hariri. Rettargang pågår framleis.

Samtidig vart Sør-Libanon invadert av Israel i 2006, etter at Hizbollah, ein iransk-støtta organisasjon som vart oppretta under den førre Israel-invasjonen, hadde fyrt av rakettar mot Israel.

Sidan 2008 har Libanon makta å halde på ein stabil, men sårbar fred. Over 1,5 million syriske flyktningar kom til Libanon etter at den syriske borgarkrigen braut ut i 2011, og det var ei belastning i det vesle landet. Det forskauv dessutan den etnoreligiøse balansen, som er svært viktig for den politiske situasjonen i landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 01.09.2020