Hopp til innhold
X
Innhald

Malaysia

Malaysia kan skryte av å ha ein av dei mest vitale økonomiane i Asia. Det er eit resultat av tiår med industriell vekst og politisk stabilitet.

Malaysia (Persekutuan Tanah Malaysia) er ein forbundsstat i Søraust-Asia, danna i 1963 ved samanslutning av Malayføderasjonen, Singapore (som trekte seg ut av forbundet i 1965) og statane Sabah og Sarawak på Nord-Borneo. Landet er medlem av Samveldet og av ASEAN. Befolkninga består hovudsakleg av malayar (ca. 60 %), kinesarar (ca. 30 %) og indarar. Det meste av næringslivet har vore kontrollert av kinesarane, men sidan 1970-åra har offisiell politikk teke sikte på å auke den malayiske befolkningsdelens innverknad på økonomien.

Malaysia er den største produsenten i verda av kautsjuk, palmeolje og tinn. Landet har jordbruk med produksjon av mellom anna palmeolje, ris, frukt, og med husdyrhald. Aukande oljeproduksjon på Borneo og utanfor kystane gir ein betydeleg del av statsinntektene. Det er eksport av råolje, tømmer, palmeolje og kautsjuk. Industrireisinga har skjedd hurtig, vesentleg gjennom fleirnasjonale selskap. Turismen er blitt ei viktig næringsgrein.

Levestandarden er høgare enn i dei fleste asiatiske land. Regjeringssetet vart i åra etter tusenårsskiftet flytt til byen Putrajaya sør for Kuala Lumpur.

Malaysias første regimeskifte nokosinne skjedde ved valet i 2018, då opposisjonskoalisjonen Pakatan Harapan vann fleirtalet i nasjonalforsamlinga. Koalisjonen Barisan Nasional hadde då styrt landet samanhengande i 61 år, det lengste nokon gong i den demokratiske verda. Barisan Nasional er ei samling av sentrums- og høgreparti, medan Pakatan Harapan består av sentrum-høgre- og sentrum-venstre-parti.

Mahathir Mohamad, som var statsminister frå 1981 til 2003 for Barisan Nasional, vart ny statsminister, denne gongen for Pakatan Harapan. Mohamad, som er fødd i 1925, er den eldste statsleiaren i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019