Hopp til innhold
X
Innhald

Maldivane

Turisme har gjort Maldivane til eit velståande land. Med framleis global oppvarming kjem mesteparten av landet til å hamne under vatn.

Maldivane (Dhivehi Raajjeyge Jumhooriyyaa) er ei øygruppe i Indiahavet, sørvest for Sri Lanka. Maldivane består av over 1000 koralløyar og har tropisk havklima. Landet er det minste i Asia, både i storleik og folketal. Næringsvegar er fiske, dyrking av kokospalmar, frukt og grønsaker. Det er noko industri i landet. Turisme har sidan 1970-talet forvandla landet frå eit av dei fattigaste i Asia til eit av dei rikaste, men med enorme ulikskapar.

Maldivane vart sjølvstendig i 1965 og republikk i 1968. Nasjonalforsamlinga blir vald ved alminnelege val, men lenge fanst det ingen politiske parti. Maumoon Abdul Gayoom var president samanhengande i 30 år frå 1978 til 2008. Demokratiforkjempar Mohamed Nasheed stifta Det maldiviske demokratiske partiet i 2003 og pressa Gayoom til ytterlegare reformer. Dette kulminerte i 2008 med ny grunnlov og det første direkte presidentvalet, som Nasheed vann.

Økonomiske problem, delvis som følgje av tsunamikatastrofen i romjula 2004, gjorde til at dei konservative vende tilbake. Opptøyane, som blant anna omfatta gateprotestar og mytteri i hæren, førte til at Nasheed gjekk av i 2012, visstnok etter å ha blitt tvinga til det. Deretter vart han arrestert, før han vann valet i 2013 – som deretter vart annullert. I 2016 flykta han til Storbritannia. Internasjonale protestar mot reverseringa av dei demokratiske reformene i Maldivane førte til at landet trekte seg frå Samveldet i 2016. Ein opptur kom ved valet i 2018, då Det maldiviske demokratiske partiet vann tilbake makta, no med Ibrahim Mohamed Solih som president. Med tanke på internasjonale relasjonar inneber maktskiftet ei dreiing vekk frå Kina – mot India og USA, og gjenopptak i Samveldet.

Maldivane har sidan 2015 vore stiftande medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak. Med gjennomsnittleg bakkenivå på 1,5 meter og høgaste punkt på 5,1 meter er Maldivane det landet i verda som ligg lågast.

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019