Hopp til innhold
X
Innhald

Mongolia

Etter moderne mål er mongolane, med sin tradisjonelle nomadisme, eit fattig folk. Men ein gong i tida gjorde den nomadiske livsførselen mongolane i stand til å skape det største samanhengande riket i verdshistoria. 

Republikken Mongolia (Mongol Uls) omfattar størstedelen av Ytre Mongolia. Landet grensar til Kina i sør og til Russland (Sibir) i nord. Mongolia er det mest spreidd befolka landet i verda – sjølv når ein reknar med hovudstaden Ulan Bator, der om lag halve befolkninga bur. Det ligg fjellkjeder i nord som går opp i over 4000 m. I sør er det stepper. Landet har innlandsklima med kalde vintrar og varme somrar. Befolkninga er hovudsakleg mongolar (ca. 5 % kasakhar). Innbyggjarane er buddhistar, men under kommunismen vart religionen motarbeidd av styresmaktene. Viktigaste næringsveg er fedrift. Det er ein del kunstig vatna kornproduksjon og noko forbruksvareindustri. Landet har mange mineralførekomstar (bl.a. kopar, gull, wolfram, uran).

Mongolia vart sjølvstendig frå Kina i 1921 og var frå 1924 ein kommunistisk eittpartistat, heilt dominert av SSSR. Forholdet mellom Kina og Mongolia var i periodar spent, og det førekom grenseepisodar. Etter at Sovjetunionen braut saman, begynte også Mongolia sine reformer. Landet innførte eit fleirpartisystem i 1990 og fjerna i 1992 nemninga «folkerepublikk» frå namnet. Omstillinga til marknadsøkonomi førte til store problem med fallande produksjon, stor arbeidsløyse og rasjonering av matvarer. 

Ved vala i 1996 sigra partiet Demokratisk Union over det tidlegare kommunistpartiet, men som ein reaksjon på ein for rask overgang til marknadsøkonomi vart Natsagiyn Bagabandi, leiaren av Det mongolske folkepartiet (kommunistpartiet), vald til president i 1997. Desse to partia har kjempa om og bytt på makta sidan. Dei har òg vore i koalisjon saman éin gong mellom 2004 og 2006. Regjeringane er ofte ustabile; mellom 1990 og 2019 har landet hatt 15 ulike regjeringar, med gjennomsnittleg levetid på halvtanna år. Til dels har årsaka vore eit anna viktig tilbakevendande problem i politikken, nemleg korrupsjon.

I 2016 vart Mongolia medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019