Hopp til innhold
Det nepalske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det nepalske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Nepal

Etter ein blodig borgarkrig rundt tusenårsskiftet avskaffa Nepal kongedømmet og er endeleg inne i ei stabil demokratisk utvikling. Eit ustabilt klima vil by på nye utfordringar for det sårbare landet.

Nepal (Nepâl Adhirâjya) ligg i Himalaya og har fleire av dei høgaste fjelltoppane i verda, men i sør, ved grensa mot India, ligg Terai-området med ope sletteland og tropisk monsunklima. Jordbruk og fedrift er hovudnæringane; skogbruket er betydeleg, og det blir dyrka ei rekkje medisinplantar, og dessutan hamp til marihuana og valmuar til opium. Elles blir det dyrka sukkerrøyr, ris, mais, kveite og grønsaker. Industri og kommunikasjonar er lite utvikla, men ei rekkje flyplassar er bygde i dei seinare åra. Turismen er veksande.

Staten Nepal stammar frå 1768, men var sterkt avhengig av Kina til 1912. Utanrikspolitikken i landet var i ein lang periode leidd av indiske og britiske styresmakter. 1846–1951 var det den mektige Rana-slekta som hadde makta i landet, medan kongen hadde liten innverknad. Konge i tida 1955–72 var Mahendra, frå 1972 til 2001 son hans Birendra, i 2001 (to dagar) hans son Dipendra, og frå 2001 Birendras bror Gyanendra. Det har vore betydeleg misnøye med det autoritære styret. 

Nepal har blitt noko mindre avhengig av India ved at det er knytt økonomiske band med Kina og Bangladesh. I 1990 måtte kongen gå med på reformer som erstatta eineveldet med eit fleirpartisystem, og i mai 1991 vart det for første gong sidan 1957 halde val med fleire parti. Frå 1994 til 1996 var regjeringa leidd av kommunistpartiet.

Frå midten av 1990-talet til 2006 førte kommunistiske opprørarar væpna kamp mot styresmaktene. Fleire tusen menneske vart drepne. I juni 2001 vart kong Birendra, dronning Aishwarya og fleire andre medlemmer av kongefamilien skotne og drepne, angiveleg av kronprins Dipendra, som deretter skaut seg. Dipendra vart utnemnd til ny konge, men døydde to dagar seinare av skotskadar. Onkelen hans, Gyanendra, vart utnemnd til konge. Usikkerheit om omstenda rundt dødsfalla førte til kraftige opptøyar. Kong Gyanendra oppløyste nasjonalforsamlinga i 2002. I 2005 avsette han regjeringa, erklærte unntakstilstand og overtok makta. Etter sterke protestar frå dei sju leiande partia i landet, med støtte frå maoistgeriljaen, innsette han nasjonalforsamlinga på ny i april 2006. Med det enda den ti år lange nepalske borgarkrigen. 

Nasjonalforsamlinga avskaffa kongedømmet i 2008. Ei ny grunnlov i 2015 bekrefta Nepals statsforfatning som ein sekulær, føderal og sosialdemokratisk republikk. Ved valet i 2017 vart det eit valskred for kommunistpartiet, og partiet overtok dermed makta frå Det nepalske kongresspartiet, som historisk har vore det statsberande partiet i Nepal.

I 2015 vart Nepal stiftande medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak. Same år vart landet ramma av jordskjelv som drap 9000 menneske og gjorde fleire hundre tusen heimlause.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 29.05.2020