Hopp til innhold
Det nordkoreanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det nordkoreanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Nord-Korea

Den gongen verdshandelen føregjekk over land i karavanar, gjorde Silkevegen Kirgisistan til eit viktig og velståande knutepunkt mellom aust og vest. I dagens verd er vegen til den internasjonale scena mykje lengre for det landet i verda med lengst avstand til havet.

Nord-Korea (Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk) er fjellrikt med toppar over 2500 m. Landet grensar til Kina i nord. Det har fuktig kontinentalt klima, med monsunregntid juni–august. I Nord-Korea er det betydelege mineralførekomster, særleg kol, jernmalm, bly, kopar, sink og wolfram. Det er store barskogområde. Nær halvdelen av yrkesbefolkninga arbeider i jordbruket, der dei dyrkar ris, bygg, kveite, grønsaker og frukt. Det er eit lite overskot til eksport. Jordbruket er kollektivisert, og landet driv eit betydeleg fiske. Industrien er godt utbygd, særleg jernverk, kunstgjødnings- og sementvarefabrikkar. Det er mange vasskraftverk.

Landet er ein kommunistisk eittpartistat. Kim Il Sung var president frå 1948. Typisk for koreansk kommunisme er «juche»-ideen: å skape alt ved eigne krefter. Etter 1966 prøvde Nord-Korea å føre ein politikk som balanserte kinesisk og sovjetisk innverknad. Etter Sovjetunionens oppløysing vart landet internasjonalt stadig meir isolert. Nord-Korea vart medlem av FN i september 1991.

Det var stor matvaremangel og svolt i landet i 1997–99 på grunn av flaumkatastrofar, omfattande tørke og eit ineffektivt statsapparat. Kim Il-Sung døydde i 1994 og vart gjord til «evig» president i Nord-Korea. Son hans, Kim Jong-Il, etterfølgde han då som overhovud i landet. Den offisielle kontakten med Sør-Korea auka i løpet av 1990-talet, og eit vellukka toppmøte i Pyongyang i 2000 førte til ytterlegare avspenning mellom landa. Det endelege målet er gjenforening, men offisielt er dei stadig i krig, under ei våpenkvile, og begge partar gjer krav på å representere heile landet.

I 2002 vart det kjent at Nord-Korea framleis har eit program for utvikling av kjernefysiske våpen, og dette har ført til internasjonale protestar og eit spent forhold til USA. I 2006 kunngjorde Nord-Korea den første vellukka atomprøvesprenginga.

I 2011 overtok yngstesonen Kim Jong-Un då Kim Il-Sung døydde av hjarteinfarkt. Trass i at han var ung då han overtok, har han klart å konsolidere makta, mellom anna gjennom utreinskingar, og han har også vist seg som ein dyktig diplomat. Etter ein spent situasjon i første del av Donald Trumps presidentskap følgde eit tøvêr i 2018: Kim vart den første nordkoreanske leiaren til å setje foten i Sør-Korea i møte med president Moon Jae-in, medan Donald Trump vart den første amerikanske presidenten til å setje foten i Nord-Korea. Under dette tøvêret har Jong-Uns regime halde fram med å utvikle atomprogrammet i landet og ikkje gjort noko for å bøte på menneskerettsproblema.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019