Hopp til innhold
X
Innhald

Oman

Oman slo seg opp på slavehandel i imperialismens tidsalder. Då slaveri vart forbode internasjonalt utover på 1800-talet, kollapsa økonomien og det omanske riket. Heldigvis for Oman er det framleis lov å selje olje, som landet har mengder av.

Oman (Saltanat 'Umaan) ligg i Søraust-Arabia og grensar til Jemen, Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Omanbukta og Indiahavet. Landet er litt mindre enn Noreg i areal og folketal og har eit tørt ørkenklima. Nesten halvparten av befolkninga er framandarbeidarar, fleire enn grensa styresmaktene sjølv har sett, som er på éin tredel. 

Næringsvegar er kameloppdrett, dyrking av dadlar, noko fiske og kopargruver. Utvinning av olje er den dominerande økonomiske verksemda. Under sultan Qabos bin Said har landet etter 1970 blitt betydeleg utvikla og modernisert, men ikkje demokratisert. Sultanen er også statsminister, utanriksminister, forsvarsminister og sentralbanksjef – og dessutan ein av dei nolevande statsleiarane som har regjert lengst. Oman deltok på dei alliertes side i Golfkrigen. Oman er det einaste landet i verda som følgjer ibadi-retninga av islam.

Byen Muskat var blant dei første stadene portugisarane koloniserte i Asia, i 1507. Oman har vore sjølvstendig sidan 1650, då portugisarane vart fordrivne. Fram til det tjuande hundreåret var Oman sjølv ei maritim stormakt i området. Riket hadde ikkje berre territorium over Omanbukta i dagens Iran og Pakistan, men erobra også fleire portugisiske område på Afrikas austkyst. Dagens sultanat stammar frå 1741, då Al Said-dynastiet tok makta. Ryggrada i sultanatet var internasjonal slavehandel.

I starten profitterte Oman altså på den europeiske imperialismen, men etter den industrielle revolusjonen klarte ikkje landet lenger å hamle opp merkantilt med dei europeiske maktene, og mista oversjøiske område. Nedgangen vart akselerert då slaveri vart avskaffa internasjonalt i andre halvdel av 1800-talet. Samtidig førte intern strid til at riket i 1861 vart delt i Sultanatet i Muskat og Oman og Sultanatet i Zanzibar. Strid mellom konservative imamar innanlands og det meir sekulære kystfolket, inkludert herskarslekta, førte til ei vidare splitting av Sultanatet i Muskat og Oman i 1913, med sjølvstyre for Imanatet i Oman. Oljefunn i Imanatet på 1950-talet førte til ein ny konflikt, som enda med at Imanatet fall og vart innlemma i sultanatet på ny.

Dagens sultan kuppa makta frå far sin i 1970. Same år vart Oman eit av dei siste landa i verda som gjorde slaveri ulovleg.

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019