Hopp til innhold
X
Innhald

Qatar

Qatar er eit knøttlite land med stor lommebok, høge ambisjonar og mektige fiendar. Den rikaste nasjonen i verda gjer seg klar til å arrangere Fotball-VM i 2022.

Qatar (Dawlat Qatar) ligg på ei flat og tørr halvøy i Persiabukta. Landet har eit BNP på linje med Noregs, men berre halvparten så stor befolkning, og har dermed det høgaste BNP per innbyggjar i verda (justert for kjøpekraftsparitet).

Styresettet er absolutt monarki, med stadig fleire demokratiske innslag (grunnlov 2003). 88 % av befolkninga var i 2017 utanlandske arbeidarar, noko som gjorde Qatar til det landet i verda med størst migrantbefolkning i forhold til folketalet.

Den viktigaste næringa er oljeproduksjon. Norsk Hydro har samarbeidd med styresmaktene i Qatar mellom anna om å byggje fabrikkar for kunstgjødning. Landet har òg sementfabrikkar. Det blir drive noko jordbruk med kunstig vatning.

Qatar var britisk protektorat frå 1916 til 1971, då landet vart sjølvstendig stat. Olje- og gassproduksjonen vart nasjonalisert i 1977. Emiren har i prinsippet eineveldig makt. Qatar deltok på alliert side i Golfkrigen mot Irak i 1991.

I 1995 gjorde sjeik Hamad bin Khalifa al-Thani statskupp mot far sin og tok seinare initiativ til ein reformprosess i landet. Under hans styre vart det innført grunnlov, mediehuset al-Jazeera starta, Qatars statlege investeringsfond vart oppretta, framtidig nasjonalforsamlingsval vart annonsert, og ei rekkje internasjonale tilstellingar vart haldne eller avtalte, slik som VM i fotball i 2022. Qatar spela også ei aktiv rolle under Den arabiske våren, særleg gjennom mediedekning.

Bin Khalifa vart etterfølgd av sonen Tamim bin Hamad al-Thani i 2013, den gongen det yngste statsoverhovudet i verda. Qatars aktive diplomati og aukande regionale innverknad har dei siste åra møtt på motstand frå Saudi-Arabia, som saman med Egypt, Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata har boikotta landet økonomisk og diplomatisk sidan 2017. Dette har ført til tettare band til Iran og Tyrkia. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019