Hopp til innhold
Det saudiarabiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det saudiarabiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Saudi-Arabia

Saudi-Arabias enorme oljeressursar gjer at landet evnar å påverke heile verda. Det vart kjent første gong under oljeboikotten i 1973. Krigen i Jemen viser at landet i dag også er villig til å setje militær makt bak dei økonomiske musklane.

Saudi-Arabia (al-Mamlaka al-'Arabiiya al-Sa'uudiiya) omfattar det meste av den arabiske halvøya og er Midtaustens største og rikaste land. Landet er eit ørkenplatå som skrånar svakt frå randfjella i vest (som er opptil 3000 m høge) austover mot Persiabukta. Klimaet er subtropisk, varmt og tørt. Berre kyststrøka er fruktbare, men også i oasane blir det dyrka dadlar, kveite og bygg.

Landet er den største eksportøren og har dei nest største reservane av olje i verda. Oljerikdomen har ført til industrialisering i byar som Yanbu og Jubail, særleg petrokjemiske anlegg. Samferdselsnettet er sterkt utbygd, og befolkninga kan nyte mange velferdstiltak. Over 60 % av arbeidsstokken er framandarbeidarar.

Statsforfatninga er ei svært autokratisk form for absolutt monarki, i stor grad basert på den strenge forma for sunniislam kalla wahhabismen. Landet er ei viktig regional makt og ei energisupermakt. Ein tendens, særleg sidan den militære intervensjonen i Bahrain i 2011 og i Jemen sidan 2015, er at den regionale maktutøvinga i landet tek stadig valdelegare former.

Saud-dynastiet kan sporast tilbake til 1744, då Muhammad bin Saud inngjekk ein allianse med den religiøse leiaren al-Wahhab, grunnleggjaren av wahhabismen. Den første Saudi-staten vart sidan overvunnen av det osmanske riket i 1818. Seinare gjennomførte Ibn Saud ei rekkje erobringar mellom 1902 og 1927, og i 1932 vart namnet på statsdanninga kongeriket Saudi-Arabia. 

Landet har politisk vore knytt til Storbritannia og USA. Kong Feisal (1964–75) gjennomførte ei rekkje reformer innanfor undervisning og helsestell og avskaffa slaveriet. Landet deltok på alliert side i Golfkrigen mot Irak i 1991, og dei allierte hadde sine basar der. Hovudstaden Riyadh vart angripen med irakiske Scud-rakettar. 

Under kronprins Mohammed bin Salmans styre sidan 2017 har Saudi-Arabia innført ei rekkje sosiale og økonomiske reformer. Unge Bin Salman hadde ei høg internasjonal stjerne inntil snikmordet på journalisten Jamal Khashoggi i 2018 røpte avgrensingane i reformprogrammet hans, særleg innanfor politisk liberalisering og menneskerettar. Saudi-Arabia haustar også internasjonal kritikk for krigen landet fører i Jemen mot dei sjiamuslimske houthi-rebellane, som har ført til ei enorm humanitær krise. Intervensjonen blir støtta av Saudi-Arabias viktigaste allierte: USA.

I september 2019 vart oljeraffineri aust i Saudi-Arabia ramma av dronebombing. Houthiane i Jemen tok på seg ansvaret for bombinga, men Saudi-Arabia, USA og EU anklaga Iran for å stå bak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 23.09.2020