Hopp til innhold
X
Innhald

Sri Lanka

Sri Lanka er det mest velståande landet i Sør-Asia, men har sidan sjølvstendet i 1948 vore prega av etnisk konflikt, no også med internasjonale dimensjonar etter terrorangrepet påsken 2019.

Sri Lanka (Srī Lankā prajātāntrika samājavādī janarajaya) er ei øy i Indiahavet ved sørspissen av India. Ei 70–100 km brei kystslette omgir eit sentralt høglandsområde, som i sør har toppar over 2000 meter. Landet har tropeklima, fuktig i vest, tørrare i aust. Mykje av den tropiske regnskogen er avverka. 36 % av arealet er jordbruksland. Det er stor teproduksjon, og også eksport av gummi og kokosprodukt. Ris blir dyrka til innanlands behov. Landet har ein del turisme.

Singalesarane invaderte øya ca. 500 f.Kr. Seinare kom dravidiske tamilar i fleire bølgjer og oppretta mindre rike. I dag utgjer singalesarane 74 % og tamilane 18,2 % av befolkninga. Portugisarane kom på 1500-talet og vart etterfølgde av nederlendarane. Sri Lanka var britisk koloni frå 1802. Landet vart sjølvstendig samveldestat frå 1948, og republikk innanfor Samveldet i 1972.

Frå 1983 til 2007 pågjekk det borgarkrig mellom singalesarar og tamilar. I 1987 intervenerte indiske troppar i eit forsøk på å stanse borgarkrigen. Dei tamilske områda fekk eit avgrensa indre sjølvstyre, men borgarkrigen mellom regjeringstroppane og geriljaorganisasjonen Tamiltigrane (LTTE) heldt fram likevel. President Ranasinghe Premadasa vart drepen ved eit bombeattentat i mai 1993. I 1995 gjennomførte regjeringa ein militær storoffensiv mot tamilgeriljaens område og erobra hovudkvarteret deira. I 1996 erobra geriljaen ein stor marinebase frå regjeringa. Regjeringa og LTTE-geriljaen inngjekk i februar 2002 ein våpenkvileavtale som vart overvaka av internasjonale observatørar under norsk leiing. I desember same år møttest representantar for partane til forhandlingar i Oslo, der dei vart einige om ein avtale som innebar utstrekt sjølvstyre i tamilske område. Tamilane oppgav til gjengjeld sitt krav om ein sjølvstendig stat nord og aust på øya. I 2005 braut borgarkrigen ut igjen. Denne gongen overmanna regjeringshæren Tamiltigrane fullstendig, med mange rapporterte krigsbrotsverk.

Sri Lanka vart svært hardt ramma av øydeleggjande flodbølgjer (tsunamiar) 26.12.2004. Jordskjelvet som utløyste tsunamiane, vart målt til 9,0 på Richters skala og hadde sitt episenter vest for Sumatra, Indonesia.

21. april 2019 – første påskedag – vart hovudstaden Colombo ramma av eit islamistisk terrorangrep. Tre kyrkjer og tre luksushotell vart sprengde av sjølvmordsbombarar som tilhøyrde den lokale organisasjonen National Thowheeth Jama'ath. IS tok seinare på seg ansvaret. 259 menneske vart drepne, dei fleste singalesiske kristne, men også 45 utlendingar. Den srilankiske turismen, og dermed også økonomien, har lidd stort etter angrepet.

Srilankisk politikk har vore dominert av venstresida, men etter parlamentsvalet i 2015 overtok høgrekoalisjonen Foreint nasjonal front. Den følgjande perioden var prega av konflikt mellom presidenten og regjeringa i ei såkalla forfatningskrise.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019