Hopp til innhold
X
Innhald

Syria

I oldtida var Syria blant dei mest utvikla regionane i verda, med byar som har vore busette sidan sivilisasjonen begynte. Borgarkrig sidan 2011 har gjort landet til eit av dei fattigaste, og det minst fredfulle, i verda. 

Syria (al-Jumhuuriiya al-'Arabiiya al-Suuriiya) ligg i Midtausten, inst i Middelhavet. Innanfor den sentrale kyststripa ligg eit fjellområde (høgaste punkt Hermon 2814 moh.), i aust platå med ørken og busksteppe. Landet har ørkenklima, men det er middelhavsklima ved kysten. Busetjinga er konsentrert til kysten og til byane aust for fjellområdet.

Viktigaste næringsveg er jordbruk. Det blir dyrka kveite, bygg, frukt, bomull, vindruer, grønsaker, og det er eit stort saue- og geitehald. Landet har mykje småindustri og eit omfattande handverk. I nordaust er det oljeutvinning, og det går oljerøyrleidningar frå Irak og Saudi-Arabia gjennom landet. Olje og oljeprodukt utgjer ca. halvparten av eksporten. 

Som følgje av den syriske borgarkrigen, som braut ut i 2011, var Syria gjennom 2010-talet rekna av FN som det minst fredfulle landet i verda. Borgarkrigen hadde i 2019 ført til anslagsvis 500 000 dødsfall, 2 millionar skadde, 5 millionar eksterne flyktningar (30 000 i Noreg) og 8 millionar interne flyktningar – av ei befolkning på 21 millionar før borgarkrigen braut ut. 

Borgarkrigen var resultat av blant anna despoti og maktmisbruk, etniske og religiøse motsetningar, tørke delvis som følgje av global oppvarming, og utanlandsk innblanding og stadfortredarkrig. Fattigdom og mangelfull økonomisk vekst var også ein viktig faktor; alt før borgarkrigen var Syria blant dei aller fattigaste landa i Midtausten. Berre Palestina og Jemen var fattigare. I 2019 var Syria blant dei aller fattigaste landa i verda målt i BNP per innbyggjar. 

Syria er ein ung nasjon, men eit gammalt land. Fleire svært gamle byar er avdekte ved utgravingar, mellom andre Ugarit (6. tusenår f.Kr.) og Mari (4. tusenår f.Kr.). 

I tur og orden har landet heilt frå oldtida vore hærsett av mellom andre aramearar, assyrarar, babylonarar, persarar, grekarar, romarar og arabarar, frå 1500-talet av tyrkarar. Det har vore fransk mandatområde etter første verdskrig, uavhengig stat i 1944, medlem av FN og Den arabiske ligaen i 1945. Landet var knytt til Egypt i Den foreinte arabiske republikken i tida 1958–61. 

Syria deltok i dei arabiske krigane mot Israel og tapte Golanhøgdene under seksdagarskrigen i 1967. Med sin «fredsstyrke» dominerte Syria Libanon mellom 1976 og 2005. Landet har stått i eit sterkt motsetningsforhold til Irak og inngjekk i 1980 ein venskapsavtale med SSSR. Syria deltok på alliert side i Golfkrigen mot Irak i 1991. Landet utnytta denne posisjonen til å sikre seg ein sterkare kontroll over Libanon. 

Hafez al-Assad var, i spissen for det statsberande Baath-partiet, president frå 1971 til han døydde i 2000. Son hans, Bashar al-Assad, overtok som president.

I 2011 begynte fredfulle protestar inspirerte av Den arabiske våren. Då protestene vart slått ned med vald, braut det ut borgarkrig, som har pågått sidan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 10.02.2020