Hopp til innhold
Det tadsjikiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det tadsjikiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Tadsjikistan

Som naboane sine er Tadsjikistan plaga av despoti, nepotisme og manglande politiske fridomar. Landet er også det fattigaste i regionen.

Tadsjikistan (Jumhurii Tojikistan) ligg i Sentral-Asia og grensar til Usbekistan, Kirgisistan, Kina og Afghanistan. Over halvparten av landet ligg over 3000 moh., mesteparten i fjellkjeda Pamir aust i landet. Det blir dyrka frukt, bomull og sukkerrøyr på kunstig vatna marker, og det er fedrift. Tadsjikistan vart eigen sovjetrepublikk frå 1929. Landet kom under russisk styre i andre halvdel av 1800-talet. Det erklærte seg uavhengig i 1991, men har slutta seg til Samveldet av uavhengige statar (SUS). I 1992 vart landet FN-medlem, og same år vart det medlem av OSSE og av Den muslimske økonomiske samarbeidsorganisasjonen (ECO).

Tadsjikane er i motsetning til dei tyrkiske naboane eit indoeuropeisk folkeslag, og språket er ein dialekt av farsi (persisk). Mange etniske tadsjikar bur i landa rundt; faktisk er det fleire tadsjikar i Afghanistan enn i Tadsjikistan.

Ein borgarkrig rasa i landet frå 1992, og den gjorde blant anna til at den russiske minoriteten emigrerte. I juni 1997 underteikna regjeringa og geriljarørsla ein fredsavtale som førte til stopp i kamphandlingane. Provinsen Gorno-Badakhstan, som utgjer den austlege halvdelen av landet og er heimstad for den etniske minoriteten pamirane, trekte også tilbake si uavhengigheitserklæring.

President sidan 1992 er Emomali Rakhmon (Rakhmonov før han bytte namn i 2007 for å kvitte seg med det russiske suffikset). Rakhmon har sørgt for lovendringar som gjer at han kan styre så lenge han vil, og som samtidig banar veg for at sonen kan ta over. Forutan nepotisme og despoti slit Tadsjikistan også med korrupsjon og fattigdom. Berre Afghanistan er fattigare enn Tadsjikistan av dei sentralasiatiske landa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 09.09.2020