Hopp til innhold
Det thailandske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det thailandske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Thailand

Relativ stabilitet har gjort Thailand til den økonomisk rikaste nasjonen på det søraustasiatiske fastlandet, men ikkje utan demokratiske problem, og med store miljøøydeleggingar på kjøpet.

Thailand er eit land i hjartet av Søraust-Asia, med grenser mot Myanmar i vest og nordvest, Laos i nordaust, Kambodsja i aust og Malaysia i sør.

Historia til Thailand vert gjerne spora attende til 1200-talet, då det første av ei rekkje thai-kongedøme dukka opp i Chao Phraya-elvedalen. Slettelandet kring Chao Phraya er framleis eit økonomisk og demografisk sentrum, og Thailand er framleis eit kongedøme. I 1932 vart Thailand eit konstitusjonelt monarki, men kongen har framleis større innverknad på politikken enn i dei fleste andre demokratiske monarki, og kritikk mot kongefamilien er straffbart.

Den demokratiske utviklinga seinare har vore hindra av makta til militæret, som har for vane å tillate overflatiske demokratiske institusjonar berre i den grad dei kan legitimere eige styre – sist ved parlamentsvalet i 2019.

Med unntak av den asiatiske finanskrisa i 1997, som starta i Thailand, har landet hatt ei rask økonomisk utvikling etter andre verdskrigen. Det er særleg industri- og jordbruksprodukt som vert eksporterte. Ris og oppdrettsreker («scampi») er til dømes vanlege i norske butikkar. Oppdrettsnæringa er berre éi mellom mange årsaker til miljøproblema i landet, og ein av grunnane til at Thailand ikkje når eigne mål for kutt i klimautsleppa.

Historie og samfunn

Søraust-Asia si tidlege historie er prega av bølgjer av folkevandringar frå Sør-Kina. Det første thai-kongedømet vart danna i 1238, etter ei slik folkevandring av forfedrane til dagens thai-folk. Dei kom frå grenselandet mellom Kina og Vietnam. Sukhotai, som dette første kongedømet heitte, var kortvarig, men la grunnlaget for thai-dominans i området kring Chao Phraya-elva. Dei tok opp i seg mykje av kulturen til dei opphavelege folka der, mellom anna den buddhistiske religionen. Thailand, eller Siam, som riket var kjent som i resten av verda, vart snart ei regional stormakt på linje med Burma og Vietnam. 

Den geografiske posisjonen mellom Burma og Vietnam (Indokina) var gunstig då europeiske imperialistmakter byrja kolonikappløpet sitt. Korkje britane i Burma eller franskmennene i Indokina kunne godta at den andre parten koloniserte Thailand. På den måten vart Thailand det einaste søraustasiatiske landet som fekk vere sjølvstendig. Landet vart likevel tvinga til å godta traktatar som mellom anna hindra handelen. Den til dels påtvinga handelen med vestmaktene kom nokre regionar til gode, til dømes Bangkok, som i denne perioden vart den leiande byen.

Under europeisk press vart den thailandske staten sentralisert og modernisert. Først vart makta sentrert i eit eineveldig monarki, før det vart innført grunnlov og konstitusjonelt styre i 1932.

Politisk system og utvikling

Thailands politiske historie har sidan 1932 vore sterkt prega av militæret, som makta å kuppe, og dermed kvele, den demokratiske rørsla. Under andre verdskrigen valde den militærstyrte regjeringa å alliere seg med Japan. Etter krigen vart Thailand ein viktig alliert for ei anna imperialistmakt, nemleg USA. I byte mot støtte for oppdemmingspolitikken mot kommuniststyret i Indokina, fekk Thailand militær og økonomisk hjelp. Det førte til sterk økonomisk vekst, men styrkte òg makta til militærstyret. 

Politiske reformer vart likevel nødvendige etter USA sitt nederlag i Vietnamkrigen og ei veksande middelklasse heime. Løysinga vart såkalla «handtert demokrati». Under dette semi-demokratiske systemet bevarer militæret innverknad gjennom slike tiltak som støtte til sivile, men pro-militære politiske parti og medium, grunnlovsfesta kontroll over det eine huset i parlamentet og eit atterhald om retten til å gjennomføre kupp. Det sistnemnde gjorde dei alvor av seinast i 2014, før dei to andre taktikkane gjorde at dei vann valet og oppretta ei ny sivil regjering i 2019.

Økonomi, industri og turisme

Thailand har i dag den nest største økonomien i Søraust-Asia (etter Indonesia). Under kolonialismen var den viktigaste eksportartikkelen ris, etterfølgt av tinn, gummi og teak. I dag er desse varene supplerte med produkt frå ein veksande industri. Viktigast er køyretøy, hovudsakeleg japanske merke som vert bygde for den søraustasiatiske marknaden. Thailand vert rekna som eit nyleg industrialisert land. 

Utanom jordbruket og industrien spelar turismen ei viktig rolle i thailandsk økonomi og kultur. Medrekna indirekte gevinstar er turismen estimert til å stå for om lag ein femtedel av BNP. Turisme knytt til sexindustrien i landet bidreg med tre prosent av BNP.

Turistindustrien vart hardt råka av tsunamikatastrofen i romjula 2004. I Thailand omkom over 5000 menneske som følgje av tsunamien. Halvparten var turistar, av dei 81 norske.

Språk

Namnet «Thailand» kjem av etnonymet «thai»/«tai», som opphaveleg tydde menneske. «Siam» var offisielt namn fram til 1949, då det vart bytt ut med «Kongedømet Thailand» som ledd i nasjonsbygginga rundt ein thai-identitet. 

Det mest talte og einaste offisielle språket i Thailand er sentral-thai, også kalla siamesisk. I dag har ca. 1/3 av innbyggjarane dette som morsmål. Det er eit sørvestleg tai-språk, som høyrer til språkfamilien kra-dai. Denne språkfamilien er dominerande i Thailand, både geografisk og i høve til folketalet (ca. 90 prosent). Av dei andre språkfamiliane er mon-khmer mest utbreitt (5 prosent) og har hatt størst påverknad på sentral-thai. Sentral-thai har òg rikeleg med lånord frå dei indoeuropeiske språka pali og sanskrit.

Kunst, kultur og idrett

Påverknaden frå pali og sanskrit kjem av den buddhistiske tradisjonen i Thailand. Theravada-buddhismen, og dei indiske røtene til denne tradisjonen, har vore dominerande i heile Thailands historie og er djupt innvoven i thailandsk kultur. Utanom språket kjem han mellom anna til syne i tradisjonell arkitektur, litteratur og figurativ kunst. Det thailandske alfabetet er dessutan basert på det indiske. 

Fotball er den største idretten i Thailand. Sepak takraw, ein type fotvolleyball, og muay thai, eller thai-boksing, er populære lokale idrettar.

Det thailandske kjøkkenet, med smakar som kokos, karri, lime og koriander, har vorte svært populært i den globaliserte verda.

Demografi

Etter ein svært vellukka familieplanleggingspolitikk på slutten av 1900-talet har Thailand i dag eit svakt veksande folketal, som i 2020 passerte 70 millionar. Rundt same tid budde for første gong over halvparten av thailendarane i byar. 

Moderne nasjonsbygging kring ein felles thai-identitet har òg bore frukter. I dag identifiserer ca. 90 prosent seg som etnisk thai, trass i store regionale forskjellar. Resten høyrer til dei mange minoritetsfolka i landet. Dei fleste er urinnbyggjarar som etter langvarig press no held til i grense- eller fjellstrøka.

I moderne tid har Thailand vore eit relativt velståande og fredfullt land i eit ustabilt område, og har opplevd arbeidsinnvandring og flyktningbølgjer frå Laos, Kambodsja og Myanmar. Thailand har aldri ratifisert Flyktningkonvensjonen, og flyktningar i Thailand var lenge fullstendig statslause. Det største flyktningproblemet dei siste tiåra har vore på grensa mot Myanmar, der det framleis bur over 100 000 karen-folk i flyktningleirar. Fullstendig statsløyse vart eliminert i 2016, men flyktningar er framleis tvinga til anten å leve strengt innanfor leirar, ulovleg utanfor, vende tilbake til Myanmar – eller, sidan 2006, å håpe på overføring til andre land som kvoteflyktningar.

Klima og natur

Fastlands-Thailand har i hovudsak eit tropisk savanneklima, medan klimaet heilt i sør på Malay-halvøya er klassifisert som tropisk monsunklima. Utanom Bangkok er kyststripa vest på denne halvøya, mot Andamansjøen, det mest populære turistmålet i Thailand. Monsunvindar påverkar heile landet og deler klimaet i to sesongar. Regntida med monsunvind frå sørvest varer frå mai til oktober. 

Det rikelege mengdene med regn gjer at kjerneområdet i Thailand, slettelandet kring Chao Phraya, eigentleg er våtmark, men området har vorte omdanna til kulturmark med risdyrking gjennom dei siste hundreåra. Sjølv om rismarkene tener som ei viktig våtmarkserstatning for fleire fuglearter, har denne utviklinga ført til ein dramatisk reduksjon i biomangfaldet.

Også avskoging er eit problem som har gjort at mange artar står på randa av utrydding. Ein av artane er den asiatiske elefanten, som trass i at han er Thailand sitt nasjonaldyr, berre tel nokre tusen ville dyr innanfor landegrensene. For elefanten og fleire andre dyr er tjuvjakt, ofte knytt til tradisjonell og kinesisk medisin, ein tilleggstrussel.

Thailand er ikkje i rute til å nå eigne NDC-klimamål for 2030 (dei såkalla «Nationally Determined Contributions»), og sjølv om landet hadde nådd desse måla, er ikkje det nok til å oppfylle Thailand sin del av det globale målet om oppvarming avgrensa til 2 gradar. Når det gjeld tilpassingstiltak for eit endra klima, har Thailand hatt ein «vent å sjå»-politikk, meir passiv enn andre land i Søraust-Asia – ein region som er venta å verte svært hardt ramma av klimaendringar. Rett nok er ikkje Thailand like sårbart som naboane for effektar som høgare havnivå og ekstremvêr, men det finst allereie migrasjonspress til Thailand, og dette presset vil utan tvil auke.

Kjelder

Peter Church: A Short History of South-East Asia. Singapore 2009

Arthur Cotterell: A History of Southeast Asia. Singapore 2015

Colin Mackerras: Ethnicity in Asia. New York 2003

Rhoads Murphey: A History of Asia. London 2009

 

Nantiya Aggimarangsee ofl.: «Southeastern Asia: Thailand», worldwildlife.org: https://www.worldwildlife.org/ecoregions/im0107 [lesedato 2.6.2019]

Patrícia Dérer: «Thailand’s success story – Family planning with creativity and humor», overpopulation-project.com, publisert 28.11.2019: https://overpopulation-project.com/thailand-success-story-family-planning-with-creativity-and-humor/ [lesedato 6.4.2020]

Caleb Quinly: «Life in the shadows: Thailand’s urban refugees», thenewhumanitarian.org, publisert 11.9.2019: https://www.thenewhumanitarian.org/news/2019/09/11/Thailand-refugee-policies-asylum-seekers-immigration-detention [lesedato 8.10.2019]

Pratch Rujivanarom: «Thailand needs a more ambitious action plan on climate change», nationthailand.com, publisert 16.12.2018: https://www.nationthailand.com/national/30360522 [lesedato 2.6.2019]

The World Factbook: «Thailand», cia.gov: https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/th.html [lesedato 6.4.2020]

UNESCO: «Thailand», uis.unesco.org: http://uis.unesco.org/en/country/th [lesedato 6.4.2020]

 

Peikarar

Bangkok Post, den største engelskspråklege avisa i Thailand, bangkokpost.com

Oversikt og nyhende om flyktningsituasjonen i Thailand frå FNs høgkommissær for flyktningar, unhcr.or.th

Statistikk over innvandrarar i Noreg, mellom anna frå Thailand, ssb.no

Først publisert: 21.12.2020
Sist oppdatert: 22.12.2020