Hopp til innhold
X
Innhald

Turkmenistan

I det tynt befolka Turkmenistan er det langt mellom menneska og kort mellom gassfelta. Turkmenarane nyt følgjeleg relativ økonomisk velstand. Politisk fridom er det verre med. 

Turkmenistan (Türkmenistan Jumhuriyäti) ligg aust for Kaspihavet. Det meste av landet er ørken. Turkmenistan har dei sjette største gassreservane i verda og er i BNP per innbyggjar det nest rikaste sentralasiatiske landet, etter Kasakhstan. Økonomien er først og fremst basert på gassutvinning og bomullsdyrking. Kunstig vatning gjer det mogleg å drive jordbruk. 

Turkmenistan kom under russisk dominans på midten av 1800-talet. Den turkmenske sovjetrepublikken vart oppretta i 1918. Landet vart uavhengig stat frå 1992, då det òg vart medlem av Samveldet av uavhengige statar (SUS) og FN-medlem. Same år vart det medlem av OSSE og av Den muslimske økonomiske samarbeidsorganisasjonen (ECO). I 1995 inngjekk landet ein avtale om ein røyrleidning gjennom Iran og Tyrkia med sikte på å selje turkmensk gass på den europeiske marknaden. 

Saparmurat Nijazov leidde landet autokratisk frå 1985 til han døydde i 2006. Ein veldig personkult var Nijazovs varemerke blant Sentral-Asias despotar. Gurbanguly Berdymukhamedov har vunne alle presidentval sidan, sist i 2017 med 97 prosent av stemmene. Internasjonalt blir vala rekna som eit skodespel, og Turkmenistan er stadig blant dei mest totalitære statane i verda, med ein score på 2/100 i 2019-rapporten til Freedom House. Sidan 2013 har landet offisielt eit fleirpartisystem med parlamentsval, men alle partia er i praksis underlagde partiet Turkmenistans demokratiske parti, arvtakaren til Turkmenistans kommunistparti.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 18.12.2019