Hopp til innhold
X
Innhald

Tyrkia

Tyrkia har alltid vore eit knutepunkt mellom Europa og Asia. Det moderne Tyrkia har vore prega av ein dragkamp imot og vekk frå Europa, og mellom demokrati og despoti.

Den sentrale delen av Tyrkia (Türkiye Cumhuriyeti) er ei tørr høgslette på ca. 1000 meters høgde, Anatolia, som i nord grensar til Dei pontiske fjella mot Svartehavet og i sør til Taurus mot Middelhavet. I aust ligg det armenske høglandet, i vest skrånar landet ned mot Egearhavet og har ein liten europeisk del, Aust-Thráki, i nordvest. Tyrkia grensar til Hellas, Bulgaria, Georgia, Armenia, Aserbajdsjan (Nakhitsjevan), Iran, Irak og Syria. Kysten har eit mildt middelhavsklima, innlandet kontinentalt klima med varme somrar og kalde vintrar.

Ca. 17 % av yrkesbefolkninga er jordbrukarar, og driftsformene er mange stader gammaldagse. Stor overbefolkning på landsbygda har ført til stadige utvandringsstraumar, mest til Vest-Europa. Det blir dyrka kveite, bygg og mais, og dei viktigaste eksportprodukta er bomull (mest i form av tekstil), tobakk, nøtter og fiken. For heimemarknaden blir det dyrka grønsaker, sukkerrøyr og oliven. I høglandet er det omfattande saue- og geiteavl. Det blir utvunne krom, fosfat, jernmalm og kol. I dei større byområda er det industri og handverk. Turismen er raskt aukande. 

Dei osmanske tyrkarane erobra Vesleasia frå Det bysantinske riket på 1300-talet, Konstantinopel fall i 1453. Ekspansjonen nordover vart stoppa ved Wien i 1683, men på 1500-talet fekk tyrkarane kontroll over sørsida av Middelhavet og over Midtausten. Det følgde ei lang nedgangstid, som enda med fullt samanbrot under første verdskrig, då Tyrkia stod på Tysklands side. I 1923 fekk landet stort sett dei noverande grensene, etter ein krig mot grekarane i vest og armenarane i aust, og Tyrkia vart ein republikk under Mustafa Kemal (Atatürk), som innleidde ein radikal moderniseringsprosess. Tyrkia vart ein sekulær stat, det latinske alfabetet vart innført, det vart forbode for kvinnene å gå med slør, og fleirkoneriet vart avskaffa. 

Etter andre verdskrig har landet ført ein vestvenleg politikk. Det har vore medlem av NATO sidan 1952 og har hatt autoritære, antikommunistiske regjeringar. I tida 1960–61 var det militærstyre i landet, og i 1980, etter ein periode med utbreidd politisk terrorisme, tok hæren under leiing av general Kenan Evren igjen makta. I 1982 vart Evren president, og ei gradvis tilbakevending til parlamentarisk styre vart innleidd. Ved valet i 1987 fekk politikarane frå før 1980 igjen lov til å delta. Turgut Özal, som hadde vore statsminister sidan 1983, vart president frå 1989 til han døydde i 1993. Frå mange hald har det vore sett spørsmålsteikn ved det tyrkiske demokratiet, både på grunn av forholda for dei etniske minoritetane i landet og for den politiske opposisjonen, og på grunn av den utbreidde bruken av tortur. 

I områda i søraust er det stadig unntakstilstand i kampen mot den kurdiske geriljarørsla. I 1994 vart kurdiske parlamentarikarar stilte for retten og dømde til lange fengselsstraffer, medan krigen mot kurdarane vart trappa opp. Tyrkia har hatt eit spent forhold til Hellas, særleg på grunn av den tyrkiske okkupasjonen av Nord-Kypros sidan invasjonen i 1974 og striden mellom dei to landa om territorialgrensa i Egearhavet. I 1987 søkte Tyrkia om medlemskap i EF, og i 1996 gjekk landet inn i tollunion med EU. Landet støtta dei allierte under Golfkrigen mot Irak i 1991. Basar i Aust-Tyrkia vart brukte som utgangspunkt for luftangrep på Irak, og landet mottok militærhjelp frå NATO-partnarar, mellom anna våpen frå Noreg. 

Ei mengd kurdarar flykta til Tyrkia etter Golfkrigen. Sommaren 1991 rykte tyrkiske styrkar inn i Iraks grenseområde for å slå til mot kurdiske geriljaleirar. I mars 1995 innleidde dei tyrkiske troppane eit langt meir omfattande angrep på dei kurdiske områda i Nord-Irak. Angrepet vart møtt med internasjonale protester. Özals parti tapte valet i oktober 1991, medan det islamske partiet fekk stor framgang. 

Atatürkdammen i søraust vart innvigd i juli 1992. Den demmer opp Eufrat som ledd i det store prosjektet for å utvikle Søraust-Anatolia. Oppdemminga har ført til skarpe reaksjonar frå nabolanda. Det islamske Velferdspartiet hadde stor framgang, og etter vala i 1996 fekk det statsministerposten i ei samlingsregjering. I 1997 danna Mesut Yilmaz ny regjering. I 1998 vart Velferdspartiet forbode av forfatningsdomstolen. I januar 1999 danna Bülent Ecevit regjering og fekk sidan fornya mandat i val. Ahmet Sezer vart vald til president i 2000. Det islamske Partiet for rettferd og utvikling (AKP) vann valet i 2002, og Abdullah Gul vart statsminister.

  Under krigen mot Irak i 2003 støtta Tyrkia den USA-leidde alliansen, men avslo stasjonering av allierte troppar i forkant av angrepet. Same år inntok AKPs leiar Recep Tayyip Erdoğan statsministerposten, etter at hans forbod mot politisk deltaking vart løfta av Gul. Han har styrt Tyrkia etter den tid, sidan 2014 som president. I 2017 fullførte han AKPs langvarige prosjekt om å endre Tyrkias system frå parlamentarisk til presidentialistisk system, og både styrkte og formaliserte dermed eiga makt. I 2018 vart Erdoğan gjenvald. Ved kommunevalet i 2019 mista AKP makta over Istanbul til det sekulære CHP og Ekrem İmamoğlu. İmamoğlu har drege CHP i ei mindre elitistisk retning og er den første til verkeleg å utgjere ein trussel overfor Erdoğan. Såleis er han ein høgst sannsynleg kandidat til presidentskapet etter valet i 2022.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019