Hopp til innhold
X
Innhald

Usbekistan

Silkevegen gjorde ein gong Usbekistan, eller den gongen Sogdia og Baktria, til eit viktig og velståande knutepunkt mellom aust og vest. I dag er det bomullsindustrien og gassreservane, på storleik med Noregs gassmengder, som utgjer den økonomiske ryggrada i Sentral-Asias folkerikaste land.

Usbekistan (Ozbekistan Jumuriyäti) ligg i Sentral-Asia og grensar til Turkmenistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan og Afghanistan. Det er det mest folkerike av dei sentralasiatiske landa, og landet har ein betydeleg diaspora i landa rundt. 70 % av landet er ørken, men det blir drive utstrekt bomullsdyrking basert på kunstig vatning. Det blir òg dyrka ris, kveite og frukt, og det blir drive avl av karakulsauer. Det finst naturgassfelt og bomullsindustri. Landet har ein del turisme. Uttørkinga av Aralsjøen har ført til økologisk katastrofe nordvest i landet, med ørkenspreiing, forgifting av jorda og høg dødelegheit.

Homofili er ulovleg i Usbekistan, trass i at landet har eit sekulært regime.

Dei usbekiske emirata vart grunnlagde på 1500-talet. Området kom under russisk styre i siste halvdel av 1800-talet, og Den usbekiske sovjetrepublikken vart oppretta i 1924. Landet erklærte seg uavhengig i samband med at SSSR vart oppløyst, men skreiv under på avtalen med Samveldet av uavhengige statar (SUS) i oktober 1991. Landet vart FN-medlem i 1992. Same år vart det medlem av OSSE og av Den muslimske økonomiske samarbeidsorganisasjonen (ECO).

Landet vart styrt despotisk av Islam Karimov, som tilhøyrde den gamle sovjetiske politiske klassen, frå 1990 til 2016. Shavkat Mirzijajev var statsminister under Karimov-regimet og vart president då Karimov døydde i 2016. Han har profilert seg som ein reformator. Trass i mistankar om at reformene for det meste er overflatiske, har andelen menneske i slaveri, som ein gong var den nest høgaste i verda, gått drastisk ned.

Likevel forblir Usbekistan svært ufritt. Landet slit også med store økonomiske ulikskapar og korrupsjon. Mange av desse problema er synlege i den internasjonalt velkjende skandalesaka rundt Gulnara Karimova, dotter av den tidlegare despoten i landet. Karimova vart arrestert i 2014 for statleg korrupsjon, men på grunn av mangel på gjennomsiktigheit er omstenda rundt saka svært uklare – truleg fordi ein open rettsprosess ville implisert fleire i dagens regime.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019