Hopp til innhold
X
Innhald

Åland

Åland er eit øysamfunn med meir enn 6700 øyar på grensa mellom Austersjøen og Bottenhavet, om lag midt mellom Sverige og Finland. Åland er ein sjølvstyrt del av Finland og er med sine vel 29 000 innbyggjarar det minste av dei tre sjølvstyrte områda i Norden.

Åland er eit sjølvstyrt, demilitarisert og svenskspråkleg landskap i Finland. Det første valet til den lovgivande forsamlinga, Lagtinget, vart halde i 1922, og det første Lagtinget kom saman 9. juni 1922.1. juni vert difor feira som Åland sin sjølvstyredag.

Åland var svensk fram til øyane i 1809 vart ein del av det russiske storfyrstedømet Finland. Då Finland erklærte seg sjølvstendig i 1917, oppstod ein uklar situasjon, der ålendarane ønskte å verte ein del av Sverige. Folkeforbundet avgjorde i 1921 at Åland skulle vere ein del av Finland, men med stor grad av sjølvstyre. I 1995 vart Åland ein del av EU.

Den største av dei mange øyane, Fasta Åland, utgjer omlag 70 prosent av det totale landarealet, og 90 prosent av innbyggarane bur her. Åland er eit øysamfunn, men har ei 0,5 km lang grense mot Sverige ved Märkets fyr. Det ligg ei nærmast kontinuerleg bru av ålandske øyar austover mot det finske fastlandet, medan det ligg eit ope sund, kring 40 km breitt, mellom Åland og Sverige.

Åland har eit velutvikla velferdstilbod og ein sterkare økonomi enn Finland sett under eitt. Arbeidsløysetala har vore låge (3,8 % i 2017) sjølv i nordisk målestokk, og samfunnet har alle kjenneteikna til den nordiske velferdsstaten.

Åland har etter sitt lange hopehav med Sverige nære kulturelle og språklege band vestover. Då Folkeforbundet avgjorde statstilknytinga til øyane i 1921, var føresetnaden for finsk suverenitet vern om det svenske språket og dei kulturelle særtrekka til øyane.

Historie og samfunn

I 1809 tapte Sverige store landområde i aust til Russland. Åland vart då ein del av det russiske storfyrstedømet Finland. Det særeigne sjølvstyret på Åland skriv seg attende til fredsslutninga etter Krimkrigen i 1856, der Russland var den tapande parten. I fredsslutninga vart det slått fast at Åland skulle demilitariserast.

Finland erklærte seg sjølvstendig i 1917. Ålendarane ønskte då å verte overførte til Sverige, noko som skapte ein spent situasjon mellom Finland og Sverige. «Ålandsspørsmålet» vart avgjort av Folkeforbundet i 1921, som kom opp med ei kompromissløysing. Finland skulle ha suverenitet over Åland, men måtte garantere for ålendarane sitt svenske språk, kultur, skikkar og det sjølvstyret som var nedteikna i sjølvstyrelova som Finland hadde tilbode ålendarane i 1920. Demilitariseringa som fredsavtalen etter Krimkrigen slo fast, vart halden oppe, og i tillegg skulle Åland vere nøytralt. Innbyggjarane på Åland er framleis fritekne frå verneplikt.

I 1995 vart Åland saman med Finland og Sverige medlemer av EU og den europeiske marknaden.

74,5 prosent av innbyggjarane høyrer til den evangelisk-lutherske kyrkja. Andre trussamfunn har berre mindre forsamlingar på øyane, der 24,3 prosent høyrer ikkje til noko trussamfunn.

På Åland er det niårig allmenn grunnskule, som kan etterfølgjast av allment gymnas eller yrkesgymnas. Högskolan på Åland, etablert i 2003, tilbyr høgare utdanning.

Ålandsbåten Silja i Mariehamn (1966). Kjelde: Spårvägsmuseet på flickr.com, CC BY-NC 2.0.

Ålandsbåten Silja i Mariehamn (1966). Kjelde: Spårvägsmuseet på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Politikk og økonomi

Sjølvstyret gir ålendarane budsjett- og lovgivingsmakt over indre tilhøve. Det er 30 representantar i den lovgivande forsamlinga, Lagtinget, som er valt for fire år. Lagtinget tilset landskapsregjeringa, Ålands regering, med ein lantråd som leiar. Landskapsregjeringa har eit forvaltningsapparat under seg og fungerer som ei statsregjering på dei områda dei har råderett over, mellom anna undervisning, helse, politi og kommuneforvaltning. Den finske staten er representert på Åland av ein landshövding, og det finske riksstyret har ansvar for utanrikspolitikken, mykje av rettsvesenet, tollvesenet og innkrevjinga av skattar.

Det ålandske sjølvstyret er regulert etter ei sjølvstyrelov som den finske Riksdagen har vedteke. Denne lova kan berre endrast med samtykke frå Lagtinget på Åland.

Tradisjonelt har sjøfart vore hovudnæringa på Åland, og sjøfarten står i dag for kring 20 prosent av Åland sitt bruttonasjonalprodukt (2015). Frå 1970-åra har ferjefarten vore den viktigaste delen av skipsfarten. Åland fekk gjennomslag for eit viktig unntak då Finland forhandla om vilkåra for EU-medlemsskap. Åland kunne halde fram med skattefritt sal om bord på ferjene. Tursimen er ei anna viktig næring, og den omfattande ferjetrafikken gjer at mange er innom øyane i kortare periodar.

Åland har ein utprega tenesteøkonomi, og det er få større industriverksemder på øyane. Meir enn 30 prosent av innbyggjarane har arbeid innanfor offentleg forvaltning, utdanning eller helsevesen. Den ålandske økonomien er voven tett saman med den finske, noko som også går fram av eksporttala. Halvparten av vareeksporten og nær 60 prosent av tenesteeksporten går til Finland.

Språk

Opphavet til namnet Åland kjem truleg frå det urnordiske ahva, som igjen kjem frå det latinske aqua («vatn»). Åland tyder då «vassland». Svensk er det offisielle språket på Åland, men i det statlege embetsverket vert det brukt både svensk og finsk. 87,2 prosent av innbyggjarane er svenskspråklege, ein minoritet på 4,7 prosent er finsktalande, medan andre språk vart talt av 8,1 prosent (i 2017). I år 2000 var det berre 1,4 prosent som talte andre språk enn svensk og finsk.

Undervisningsspråket i den ålandske skulen er svensk. Engelsk er obligatorisk andrespråk i grunnskulen, medan finsk, tysk og fransk er valfrie språkfag. Ålandstidningen er dagsavisa med det største opplaget, men har konkurranse frå Nya Åland.

Ålands museum er ein sentral kulturinstitusjon. Frå 2016 ligg institusjonen under Kulturbyrån i Ålands landskapsregjering og forvaltar alle museum og samlingar som er i den ålandske regjeringa sitt eige. Ein annan sentral institusjon er Ålands fredsinstitut. Med utgangpunkt i Åland si særstilling driv instituttet med forsking, utdanning og informasjon om fredsarbeid, særleg vekt på spørsmål om konfliktar og konfliktløysing.

Sally Salminen i 1941. sa-kuva.fi.jpg?w=600

Forfattar Sally Salminen, fotografert i 1941. Fotograf: B. Soldan. Kjelde: SA-kuva (det finske krigsfotoarkivet). Biletnr.: 34261.

Kunst, kultur og idrett

Sally Salminen (1906–1976) gav i 1936 ut romanen Katrina, som skildrar ei kvinne som vart lokka til Åland av dei falske forhåpningane som ein fattig ålandsbonde hadde gitt henne. Romanen nådde breitt ut og er kanskje det best kjende litterære verket frå Åland. I samtida var det mange på Åland som mislikte den sosiale kritikken i Katrina. Frå 2011 har Åland kunna nominere eigne forfattarar til Nordisk råds litteraturpris. To gonger har Johanna Boholm vorte nominert for prosabøkene sine.

Det vert gitt ut 40–60 bøker på Åland kvart år, 10–20 prosent av dei er skjønlitterære titlar. Øyane har med sine 16 kommunale bibliotek og seks større museum eit rikt kulturtilbod. Eit 60-tals foreiningar og fleire musikk- og litteraturfestivalar, mellom dei Mariehamns Litteraturdagar og Fishbait Rock Festival, syner denne breidda.

Ålands musikinstitut har fostra mange flinke musikarar, og operasongarane Dan Karlström og Jenny Carlstedt kan stå som representantar for ålandske musikarar som har nådd ut til viktige operahus.

Åland er ikkje ein eigen idrettsnasjon, og idrettsutøvarar frå Åland representerer Finland.

Landskapsbilete frå skjergardskommunen Vardö i Åland. Kjelde: Zuvor på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Landskapsfotografi frå skjergardskommunen Vardö på Åland (fotografert i 2007). Åland har meir enn 6700 øyar. Kjelde: Zuvor på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Demografi

Over ein tredjedel av dei som bur på Åland, er fødde utanfor øyane. Dei fleste kjem frå Finland og Sverige, men det finst i dag innflyttarar frå 97 ulike land på øyane. Det er fleire som flyttar til enn som flyttar frå Åland, og saman med eit lite fødselsoverskot gjer dette at det no er vekst i folketalet. Flyttemønsteret på Åland syner at folketalet veks i hovudstaden Mariehamn og nabokommunane, medan fleire kommunar i skjergarden har stor nedgang i folketalet.

Cruisetrafikk utanfor skjergarden ved hovudstaden Mariehamn i 2017. Foto: Susanne Nilsson, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Cruisetrafikk utanfor skjergarden ved hovudstaden Mariehamn (fotografert i 2017). Foto: Susanne Nilsson, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Klima og natur

Åland er som det sørvestlege Finland ein del av det fuktige kontinentalklimaet, etter Köppens klimaklassifisering, men havstraumane frå Austersjøen gjer vintrane noko mildare enn på fastlandet. Det milde havklimaet har skapt gode vilkår for eit rikt fugle- plante- og dyreliv. I tillegg til barskogen er det er mykje edellauvskog på Åland, med eik, ask, alm, lønn og lind. Klimaet og den kalkrike jorda har gitt gode tilhøve for ein flora med mange orkidear, og dei ålandske «lövängarna», som er slåttemark med innslag av tre, er særleg artsrike. Det er framleis mange beitande dyr på Åland, noko som er viktig for artsrikdomen på øyane, ettersom det held oppe kulturbiotopane.

Det finst omlag 40 naturreservat, som skal verne ulike typar av ålandsk natur. 2780 hektar av øyane, eller 1,8 prosent av landarealet, er i dag (2017) naturreservat, og området har vakse gradvis sidan byrjinga av 1980-åra.

Det meste av den elektriske krafta på Åland vert produsert i Sverige. I 2017 kom 77 prosent frå Sverige, 5 prosent frå Finland, medan 18 prosent av det totale forbruket på 316 GWh var vindkraft produsert på Åland.

Det miljøspørsmålet som uroar ålendarane mest, er ureining av Austersjøen. Utslepp av fosfor og nitrogen frå jordbruket, høge konsentrasjonar av tungmetall og faren for utslepp frå skipstrafikken er dei største trugsmåla. Som øysamfunn vil Åland verte påverka av det stigande havnivået som dei aukande temperaturane fører til, og klimaendringane er eit trugsmål mot artsmangfaldet på øyane.

Kjelder

Yrjö Haila: «Winter Birds Communities in the Åland Archipelago. An Island Biogeographic Point of View», Holarctic Ecology, Vol. 4 No 3 1981


«Det offentliga Åland», på nettstaden til Ålands landskapsregering, aland.axhttp://www.aland.ax [lesedato 23.11.2018]

«Fakta om Åland», på nettsidene til Nordisk råd og Nordisk ministerråd, norden.orghttps://www.norden.org/no/information/fakta-om-aland [lesedato 23.11.2018]

Helsingfors stadsbibliotek, svar på spørsmål om opphavet til Åland, kysy.fi, publisert 3.1.2007: http://www.kysy.fi/sv/kysymys/ahvaland-nutida-ord-och-dess-ursprung [lesedato 29.11.2018]

Pertti Joenniemi: «The Åland Islands. Neither local nor fully sovereign», Cooperation and Conflict, Vol. 49 (1) 2014. Digital utgåve (krev abonnement), journals.sagepub.com: https://journals.sagepub.com/doi/10.1177/0010836713514149 [lesedato 29.11.2018]

Hedvig Rask: «Salminen, Sally (1906–1976)», Biografiskt lexikon för Finland, publisert på nett desember 2014, blf.fi: http://www.blf.fi/artikel.php?id=5593 [lesedato 29.11.2018]

Research for PECH Committee – Åland Island, publications.europa.euhttps://publications.europa.eu/en/publication-detail/-/publication/4d50d5c1-ccff-11e8-9424-01aa75ed71a1/language-en [lesedato 23.11.2018]

UN environment: «Baltic sea», unenvironment.orghttps://www.unenvironment.org/explore-topics/oceans-seas/what-we-do/working-regional-seas/regional-seas-programmes/baltic-sea [lesedato 30.11.2018]

«Värt att veta om Åland», Ålandskunskap frå Högskolan på Åland, kurs01.strax.axhttp://kurs01.strax.ax/start.con?iPage=2&m=23 [lesedato 23.11.2018]

Iris Åkerberg (red.): Statistisk årsbok för Åland 2018, utgitt av Ålands statistik- och utredningsbyrå (ÅSUB), asub.axhttps://www.asub.ax/sv/allmanna-statistikpublikationer/statistisk-arsbok [lesedato 27.11.2018]

Sia Spiliopoulou Åkermark og Gunilla Herolf (red.): Självstyrelser i Norden i ett fredsperspektiv – Färöarna, Grönland och Åland. Mariehamn 2015. Digital utgåve, peace.ax: http://peace.ax/images/stories/pdf/Sjalvstyrelser_i_norden_webbversion.pdf [lesedato 27.11.2018]

«Ålands fredsinstitut», brosjyre om Åland og instituttet, peace.axhttp://www.peace.ax/images/stories/pdf/Fredsbroschyr_2016_sve_webb.pdf [lesedato 30.11.2018]

Nettstaden til Ålands Lagting, lagtinget.axhttps://www.lagtinget.ax [lesedato 27.11.2018]

Ålands landskapsregering: «Fakta om Åland», aland.axhttp://www.aland.ax/fakta/ [lesedato 23.11.2018]

«Ålands natur», helsinki.fihttp://www.helsinki.fi/science/metapop/school/Webbsidan/ala_undantag.htm [lesedato 30.11.2018]

Ålands statistik- och utredningsbyrå: «Åland i siffror 2018», asub.ax: https://www.asub.ax/sites/www.asub.ax/files/attachments/page/alsiff18_sv.pdf [lesedato 27.11.2018]

Ålands statistik- och utredningsbyrå: Ålänningarna och miljön – En enkätundersökning om miljömedvetenhet och -engagemang på Åland hösten 2015. Rapport 2015:5, asub.ax: https://www.asub.ax/sites/www.asub.ax/files/reports/rapport_2015_5_0.pdf [lesedato 30.11.2018]

Ålands statistik- och utredningsbyrå (ÅSUB), asub.ax: https://www.asub.ax/sv/nyheter?iPage=12&m=1 [lesedato 23.11.2018]


Peikarar

Samleside for musea på Åland, museum.ax

Nettstaden til Ålands fredsinstitut, peace.ax

Internasjonale avtalar og dokument som ligg til grunn for det særeigne sjølvstyret på Åland, lagtinget.ax

Kart over naturreservat og kulturminne på Åland, aland.maps.arcgis.com

Først publisert: 14.08.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019