Hopp til innhold
X
Innhald

Basklarland

Baskarland er ein av 17 sjølvstyrte regionar i Spania. Regionen har eiga regjering, eige parlament og ein eigen politistyrke.

I den sjølvstyrte baskiske regionen i Spania er det tre provinsar: Araba, Gipuzkoa og Bizkaia. Det baskiske språket, euskera, er viktig for den baskiske identiteten. Mange baskarar reknar heile det baskisktalande området som Baskarland, eller Euskadi Herrera. Då er òg den spanske regionen Navarra og tre franske provinsar, Lapurdi, Nafarroa Behera og Zuberoa, del av Baskerland.

I fjellkjeda Pyreneane finn ein spor etter baskisk busetnad som går meir enn 5000 år attende i tid, noko som gjer baskarane til dei eldste permanente innbyggjarane i Vest-Europa.

Bilbao er hovudstad og den største byen. Her er jern- og stålindustrien viktig, og byen er kjend for spanande arkitektur. I andre halvdel av 1800-talet voks den baskiske nasjonalismen fram i Bilbao. Sabino Arana Goiri danna i 1895 det baskiske nasjonalistpartiet PNV og fekk utarbeidd ein standardisert skriftversjon av euskera, det baskiske språket. Partiet har sete med regjeringsmakta i Baskarland nærmast utan avbrot frå regionen vart sjølvstyrt i 1979 og fram til i dag. Partiet har teke avstand frå valdsbruk i kampen for større fridom for Baskarland.

I 1959 vart den venstreradikale terroristgruppa ETA etablert. Gruppa utførte væpna aksjonar med det siktemålet å opprette ein uavhengig sosialistisk, baskisk stat. Frå 1968 til gruppa la ned våpena i 2011, miste 845 menneske livet i meir enn 700 terroraksjonar frå denne gruppa. I 2018 kunngjorde ETA at organisasjonen offisielt var oppløyst.

Det baskiske venstreseparatistiske partiet Sortu, med ein oppslutnad på kring 25 prosent ved regionvala i Baskerland, arbeider i dag for lausriving frå Spania. Rørsla tek klar avstand frå vald, men arbeider for sjølvstende på same måten som katalanarane, det vil seie gjennom mobilisering av politisk støtte i folket.

 

Kjelder

Kim Gunnar Helsvig: «ETA, et etterlengtet farvel», Klassekampen 3.5.2018

Sissel Henriksen: «– Knuser demokratiet», Klassekampen 22.9.2017

Hege Røsto Jensen: «Parallelle møter – urbane kontekster. En studie av nasjonalistiske og subkulturelle forestillinger i spansk Baskerland», masteroppgåve ved Sosialantropologisk Institutt, Universitetet i Oslo 2008

Rafael Leonisio ofl. (red.): ETA’s Terrorist Campaign. From violence to politics, 1968–2015. New York 2017

 

Carlos de Cueto Nogueras og Marcus Buck: «Terrorisme: Baskerne og ETA», NUPI Skole, nupi.no, publisert 14.2.2010: https://www.nupi.no/Skole/HHD-Artikler/2010/Terrorisme-Baskerne-og-ETA [lesedato 10.11.2018]

NTB: «Rajoy: ETA slipper ikke unna straffeforfølgelse», abcnyheter.no, publisert 3.5.2018: https://www.abcnyheter.no/nyheter/verden/2018/05/03/195393214/rajoy-eta-slipper-ikke-unna-straffeforfolgelse

Nina M. Ray og John P. Bieter: «’It broadens your view of being Basque’: identity through history, branding, and cultural policy», International Journal of Cultural Policy 21(3), 2015, tandfonline.com, publisert 9.6.2014: https://doi.org/10.1080/10286632.2014.923416

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 15.11.2019