Hopp til innhold

Catalonia

Området Catalonia består av ein spansk og ein fransk del. Den spanske delen er ein formelt sjølvstyrt region og er den mest kjende. Han spelar ein viktig rolle i Spania både kulturelt og økonomisk, men stadig hyppigare krav om fullt sjølvstende skaper òg hovudpine for spanske styresmakter.

Catalonia, som ligg i det nordaustre hjørnet av den iberiske halvøya, vaks fram i mellomalderen som eit sjølvstendig og mektig sjøfarts- og handelsrike. Gjennom ein serie kongehusalliansar hamna landet ved inngangen til 1500-talet og moderne tid under den nye spanske trona. Delen nord for Pyreneane vart gitt til Frankrike i 1659, etter at franske styrkar hadde hjelpt til med å slå ned eit katalansk opprør for sjølvstende.

Kampen for lausriving eller meir sjølvstyre har halde fram i den spanske delen. Under den spanske borgarkrigen i 1936–39 nytta regionen auka sjølvstyre til å gjennomføre det største eksperimentet med eit anarkistisk samfunn verda har sett. I åra etter 2010 vaks den katalanske sjølvstenderørsla fram att, etter at den spanske høgsteretten avviste store delar av ei oppdatert og utvida katalansk sjølvstyrelov.

Spansk Catalonia har vore den rikaste delen av Spania sidan midten av 1800-talet, då Catalonia vart den første regionen i landet til å gjennomgå industrialisering. Sidan då har regionen òg vore eit sentrum for moderne kunst. Arkitektar som Antoni Gaudí og målarar som Ramon Casas, Pablo Picasso, Joan Miró og Salvador Dalí sette Catalonia på kartet. Verka deira trekkjer framleis millionar av turistar kvart år. Katalansk identitet var ei drivkraft for mange av desse kunstnarane, og moderne kunst er i sin tur vorten ein uunnverleg del av den katalanske identiteten. Det same har det katalanske språket, som var forbode under Franco-diktaturet i 1939–75. Språket vart eit viktig symbol på ulydnad i denne tida, og det blomstra så snart forbodet vart oppheva.

Andre særtrekk som katalanarane er stolte over, er maten, det ulendte landskapet, den solide økonomien, lange demokratiske tradisjonar – og fotballklubben FC Barcelona.

 

Kjelder

John Blake: The Spanish Civil War, fjernsynsdokumentar. London 1983

Charles River Editors: Catalonia. The History and Legacy of Spain's Most Famous Autonomous Community. Wauwatosa, WI, USA 2019

Michael Euade: Catalonia. A Cultural History. New York 2008

 

Robert Hughes: Antoni Gaudí: God's Architect, fjernsynsdokumentar, bbc.co.uk, publisert 2008: https://www.bbc.co.uk/programmes/b0074nvw

Álvaro Longoria og Gerardo Olivares: Two Catalonias, fjernsynsdokumentar, netflix.com, publisert 2018: https://www.netflix.com/no-en/title/80992039

Colin Rothbart: An Art Lover's Guide. Barcelona, fjernsynsdokumentar, bbc.co.uk, publisert 2017: https://www.bbc.co.uk/programmes/b08ps5rd

Statistical Institute of Catalonia: Official satistics of Catalonia, oppdatert årleg, idescat.cat: https://www.idescat.cat/?lang=en [lesedato 4.3.2020]

Luke Stobart: «Catalonia: Past and Future», jacobinmag.com, publisert 10.10.2017: https://jacobinmag.com/2017/10/catalonia-independence-franco-spain-nationalism [lesedato 1.3.2020]

UNESCO: «Spain», uis.unesco.org: http://uis.unesco.org/en/country/es [lesedato 4.3.2020]

 

Peikarar

The Guardian: «Catalan referendum: hundreds injured as police attack protesters», video om politireaksjonen på folkerøystinga i 2017, theguardian.com, publisert 1.10.2017

NRK Urix: «Catalonia og Warsawa», om rettssaka mot katalanske leiarar i 2019, tv.nrk.no, publisert 13.2.2019

NRK Urix: «Syria – Catalonia», om fengselsdommane i oktober 2019, tv.nrk.no, publisert 14.10.2019

Først publisert: 19.08.2020
Sist oppdatert: 19.08.2020