Hopp til innhold
Det danske flagget.
Det danske flagget.
X
Innhald

Danmark

Danmark er det sørlegaste og minste landet i Skandinavia. Landet har ei fortid som stormakt i Norden, med tette historiske og kulturelle band til Noreg – i over 400 år utgjorde Danmark-Noreg eit felles kongerike.

Danmark høyrer til blant dei eldste nasjonalstatane i verda, med sjølvstende som går tilbake til mellomalderen. Danskane er eit etter måten homogent folkeferd, og om ein ikkje reknar med Grønland og Færøyane, har landet inntil nyleg vore nokså einsarta etnisk og språkleg.

Til liks med dei andre skandinaviske landa har Danmark bygd opp ein vidtfemnande velferdsstat for å sikre innbyggjarane sosiale og økonomiske rettar. Landet er eit av dei rikaste og mest likestilte i verda, og velstanden er relativt jamt fordelt. I nyare tid har liberalisering, økonomiske kriser og innvandring sett velferdsstaten under press, og styresmaktene har dei siste åra stramma inn på ein del ordningar.

Tradisjonelt har landbruket vore den viktigaste sektoren innanfor dansk næringsliv, og mat og drikke utgjer framleis ein viktig del av dansk eksport. To tredelar av arealet er landbruksjord, men primærnæringane sysselset samla berre kring 3 % av arbeidsstyrken. Landet har eit høgt forbruk av energi, men er likevel meir enn sjølvforsynt. Danskane har vore i front når det gjeld utvikling av vindkraft, og i 2015 utgjorde vindkraft 42 % av det totale straumforbruket i landet.

Aggersund vindkraftpark på Jylland i Danmark. Foto: News Øresund / Johan Wessman, News Øresund på Flickr.com CC BY 2.0.

Aggersund vindkraftpark på Jylland i Danmark. Foto: News Øresund / Johan Wessman, News Øresund på Flickr.com CC BY 2.0.

Dansk kultur er sterkt prega av utanlandske impulsar og skil seg ikkje grunnleggjande frå det nordeuropeiske kulturområdet. Danmark har tradisjonelt vore rekna som eit frisinna og tolerant land, og var tidleg ute med liberale lover som frislepp av pornografi og innføring av registrert partnarskap for homofile og lesbiske. Sidan byrjinga av 2000-talet er dette biletet av danskane blitt utfordra av ein restriktiv asylpolitikk og sterke motsetningar i synet på innvandring og muslimar.

Samband med andre land

Danmark har ein høg levestandard i høve til dei fleste andre statar. Landet låg i 2014 på 4.‑plass på FN sin indeks for menneskeleg utvikling, etter Noreg, Australia og Sveits. Danskane har slite med vanskelege økonomiske kår og nedgangstider etter finanskrisa i 2008, men dei siste åra har det vore teikn til betring. Frå 2012 til 2015 fall arbeidsløysa frå 6 til 4,6 prosent.

Danmark er medlem av EU (Den europeiske unionen), FN (Dei sameinte nasjonane), NATO, OECD, Nordisk råd og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar. Landet har gjennom dei siste åra markert seg som ein nær alliert med USA, og tok mellom anna del i den USA-leidde invasjonen av Irak i 2003.

Utanrikshandel spelar ei viktig rolle i dansk økonomi, sidan landet manglar dei fleste råvarer og heller ikkje har nokon stor heimemarknad. Danmark hadde lenge eit underskot på handelsbalansen, som blei dekt med låneopptak i utlandet, men sidan 1987 har landet hatt eksportoverskot. Storparten av utanrikshandelen er handel med resten av EU (74 % import, 59 % eksport). Nær halvparten av EU-handelen skjer med Tyskland og Sverige. Dei største handelspartnarane utanfor EU er Kina (import) og USA og Noreg (eksport).

Danmark er blant dei landa som gir mest utviklingshjelp sett i høve til folketalet. Sidan midten av 1970-åra har det vore eitt av få rike land som har levd opp til FN si målsetjing om å gi minst 0,7 % av brutto nasjonalinntekt (BNI) i bistand. I ein kort periode i 1990-åra utgjorde bistanden endåtil over 1 % av BNI. Utviklingshjelp er og har vore ein viktig del av det politiske og økonomiske sambandet mellom Danmark og utviklingslanda.

I løpet av etterkrigstida har Grønland og Færøyane fått ei stadig friare stilling i høve til Danmark. Begge områda står no utanfor EU og har eit omfattande sjølvstyre, men er framleis ein del av det danske riket. Banda til dei gamle koloniane er viktige for Danmarks utanrikspolitiske interesser, og den danske staten yter årleg store økonomiske tilskot både til Grønland og Færøyane. Ikkje minst på Færøyane har det dei siste åra vore eit sterkt ønskje om ei fullstendig lausriving frå Danmark, men den økonomiske krisa på øyane i 1990-åra synte kor utsett ein liten økonomi kan vere.

Noreg har vore og er framleis nært knytt til Danmark. Danmark er blant dei største eksportmarknadene for Noreg og er dessutan ein viktig politisk samarbeidspartnar, særleg i saker knytte til EU og nordområda.

Danmark tok i 2014 imot over 10 millionar utanlandske turistar, om lag like mange som Noreg og Sverige til saman. Landet er eit av dei mest populære reisemåla for nordmenn, og blant dei største turistattraksjonane er moroparkar som Tivoli og Dyrehavsbakken i København, og Legoland i Billund på Jylland. Dei viktigaste ferielanda for danskar er Spania, Italia og Tyskland.

Omkring 10 000 danskar studerer i andre land, medan Danmark tek imot om lag tre gonger så mange utanlandsstudentar. Dei mest populære studielanda for danskar er Storbritannia, USA, Australia, Sverige og Tyskland. Av utanlandsstudentane i Danmark er det flest nordmenn, tyskarar, svenskar og rumenarar.

Nærbilete av ein legofigur i Legoland. Foto: Ian Richardson, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Nærbilete av ein legofigur i Legoland. Foto: Ian Richardson, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Geografi

Danmark har eit flatemål på litt over 43 000 kvadratkilometer, då er Færøyane (1399 km2) og Grønland (2 166 086 km2) haldne utanfor. Landet er minst i areal av dei nordiske landa og det 33. største i Europa. Danmark er det sørlegaste landet i Norden og er eit av dei tre skandinaviske landa (Noreg, Sverige og Danmark). Den største delen av landet, Jylland, er ei halvøy som strekkjer seg nordover frå det europeiske kontinentet. Danmark har elles 392 øyar, dei fleste ligg aust for Jylland. Dei største øyane er (etter storleiken) Sjælland, Vendsyssel-Thy, Fyn, Lolland, Bornholm, Falster, Mors, Als, Langeland, Møn, Rømø, Læsø og Samsø. Den einaste landegrensa har Danmark i sør, mot Tyskland. I aust skil havstrekninga Kattegat og det smalare Øresund Danmark frå Sverige. I nord ligg havstykket Skagerrak som eit skilje mellom Danmark og Noreg, og i vest ligg Nordsjøen. Øya Bornholm ligg for seg sjølv i Austersjøen, mellom Sverige og Polen.

Danmark sine øyer og største byar. Ill.: Stina Aasen Lødemel / Allkunne CC BY-ND.

Danmark sine øyer og største byar. Ill.: Stina Aasen Lødemel / Allkunne CC BY-ND. Trykk her for å sjå eller laste ned kartet i høgare oppløysing.

Danmark er flatlendt. Det høgaste naturlege punktet, Møllehøj, ligg berre 171 meter over havet. Takka vere dei mange øyane har landet ei lang kystlinje, 7314 km, noko som gir ein 16.‑plass blant statane i verda. Den største innsjøen er Arresø (39,7 km2) og den lengste elva Gudenå (176 km).

Miljø, klima og energi

Geologisk er Danmark eit ungt landskap. Dei fleste bergartane er lause og har opphav i krittida (146–66 millionar år sidan) eller yngre geologiske periodar. Innimellom det låge slettelandet finst det høgdedrag, åsar og haugar som er danna ved at dei lause bergartane blei skuva saman av breen under istida. Også Møns Klint, som er ein 6 kilometer lang og opptil 120 meter høg klippevegg av kalkstein på øya Møn sør for Sjælland, oppstod på denne måten.

Danmark har eit nordleg temperert kystklima, med kjølige somrar og milde vintrar. Som elles i Nordvest-Europa set Golfstraumen preg på klimaet og vêrtilhøva. Det blæs mykje, og vinden er generelt sett kraftigare om vinteren enn om sommaren. Hausten er den mest nedbørrike årstida, medan våren er den tørraste. Det er liten skilnad på temperatur og nedbør mellom dei ulike delane av landet.

Skogane i Danmark er blanda lauvskogar, dominerte av bøk, med eik innimellom. Det finst òg ein del planta barskog. På Jylland er det ein del lynghei i dei områda som ikkje er oppdyrka. Skog og hei dekkjer 16 % av det danske landskapet.

Lauvskog. I bakgrunnen ser vi Schæffergården, eit hotell og konferansesenter eigd av Fondet for dansk-norsk samarbeid. Foto Stina Aasen Lødemel.

Lauvskog. I bakgrunnen ser vi Schæffergården, eit hotell og konferansesenter nord for København eigd av Fondet for dansk-norsk samarbeid. Foto Stina Aasen Lødemel.

Storparten av arealet i Danmark blir utnytta til landbruk (66 %), og det finst lite villmark. Det er difor få att av dei opphavlege landpattedyra i Danmark. Funn av knoklar viser at det tidlegare har levd bjørn, gaupe, ulv og elg i landet. Pattedyrfaunaen omfattar i dag 12 artar flaggermus, 5 insektetarar, 2 haredyr, 15 gnagarar, 9 landrovdyr og 2 hjortedyr (hjort og rådyr). Av fuglar har ein observert nærmare 400 artar, og om lag halvparten hekkar årleg. Fuglelivet er særleg rikt på vestkysten av Jylland under trekksesongen vår og haust. Danske innsjøar og havet kring Danmark har meir enn 170 fiskeartar. Langs kysten finst det sel og nise. 28 % av dyreartane i Danmark blir rekna som trua, og står på raudlista. For fuglar gjeld det 34 % av artane.

Energiforbruket i Danmark er for det meste basert på fossilt brensel, og mykje av elektrisiteten kjem frå varmekraftverk der ein brenner kol. Samtidig har bruken av fornybare energikjelder, særleg vindkraft og biobrensel, auka dei seinare åra, frå 3 % i 1990 til 10 % i 2014. Danskane har satsa sterkt på energiøkonomiske tiltak, og landet sitt samla energiforbruk har difor gått ned dei siste åra. Også CO2-utsleppa har vore i tilbakegang sidan 2006.

Ein stor del av forureininga i dansk natur kjem av den intensive landbruksdrifta i landet. 95 % av ammoniakkutsleppa kjem frå landbruket, og restar av sprøytemiddel er funne i fire av ti grunnvasskjelder. Danske farvatn har vore mykje utsette for skadelege algeoppblomstringar gjennom dei siste tiåra. Årsaka til desse oppblomstringane er menneskeleg aktivitet, mellom anna kloakkutslepp og avrenning frå dyrka mark, og mengda av algar fører til at fisk og botndyr døyr. Samstundes er den økologiske tilstanden i danske vassdrag blitt merkbart betre gjennom dei siste tjue åra. Når det gjeld ureining til luft, er København-området mest utsett, men EU sine grenseverdiar for luftforureining blir svært sjeldan overskridne i Danmark.

Landbruk og vindkraft på Samsø. Storparten av arealet i Danmark blir utnytta til landbruk (66 %). Danskane har vore i front når det gjeld utvikling av vindkraft, og i 2015 utgjorde vindkraft 42 % av det totale straumforbruket i landet. Foto: News Øresund - Johan Wessman, Flickr.com CC BY 2.0.

Landbruk og vindkraft på Samsø. Storparten av arealet i Danmark blir utnytta til landbruk (66 %). Danskane har vore i front når det gjeld utvikling av vindkraft, og i 2015 utgjorde vindkraft 42 % av det totale straumforbruket i landet. Foto: News Øresund - Johan Wessman, Flickr.com CC BY 2.0.

Demografi

Folketalet i Danmark 1. januar 2016 var 5,7 millionar. Folketettleiken er den høgaste i Norden, med 132,4 innbyggjarar per kvadratkilometer. Folk bur tettast på Sjælland, Fyn og austkysten av Jylland. 85 % av danskane bur i byar og tettstader. Dei fire største byane er København (1,3 millionar innbyggjarar), Aarhus (265 000), Odense (175 000) og Aalborg (112 000).

Folketalet i Danmark auka nokså jamt frå slutten av 1800-talet og fram til byrjinga av 1980-åra, trass i at mange danskar utvandra til Amerika, særleg i tida før første verdskrigen. Frå slutten av 1960-åra og fram til 1983 gjekk fødselstala ned, og gjennom nokre år på 1980-talet hadde Danmark ein nedgang i folketalet. Seinare har folketalet igjen auka, takka vere fødselsoverskot og ikkje minst auka innvandring. Folkeveksten er størst i storbyane, medan delar av vestkysten av Jylland og nokre av øyane har ein nedgang.

Danske kvinner føder i gjennomsnitt 1,7 barn og får sitt første barn når dei er 29 år gamle. Fertiliteten har vore i svak nedgang dei siste åra, medan alderen ved første fødsel har auka. Forventa levealder i 2016 var 79 år for menn og 83 år for kvinner. Det blir stadig fleire eldre i Danmark. I 2000 var kvar femte danske over 60 år, i 2015 var kvar fjerde over 60 år.

Innvandrarar (personar fødde i utlandet) og etterkomarane deira utgjer 12,3 % av innbyggjarane i Danmark. Dei største gruppene med anna opphavsland enn Danmark kjem frå Tyrkia, Polen, Tyskland, Irak, Syria, Libanon og Pakistan. I 2015 innvandra flest utanlandske statsborgarar frå Syria, Romania, Polen og USA. Dei siste åra har både innvandring og utvandring auka.

Samfunnsorganisasjon

Danmark er eit konstitusjonelt monarki. Margrethe 2. (f. 1940) har vore regjerande dronning sidan 1972. Eineveldet blei avvikla i 1849, og den grunnlova som gjeld i dag, er frå 1953. Regjeringa har den reelle utøvande makta. Ho blir utpeika av dronninga, men utgår frå Folketinget, som er den øvste lovgivande forsamlinga i Danmark, med 179 medlemer. Folketinget held til på Christiansborg i København.

Christiansborg i København, der Folketinget held til. Foto: News Øresund - Johan Wessman, Flickr.com CC BY 2.0.

Christiansborg i København, der Folketinget held til. Foto: News Øresund - Johan Wessman, Flickr.com CC BY 2.0.

Etter grunnlova skal det skrivast ut val kvart fjerde år, eller når Folketinget vedtek mistillit mot regjeringa. 135 av dei folkevalde blir valde i ti valkrinsar, medan 40 blir valde som utjamningsmandat. To av folketingsrepresentantane kjem frå Grønland og to frå Færøyane. Grunnlova gjeld òg for Grønland og Færøyane, men desse områda har indre sjølvstyre. Alle som har fylt 18 år og har dansk statsborgarskap, har stemmerett ved folketingsval. Sperregrensa er 2 %. Valdeltakinga i Danmark er høg. Under det siste folketingsvalet, i 2015, var det 86 % av dei røysteføre som røysta.

Den danske partifloraen er mangslungen. På venstresida dominerer Socialdemokratiet (også kalla Socialdemokraterne), medan Venstre er det førande partiet på borgarleg side. Socialistisk Folkeparti hentar tradisjonelt mange av veljarane sine til venstre for Socialdemokratiet, men er i dei siste åra blitt utfordra av Enhedslisten, som er eit sosialistisk, grønt parti. Eit anna grønt parti er Alternativet, som blei skipa i 2013. Radikale Venstre er eit sosialliberalt parti som har mange likskapstrekk med det norske Venstre. På same måten står Kristendemokraterne nært det norske systerpartiet sitt, Kristeleg Folkeparti. Det Konservative Folkeparti er det fremste konservative partiet i Danmark, men det har fått lite oppslutning ved dei seinaste vala. Derimot har det nasjonalkonservative Dansk Folkeparti gjort det stadig betre, og ved folketingsvalet i 2015 blei dette partiet det nest største, etter Socialdemokratiet. Dansk Folkeparti har særleg utmerkt seg med å gå inn for ein streng innvandringspolitikk.

Dei fleste danske regjeringane i nyare tid har vore mindretals- eller koalisjonsregjeringar, noko som har gjort den parlamentariske situasjonen meir skiftande enn i andre nordiske land.

Folketinget, her frå opninga i oktober i 2013. Foto: Hasse Ferrold, Venstre på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Folketinget, her frå opninga i oktober i 2013. Foto: Hasse Ferrold, Venstre på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Tidlegare var Danmark delt inn i 14 amt og 271 kommunar, men i samband med ei strukturreform i 2007 blei amta erstatta av 5 regionar, og talet på kommunar blei redusert til 98. Regionane blir styrte av eigne regionråd, og det er region- og kommuneval kvart fjerde år. Mange av oppgåvene som tidlegare låg til amta, er no overførte til kommunane. Forvaltningsoppgåver som ligg til regionane, er mellom anna kollektivtrafikk, sjukehusdrift, miljøforvaltning og regional utvikling.

Det danske rettssystemet har mange likskapstrekk med det norske. Domstolane er organiserte i tre nivå – underretten, landsretten og Højesteret. Juryordning blir nytta i alvorlege straffesaker. Danmark har spesialdomstolar for sjøfarts- og handelssaker og for arbeidsrettssaker.

Det danske forsvaret er organisert i flyvåpen, hær og marine, med ein felles forsvarssjef. Landet har verneplikt for menn, men det danske forsvaret har berre bruk for ein liten del av årskulla. Kven som skal utføre militærteneste, blir difor avgjort ved loddtrekning. Danmark er medlem av NATO, og danske styrkar har vore med i fleire NATO-operasjonar i utlandet, mellom anna i Afghanistan. Danmark var òg med i den amerikansk-leidde invasjonen av Irak i 2003 og hadde troppar i landet fram til 2007.

Språk

Landsnamnet er 'Kongeriget Danmark'. I sjølve Danmark har dansk ei dominerande stilling og er det einaste offisielle språket. På Færøyane og Grønland er dansk administrasjons- og opplæringsspråk ved sidan av høvesvis færøysk og grønlandsk. Dansk hadde tidlegare ein viktig posisjon også på Island, men i 1999 blei det degradert frå første til andre framandspråk i det islandske skulesystemet.

I grenseområdet mot Tyskland er det eit mindretal som snakkar tysk. Dei kulturelle og språklege rettane deira er verna i dei såkalla København-Bonn-erklæringane frå 1955. Desse erklæringane vernar òg dei om lag 50 000 innbyggjarane i Nord-Tyskland som snakkar dansk. Innanfor talemålet skil ein mellom tre overordna dialektar: jysk, øymål og bornholmsk. Den sistnemnde dialekten har likskapstrekk med skånsk. Skåne høyrde tidlegare til Danmark, og skånsk har mykje felles med dansk talemål, men er i dei seinare hundreåra blitt sterkt influert av svensk.

Det blir ikkje ført statistikk over innvandrarspråk i Danmark, men i 2011/12 rekna ein med at 10,5 % av elevane i grunnskulen var tospråklege. Sidan 2002 har staten berre gitt støtte til morsmålsundervisning til elevar med bakgrunn frå EU- og EØS-landa, og frå Færøyane og Grønland. Det er frivillig for kvar enkelt kommune om ein vil gi elevar frå andre land eit tilbod i morsmålsopplæring eller ikkje.

Dansk er eit germansk språk som høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Det skilde seg ut frå urnordisk i vikingtida. I seinmellomalderen blei dansk sterkt influert av tysk, gjennom hanseatane, men boktrykkjarkunsten og reformasjonen styrkte det danske skriftspråket, også i Noreg. Utover på 1800-talet fekk danskane ei rettskriving som låg nærmare talemålet. I nyare tid har skriftspråket påverka talemålet og svekt danske dialektar.

Dansk har mange lånord, og lånorda får i mindre grad eigne variantar enn i andre nordiske land. Til dømes nyttar ein på dansk 'computer' og 'teenager', medan desse engelske orda har fått erstatningsord på norsk og svensk. Det er stor skilnad mellom dansk talemål og dansk skriftspråk, og talemålet kan vere vanskeleg å skjøne for andre nordbuar. Det har å gjere med at endingar og trykksvake stavingar ofte blir borte i uttalen, slik at det er vanskeleg å avgjere når eit ord begynner og når det sluttar. Svenskar, nordmenn og danskar forstår kvarandre likevel rimeleg godt.

Eit særtrekk ved dansk er teljemåten, der titalsorda over 40 tek utgangspunkt i tjuetal ('snes'). 'Halvtreds' (50) tyder to og eit halvt 'snes', medan 'tres' (60) er ei samantrekning av 'tre snese'. Deretter følgjer 'halv fjerds' (70), 'firs' (80) og 'halvfems' (90).

Dansk trafikkskilt med teksten «Knallert forbudt». Knallert betyr moped på norsk. Foto: Rüdiger Stehn, Flivkr.com CC BY-SA 2.0.

Dansk trafikkskilt med teksten «Knallert forbudt». Knallert betyr moped på norsk. Foto: Rüdiger Stehn, Flivkr.com CC BY-SA 2.0.

Levemåte

Dagens danske matkultur er prega både av tradisjonell bondekost og impulsar frå andre land. Det danske kjøkkenet er særleg kjent for smørrebrødet, som oftast ei skive rugbrød med ulike typar pålegg, gjerne leverpostei eller røykt ål. Andre tradisjonsrike rettar er 'frikadeller' (kjøtkaker), 'rødgrød' (bær- eller fruktgraut servert med fløyte), sild og mange typar pølser. Til fest er kaldtbord mykje brukt. Kjøtforbruket til danskane er eit av dei høgaste i verda per innbyggjar, noko som blir kritisert både frå ernærings- og klimaperspektiv. Måltidsmønsteret er mykje likt det norske, med tre hovudmåltid: 'morgenmad' (tilsvarande norsk frukost), 'frokost' (lunsj) og 'aftensmad' (middag), med det sistnemnde som det viktigaste.

Danskane har eit liberalt forhold til alkohol, og forbruket er det nest høgaste av dei nordiske landa, med 12,9 liter per person over 15 år (tal frå 2010). Av alkoholhaldige drikkevarer er øl, akevitt og bitter særleg populære.

Overborgarmeister i København, Frank Jensen, smakar på ølet før han skal opne Ølfestival 2014 i København. Foto: News Øresund - Peter Mulvany, Flickr.com CC BY 2.0.

Overborgarmeister i København, Frank Jensen, smakar på ølet før han skal opne Ølfestival 2014 i København. Foto: News Øresund - Peter Mulvany, Flickr.com CC BY 2.0.

Danmark har ein skilsmisserate på 2,9 årleg per 1000 innbyggjarar, noko som ikkje er spesielt høgt eller lågt til å vere i den vestlege verda (raten i Noreg er 2,3). Giftarmålsraten er på 5,1 per 1000 innbyggjarar (Noreg 5,6), så meir enn annakvart ekteskap går i oppløysing. Skilsmisseraten har auka dei siste åra, sidan ein no kan skilje seg utan å gjennomføre ein separasjonsperiode.

I Danmark blir det årleg utført 12 abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år, omtrent det same som i Noreg. Aborttala har vore fallande dei siste åra. Danmark innførte lov om sjølvbestemt abort i 1973, fem år før Noreg. I Danmark kan einslege kvinner få assistert befruktning. Mange utlendingar, også norske kvinner, dreg dit for å få slik behandling.

Alle danske born har krav på eit dagtilbod frå dei fyller 26 veker til dei byrjar på skulen. I 2014 var 95 % av borna i gruppa frå 1 til 5 år er innskrivne i barnehagar. 61 % av danske born bur saman med både mor og far.

Kultur, kunst og idrett

I 2014 hadde Danmark 32 dagsaviser, med eit samla opplag på 1,1 millionar. Med unntak av Morgenavisen Jyllands-Posten, som kjem ut i Aarhus, har alle dei største riksdekkjande avisene – Politiken, Berlingske Tidende, BT og Ekstra Bladet – base i København. Av kommentaraviser er Information og Weekendavisen blant dei mest framståande.

Danmark hadde som Noreg ei presse med partipolitiske skiljelinjer frå slutten av 1800-talet og fram til 1970-åra. Seinare har hovuddelen av pressa lege på ei meir politikknøytral linje. Landet har opplevd ein kraftig tilbakegang i avistalet etter andre verdskrigen, og opplagstala for dagspressa går nedover, takka vere sterk konkurranse frå internett og ulike gratisaviser. Samtidig er betalingsløysingar på veg inn for ein del av nettavisene. Den danske staten gav tidlegare distribusjonstilskot til dags- og vekeaviser, men denne ordninga blei i 2014 erstatta med ei teknologinøytral mediestøtte.

Danmarks Radio (DR) og TV2 er dei to store nasjonale allmennkringkastarane i Danmark, med sendingar i radio, fjernsyn og på internett. DR blei oppretta i 1925 under namnet Statsradiofonien, og tok til med fjernsynssendingar i 1951. I 1980-åra miste DR monopolstillinga, og TV2 starta delvis reklamefinansierte sendingar i 1988. DR blir framleis finansiert gjennom lisensbetaling. I 2007 blei radio- og fjernsynslisensen i Danmark erstatta av ein medielisens som òg alle husstandar med tilgang til internett må betale.

Til Danmarks eldste nasjonallitteratur høyrer historieverka Historia regum Daniæ compendiosa og Gesta Danorum, begge skrivne på slutten av 1100-talet av høvesvis Sven Aggeson og Saxo Grammaticus. På 1500-talet kom dansk inn som skriftspråk og erstatta latinen. Bibelen og andre religiøse skrifter spela lenge ei sentral rolle i litteraturen, til dømes fekk salmane til Thomas Kingo, frå 1600-talet, stor utbreiing også i Noreg.

Ein sentral person i dansk litteraturhistorie er norskfødde Ludvig Holberg (1684–1754). Han skreiv både vitskaplege verk og skjønnlitteratur. Mest kjend er han for dei satiriske komediane, mellom dei Jeppe paa Bierget og Erasmus Montanus, som framleis er populære på nordiske scener.

Dansk kunst- og kulturliv hadde ei blomstringstid gjennom første halvdel av 1800-talet. Bilethoggaren Berthel Thorvaldsen gjorde dansk skulpturkunst verdsberømt, og Christoffer Wilhelm Eckersberg la grunnlaget for den såkalla Københavnarskulen innanfor målarkunsten, som henta inspirasjon frå romantikken. Forfattaren Hans Christian Andersen skreiv eventyr som høyrer til verdslitteraturen. Ein annan dansk forfattar som vann ry langt utover landegrensene, er Søren Kierkegaard. I dei filosofiske verka sine legg han stor vekt på subjektet sine vilkår, og han blir rekna som far til eksistensfilosofien.

Utover på 1800-talet kom N.F.S. Grundtvig sine skrifter til å spele ei viktig rolle i dansk åndsliv. Grundtvig la stor vekt på det levande ordet, og grundtvigianismen utvikla seg som ei folkekyrkjeleg rørsle, med folkehøgskulane som ei viktig nyskaping. I 1870-åra utforma Georg Brandes eit nytt litteratursyn, der han kritiserte romantikken og la vekt på at litteraturen skulle setje problem under debatt. Brandes sin kritikk blir ofte rekna som utløysaren for dreiinga mot ein realistisk (og naturalistisk) litteratur, der fleire framståande norske forfattarar, mellom dei Henrik Ibsen, gjorde seg gjeldande.

Dansk litteratur på 1900- og 2000-talet er svært mangfaldig. Tre danskar har fått nobelprisen i litteratur: Karl Gjellerup, Henrik Pontoppidan og Johannes V. Jensen. Mange kvinnelege forfattarar har markert seg innanfor ulike sjangrar, mellom dei Karen Blixen, Suzanne Brøgger, Dea Trier Mørch, Kirsten Thorup og Hanne-Vibeke Holst. I 1992 vann Peter Høeg popularitet over heile verda med kriminalromanen Frøken Smillas fornemmelse for sne. Ein forfattar som har markert seg tydeleg i dansk samfunnsdebatt dei seinare åra, er Carsten Jensen. I 2013 vekte den unge Yahya Hassan stor oppsikt med ei diktsamling om vald og kriminalitet i innvandrarmiljø.

Hanne-Vibeke Holst. Foto: Erik Brunulf, Malmö stadsbibliotek på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Hanne-Vibeke Holst. Foto: Erik Brunulf, Malmö stadsbibliotek på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Danmark blei tidleg integrert i europeisk musikkliv. København, som var ein viktig europeisk hovudstad, fekk eige operahus i 1702. Klassisk italiensk opera var lenge dominerande i København, men i 1773 skapte framføringa av Kierlighet uden strømper furore. Operaen, som var skriven av nordmannen Johan Herman Wessel, var ein parodi på den klassiske tragedien både i form og innhald.

Carl Nielsen er den sentrale klassiske komponisten i dansk musikkliv etter romantikken. Han har skapt både operaer, orkesterverk, kammermusikk og klavermusikk. I 1930-åra slo jazzen igjennom i Danmark, og etter krigen blei København eit viktig senter for jazz i Europa, då amerikanske musikarar som Stan Getz og Dexter Gordon busette seg her. Av markante danske jazzmusikarar i nyare tid kan vi nemne bassisten Niels-Henning Ørsted-Pedersen, trompetisten Palle Mikkelborg og perkusjonisten Marilyn Mazur.

Dansk visemusikk, pop og rock er mangfaldig. Blant dei mest populære artistane er Kim Larsen, som starta karrieren sin i bandet Gasolin. Av kvinnelege stjerner kan vi nemne Sanne Salomonsen og Hanne Boel, som begge har ein soulinspirert stil. Albumet Svantes viser frå 1973, med Benny Andersen og Poul Dissing, høyrer med i den offisielle danske kulturkanonen.

Kim Larsen, her frå Valbyparken i 2011. Foto: Rod Clemen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Kim Larsen, her frå Valbyparken i 2011. Foto: Rod Clemen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Dansk film hadde ein første gullalder i åra frå 1908 til 1916, med eit breitt repertoar av filmar, som blei eksportert til ei rekkje land. I mellomkrigstida gjorde komikarparet Harald Madsen og Carl Schenstrøm stor internasjonal suksess som Fyrtårnet og Bivognen (på norsk Telegrafstolpen og Tilhengeren). Ein sentral aktør i dansk filmbransje heilt sidan starten har vore Nordisk Film. Selskapet står mellom anna bak dei 14 filmane om Olsen-banden, som kom i åra 1968–1998. Dette er nokre av dei mest sedde filmane i Danmark, og det er spela inn eigne systerfilmseriar i Noreg og Sverige om høvesvis Olsenbanden og Jönssonligan.

Frå 1980-åra har ein ny generasjon filmfolk sett dansk film på verdskartet. Tre danske filmar har sidan då vunne Oscar-statuetten for beste utanlandske film (regissør i parentes): Babettes gjestebud (Gabriel Axel) i 1987, Pelle Erobreren (Bille August) i 1988 og Hævnen (Susanne Bier) i 2010. Regissørane Lars von Trier og Thomas Vinterberg introduserte i 1995 konseptet dogmefilm, som ein protest mot kommersialisering og effekthysteri i filmbransjen.

Danmark fekk si første nasjonalscene i 1748, då Komediehuset blei etablert. Teateret blei i 1772 overteke av krona og drive vidare som Det Kongelige Teater. Utover på 1800-talet og 1900-talet har det kome til ei rekkje private teater i København, og dessutan landsdelsscener utanfor hovudstaden. Ein pionerinstitusjon utanfor dei etablerte scenene har vore Odin Teatret, som opphavleg blei starta i Oslo i 1964 av Eugenio Barba. I 1966 flytta teateret til Holstebro og etablerte seg som Nordisk Teaterlaboratorium, med medarbeidarar frå mange land og turnear over heile verda.

Dei mest populære idrettane i Danmark er fotball og handball. Fotball-landslaget for menn hadde stor suksess i 1980-åra og vann EM i 1992. Dei har dessutan vore med i VM-sluttspelet tre gonger. Reglane for handball blei først utvikla i Danmark, og kvinnelandslaget vann tre olympiske sigrar på rad i 1996–2004. Andre viktige idrettar i Danmark er badminton, roing, symjing, segling og sykling.

Næringsliv

Landbruket var lenge ryggrada i dansk økonomi og er framleis ei av dei viktigaste næringane. Danmark er ein av dei største eksportørane i verda av svinekjøt, og mat- og drikkevarer utgjer totalt kring 15 % av eksportinntektene. Innanfor landbruket har det skjedd ei kraftig strukturrasjonalisering dei siste tiåra, med stadig færre og større gardsbruk. Ein gjennomsnittleg svinebonde hadde i 1982 omkring 169 dyr. I dag er dette talet meir enn 20-dobla. Talet på mjølkekyr har gått ned, medan ytinga per ku har auka med om lag 40 % dei siste 20 åra. Lønsemda i landbruket har vore dårleg dei siste åra, og danske bønder slit med høg gjeld.

Industrien sysselset om lag 10 % av arbeidsstyrken. Dansk industri er prega av at landet har få råvarer, og foredling står difor sentralt. Viktige eksportprodukt i tillegg til næringsmiddel er legemiddel og delar til vindmøller. Danmark har oljeproduksjon i Nordsjøen og er den tredje største oljeprodusenten i Europa, men volumet er mindre enn ein tidel av det norske.

Tenesteytande næringar har lenge vore i vekst, og dansk utanrikshandel med tenester er nesten like omfattande som varehandelen. Sjøtransport er den sektoren som gir størst inntekter når det gjeld utanriks tenestehandel, ettersom Danmark har ein stor utanriksflåte.

Grisar i Flakkebjerg i Danmark. Danmark er ein av dei største eksportørane i verda av svinekjøt. Foto: Kristine Riskær, Flickr.com CC BY 2.0.

Grisar i Flakkebjerg i Danmark. Danmark er ein av dei største eksportørane i verda av svinekjøt. Foto: Kristine Riskær, Flickr.com CC BY 2.0.

Økonomisk og sosial utvikling

BNP ligg på 60 718 US-dollar per innbyggjar (tal frå Verdsbanken, 2014), noko som plasserer Danmark som det 6. rikaste landet i verda. Rikdomen er relativt jamt fordelt, og landet ligg såleis lågt på den såkalla Gini-indeksen, som måler fordelinga av velferd (29,1), men litt høgare enn Noreg (25,9). Den rikaste tidelen av danskane står for 23,5 % av inntektene, medan den fattigaste tidelen står for 2,8 %. Høgast gjennomsnittleg disponibel inntekt har innbyggjarane i København, lågast har dei som bur i regionen Syddanmark. Arbeidsløysa låg i februar 2016 på 4,3 %. Talet på arbeidslause har vore fallande dei siste åra, særleg blant unge.

Danmark har som dei andre nordiske landa ein blandingsøkonomi, med innslag både av fritt marknadssystem og offentleg verksemd. Omfanget av statleg næringsverksemd er noko mindre enn i Noreg og Sverige, medan skattenivået er blant dei høgaste i verda. Dei seinare åra har det skjedd ei liberalisering av dansk økonomi, med mindre offentleg regulering av vare- og kapitalrørsler, som følgje av tilpassinga til EU.

Det er relativt lite drap, kidnappingar og korrupsjon i Danmark samanlikna med dei fleste andre land, men danskane kjem dårlegare ut på statistikken over innbrot og narkotikabrotsverk. København fekk tidleg eit innslag av kriminelle motorsykkelbandar, på dansk 'rockere'. I 1980- og 90-åra kjempa rivaliserande MC-klubbar mot kvarandre, og fleire miste livet. I 2011 rekna det danske politiet med at det var 112 klubbar og 1665 personer innanfor rockar- og bandemiljøet.

Danmark har ein omfattande velferdsstat, med offentlege ytingar til mellom anna sjukehus, sjukeheimar, pensjonar, fødselspengar, arbeidsløysetrygd og bustøtteordningar. I 2013 tok 1,8 millionar danskar imot yting frå det offentlege. Dei siste åra har danske styresmakter gjennomført fleire reformer for å redusere dei sosiale ytingane, mellom anna gjennom mindre høve til førtidspensjon og auka krav til aktivitet for mottakarar av sosialstøtte.

Bygninga 8TALLET, eit bustadkompleks med 476 leilegheiter i København, teikna av BIG. Foto: News Øresund - Jenny Andersson, Flickr.com CC BY 2.0.

Bygninga 8TALLET, eit bustadkompleks med 476 leilegheiter i København, teikna av BIG. Foto: News Øresund - Jenny Andersson, Flickr.com CC BY 2.0.

Kyrkje og religion

Den evangelisk-lutherske kyrkja er dansk statskyrkje og folkekyrkje. Stadig færre danskar er medlemer av kyrkja – medlemstalet minka frå 83 % av folket i 2006 til 77 % i 2016. Dåpstala viser ein nedgang etter tusenårsskiftet. Fram til 2012 melde stadig fleire seg ut av kyrkja kvart år, men sidan er det blitt færre. Av andre kyrkjesamfunn er den katolske kyrkja det største, med ca. 0,6 % av innbyggjarane som medlemer.

Den nest største religionen i Danmark er islam. I 2010 var om lag 4,1 % av danskane muslimar, noko som ein reknar med vil auke til 4,9 % i 2020 og 5,6 % i 2030. Ei spørjeundersøking frå 2015 viste at fleire danske muslimar enn tidlegare sa at dei bad ofte og meinte at Koranen skal følgjast strengt.

Historie

Dansk område blei folkesett då isen trekte seg tilbake omkring 13 000 f.Kr. Dei første menneska her levde av jakt, fangst og sanking. I yngre steinalder (ca. 4000–1700 f.Kr.) blei jeger- og sankarkulturen gradvis avløyst av ein jordbrukskultur, med husdyrhald og korndyrking.

Frå bronsealderen (ca. 1700–500 f.Kr.) finst det teikn til ein meir avansert og lagdelt samfunnsorganisasjon. Mektige graver der den døde har fått med seg praktfulle bronsevåpen og gullsmykke, syner at høvdingar har rådd over større område og hatt høve til å samle seg rikdom. Danmark har verken kopar- eller tinnressursar, så råstoffet til bronsen måtte innførast, og folk må ha drive ei omfattande handelsverksemd med kontinentet. I bronsealderen veit vi at dei budde i hus i Danmark. Tuftene som er funne, viser at dei største husa har vore over 30 meter lange.

Viksø-hjelmane. Desse hjelmane vart funne ved Viksø på Sjælland i Danmark og er frå yngre bronsealder, ca. 1700–500 f.Kr. Truleg har hjelmane blitt brukt i samband med religiøse seremoniar. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Viksø-hjelmane. Desse hjelmane vart funne ved Viksø på Sjælland i Danmark og er frå yngre bronsealder, ca. 1700–500 f.Kr. Truleg har hjelmane blitt brukt i samband med religiøse seremoniar. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Jernet blei teke i bruk i Danmark i løpet av dei siste hundreåra før vår tidsrekning. Jernet blei framstilt av myrmalm, og på Jylland finst det talrike spor etter denne prosessen. Bruken av jern gav ei rekkje nye og meir avanserte reiskapar til bruk i dagleglivet, og frå romersk jernalder (Kristi fødsel–400 e.Kr.) er det gjort mange rike funn. Menneska budde i langhus, som ofte var samla i landsbyar. I tillegg til reiskapar og våpen av jern er det funne gravgods som smykke, beger av glas og drikkekar av bronse og sølv. Hjortspringbåten frå ca. 300 f.Kr. er det eldste funnet av ein plankebygd båt i Skandinavia. Båten var fylt opp med våpen og anna soldatutstyr, og var truleg ein krigarkano.

Frå germansk jernalder (ca. 400–800 e.Kr.) finst det relativt få funn. Samtidig er det teikn til at det har vore ei sterk kongemakt på Jylland mot slutten av denne perioden. Danevirke er eit anlegg av fleire store vollar på grensa mellom Danmark og Tyskland. Det er datert til 700-talet og er blant dei største forsvarsanlegga frå forhistorisk tid i Europa. Truleg har Danevirke fungert som grense mot Frankrike etter at Karl den store la under seg saksiske stammar. I denne perioden blei det etablert byar i landet. I løpet av vikingtida voks Hedeby (Haithabu), i nærleiken av dagens Sleswig, fram til ein av dei viktigaste handelsbyane i Norden. Andre tidlege byar er Ribe og Aarhus.

I løpet av vikingtida (ca. 800–1050 e.Kr.) ekspanderte danane og etablerte busetnad både i England og Normandie. Harald Blåtann var konge i Danmark i andre halvdel av 900-talet og fullførte rikssamlinga og kristninga av landet. Han herska òg over Viken i Noreg (området kring Oslofjorden). Daneveldet nådde si største utstrekning under Knut den mektige, som rådde over både England og Danmark i 1018–35.

Vikingefestival på Trelleborg i 2014. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Vikingefestival på Trelleborg i 2014. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Gjennom slutten av 1000-talet og byrjinga av 1100-talet var dansk historie prega av ufred og borgarkrigar. Kongemakta prøvde å styrkje seg sjølv gjennom samarbeid med kyrkja, som fekk ein sterkare posisjon i samfunnet. I 1104 blei erkebispesetet i Lund oppretta. Kyrkja fekk òg betre økonomi gjennom innføringa av tienda.

Valdemar den store blei einekonge i Danmark i 1157 og la grunnen for ein ny ekspansjonsperiode, denne gongen mot Austersjøen. Det danske interesseområdet strekte seg på det største heilt til Estland. Øresund, det det var eit godt sildefiske, fekk etter kvart ein sentral posisjon i det danske riket. Øresundstollen blei innført kring 1429 og blei ei viktig inntektskjelde for statskassa i fleire hundre år. København voks fram som den viktigaste byen frå 1200-talet, men først i 1443 blei han kongeleg residensby. I 1479 blei Universitetet i København etablert.

Svartedauden ramma Danmark hardt, og liksom i Noreg blei mange gardar liggjande øyde og kyrkjer blei nedlagde etter pesten sine herjingar. Utover i seinmellomalderen miste makteliten ein stor del av inntektsgrunnlaget, men i motsetning til nordmennene heldt danskane oppe kongemakta. Norske Håkon 6. blei gift med Margrete, dotter av danskekongen Valdemar Atterdag. Då son deira, Olav, døydde i 1387, blei Margrete regjerande dronning over dei to landa. Ti år seinare gjekk Sverige saman med Danmark og Noreg i Kalmarunionen.

Den danske kongemakta styrkte stillinga si sørover då kong Kristian 1. blei hertug i Slesvig og greve av Holstein og Stormarn i 1460. Også banda til Noreg blei tettare knytte etter kvart. Bergenstraktaten frå 1450 innførte personalunion med felles konge, og etter reformasjonen blei Noreg eit dansk lydrike. Sverige, derimot, hadde ei friare stilling, og svenskane reiv seg heilt lause frå Kalmarunionen i 1523. I Danmark knytte kongemakta seg stadig tettare til borgarskapen, som blei løna med privilegium. Men også adelen styrkte makta si, ikkje minst etter utfallet av Grevefeiden i 1534–36. Taparane var den katolske kyrkja og bøndene. Den katolske kyrkja i Danmark blei utradert ved reformasjonen i 1536, og alt kyrkjeleg jordegods blei overført til krona. Også mange bønder miste eigedomane sine og blei kongelege festebønder.

Frå midten av 1500-talet og fram til 1814 tevla dansk og svensk kongemakt om dominans i Norden. Dei to landa utkjempa ei rekkje krigar (Den nordiske sjuårskrigen 1563–70, Kalmarkrigen 1611–13, Den tyske krigen (Kejserkrigen) 1625–29, Torstenssonsfeiden 1643–45, Karl Gustav-krigane 1657–60, Gyldenløvefeiden 1675–79, Den store nordiske krigen 1700–20, Tyttebærkrigen 1788–89 og Napoleonskrigane 1808–14). Særleg krigane først på 1600-talet var katastrofale for Danmark. Ved fredsslutningane i 1645 og 1658 måtte Danmark-Noreg avstå store område til Sverige. Statsfinansane var øydelagde og landet utarma. Løysinga blei innføringa av eineveldet i 1660, som braut adelen si økonomiske og militære makt. Krona blei no arveleg, og statsapparatet blei bygd ut, med ein sterkare sentraladministrasjon. Ute i distrikta avløyste amtmenn med fast løn og utan militært mynde dei tidlegare lensmennene. Bøndene si stilling blei stadig verre. I 1733 kom pålegget om stavnsband, som batt dei til å bli på heimstaden (fødestaden).

På 1700-talet tevla Danmark med andre europeiske stormakter om inntektene frå arbeidskraft og ressursar i andre verdsdelar. Danske koloniar i Afrika (den danske Gullkysten), India (Trankebar) og Vestindia (Saint Thomas, Saint Jean og Saint Croix) opplevde ei blomstringstid, takka vere slavehandel og dyrking av bomull, tobakk og sukkerør. Danske handelsselskap etablerte seg òg på Grønland og handla med spekk og skinn. Frå 1776 til 1950 hadde statsselskapet Den Kongelige Grønlandske Handel einerett på all handel med Grønland. I høve til Noreg satsa dei danske einevaldskongane på den såkalla heilskapspolitikken, som gjekk ut på å smelte saman Danmark og Noreg til ei økonomisk, kulturell og politisk eining med København som sentrum. Til dømes hadde danske godseigarar monopol på å forsyne det sønnafjelske Noreg med kornvarer i tidsrommet 1735–88.

Mot slutten av 1700-talet gjennomførte danske styresmakter ei rekkje liberale reformer, i tråd med opplysningsfilosofien. Stavnsbandet og slavehandelen blei avskaffa, og ei ny tollforordning opna for ein friare utanrikshandel. Staten opna òg for større ytringsfridom.

Då Napoleonskrigane braut ut, prøvde den danske regjeringa å halde riket nøytralt, men det førte raskt til konflikt med Storbritannia. I 1807 bombarderte britane København og rana til seg den dansk-norske krigsflåten. Kronprins Frederik erklærte då Storbritannia krig og slutta forbund med Napoleon. Krigsåra enda som ein økonomisk, militær og politisk katastrofe for den danske statsmakta. Ved freden i Kiel i 1814 måtte Danmark avstå Noreg til Sverige, men fekk behalde Island, Grønland og Færøyane.

Under det europeiske revolusjonsåret 1848 kom eineveldet i Danmark under sterkt press. Nasjonalliberalarar i København ivra for reformer, medan Slesvig-Holstein ønskte lausriving. I 1849 blei det vedteke ei grunnlov for Danmark som avskaffa eineveldet og innførte ein folkevald riksdag med lovgivande og løyvande makt. Slesvig-Holstein-saka blei derimot ståande uløyst. Dei nasjonalliberale satsa på elva Eider som statsgrense, men denne politikken slo feil, og Danmark måtte gi slepp på dei tre hertugdøma Slesvig, Holstein og Lauenborg etter ein kort krig i 1864. Det dansk-tyske grensespørsmålet fekk si endelege løysing i 1920, då ei folkerøysting synte fleirtal for attendeføring til Danmark av den nordlege delen av Sønderjylland.

Dansk soldat frå krigen i 1864. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Dansk soldat frå krigen i 1864. Foto: Nationalmuseet - National Museum of Denmark, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Frå midten av 1800-talet og fram til byrjinga av 1900-talet skjedde det ei omlegging i dansk næringsliv. Stadig fleire danskar fekk arbeid innanfor handverk, industri og handel, og byane voks kraftig. Trass i denne utviklinga heldt det eksportretta landbruket fram med å vere ei viktig næring i Danmark. Då billeg oversjøisk korn utkonkurrerte det danske kornet frå slutten av 1860-åra, omstilte bøndene seg raskt til produksjon og eksport av animalske matvarer som smør, egg, kjøt og flesk.

Den politiske maktkampen mot slutten av 1800-talet var prega av striden om innføringa av parlamentarismen. I 1901 leid dei konservative eit markant valnederlag. Det la grunnen for det såkalla «systemskiftet», som innebar at danske regjeringar måtte byggje på eit fleirtal i Folketinget. I 1915 fekk Danmark ei ny grunnlov, som gav kvinner full røysterett på linje med menn.

Under første verdskrigen heldt Danmark seg nøytralt, slik som dei andre skandinaviske landa. Samstundes blei landet svekt som stormakt. Etter ei folkerøysting i 1916 blei dei danske vestindiske øyane selde til USA. To år seinare vedtok den danske riksdagen forbundslova, der Island blei anerkjent som ein suveren stat i personalunion med Danmark. Dei danske krava på Grønland blei derimot sikra etter ein dom ved den internasjonale domstolen i Haag i 1933.

Arbeidarrørsla fekk vind i segla i løpet av krigsåra, og mellomkrigstida i Danmark var ei uroleg tid, prega av klassekamp og motsetningar. I 1924 danna sosialdemokratane si første regjering, med Torvald Stauning i spissen. Etter to år overtok dei borgarlege, men i 1929 kom Stauning tilbake og danna fleirtalsregjering saman med dei radikale. Den nye politikken innebar nedrusting, bedriftsråd og større løyvingar til sosiale føremål.

9. april 1940 blei Danmark angripe av Tyskland, som eit ledd i invasjonen av Noreg. Det danske forsvaret hadde lite å stille opp med, og motstanden blei gitt opp etter få timar, mot ein tysk lovnad om å respektere dansk suverenitet. Danske styresmakter heldt såleis fram med å fungere, og tyskarane slapp å byggje opp eit eige forvaltningsapparat i landet. Men motstanden mot okkupasjonen auka i folket. I 1943 kom det til uro og omfattande sabotasjeaksjonar, og regjeringa, kongen og Riksdagen tredde ut av funksjon. Same året greidde nesten alle dei danske jødane å rømme til Sverige, for å sleppe unna forfølginga frå nazistane.

galleri

Etter andre verdskrigen tok danskane opp arbeidet med ei ny grunnlov, som blei vedteken i 1953. Lova innførte kvinneleg tronfølgje og avskaffa tokammersystemet. Færøyane og Grønland blei sikra representasjon i Folketinget. Island hadde erklært sjølvstende i 1944 og var såleis heilt lausrive frå Danmark. Færøyane og Grønland fekk sjølvstyre i høvesvis 1948 og 1979.

I utanrikspolitikken kom Danmark til å orientere seg mot Vesten og USA. Landet var lite råka av krigsherjingar, men stod etter krigen likevel i ein kritisk økonomisk situasjon, med nedslite produksjonsapparat, valutaunderskot, arbeidsløyse og bustad- og varemangel. I 1947–48 bestemte danske styresmakter seg for å takke ja til Marshallhjelpa frå USA, noko som gav ei solid innsprøyting i økonomien dei neste åra. I 1949 underteikna Danmark Atlanterhavspakta og blei medlem av NATO.

Danmark kom tidleg med i det økonomiske samarbeidet i Europa. Landet blei medlem av EF etter ei folkerøysting i 1972, der 63,3 % sa ja til medlemskap. Då prosessen med sterkare integrering i unionen kom i gang i 1980- og 90-åra, hadde skepsisen blant danskane auka markant. Av dei fem folkerøystingane Danmark har hatt om EU sidan 1986, har tre fått unionsvenlege fleirtal, men aldri høgare enn 57 %. Regjeringa har difor måtta forhandle fram særordningar for dansk medlemskap, og innføringa av euroen som valuta er blitt avvist.

Frå slutten av 1950-åra gjekk Danmark inn i ein vekstperiode, som blei broten med oljekrisa i 1973. Ei ny økonomisk krise ramma landet i byrjinga av 1980-åra, med høg inflasjon og underskot på handelsbalansen. For å løyse problemet førte styresmaktene ein stram finanspolitikk, som førte til lågare import, men òg til lågkonjunktur. Arbeidsløysa skaut i vêret og nådde i 1993 rekordhøge 12 %. I andre halvdel av 1990-åra snudde konjunkturane, og dansk økonomi hadde ei stort sett positiv utvikling fram til finanskrisa råka landet i 2008.

Frå 1960-åra og utetter innførte Danmark ei rekkje lover som gjorde landet verdskjent for frisinnet sitt. Landet var først i verda med legalisering av biletpornografi (1969) og innføring av registrert partnarskap for homofile og lesbiske (1989). Eit anna utslag av denne utviklinga var etableringa av bydelen Christiania i København i 1971, som skulle vere eit alternativt og sjølvstyrt samfunn. I Christiania er cannabis blitt selt openlyst i buer langs hovudgata, som har fått tilnamnet Pusher Street.

Ein aukande straum av gjestearbeidarar i 1960-åra, særleg frå Jugoslavia og Tyrkia, førte til at Danmark innførte innvandringsstopp i 1970, fem år tidlegare enn Noreg. Innvandringa heldt likevel fram, sidan landet tok imot mange flyktningar, og i storbyane voks det fram ghettoliknande område, sterkt prega av innvandrarar. Dei seinare åra har Danmark har hatt eit polarisert offentleg ordskifte når det gjeld innvandring og muslimar. Debatten hardna til etter at avisa Jyllands-Posten offentleggjorde karikaturteikningar av Muhammed i 2005. Muslimar både i Danmark og utlandet protesterte kraftig mot teikningane, men danske styresmakter førte ei kompromisslaus linje til forsvar av ytringsfridomen. I 2015 blei tre menneske drepne og fleire skadde i eit terrorangrep mot ei synagoge og eit seminar om ytringsfridom i København.

Utdanning og forsking

Danske born begynner i 'folkeskolen' det året dei fyller seks. Grunnskuleutdanninga omfattar eitt års førskule ('børnehaveklasse') og ni år i vanleg skule. Elevane kan velje om dei vil ta eit 10. grunnskuleår. Den vidaregåande skulen er i hovudsak 3-årig og er delt i 'gymnasieuddannelse' og 'ervervsuddannelse', svarande til høvesvis studiespesialiserande og yrkesfagleg utdanningsprogram i Noreg. Høgare utdanning er, som i Noreg, delt inn i ein treårig bachelorgrad og ein toårig mastergrad. Sortert ut frå høgaste fullførte utdanning har 19 % av danskane i alderen 25–64 år grunnskule, 41 % vidaregåande skule og 33 % høgare utdanning, medan 1 % har forskarutdanning.

Det danske skulesystemet er i hovudsak offentleg, men omfanget av private skular har auka dei siste åra. I 2015 gjekk 20 % av grunnskuleelevane i friskular, private grunnskular og såkalla 'efterskoler'. Dei sistnemnde er frittståande kostskular for ungdomstrinnet. Over 70 % av finansieringa av privatskulane kjem frå offentlege midlar.

Danmark bruker mykje ressursar på forsking og utvikling. Med 3 % av BNP ligg landet nesten på topp i Europa, berre forbigått av Sverige og Finland. Offentleg sektor bidreg med drygt ein tredel av forskingsmidlane. Av private fond som yter forskingstilskot, er Carlsbergfondet det største. Forskinga skjer både ved universitet, høgskular og private institusjonar.

Dansk forsking har tradisjonar for å ligge langt framme både i naturvitskaplege og humanistiske fag. Tyge Brahe gjorde på 1500-talet observasjonar som vekte oppsikt i samtida, og han blir rekna som ein av grunnleggjarane av astronomifaget. Arbeida til Nils Bohr (1885–1962) har vore epokegjerande for atomfysikken. I alt seks nobelprisar har gått til danske forskarar innanfor naturvitskapar og medisin.

Barn frå ein barnehage ventar på den danske dronninga ved Skagens Museum i 2016. Foto: Skagens Kunstmuseer, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Barn frå ein barnehage ventar på den danske dronninga ved Skagens Museum i 2016. Foto: Skagens Kunstmuseer, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Folkehelse og helsestell

Danmark ligg på 32. plass i verda når det gjeld levealder. Danskane lever omtrent like lenge som den gjennomsnittlege EU-borgaren, men to år kortare enn nordmenn. Dei siste åra har det vore ein nedgang i dødsfall på grunn av hjarte- og karsjukdomar, medan fleire danskar no døyr av kreft, sukkersjuke og mentale lidingar enn tidlegare. Døyingsprosenten blant born er låg – 3,5 ‰ døyr før fylte fem år (2,8 ‰ i Noreg). Få danskar døyr av HIV/AIDS. Ikring 6000 lever med HIV-diagnose.

Undersøkingar viser fleire teikn til eit sunnare levesett hos danskane dei siste tiåra. Mellom anna er det blitt færre røykjarar og færre som har eit risikabelt høgt alkoholinntak. Også inntaket av feitt har gått ned, men likevel er overvekt eit stort folkehelseproblem i Danmark. Ein reknar med at 47 % av vaksne danskar er overvektige og 13 % svært overvektige. Auken i overvekt har særleg skjedd hos yngre og hos personar med låg utdanning eller inntekt.

Det danske helsestellet er i hovudsak drive og finansiert av det offentlege, og alle innbyggjarar har rett til ei rekkje ulike helsetenester. Allmennlegane er privatpraktiserande og får statleg tilskot etter ei ordning ikkje ulik fastlegetenesta i Noreg. Regionane driv sjukehusa og spesialisthelsetenesta elles. Berre seks land i verda bruker ein større sum per innbyggjar på helsestellet enn Danmark. Likevel kom det danske helsestellet berre på 34.‑plass av 191 land på Verdshelseorganisasjonen si rangering i 2000 (ingen nyare statistikk).

Samferdsel og kommunikasjon

Det finst 112,6 mobilabonnement og 40,6 breibandabonnement per 100 innbyggjarar i Danmark, noko som gir høvesvis ein 6.‑ og ein 3.‑plass blant OECD-landa. Dei siste åra har internettbruken auka kraftig i Danmark. I 2015 var det berre 3 % av danskane som aldri hadde brukt internett. Tre av fire i alderen 16–74 år bruker mobiltelefon når dei skal på nettet, og 60 % i denne gruppa nyttar mobilen til sosiale medium.

Danmark er eit land med relativt korte avstandar, og berre ein liten del av reisene skjer med fly. Københavns lufthamn på Kastrup er den mest trafikkerte flyplassen i Norden. Om lag 92 % av passasjerane er utanrikspassasjerar. Andre viktige sivile lufthamner er Aalborg, Aarhus, Billund, Bornholm, Esbjerg og Odense. Det største flyselskapet i Danmark er det interskandinaviske SAS, som er delvis eigd av den svenske, norske og danske staten. Blant andre flyselskap finn vi Danish Air Transport (DAT) og Sun Air of Scandinavia.

Danmark har eit godt utbygd vegnett. Danske motorvegar knyter saman alle landsdelar og har samband til Tyskland og Sverige. Brua over Storebælt opna i 1998 og brua over Øresund i 2000. Seks av ti danske familiar har ein eller fleire bilar til rådvelde. Sykkelen er òg eit mykje brukt transportmiddel i Danmark, og landet har eit godt utbygd nett av sykkelvegar. Talet på trafikkulukker er lågt samanlikna med dei fleste andre land. I 2010 omkom 4,7 per 100 000 danskar i trafikken, mot 4,3 nordmenn.

Syklar. Sykkelen er eit mykje brukt transportmiddel i Danmark, og landet har eit godt utbygd nett av sykkelvegar. Foto: Christer, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Syklar. Sykkelen er eit mykje brukt transportmiddel i Danmark, og landet har eit godt utbygd nett av sykkelvegar. Foto: Christer, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Dei største danske hamnene, målt etter omsetning, er Statoilhamna (ved oljeraffineriet i Kalundborg), Fredericia, Aarhus, København, Rødby Færgehavn, Helsingør og Esbjerg. I 2014 omfatta internasjonal sjøtrafikk 72 millionar tonn, medan innanlandstrafikken utgjorde 20 millionar tonn. Dei viktigaste fiskerihamnene ligg på nord- og vestkysten – Skagen, Strandby, Hirtshals, Thyborøn, Hanstholm og Esbjerg. Danmark har fleire ferjesamband til Noreg og Sverige: frå Hirtshals til Kristiansand, Langesund, Larvik, Stavanger og Bergen, frå Frederikshavn til Oslo og Göteborg, frå Grenå til Varberg, frå Helsingør til Helsingborg og frå København til Oslo. Det finst to ferjesamband til Tyskland: Gedser–Rostock og Rødby–Puttgarden.

Danmark har kring 2600 km jernbaner, og kvart år reiser over 200 millionar passasjerar med tog og metro i landet. Storparten av jernbanenettet blir drifta og vedlikehalde av Banedanmark, som svarer til det norske Jernbaneverket. Dei fleste passasjertoga blir køyrde av Danske Statsbaner (DSB). Danmark har vore seint ute med elektrifisering av jernbanenettet, og framleis køyrer diesellokomotiv på mange strekningar. Det finst tre jernbanesamband til utlandet: til Tyskland frå Jylland og over ferjesambandet Rødby–Puttgarden, og til Sverige over Øresundbrua.

Kjelder

Danmarks Naturfredningsforening og Dyrenes Beskyttelse: Saadan ligger landet ... – tal om landbruget 2015. København 2016

Danmarks Statistik: Befolkningen i 150 år. København 2016

Danmarks Statistik: Danmark i tal 2016. København 2016

Anne Holmen: «Sproglig diversitet blant eleverne i grundskolen – fra problem til potentiale». I Michael Byram ofl.: Sprogfag i forandring – pædagogik og praksis. Frederiksberg 2009, s. 23–54

World Health Organization: Global status report on alcohol and health 2014. Luxembourg 2014

World Health Organization: Global status report on road safety 2015. Italia 2015

World Health Organization: World Health Statistics 2015. Luxembourg 2015

Aarhus Universitet, danmarkshistorien.dk: «Dansk udviklingsbistand», sist oppdatert 26.5.2015: http://danmarkshistorien.dk/leksikon-og-kilder/vis/materiale/dansk-udviklingsbistand/ [lesedato 2.5.2016]

Aarhus Universitet, danmarkshistorien.dk: «Grevens Fejde 1534–36», sist oppdatert 26.5.2015: http://danmarkshistorien.dk/leksikon-og-kilder/vis/materiale/grevens-fejde-1534-36/ [lesedato 27.4.2016]

Aarhus Universitet, danmarkshistorien.dk: «København-Bonn-erklæringerne 1955», sist oppdatert 26.5.2015: http://danmarkshistorien.dk/leksikon-og-kilder/vis/materiale/koebenhavn-bonn-erklaeringerne-1955/?no_cache=1&cHash=7a6e9ae5e535b4671ca9117e2cdbc8c0 [lesedato 22.4.2016]

Aarhus Universitet, Institut for bioscience: «Artsgrupper i den danske rødliste», bios.au.dk, sist oppdatert 13.1.2016: http://bios.au.dk/videnudveksling/til-myndigheder-og-saerligt-interesserede/redlistframe/artsgrupper/ [lesedato 21.4.2016]

Aarhus Universitet, Institut for bioscience: «Skadelige og giftige algeopblomstringer i danske havområder», bios.au.dk, sist oppdatert 13.1.2016: http://bios.au.dk/videnudveksling/til-myndigheder-og-saerligt-interesserede/havmiljoe/algeopblomstring/giftige-alger-i-havet/alger/ [lesedato 21.4.2016]

Aidsfondet: «Hiv og aids i Danmark»: https://aidsfondet.dk/hiv-aids-danmark [lesedato 29.4.2016]

Knut Ove Arntzen: «Teater i Danmark», snl.no, sist oppdatert 25.9.2013: https://snl.no/Teater_i_Danmark [lesedato 25.4.2016]

Svein Askheim, Taran Thune, Anne Welle-Strand og Jørn Wichne Pedersen: «Skole og utdanning i Danmark», snl.no, sist oppdatert 8.11.2013: https://snl.no/Skole_og_utdanning_i_Danmark [lesedato 29.4.2016]

Ole T. Berg og Knut Are Tvedt: «Danmarks politiske system», snl.no, sist oppdatert 22.6.2015: https://snl.no/Danmarks_politiske_system [lesedato 22.4.2016]

Mogens Brøndsted og Ivar Lærkesen: «Danmarks litteratur», snl.no, sist oppdatert 18.11.2013: https://snl.no/Danmarks_litteratur [lesedato 25.4.2016]

Michael Dal: «Dansk som fremmedsprog i Island», hi.is, publisert 5.6.2000: http://mennta.hi.is/vefir/danska/artikler/dansk_fremmedsprog.html [lesedato 22.4.2016]

Danmarks Statistik: «Bruttoledigheden falder fortsat», dst.dk: http://www.dst.dk/da/Statistik/NytHtml?cid=20480 [lesedato 26.4.2016]

Danmarks Statistik: «Faldende folketal i 35 kommuner», dst.dk: http://www.dst.dk/da/Statistik/NytHtml?cid=19248 [lesedato 21.4.2016]

Danmarks Statistik: «Færre og færre er medlemmer af folkekirken», dst.dk: http://www.danmarksstatistik.dk/da/Statistik/NytHtml?cid=21004 [lesedato 26.4.2016]

Danmarks Statistik: ymse statistikk i Statistikbanken: http://www.danmarksstatistik.dk [lesedatoar 21.4.–2.5.2016]

danskebjerge.dk: «De højeste danske tinder»: http://www.danskebjerge.dk/dansktop.htm [lesedato 19.4.2016]

Danske Mediers Oplagskontrol: opplagstal 2014: http://www.do.dk/ [lesedato 25.4.2016]

E24: «Ny verdensrekord for danske vindmøller», e24.no, publisert 15.1.2016: http://e24.no/energi/danmark/ny-verdensrekord-for-danske-vindmoeller/23596546 [lesedato 2.5.2016]

Dag Gundersen: «Dansk», snl.no, sist oppdatert 13.11.2015: https://snl.no/dansk [lesedato 25.4.2016]

Steffen Harrendorf, Markku Heiskanen og Steven Malby (red.): International Statistics on Crime and Justice. Helsinki 2010. https://www.unodc.org/documents/data-and-analysis/Crime-statistics/International_Statistics_on_Crime_and_Justice.pdf [lesedato 26.4.2016]

Sara J. Høgestøl: «Muslimer blir mer religiøse», vl.no, publisert 13.10.2015: http://www.vl.no/nyhet/muslimer-blir-mer-religi%C3%B8se-1.419673 [lesedato 26.4.2016]

Yngve Jarslett og Torolf Rein: «Danmarks forsvar», snl.no, sist oppdatert 29.5.2015: https://snl.no/Danmarks_forsvar [lesedato 22.4.2016]

Karina Søby Madsen: «Bander og rockergrupper i Danmark», faktalink.dk, publisert mars 2013: http://www.faktalink.dk/titelliste/bandekrigen-i-danmark/bander-og-rockergrupper-i-danmark [lesedato 26.4.2016]

Karina Søby Madsen og Kasper Qvist Færgemann: «Folketingsvalg i Danmark», faktalink.dk, publisert juni 2015: http://www.faktalink.dk/titelliste/folketingsvalg-i-danmark/hele-faktalinket-om-folketingsvalg-i-danmark [lesedato 21.4.2016]

Jan Erik Nilsen og Odd Bruce Hansen: «Dyreliv i Danmark», snl.no, sist oppdatert 28.4.2016: https://snl.no/Dyreliv_i_Danmark [lesedato 21.4.2016]

norden.org: «Fakta om Norden – språk»: http://www.norden.org/no/fakta-om-norden/spraak [lesedato 22.4.2016]

OECD: «Digital Economy Outlook Tables 2015», oecd.org: http://www.oecd.org/sti/deo-tables-2015.htm [lesedato 29.4.2016]

OECD: OECD Broadband Portal, oecd.org, sist oppdatert 23.7.2015: http://www.oecd.org/sti/broadband/oecdbroadbandportal.htm [lesedato 29.4.2016]

Pew Research Center: «The Future of the Global Muslim Population», pewforum.org, publisert 15.1.2011: http://www.pewforum.org/interactives/muslim-population-graphic/#/Denmark [lesedato 26.4.2016]

Project Atlas: «International students in Denmark» og «Denmark's Students Overseas»: http://www.iie.org/Services/Project-Atlas/Denmark/International-Students-In-Denmark#.VycYLj9eQfE og http://www.iie.org/Services/Project-Atlas/Denmark/Denmarks-Students-Overseas#.VycYaD9eQfE [lesedato 2.5.2016]

Roger Pihl: «Danmark», snl.no, sist oppdatert 1.1.2016: https://snl.no/Danmark [lesedato 20.4.2016]

Hans Skoie og Svein Askheim: «Vitenskap og forskning i Danmark», snl.no, sist oppdatert 2.2.2012: https://snl.no/Vitenskap_og_forskning_i_Danmark [lesedato 29.4.2016]

Nils Spjeldnæs: «Danmark – geologi», snl.no, sist oppdatert 27.11.2013: https://snl.no/Danmark%2Fgeologi [lesedato 20.4.2016]

sprakradet.no: «Dansk», http://www.sprakradet.no/Spraka-vare/Spraka-i-Norden/Dansk/ [lesedato 25.4.2016]

sproget.dk: «Hvor mange dialekter findes der i Danmark?», http://sproget.dk/temaer/dialekter/hvor-mange-dialekter-findes-der-i-danmark [lesedato 22.4.2016]

Store norske leksikon: «Danevirke», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Danevirke [lesedato 27.4.2016]

Store norske leksikon: «Dannebrog», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Dannebrog [lesedato 19.4.2016]

Store norske leksikon: «Musikk i Danmark», snl.no, sist oppdatert 3.10.2015: https://snl.no/Musikk_i_Danmark [lesedato 25.4.2016]

Store norske leksikon og Roger Pihl: «Danmarks befolkning», snl.no, sist oppdatert 23.7.2015: https://snl.no/Danmarks_befolkning [lesedato 21.4.2016]

Sundhedsstyrelsen: «Overvægt», sundhedsstyrelsen.dk, sist oppdatert 30.10.2015: http://sundhedsstyrelsen.dk/da/sundhed-og-livsstil/overvaegt [lesedato 29.4.2016]

The World Bank: «GDP per capita (current US$)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.PCAP.CD [lesedato 26.4.2016]

The World Bank: «Health expenditure per capita (current US$)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/SH.XPD.PCAP [lesedato 29.4.2016]

The World Bank: «International tourism, number of arrivals», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/ST.INT.ARVL [lesedato 26.4.2016]

The World Bank: «World Development Indicators: Distribution of income or consumption», worldbank.org: http://wdi.worldbank.org/table/2.9 [lesedato 26.4.2016]

Peikarar

Danmarkshistorien.dk, Aarhus Universitet

Først publisert: 28.10.2016
Sist oppdatert: 04.11.2016