Hopp til innhold
Det færøyske flagget.
Det færøyske flagget.
X
Innhald

Færøyane

Færøyane er ei øygruppe i Atlanterhavet om lag midt mellom Skottland og Island. Øygruppa er ein del av det danske kongedømet, men har stor grad av sjølvstyre. Dei rike fiskeområda i farvatna kring øyane og ei stor oppdrettsnæring gjer at fisk er nær einerådande i eksporten frå øyane.

Færøyane har etter heimestyrelova frå 1948 stor grad av sjølvstyre, men er ein del av kongedømet Danmark. Sjølvstyret er eit parlamentarisk demokrati, der statsministeren på Færøyane leier Landsstyret, den færøyske regjeringa. Frå landnåmstida på 800-talet busette nordmenn seg på øyane, og den færøyske historia er tett voven saman med norsk og dansk historie.

Dei 18 øyane som utgjer Færøyane, ligg nord for Skottland med Atlanterhavet i vest og Norskehavet i aust. I hovudstaden Tórshavn bur 21 000 av dei vel 50 000 innbyggjarane, som elles fordeler seg på 17 av dei 18 øyane.

Den isolerte plasseringa til øyane har gjort at språk og særeigne kulturtrekk har vorte haldne i hevd. Færøyane er eit land med høg levestandard, høg verdiskapning og eit godt utbygd helsevesen. Arbeidsløysa er i 2018 på berre 2,1 prosent, og det er få i yrkesaktiv alder som er ute av arbeidsmarknaden. Fråflytting og eit aldrande folk har vore ei kjelde til uro, men dei siste åra har folketalet vakse, og landet har handelsoverskot overfor utlandet. Færøyane er ikkje ein del av Den europeiske unionen.

Kvalfangar med fiskereiskap og båt, datert 1890–1910. Foto: Severin Worm-Petersen. Kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 11535. CC BY 4.0.

Bilete av færøysk kvalfangar med fiskereiskap og båt, datert 1890–1910. Foto: Severin Worm-Petersen. Kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 11535. CC BY 4.0.

Historie og samfunn

Færøyane vart busett av norske vikingar på 800-talet, og øyane vart ein del av den norske krona i 1035. Færøyane vart kristna med makt i år 1000 og følgde Noreg inn i kongedømet Danmark-Noreg i 1380. Først med Kielfreden etter napoleonskrigane i 1814 skilde Færøyane og Noreg lag. Strenge monopollover regulerte handelen til dei isolerte øyane heilt fram til midten av 1800-talet. Først då desse lovene vart oppheva i 1856, braut det tradisjonelle landbrukssamfunnet opp, og eit kommersielt fiske førte landet inn i ein moderne marknadsøkonomi.

Under andre verdskrigen okkuperte britiske styrkar øyane. Krigsinnsatsen på alliert side, der den færøyske fiskeflåten var viktig, styrkte den nasjonale sjølvkjensla. Færøyske fartøy nytta det færøyske flagget under krigen, og i ei folkeavrøysting i 1946 vart det fleirtal for at Færøyane skulle verte sjølvstendig. Folkerøystinga vart forkasta av dei danske styresmaktene på grunn av låg valdeltaking, men med heimstyrelova frå 1948 fekk Færøyane ein stor grad av sjølvstyre. Etter ein kraftig vekst i investeringane i 1980-åra råka ei alvorleg økonomisk krise fiskeria og landet i byrjinga av 1990-åra. Krisa viste att i folketalsutviklinga, og først i 2003 var folketalet oppe på same nivå igjen. Frå 2001 har det vorte leita etter olje på den færøyske kontinentalsokkelen. Det har ikkje vorte oppdaga drivverdige førekomstar enno, men færøyingane har store forhåpningar om eit mogleg oljeeventyr.

Færøyane er eit velferdssamfunn, med offentleg finansiert helsetilbod og utdanning for alle. Dei gode levekåra syner seg mellom anna i at Færøyane har den høgaste venta levealderen i Norden (83,7 år for menn og 84,5 år for kvinner). Vel 80 prosent av folket på Færøyane er medlemer i folkekyrkja, som er evangelisk-luthersk.

Lagmann Aksel Vilhelmson Johannesen. Foto: Magnus Fröderberg / norden.org. CC BY-NC-SA 4.0.

Lagmann Aksel Vilhelmson Johannesen. Foto: Magnus Fröderberg – norden.org. CC BY-NC-SA 4.0.

Politikk og økonomi

Færøyane har stor grad av sjølvstyre innanfor det danske kongedømet. Tilhøvet til Danmark er regulert etter heimstyrelova frå 1948. Sjølvstyret er organisert som eit parlamentarisk demokrati og minner mykje om styresettet vi finn i dei skandinaviske landa. Landsstyret, den færøyske regjeringa, vert leidd av lagmannen, tilsvarande vår statsminister. Den lovgivande forsamlinga, Lagtinget, har 33 medlemer, som er valde for fire år. Lagtinget kom saman på Tinganes allereie før år 900 og er dermed eit av dei eldste parlamenta i verda. Færøyane har to representantar i den danske nasjonalforsamlinga, Alltinget.

Fiskeri og oppdrettsnæring er berebjelkane i den færøyske økonomien og står for meir enn 95 prosent av eksportinntektene. Russland er den viktigaste handelspartnaren og stod i 2017 for 29 prosent av handelsinntektene. Turisme er òg ei viktig næring for det særmerkte øysamfunnet, som i 2007 gjekk til topps i National Geographic si kåring av øysamfunn. Kåringa studerte det som vart kalla «integriteten», det som gjorde samfunna unike, til 111 øysamfunn. Vurderinga tok omsyn til natur, kultur og måten historia til øyane vert teken vare på.

Språk

Færøyane vart i norrøn tid kalla Færeyjar, der den første nemninga «fær» kjem frå ei vestnorsk form for får, altså sau. Namnet tyder altså «saueøyane». Frå reformasjonen i 1538 var det danske språket einerådande, utanom daglegtalen på færøysk. Dansk var kyrkjespråk, skulespråk og språk for alt som hadde med styringa av øyane å gjere. På Færøyane har kampen for sjølvstende og kampen for det færøyske språket vore tett samanvovne. Frå 1912 fekk elevar i skulen lære færøysk, men då berre som eit hjelpespråk for å lære andre fag. I 1938 vart færøysk likestilt med dansk, og etter heimstyrelova frå 1948 vart færøysk førstespråk i skulen. Framleis lærer alle elevar på Færøyane dansk som første framandspråk i skulen. Engelsk er òg obligatorisk framandspråk i skulen.

Byste av William Heinesen. Skulptur av Dyre Vaa, 1972. Vest-Telemark Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr. DVS.0052. CC BY-NC-SA 4.0..jpg?w=600

Dyre Vaa sin bronseskulptur av William Heinesen. 1972. Kjelde: Vest-Telemark Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr. DVS.0052. CC BY-NC-SA 4.0.

Kunst, kultur og idrett

Det vert gitt ut mange færøyske bøker. 104 titlar (2017), fordelte på ulike sjangrar, er mykje for eit språkområde med vel 50 000 innbyggjarar. Øyane har fostra mange kjende forfattarar. William Heinesen (1900–91) fekk Nordisk råds litteraturpris i 1965 for den historiske romanen Det gode håb. I 1986 fekk Rói Patursson den same prisen for poesisamlinga Líkasum. Dei siste åra har musikklivet blomstra i ei rad sjangrar. Tungrockbandet Týr er internasjonalt kjent, og Eivør Pálsdóttir har frå ho gav ut færøyske balladar i 2000, spela alt frå jazz og klassisk musikk til rock og folk music. Tróndur Patursson og Hansina Iversen kan stå som representantar for dei mange skapande kunstnarane frå Færøyane. Kringvarp Føroya er allmennkringkastaren, som dels sender fjernsynsprogram på færøysk, men òg mykje på dansk frå Danmarks Radio. Sosialurin er avisa med det største opplaget, og ho kjem ut tre dagar i veka. Færøyane har sitt eige universitet, etter et Fróðskaparsetur Føroya i Tórshavn fekk universitetsstatus i 1990.

Den gamle bydelen Tinganes i Tórshavn, hovudstaden på Færøyane. Foto: Stig Nygaard på flickr.com. CC BY 2.0.

Den gamle bydelen Tinganes i Tórshavn, hovudstaden på Færøyane. Foto: Stig Nygaard på flickr.com. CC BY 2.0.

Demografi

Færøyane er eit homogent samfunn, der flyttestraumen dei siste tiåra kan sjåast i samanheng med dei økonomsike svingingane. Under den økonomiske krisa i byrjinga av 1990-åra reiste mange frå øyane. Størst både inn- og utvandring er det frå og til Danmark, men òg frå og til dei andre nordiske landa. Berre 250 personar kom flyttande til Færøyane frå andre land enn dei nordiske i 2017.

Lundefugl på Færøyane. Foto: Judith på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Bilete av lundefugl på Færøyane. Foto: Judith på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Klima og natur

Klimaet på Færøyane har nær samanheng med den varme Golfstraumen og kalde havstraumar frå nord. Klimaet er klassifisert som maritimt subarktisk, med milde vintrar og kjølige somrar. Det regnar mykje, hovudstaden Tórshavn har 273 regndagar i året, og særleg om somrane ligg det ofte skodde over øyane. Kraftig vind er vanleg, og vêret er omskifteleg.

Gjennom den siste istida vart Færøyane skura reint til berget, og det har sidan den tid ikkje vore skikkeleg skog på øyane. Det finst få plantar, og den dominerande vegetasjonen er grasheier med innslag av lyng og blåbær.

Dyrelivet på Færøyane er prega av at dette er eit øysamfunn som ligg langt frå større landområde. Det er mengder av sjøfugl, fisk og dyr i havet, medan dyra på land har kome dit med menneska. Sauen, som har gitt namn til øyane, har spela ei stor rolle i landbruket. Færøyane er òg kjende for fangst av grindkval, noko som dei siste åra har møtt sterk motstand frå dyrevernsaktivistar i organisasjonen Sea Shepherd.

Meir enn halvparten av energiproduksjonen på Færøyane kjem frå vind- og vasskraft. Målet til styresmaktene er at all energi skal kome frå fornybare kjelder innan 2030. Færøyane er avhengig av fiskeria, og dermed av svingingar i fiskebestandane. Samfunnet er difor vart for klimaendringar som verkar inn på livet i havet. Forureining av havet skaper òg uro, og opphoping av kvikksølv og miljøgifter i den tradisjonelle kosten grindkval er allereie eit stort problem. Bestandane av fuglane lomvi og lundefugl har minka i fuglefjella.

Kjelder

Ingrid Falktoft Andersen: Færøerne. Historie og samfund, kunst og kultur. Aarhus 2012

Ottar Fyllingsnes: Færøyane. Leikanger 2016

Tina Adel Hoff,: Danmark og Færøerne. En historisk undersøgelse af udviklingen i relationen mellem Danmark og Færøerne 1850–2010. København 2012

Steinar Imsen: Land og folk i den norrøne verda ca. 900 til 1450. Oslo 2015

Stein Stove (red.): Færøyene – frendeland i vest. Festskrift Norsk-Færøysk Lag 50 år. Oslo 1981

G.V.C. Young: From the Viktings to the Reformation. A Chronicle of the Faroe Islands up to 1538. Isle of Man 1979

Faroe Island in figures 2018. Hagstova Føroya 2018

 

BBC: «Regions and territories: Faroe Islands», news.bbc.co.uk: http://news.bbc.co.uk/2/hi/europe/country_profiles/3434335.stm [lesedato 30.10.2018]

CIA: «Faroe Islands», The World Factbook, cia.gov: https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/fo.html [lesedato 30.10.2018]

Danmarks Meterologiske Institut: «Klimaet på Færøerne», dmi.dk: http://www.dmi.dk/klima/klimaet-frem-til-i-dag/faeroeerne/ [lesedato 30.10.2018]

Offisiell nasjonal statistikk for Færøyane, hagstova.fo: http://www.hagstova.fo/en [lesedato 30.10.2018]

Arne Strid og Kai Larsen: «Færøerne – planteliv», denstoredanske.dk: http://denstoredanske.dk/Natur_og_milj%C3%B8/Botanik/Plantev%C3%A6kst_Danmark,_F%C3%A6r%C3%B8erne_og_Gr%C3%B8nland/F%C3%A6r%C3%B8erne_(Planteliv) [lesedato 22.10.2018]

«The official gateway to the Faroe Islands», faroeislands.fo: https://www.faroeislands.fo [lesedato 30.10.2018]

Verdsbanken: «Faroe Islands. Country Profile», worldbank.org: http://databank.worldbank.org/data/views/reports/reportwidget.aspx?Report_Name=CountryProfile&Id=b450fd57&tbar=y&dd=y&inf=n&zm=n&country=FRO [lesedato 30.10.2018]

Peikarar

Færøysk språk, allkunne.no

Først publisert: 18.03.2019
Sist oppdatert: 19.03.2019