Hopp til innhold
X
Innhald

Frankrike

Frankrike er det største landet i Vest-Europa i utstrekning og det nest største i folketal. Heilt sidan mellomalderen har landet vore blant dei sentrale europeiske stormaktene, og fransk språk og kultur er utbreidd i mange land.   

Frankrike høyrer til blant dei eldste nasjonalstatane i verda og har røtene sine i Frankarriket, som oppstod på slutten av 400-talet. Landet er ein parlamentarisk-demokratisk republikk.

Landet ligg langt vest på det europeiske kontinentet, med Den engelske kanalen og Atlanterhavet i vest, Middelhavet i sør og Alpane og elva Rhinen i aust. Det franske fastlandet grensar til Belgia, Luxembourg, Tyskland, Sveits, Italia, Monaco, Spania og Andorra. Til Frankrike høyrer òg øya Korsika i Middelhavet, og dessutan Fransk Guyana i Sør-Amerika og ei rad øyar i Karibia, Indiahavet og Stillehavet.

Frankrike har ei fortid som kolonimakt. Også etter at koloniveldet tok slutt i 1950- og 60-åra har landet hatt sterk innverknad, særleg i mange afrikanske land. Frankrike er ei atommakt, er NATO-medlem og har fast sete i Tryggingsrådet i FN.

Frankrike er ein velutvikla velferdsstat og ligg på 25.‑plass av landa i verda målt i brutto nasjonalprodukt per innbyggjar. Dei siste åra har liberalisering, økonomiske kriser og innvandring sett velferda under press. I 2019 var 8,7 prosent av franskmennene arbeidslause. Det var det lågaste nivået på ti år, men blant ungdom var over 20 prosent arbeidslause. Landet har høg statsgjeld.

Innanfor kulturlivet har Frankrike vore eit føregangsland og har hatt stor påverknad elles i verda. Det gjeld både vitskap, litteratur, kunst og mote.

Historie og samfunn

I mellomalderen var Frankrike dominert av adel og stormenn, men på 1600-talet gjorde den franske kongemakta slutt på dette. Eineveldet blei innført, og den tidlegare sterke lensmakta blei sentralisert. Kongen fekk uavgrensa makt.

Opplysningstida på 1700-talet førte til nye idear om maktdeling og ytringsfridom, samtidig som borgarskapet kravde eit friare næringsliv. Under revolusjonen i 1789 blei det danna ei nasjonalforsamling, og eineveldet blei avskaffa. Samstundes miste adelen og dei geistlege privilegia dei tidlegare hadde hatt, mellom anna skattefridom. Nasjonalforsamlinga vedtok ei erklæring om menneskerettar, som slo fast at alle menneske er fødde frie og like. Erklæringa inspirerte til demokratisk utvikling i andre land, mellom anna i Noreg.

Etter napoleonstida, med vedvarande krigar, veksla Frankrike på 1800-talet mellom nye revolusjonar – i 1830, 1848 og 1870 – og reaksjon. Landet gjekk frå å vere monarki til republikk og så keisardøme, før eit stabilt republikansk styre kom på plass i 1871. Under andre verdskrigen blei landet okkupert av Nazi-Tyskland, men frigjort etter at allierte troppar gjekk i land i Normandie på D-dagen 6. juni 1944.

I 1950-åra prøvde Frankrike å slå ned frigjeringsrørsler i fleire koloniar, særleg i Vietnam og Algerie, til høge politiske kostnader. Frigjeringshelten frå andre verdskrigen, Charles de Gaulle, overtok som president og sette i verk eit reformprogram. I 1968 tok det til ein ny periode med uro, då franske studentar gjorde opprør, og millionar av arbeidarar streika.

I 2018 oppstod protestrørsla «Dei gule vestane». Rørsla har utvikla seg til eit landsomfattande opprør mot president Emmanuel Macron og reformene han innførte etter valet i 2017.

Heilt sidan den franske revolusjonen har sterke krefter i Frankrike arbeidd for å avgrense kyrkja si makt, og den franske staten er i dag strengt ikkje-religiøs. Det blir slått ned på religiøs symbolbruk i skulane, til dømes hijab. Omkring halvparten av det franske folket høyrer til den katolske kyrkja, og 7–8 prosent er muslimar.

Dei fleste franske barn går i førskule frå dei er tre år gamle. Det er pliktig skulegang i barneskulen (6–11 år) og ungdomsskulen (11–15 år). Vidaregåande skular er for ungdom i alderen 15–18 år, og halvparten av elevane tek studieførebuande utdanningsprogram. Universitetsutdanninga er som i Noreg inndelt i bachelor-, master- og doktorgradsutdanning. I motsetning til Noreg har Frankrike ei rekkje eliteskular som tradisjonelt har utdanna storparten av landet sin politiske og vitskaplege elite.

Politikk og økonomi

Frankrike sitt politiske system blir ofte kalla «den femte republikken». Bakgrunnen var den politiske krisa under frigjeringskrigen i Algerie, som førte fram til ei grunnlov frå 1958. Presidenten blir vald direkte av folket. Han utnemner regjeringsmedlemene og har stor politisk makt. Den lovgivande makta ligg hos parlamentet, som er delt i senatet og nasjonalforsamlinga. Administrativt er Frankrike delt inn i 22 regionar og 101 departement. Dette er geografiske einingar som er leidde av folkevalde forsamlingar. Tidlegare har landet vore svært sentralstyrt, men dette systemet er mjuka noko opp gjennom dei siste tiåra. Til dømes ligg dei regionale styresmaktene i mykje mindre grad enn tidlegare under statleg kontroll.

Den franske økonomien er den sjuande største i verda. Landet har ei rad store industribransjar og er verdsleiande innanfor produksjon av mellom anna fly, bilar, tog, kosmetikk og luksusvarer. Servicesektoren er den største og utgjer 70 prosent av bruttonasjonalproduktet. Landbruket er òg viktig, og Frankrike er den største vineksportøren i verda. Landet er svært populært blant turistar og er det mest besøkte i verda – 87 millionar turistar i 2017.

Språk

Landsnamnet er la République Française. Namnet kjem frå frankarane, ei germansk stamme som levde i nærleiken av Rhinen. I Sør-Tyskland ligg ein region som framleis blir kalla Franken. Opphavet til ordet «frank» er usikkert, det er blitt tolka som «kastespyd» eller «lanse». Tydinga «å vere fri», som i uttrykket «fri og frank» er truleg utvikla frå stammenamnet, ikkje omvendt.

Fransk er det einaste offisielle språket i landet, og det har vore ei medviten linje i fransk politikk å styrkje og verne om nasjonalspråket. Det finst likevel ei rad regionspråk, mellom dei oksitansk, langue d'oïl, elsassisk, bretonsk, katalansk, korsikansk og baskisk. Arabisk er det største minoritetsspråket og blir snakka av eit par millionar menneske. Franske skuleelevar lærer eit valfritt framandspråk frå første året i barneskulen, 90 prosent vel engelsk.

Kultur, kunst og idrett

Fransk litteratur er svært vidfemnande og står sentralt i verdslitteraturen. Fleire sjangrar har sitt opphav i landet, deriblant symbolismen på 1800-talet og surrealismen på 1900-talet. Framståande forfattarar er mellom andre Victor Hugo, Albert Camus, Jean-Paul Sartre, Simone de Beauvoir, Michel Houellebecq og Anna Gavalda.

Kunstmiljøet i Paris dominerte i lang tid målarkunsten i verda, og mange kunstnarar frå andre land søkte hit. Blant viktige franske målarar kan vi nemne Édouard Manet, Claude Monet, Paul Gauguin og Paul Cézanne.

Innanfor musikklivet er Frankrike særleg kjend for den rike visetradisjonen, med artistar som til dømes Edith Piaf og Yves Montand.

Av idrettar er fotball, tennis og sykling blant dei mest populære i Frankrike. Det største arrangementet er landevegsrittet Tour de France, som samlar millionar av tilskodarar og fjernsynssjåarar i inn- og utland.

Fransk kokekunst er verdskjend og har sett mange av standardane i internasjonal gastronomi. Sausar og bruk av urter og grønsaker er viktige innslag i det franske kjøkkenet, men det er òg kjent for meir spesielle råvarer, til dømes sniglar, froskar og trøflar. Franske namn på matrettar har spreidd seg til mange språk, også norsk, mellom anna pommes frites, kotelett, buljong og mange andre.

Frankrike har sterke vitskaplege tradisjonar og er eit av dei europeiske landa som satsar mest på forsking og utvikling. Romforsking og forsking på atomenergi er blant dei store satsingsområda.

Eiffeltårnet i Paris blei bygt til Verdsutstillinga i 1889. Bilete er frå 2018. Kjelde: flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Eiffeltårnet i Paris blei bygt til Verdsutstillinga i 1889. Biletet er frå 2018. Kjelde: barnyz på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Demografi

Etter andre verdskrigen har Frankrike hatt stor innvandring frå dei tidlegare koloniane. Arabisktalande nordafrikanarar utgjer ei av dei største innvandrargruppene i landet i dag, men Frankrike har òg teke imot mange arbeidsinnvandrarar frå andre EU-land, mest frå Italia, Spania og Portugal. Om lag 12 prosent av innbyggjarane i Frankrike er fødde i utlandet.

Frankrike har hatt ei stor tilstrøyming av asylsøkjarar også etter flyktningkrisa i 2015. I 2017 passerte talet 100 000. Dei siste åra har innvandring spela ei viktig rolle i fransk politikk, og det innvandringskritiske partiet Nasjonal Samling (tidlegare Nasjonal Front) har hatt stor oppslutning. Fleirtalet av franskmenn bur i byar, kring ein femdel i Paris og områda rundt.

Klima og natur

Frankrike kan delast i fire geografiske soner når det gjeld klima, dyreliv og planteliv. Den atlantiske sona i vest har eit mildt klima og relativt mykje nedbør. Landskapet er prega av sletter og låge åsar, somme stader lauvskog og lyngheiar. Lenger aust ligg ei kontinental sone med innlandsklima, der vi finn åsar og høgsletter med eik- og bøkeskogar. Kysten i sør høyrer til middelhavssona, med tørre, varme somrar og regnfulle vintrar. Her er landskapet dominert av oliventre, eikeskogar og kratt. Fjellkjedene Alpane og Pyreneane utgjer fjellsona, og i dei høgaste områda finst det evig snø og is.

Det er stor breidd i det biologiske mangfaldet i Frankrike, og mange av dei europeiske dyreartane i Europa heldt til her. Til dømes finn vi 55 prosent av dei europeiske amfibia i Frankrike, og 58 prosent av dei hekkande fugleartane.

Den viktigaste kjelda til elektrisk energi i Frankrike er kjernekraft (75 prosent). Det er planar om å trappe dette ned til 50 prosent i 2020-åra og samtidig byggje ut vind- og solenergi. Frankrike har òg godt med vasskraftressursar.


Kjelder

World Health Organization: Global status on alcohol and health 2018. Genève 2018

Catherine Banet og Jørgen Wettestad: «Frankrike som EUs nye klimaleder?», energiogklima.no, publisert 1.11.2018: https://energiogklima.no/kommentar/frankrike-som-eus-nye-klimaleder/ [lesedato 1.6.2019]

BBC: «Languages across Europe. France», bbc.co.uk: http://www.bbc.co.uk/languages/european_languages/countries/france.shtml [lesedato 20.8.2019]

Natasja Broström: «Den franske revolusjon: Slik forløp Frankrikes blodigste opprør», historienet.no, publisert 9.7.2018: https://historienet.no/krig/revolusjon/den-franske-revolusjon-slik-forlop-frankrikes-blodigste-oppror [lesedato 20.8.2019]

CEIC Data: «France Unemployment Rate», ceicdata.com: https://www.ceicdata.com/en/indicator/france/unemployment-rate [lesedato 31.5.2019]

Eurostat: «Foreign-born population by country of birth, 1 January 2016», ec.europa.eu, sist oppdatert 10.4.2017: [lesedato 1.6.2019]

Expatica: «A guide to French education», expatica.com, sist oppdatert 15.8.2019: https://www.expatica.com/fr/education/children-education/a-guide-to-french-education-101147/ [lesedato 20.8.2019]

FocusEconomics: «The World's Top 10 Largest Economies», focus-economics.com, sist oppdatert 8.11.2018: https://www.focus-economics.com/blog/the-largest-economies-in-the-world [lesedato 31.5.2019]

Historienet: «Hvor mange revolusjoner har Frankrike hatt?», historienet.no, publisert 12.7.2012: https://historienet.no/krig/revolusjon/hvor-mange-revolusjoner-har-frankrike-hatt [lesedato 20.8.2019]

Inventaire National du Patrimoine Naturel: «Biodiversity – What biodiversity in France?», inpn.mnhn.fr: https://inpn.mnhn.fr/informations/biodiversite/france?lg=en [lesedato 1.6.2019]

Marit Kolberg og Philip Alan Lote: «Brakseier for Macron med rekordlav valgdeltakelse», nrk.no, sist oppdatert 19.6.2017: https://www.nrk.no/urix/brakseier-for-macron-med-rekordlav-valgdeltakelse-i-frankrike-1.13565099 [lesedato 1.6.2019]

OECD: «Adult education level», data.oecd.org: https://data.oecd.org/eduatt/adult-education-level.htm [lesedato 1.6.2019]

Online Etymology Dictionary: «Frank», etymonline.com: https://www.etymonline.com/word/frank [lesedato 31.5.2019]

Geir Salvesen: «Hijab-forbud i skolen? Hodeplagg og symboler? Slik er reglene i andre land», aftenposten.no, sist oppdatert 7.12.2015: https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/a4o5/Hijab-forbud-i-skolen-Hodeplagg-og-symboler-Slik-er-reglene-i-andre-land [lesedato 20.8.2019]

Elin Sørsdahl: «Macron strammer inn på innvandring etter asylrekord», tv2.no, publisert 27.2.2018: https://www.tv2.no/a/9707072/ [lesedato 1.6.2019]

Trading Economics: «France Youth Unemployment Rate», tradingeconomics.com: https://tradingeconomics.com/france/youth-unemployment-rate [lesedato 31.5.2019]

Daniel Workman: «Wine Exports by Country», worldstopexports.com, publisert 1.8.2019: http://www.worldstopexports.com/wine-exports-country/ [lesedato 20.8.2019]

The World Bank: «GDP per capita (current US$)», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.PCAP.CD [lesedato 31.5.2019]

The World Bank: «International tourism, number of arrivals», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/ST.INT.ARVL [lesedato 1.6.2019]

Peikarar

FN-sambandet: «Frankrike», fn.no https://www.fn.no/Land/Frankrike

Tine Dahl og Even Kjølleberg: «Da 1968 ble '68», nrk.no https://www.nrk.no/arkiv/artikkel/manedens-tema-mai-2008-1.5524768

Thomas Westerström: «Från ungdomsuppror till generalstrejk – maj 1968 i Frankrike», arbetartidningen.se https://arbetartidningen.se/2018/06/13/fran-ungdomsuppror-till-generalstrejk-maj-1968-i-frankrike/

Simon Fontvielle: «De gule vestene: et fransk opprør», voxpublica.no https://voxpublica.no/2018/12/de-gule-vestene-et-fransk-oppror/

Først publisert: 11.11.2019
Sist oppdatert: 22.11.2019