Hopp til innhold
X
Innhald

Island

Island er det nordiske landet som ligg lengst vest. Det vart folkesett av vestlendingar på 800-talet, og har i dag ca. 325 000 innbyggjarar. Landet har vore ein sjølvstendig republikk sidan 1944.

Island er det vestligaste og minste landet i den nordiske fellesskapen. Island er ei øy, og det tek eit par timar å reise dit med fly frå Noreg. Landet ligg like sør for Polarsirkelen, midt i Atlanterhavet, geologisk i skjeringa mellom dei nordamerikanske og euroasiatiske kontinentalplatene. Nordmenn kjenner landet og folket gjennom framståande diktarar som nobelprisvinnaren Halldór Kiljan Laxness og dei islandske ættesogene. Mange kjenner òg islandsk kultur gjennom populærmusikk og fotball. Og norske fiskarar har i hundreår samarbeidd og konkurrert med islandske kollegaer.

For nordmenn er Island ein eksotisk stad, med vulkanar, geysirar og varme kjelder som gjer det mogleg å bade utandørs også vinterstid. «Den blå lagune», som nyttar varmt vatn frå eit varmekraftverk i nærleiken, er ein av dei største turistattraksjonane på Island.

Den blå lagune foto clry2 CC BY SA 2.jpg?w=600

Den blå lagune. Foto: clry2, CC BY SA 2.0

Ressursane i landet er knytte til havet og dei varme kjeldene. Men Island har ei godt utdanna befolkning, som er tilpassa tenesteyting i det 21. hundreåret. I 1990-åra bygde islendingar opp ei omfattande finansnæring, men ho kollapsa i 2008. Berre 1,2 prosent av landarealet kan dyrkast, og Island må difor importere mange landbruksvarer. Men no utnyttar dei jordvarmen til intensivt jordbruk i drivhus, og dei kan jamvel dyrke frukt og grønsaker som ein ikkje ventar å finne så langt nord. Landarealet er elles prega av lava og høgfjell med mange isbrear. Den geografiske og geologiske plasseringa har òg følgjer for den politiske orienteringa: Island er eit europeisk og nordisk land, med sterke band til USA og Canada. Landet er medlem av Nato, men har ikkje eige forsvar. Og Island har tilgang til EU-marknaden gjennom EØS, slik som Noreg.

fisking foto Finnur Magnusson CC BY SA 2.jpg?w=600

Fiske er ein viktig næringsveg på Island. Foto: Finnur Magnusson CC BY SA 2.0

Islendingane ættar frå norske erobrarar som ikkje likte å kome under kongeleg styre då Harald Hårfagre samla Noreg i 872. Fridomslengten har vore sterk gjennom heile historia til islendingane. Mykje av den gamle litteraturen på Island handlar om striden mellom dei leiande ættene. Men landet var politisk samla frå 930, då Alltinget vart etablert både som politisk og dømande institusjon. Frå då og til 1262 var Island sjølvstendig. Seinare vart landet ein del av Noreg, seinare Danmark-Noreg, og til sist under Danmark fram til 1944. då landet fekk fullt sjølvstende.

Island har den tynnaste folkesetnaden i Europa, mindre enn 3,2 innbyggjarar per kvadratkilometer. Hovudstaden heiter Reykjavík, som er den største byen på Island, og meir enn halvparten av innbyggjarane i landet bur i denne byen eller i nærleiken av byen. Reykjavík har eit internasjonalt preg og er mellomlandingsplass for flypassasjerar frå og til Europa og det amerikanske kontinentet. Gatebiletet er som i moderne byar i Europa og Amerika, med mange gode restaurantar og forretningar som sel både islandske og utanlandske rettar og varer.

restaurant Reykjavik foto Kiersten Chou CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Reykjavík byr på mange gode restaurantar. Foto: Kiersten Chou/ CC BY SA 3.0

Islendingane har gjennom alle år levd på kanten av det som var mogleg frå naturen si side. Dei har vore sterkt råka av epidemiar og pestar, og når fisket slo feil, kom mange islendingar i stor nød. I vår tid er det ikkje uvanleg at islendingane har to jobbar. Levestandarden er no på linje med den dei har i dei andre landa i Norden. Landet er til liks med dei nordiske landa ein velferdsstat. Som i mange små land, til dømes Noreg, har staten spela ei vesentleg rolle i både det økonomiske livet og i kulturlivet. Men nye ideologiske straumdrag problematiserer forholdet mellom staten og det private næringslivet, og Island er truleg det landet i Norden som har gått lengst i å privatisere offentlege verksemder.

Styreforma

Island er eit parlamentarisk demokrati, med ein folkevald president. Den reelle makta ligg hos det folkevalde Alltinget og regjeringa, og regjeringa må ha tillit frå eit fleirtal i Alltinget. Landet er delt inn i seks valdistrikt. Alle islandske borgarar over 18 år har røysterett. Allmenn røysterett vart innført i 1918.

Dei politiske skiljelinene har endra seg over tid. Dei første politiske partia sprang ut av ulike haldningar i kampen for frigjering frå Danmark på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Seinare utvikla det seg parti etter sosiale og regionale skiljelinjer. Under den kalde krigen var det strid om tryggingspolitikken. Først i 1990-åra kom miljø- og klimapolitiske spørsmål på det politiske kartet, og frå byrjinga av 2000 kom utbygginga av smelteverksindustrien og vasskraftutbygginga til å skape politiske skiljeliner.

Sist i 1990-åra endra partistrukturen seg, og berre det konservative Sjølvstendepartiet og bondepartiet Framstegspartiet heldt fram som eigne parti i Alltinget. Finanskrisa vart ei tung belastning for Sjølvstendepartiet, som hadde stått i brodden for liberaliseringa av den islandske økonomien i 1990-åra. Utover 2000-talet har det vore skipa ulike alliansar på tvers av dei gamle partia. Det har ikkje vore ideologisk baserte blokker i islandsk politikk, slik vi kjenner dei frå andre nordiske land.

Alltinget er det eldste fungerande folkevalde parlamentet i verda og vart oppretta i 930. Det har 63 medlemer, som vert valde for fire år.

Kvinnene kom for fullt inn i rikspolitikken i 1983, då Kvinnelista fekk inn representantar på Alltinget. Kvinnedelen i nasjonalforsamlinga auka etter kvart frå 5 prosent tidleg i 1980-åra til 43 prosent i 2009. Etter krisevalet i 2009 fekk Island sin første kvinnelege statsminister, Jóhanna Sigurðardóttir.

Det har vore fire presidentar på Island sidan republikken vart oppretta i 1944. Dei vert valde gjennom allmenne val kvart fjerde år. Formelt har presidentane stor makt, men i praksis har dei spela ei rolle som symbolsk overhovud, omtrent som ein konstitusjonell konge eller dronning. Fordi regjeringane er koalisjonar som krev langvarige forhandlingar, har presidenten likevel stort spelerom når det gjeld å utøve politisk skjøn før regjeringane vert utnemnde. Presidenten sitt sterkaste maktmiddel er at han eller ho kan oppløyse Alltinget og skrive ut nyval. Den noverande presidenten, Ólafur Grímsson, har ein sterk posisjon i islandsk politikk og har vorte attvald fire gonger, sist i 2012. Han er statsvitar, utdanna frå University of Manchester, og er vald frå den venstreorienterte Folkealliansen. Han vart vald etter Vigdís Finnbogadóttir, som var president i 16 år. Ho var teaterdirektør før ho vart vald til president og ho var den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i verda. Presidenten bur på Bessastaðir utanfor Reykjavík.

Vigdis finnbogadottir foto Croes, Rob C Anefo CC BY SA 2 0.jpg?w=600

Vigdís Finnbogadóttir var den første kvinnelege, demokratiske valde president i verda. Ho var president på Island i perioden 1980-1996.
Foto: Rob C. Croes/Anefo, Nasjonalarkivet i Nederland, gahetna.nl, CC BY SA 2.0

I særskilde høve kan presidenten òg gripe inn og krevje at eit vedtak i Alltinget skal leggast ut til folkerøysting. Den noverande presidenten (2015), Ólafur Ragnar Grímsson, har gjort det fleire gonger, sist då politikarane i 2011 skulle rydde opp etter kollapsen i banksystemet under den økonomiske krisa. Då gjekk fleire bankar konkurs, mellom andre Landsbankinn, som gjennom nettbanken Icesave hadde mange hundre tusen kundar i Storbritannia og Nederland. Folkemeininga gjekk då imot regjeringa sitt forslag om statlege lånegarantiar. Regjeringa gjekk av, og resultatet av folkerøystinga vart lagt til grunn for den vidare gangen i oppgjeret med dei utanlandske innskytarane. I denne saka vart Island støtta av både EU og EFTA-domstolen. Landet var ikkje forplikta til å dekkje tapa til innskytarane.

Det er berre to forvaltningsnivå i Island, stat og kommune. Den første kommunelova kom i 1905, då Island fekk 172 kommunar. Dette talet auka i 1950-åra til 229. Reformer i 1990-åra reduserte talet, og i januar 2013 var det 74 kommunar. Samanslåingane er komne etter lokale folkerøystingar. Framleis er det stor skilnad mellom storleiken på kommunane. Den fremste kommunale oppgåva er å administrera grunnskulen, som kommunane tok over i 1996. I 2011 vart alt ansvar for omsorg for funksjonshemma lagt til kommunane. Kommunane har òg ansvaret for å drive barnehagar og musikkskular.

Regjeringa er leidd av ein statsminister, som etter Alltingsvalet i 2013 heiter Sigmundur Davið Gunnlaugsson. Regjeringa er basert på eit samarbeid mellom bondepartiet Framstegspartiet og det konservative Sjølvstendepartiet. Gunnlaugsson er utdanna i Oxford og representerer ein ny generasjon politikarar, som ikkje har noko direkte politisk ansvar for den økonomiske politikken som enda med finnanskrisa. Krisa førte òg politisk til eit stort jordskjelv på vulkanøya.

Med dramatiske åtgjerder har det lukkast politikarane å få landet økonomisk på fote igjen, men det vil ta lang tid å nå velstandsnivået frå 1980- og 90-åra. Mange islendingar reiste frå landet under krisa for å etablere seg i USA, Canada eller Skandinavia. I 2013 reiste 5473 islendingar ut. I 2012 kom det 1450 islendingar til Noreg.

Naturen

Vulkanane pregar det islandske landskapet. Jorda er den mest vulkanske i verda. Landet ligg på ei lang undersjøisk fjellkjede som deler Atlanterhavet i to. Fordi dette fjellet ligg der to kontinentalplater sklir frå kvarandre, med om lag to centimeter i året, er vulkanaktiviteten stor. Skiljet mellom Amerika og Europa går gjennom dalen der Þingvellir ligg, og er lett å oppdage når ein vert gjort merksam på det. For turistar er det eit av dei store geologiske undera på Island.

Vulkanutbrot mars 2010 på Eyefjallajökull foto fridgeirsson CC BY SA 3.0

Vulkanutbrot på Eyefjallajökul i mars 2010. Foto fridgeirsson CC BY SA 3.0

I gjennomsnitt har Island vulkanutbrot kvart femte år. Den mest kjende vulkanen er Hekla, som har hatt utbrot 18 gonger sidan 1140. Det siste utbrotet var i 1991. Fleire utbrot i vulkanen Skaftá mellom 1783 og 1786 la det meste av dyrka mark aude. Vulkanutbrot har òg gitt Island tilvekst i form av ei ny øy, Surtsey. Utbrotet varte frå 1963 til 1967 og er eit av dei lengste ein kjenner til. Denne øya er freda og er under overvaking av forskarar som vil følgje utviklinga av flora og fauna på øya. Eit av dei mest øydeleggjande vulkanutbrota kom i 1973, då ei av øyane i Vestmannaeyjar, Heimaey, vart overdynga av lava som dekte ein stor del av husa i tettstaden på øya. Grunnen er framleis varm på Heimaey og vert no brukt til å varme opp nye hus som vart reiste etter utbrotet.

Dei varme kjeldene varmar opp 85 prosent av hus og andre bygningar på Island. Vasstemperaturen er i gjennomsnitt 70 grader. Namnet geysir er ei nemning i mange språk, og kjem frå den største sprutande varmekjelda på Island, Geysir i Haukadalur på sørsida av øya. Denne kjelda kunne sprute 60 meter opp i lufta, men kviler no. Geysiren Strokkur sprutar til vêrs i gjennomsnitt kvart tiande minutt.

Strokkur foto Erik Jan Vens CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Strokkur. Foto Erik Jan Vens CC BY SA 3.0.

Store delar av låglandet er steinete og dekt med svart mose og lav. Det er nærmast ein ørken. Mykje av landskapet er fjell og isbrear. Landet har om lag 150 vulkanar, og 11,5 prosent av overflata er dekt av isbrear. Det høgaste fjellet er Hvannadalshnjúkur, som ragar 2119 meter over havet. Den største isbreen er Vatnajökull, som dekkjer eit areal på om lag 8300 km2, og som er 1000 meter tjukk. Dette er den nest største isbreen i Europa, etter breen på Nordaustlandet på Svalbard, som er 10 800 km2. Den største norske breen er Jostedalsbreen, med 487 km2. Det er den største på det europeiske fastlandet.. Andre store isbrear på Island er Langjökull (1025 km2) og Hofsjökull (990 m2). Vatnajökull er den største nasjonalparken i Europa.

Isbreen Vatnajökull er nest størst i Europa

Vatnajökull. Foto: Diana Robinson CC BY SA 3.0

Ein stor del av landet er eit lavaplatå som ligg på mellom 300 og 700 meter over havet. Fjordar og dalar skjer seg inn i platået over heile landet, bortsett frå i sørvest, der dei beste jordbruksområda er. Frå breane renn det elvar som fløymer over breiddene sine når isen over vulkanane smeltar. Mange av elvane er gode lakse- og aureelvar. Dei har òg spektakulære fossar, og den mest kjende er Gullfoss, ikkje langt frå Þingvellir, staden der Alltinget møttest dei første hundreåra. Det er få innsjøar på Island, dei største er Þórisvatn, Þingvallavatn og Mývatn.

Klimaet er prega av både kalde og varme havstraumar. Det er kjølige somrar og milde vintrar. Langs kysten i nord driv det ofte isfjell som kjem frå Grønland. Men dei fleste hamnene er isfrie.

Jamvel om 1,2 prosent av landarealet vert rekna som dyrkbart, er berre 0,1 prosent dyrka. I låglandet der det er matjord, veks frodig gras som er beite for sauer, hestar og kyr. Island er stort sett utan skog, men det finst nokre område med relativt nyplanta granskog. Landet var skogdekt i vikingtida, men skogen vart hoggen ned. Då klimaet vart kaldare, hindra det atterveksten. Som følgje av vind og beiting er erosjonen omfattande, og miljøarbeidet i landet er retta inn mot å stansa denne utviklinga. Trass i dette finst det mange vekstar på Island, og nokre av dei er heilt spesielle for landet.

Islandshestar. Foto: Paul Weeks CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Islandshestar ser ein over heile Island. Foto: Paul Weeks, Flickr CC BY-NC-ND 2.0.

Island er kjent for islandshesten, som er ein liten hest i slekt med vestlandshesten i Noreg. Han har to spesielle ganglag, tölt og pass. Hesten er avla fram for å vere behageleg å sitje på i terrenget. I tölt og pass vekslar hesten mellom venstre bakbein, venstre frambein, høgre bakbein og høgre frambein. Islandshesten er den einaste hesterasen som har fem reine gangartar. Islandshesten er elles seig og uthaldande. Det er importforbod av hest på Island, fordi ein vil verne om rasen. Hestar som vert sende frå øya, kan aldri vende attende. Islandshesten er populær også utanfor Island, og det er stor eksport av han. Kvart fjerde år vert Landsmót hestamanna arrangert. Det er det største idrettsarrangementet på Island.

Det einaste originale landdyret er fjellreven. På 1700-talet vart det ført inn reinsdyr frå Noreg, og i 1930-åra tok ein til med minkoppdrett, noko som førte til at rømd mink spreidde seg i naturen, til skade for fugleliv og innlandsfisk.

Økonomi og næringsvegar

Island har lenge vore eit av dei rikaste landa i verda. I 1990-åra vart økonomien liberalisert. Marknaden skulle rå. Statlege bedrifter vart selde, og dei største bankane vart privatiserte og etablerte seg i utlandet. Finanssektoren vart privatisert i høgt tempo og este ut utan nemneverdige statlege reguleringar, og på lånte pengar. Den økonomiske veksten såg ut til å vere utan grenser, og både politikarar og embetsfolk slutta opp om denne utviklinga. Finanssektoren dominerte den islandske børsen og hadde 90 prosent av omsetninga tidleg i 2008. Då krisa kom, hadde bankane ei omsetning som var om lag ti gonger så stor som Island sitt brutto nasjonalprodukt. Fleire av bankane var store aktørar i andre land. Det vert sagt at finansfolka drog i økonomisk «viking». Dei tilbaud innskytarane høge renter og lokka mange på den måten. Få skjøna at dette kunne vere ei boble som kunne sprekke når som helst.

landsbanken foto screenpunk CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Stengde dører hjå Landsbankinn i 2008. Foto: screenpunk, flickr.com CC BY SA 3.0

Den økonomiske veksten i landet var høg, over 4 prosent i 2006, og i 1990-åra nokre år oppe i 5–6 prosent. Samtidig var inflasjonen høg, 6,9 prosent i 2006, men nådde 18,1 prosent i desember 2008, ifølgje sentralbanken. Den islandske krona vart devaluert fleire gonger i 1990-åra. Då krisa kom i 2008, fall verdien av den islandske krona dramatisk, og ho vart ikkje lenger notert av Noregs Bank. I 2014 vart noteringa teken opp att då den europeiske sentralbanken tok til å handle med islandske kroner igjen.

Like etter krisa i økonomien kom arbeidsløysa opp i 10 prosent. I 2014 var arbeidsløysa nede i 5,9 prosent.

Den økonomiske utviklinga i 1990-åra og først i 2000-åra fall saman med stor grad av politisk stabilitet. I heile perioden var det fleirtalsregjeringar av den same partikoalisjonen, det moderat-konservative Sjølvstendepartiet og sentrumspartiet Framstegspartiet. Men etter Alltingsvalet i 2007 var Geir Haarde frå Sjølvstendepartiet statsminister, med det sosialdemokratiske Samfylkingen som partnar. Han fekk krisa over seg som ein styrtsjø.

Krisa slo inn over Island med større kraft enn i dei fleste andre land, og dei ekspansive bankane fall saman som korthus. Islendingane sjølve samanliknar denne krisa med borgarkrigane under sturlungane på 1200-talet og med utbrotet av vulkanen Skaftá i 1783, då ein femdel av innbyggjarane miste livet.

Fleire utgreiingar er sette i verk for å finne ut kvifor krisa kom, og kvifor ho vart så alvorleg. Mellom dei som hjelpte til i desse utgreiingane var den norsk-franske juristen Eva Jolie.

Under krisa søkte Island om medlemskap i EU, men i 2014 vart søknaden trekt attende. Landet har vore medlem av EØS sidan 1994 og vil halde fram med denne tilknytingsforma. Island har ein open økonomi, og den viktigaste næringa er fiske. Nær 40 prosent av eksportinntektene kjem frå fisket. Tidlegare var fiskeria heilt dominerande, og i 1970 stod fiskeeksporten for heile 70 prosent av eksportinntektene. Dei viktigaste fiskeslaga er torsk, sild, lodde og hyse.

Oppdrett av laks og aure er enno i startgropa, med ein samla produksjon for dei to fiskeslaga på om lag 10 000 tonn årleg. Men det er stor interesse for oppdrett, og styresmaktene reknar med eit potensial i islandske fjordar på 120 000 tonn. (Den norske produksjonen av oppdrettslaks var i 2012 på 1,2 millionar tonn.)

I dei seinare åra har Island bygd opp ein tungindustri basert på billig vasskraft og jordvarme, og aluminium, ferrosilisium og kunstgjødsel er no viktige eksportartiklar. Nær 25 prosent av dei sysselsette arbeider no i industrien, inkludert fiskeindustrien. Turisme er òg ei viktig næring. Folk kjem frå heile verda for å sjå dei varme kjeldene, dei sprutande geysirane, isbreane og dei djupe fjordane. Flyselskapet Icelandair har bygd opp eit rutenett frå europeiske flyplassar over Keflavík ved Reykjavík til ei rekkje destinasjonar i USA og Canada. Mange av passasjerane nyttar høvet til å vitje sagaøya før dei flyg vidare. Turisme er no den nest viktigaste næringa. Andre næringar som har kome til i dei seinare åra, er IKT og bioteknologi. Finansnæringa voks sterkt i 1990-åra og i byrjinga av 2000, men fall saman då den økonomiske krisa nådde landet i 2008. Privat og offentleg tenesteproduksjon gir arbeid til mellom 60 og 70 prosent av arbeidsstokken.

Berre 7 prosent av islendingane er sysselsette i fiske- og havbruksverksemda. Det heng saman med at den islandske fiskeflåten er svært moderne og velutrusta. Tradisjonelt varierte økonomien i fiskeria frå år til år, avhengig av storleiken på fangstane og prisane på verdsmarknaden. Med ein moderne havfiskeflåte kan islendingane fiske i alle farvatn dei har tilgang til, og både fangstmengda og prisane er meir jamna ut. Satsinga på andre næringar har dessutan sikra landet meir stabile inntekter.

Den sentrale plassen fiske og fangst har hatt i islandsk økonomi har gjort at landet ofte har kome i konflikt med andre fiskerinasjonar som grensar til Nord-Atlanteren. Fleire gonger frå 1950-åra og ut i 1970-åra kom det til samanstøytar med britane om retten til å fiske i islandske farvatn. Med den nye internasjonale havretten frå tidleg i 1970-åra vart grenselinjene for dei nasjonale fangstområda utvida og fastlagde i bindande konvensjonar, og konfliktnivået vart mindre. Men Island hadde òg etter at havrettskonvensjonane vart vedtekne, nokre konfliktar om fiskerettar i område Noreg krev kontroll over, ved Jan Mayen og Svalbard. Island er elles ein viktig deltakar i utviklinga av kvotesystem for fangst av dei ulike fiskeslaga i Nord-Atlanteren og Nordsjøen. Den viktigaste grunnen til at Island til slutt sa nei til vidare forhandlingar om medlemskap i EU, var nettopp omsynet til fiskeria.

Sauer. Foto: Atli Harðarson CC BY SA 3.0

Sauer. Foto: Atli Harðarson/ CC BY SA 3.0

Over 5 prosent av islendingane er sysselsette i jordbruket. Den billige varmen frå varme kjelder vert brukt til å dyrke frukt og grønsaker i veksthus. Mesteparten av jordbruksproduksjonen går til innanlandsk konsum, men noko sauekjøt vert òg eksportert. Islandsk design og klede av ull og skinn er etterspurde internasjonalt.

Utanrikspolitikk

Island er ein aktiv deltakar i det internasjonale samarbeidet. Landet har vore medlem av FN frå starten i 1945. I 2008 var landet nordisk kandidat til å verte medlem av FNs tryggingsråd, men nådde ikkje opp. Island har òg vore medlem av Nato sidan skipinga i 1949, og frå 1951 til 2006 hadde USA ein militærbase på Keflavík. Landet har ikkje eige forsvar.

Island har vore medlem av den økonomiske samarbeidsorganisasjonen EFTA sidan 1970, men torskekrigen med Storbritannia gjorde at frihandelsavtalen med EF ikkje vart effektiv før i 1976. Frå 1993 er Island med i EUs indre marknad gjennom EØS. Island er medlem av det mellomstatlege politisamarbeidet som har namn etter landsbyen Schengen i Luxembourg, der den opphavlege avtalen vart underteikna.

Då krisa slo inn over islandsk økonomi, søkte Alltinget om EU-medlemskap 16. juli 2009. Truleg meinte folk at medlemskap kunne vere redninga for den skakkøyrde økonomien. Søknaden vart levert 23. juli, og 24. februar 2010 vedtok EU-kommisjonen å innleie forhandlingar med Island om medlemskap. Mellom dei politiske partia var det sosialdemokratiske Samfylkingen den mest ihuga EU-tilhengjaren. Opinionen i EU-spørsmålet endra seg etter kvart og vart negativ. Etter valet i 2013, då motstandarpartia Framstegspartiet (tilsvarande det norske Senterpartiet) og det konservative Sjølvstendepartiet danna fleirtalsregjering, la Island søknaden om medlemskap på vent.

Dei historiske banda mellom Noreg og Island er sterke, og særleg innanfor det nordiske samarbeidet. Det same gjeld EØS-samarbeidet. Då økonomien og banksystemet skulle byggjast opp att, vart nordmannen Svein Harald Øygard tilsett som mellombels sentralbanksjef frå februar 2009 til september same året. Dei to landa har òg felles interesser i arbeidet med å regulere fiskeressursane i Nord-Atlanteren på ein berekraftig måte. På kulturområdet og innanfor forsking og vitskap er det tette relasjonar. Mange islendingar kom til Noreg for å få seg arbeid då finanskrisa kom. Og norsk storindustri har vore engasjert i industriutviklinga på Island.

Skule og utdaning

Island har eit godt utbygd system med barnehagar for barn mellom 2 og 6 år. Foreldre kan søkje om plass i barnehagar frå barna er seks månader gamle, men det er vanskeleg å få plass før dei er 18 månader. Dei fleste barnehagane er drivne av kommunane, som òg utfører kontroll med dagmammaer. Kommunane kan gi økonomisk stønad til dei private dagtilboda. Det finst private barnhagar, til dels kommunalt finansierte og kontrollerte av kommunane. Nokre kommunar gir omsorgspengar til foreldre som vil vere heime med barn under 6 år.

Når barna vert seks år, tek dei til i grunnskulen, som varer i ti år. På landsbygda må nokre barn anten reise langt med skulebuss eller bu på internat for å gå på skule. Elevar mellom 1. og 4. klasse har eit tilbod om fritidsordning etter at skuledagen er over. Som i Noreg må foreldra betale for skulefritidsordninga. Dei fleste skulane serverer lunsj for elevane til ein rimeleg pris. Skulehelsetenesta er gratis.

Prinsippet om tilpassa opplæring står sentralt i den islandske skulen. Elevar som har faglege eller sosiale problem eller funksjonshemmingar, har rett til særleg hjelp i opplæringa. Elevar med eit anna morsmål enn islandsk har krav på spesialundervisning i islandsk.

Opplæring i framandspråk tek til med engelsk i 5. klasse og dansk i 7. klasse. Elevar med godt grunnlag i norsk eller svensk kan velje desse språka i staden for dansk. Dei fleste skulane har tilbod om andre framandspråk i 10. klasse.

På PISA-evalueringane skårar islandske skulebarn høgt.

lite jente reykjavik foto eirasi CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Foto: eirasi, flick.com CC BY SA 3.0

Den vidaregåande utdanninga har to ulike skuleprogram, eit for gymnas med teoretiske fag og eit for yrkesutdanning, som til vanleg vert avslutta med ei sveineprøve som opnar for meisterlære. I dei fleste yrkesopplæringane kan ein ta ekstra fag for å få studiekompetanse. Dei fleste vidaregåande skulane tek fire år, men det er òg høve til å ta kortare utdanningsprogram med direkte tilknyting til arbeidslivet. I Reykjavík er det ei IB-linje (International Baccalaureate), der undervisninga går føre seg på engelsk. Det kostar pengar å vere elev ved alle vidaregåande skular, men beløpet varierer frå skule til skule. Den generelle avgifta er 12 000 islandske kroner for året (ca. 600 norske kroner). Men skulane legg til fleire avgifter for å dekkje utgifter til skap, studentforeiningar, bøker, kopiering osv., så ein kan kome opp i mellom 30 000 og 40 000 islandske kroner (ca. 2000 norske kroner).

Det er sju universitet og høgskular på Island, tre av dei i Reykjavík. Gradsstrukturen er som i andre europeiske land todelt, med bachelorgrad og mastergrad. I nokre fag er det høve til å ta doktorgrad. Universitetsstudia er gratis, men dei private tilboda må ein betale for.

Det vert drive ein god del forsking på Island. Dei spesielle naturtilhøva legg til rette for vulkan- og jordskjelvforsking og botanisk og biologisk forsking på ferske lavaområde. Island driv òg ei omfattande medisinsk forsking. Folk på Island har stor tiltru til forskinga og seier ja når dei vert bedne om å ta del i undersøkingar om genetiske eller sosiale faktorar. Island har ein gendatabank for 95 prosent av dei som har budd på Island dei siste 300 åra. Det er eit viktig forskingsmateriale og trekkjer til seg forskarar frå heile verda.

Velferdsstat

Island er ein moderne velferdsstat, med stor grad av sosial tryggleik for innbyggjarane. Det er staten som planlegg og driv alle offentlege helsetilbod, medan kommunane tek seg av sosialtenestene. Legetettleiken er god, 280 pasientar for kvar lege. I Noreg er talet om lag 250.

Rikstrygdeverket, Tryggingastofnun, står for den offentlege trygda. Trygdesystemet er delt i ei pensjonsforsikring, ei ulukkesforsikring og ei helseforsikring, og omfattar alle enkeltpersonar som er registrerte i folkeregisteret på Island. Nordiske statsborgarar og islendingar som har vore busette i utlandet, har rett på ytingar frå trygdesystemet når dei har budd fast på Island i seks månader. Barn og unge under 18 år er helseforsikra saman med foreldra.

Rikstrygdeverket gir tilskot til primærhelsetenesta både hos fastlegar og spesialistar, men ein må betale ein eigendel. Sjukehusopphald er gratis når ein er tilvist av lege. Det gjeld òg fødslar. Spedbarnsundersøkingar og vaksinasjonar er òg dekte av Rikstrygdeverket. Utanfor opningstidene i helsesentra, der fastlegane held til, finst det eit system med legevakter.

Alle foreldre har rett på seks månaders fødselspermisjon, delt likt mellom far og mor. I tillegg har foreldre rett på tre månader permisjon som dei òg kan dele mellom seg slik dei ønskjer. Begge foreldra har òg rett på foreldrepermisjon utan løn i til saman 13 veker, fram til barnet fyller åtte år.

Islendingane har ein levealder på nivå med nordmenn. Dei har difor òg ei eldrebølgje, men ikkje så stor som den norske. Tidlegare hadde islendingane høg fødselsrate, no veks folketalet som følgje av innvandring. I 1996 var det 5357 immigrantar, eller 1,8 prosent av folketalet. I 2008 var det 25 265 immigrantar, 8 prosent av folketalet. Island har teke i bruk eit databasert registrerings- og vurderingssystem i eldreomsorga. Slik får styresmaktene ein profil på den enkelte brukaren, slik at ein kan tilpasse omsorga etter dei behova brukaren har. Mellom anna har systemet synt at mange pasientar truleg får for mange medikament. Registreringa vert rekna som ein viktig reiskap for å forbetre fagfolka sin kompetanse.

Kommunane har det samla ansvaret for tenestene i eldreomsorga, som har eit stort innslag av heimehjelp og heimesjukepleie.

Historie

Islandsk historie kan delast i tre heilt skilde bolkar. Den første bolken, sjølvstendetida, går fram til 1263. Det er tida for det ein kallar landnåmet, då nordmenn reiste til Island i protest mot den nye kongemakta som vart oppretta med Harald Hårfagre si samling av Noreg etter 872. Den første landnåmsmannen er etter tradisjonen Ingolf Arnarson. Han kom til Island i 874. Femti år seinare var det om lag 9000 innbyggjarar på Island, og dei fann det nødvendig å utarbeide ein styringsstruktur. I 930 vart difor Alltinget skipa. Det var både ein domstol og eit parlament, med lovseiemannen som president. Alltinget var eit vitnemål om frigjering frå Noreg, og det var ein demokratisk institusjon i ei tid då føydalismen var styringsforma elles i Europa. På Alltinget kunne alle frie menn møte. Kristendomen vart innført i år 1000.

Ingolf Arnarson foto Federico Moroni CC BY SA 3.0

Ingolf Arnarson. Foto: Federico Moroni/ CC BY SA 3.0

I desse første 300 åra hadde islendingane stor framgang. Klimaet var varmt, og ættene samarbeidde godt. Men frå byrjinga av 1200-åra vart det strid mellom ættene om kontrollen over dei ulike landsdelane. Mange islendingar samanliknar denne tida med den økonomiske liberaliseringa og krisa på 2000-talet. Då stridane var over rundt 1260, godtok dei islandske hovdingane at dei norske kongane skulle styre. Det var i desse åra ættesogene vart skrivne ned.

Med samanbrotet av det norske sjølvstendet på slutten av 1300-talet kom Island, på same måten som Noreg, inn under dansk styre. Då Noreg fekk sjølvstende i 1814 og kom i union med Sverige, vart Island att som del av Danmark. Då var Alltinget avskaffa av den danske einevaldskongen Frederik 6. i 1800. Utover på 1800-talet tok ei rekkje islendingar til å kjempe for nasjonalt sjølvstende, og den fremste fridomshelten var Jón Sigurðsson, ein historikar som budde i København. I 1874 fekk landet ei ny grunnlov og avgrensa sjølvstende. Alltinget vart atterreist i 1843. I 1904 vart parlamentarismen innført, og i 1918 fekk landet full fridom, men med den danske kongen som symbolsk statsleiar. Republikken Island vart erklært i 1944.

Under andre verdskrigen var britiske og seinare amerikanske soldatar stasjonerte på Island, og i 1951 fekk amerikanarane ein base på Keflavík. Etter at den kalde krigens var slutt, vart amerikanarane trekte ut frå basen. Island har sjølv inga kystvakt. Landet har dessutan ein avtale med Noreg om forsvarssamarbeid. Noreg vil i fredstid hjelpe Island med å hevde suvereniteten sin. Men når krig trugar, er det Nato og USA som tek over dette ansvaret.

Staten spela i heile etterkrigstida ei stor rolle i den økonomiske politikken, og finanssystemet var statleg, med streng kontroll. Dette vart endra med liberaliseringa i 1990-åra. I 2014 var økonomien i ferd med å betre seg etter den økonomiske krisa, arbeidsløysa gjekk ned, og den islandske krona vart igjen notert av dei nasjonale sentralbankane.

Islendingane kom frå Skandinavia, og dei har heile tida oppfatta seg som europearar. Samfunnsliv og levestandard er av nordeuropeisk type, og dei politiska modellane er henta frå dei skandinaviske landa. Men dei har òg teke imot mange impulsar frå USA. Sist på 1800-talet utvandra mange islendingar til USA og Canada, og det finst småsamfunn i dei to landa der dei snakkar islandsk og lever på islandsk vis så langt det lét seg gjere.

Kultur

Kulturlivet på Island har djupe røter. Sogene frå mellomalderen er ein viktig del av verdslitteraturen. Dei mest kjende er Njålssoga, som fortel om blodhemn i eit ættesamfunn, Soga om Eirik Raude, som handlar om oppdaginga av Grønland og Vinland, Egilssoga om Egil Skallagrimsson, Soga om laksdølane og Soga om Gunnlaug Ormstunge. Snorre Sturlassons Kringla Heimsins er soga om dei norske kongane frå dei aller første til kong Sverre på 1100-talet. Snorre skreiv òg Den yngre Edda, ei lærebok i skaldekunst.

Halldor Kiljan Laxnes. Foto Jon Kaldal Forlaget Oktober

Halldór Kiljan Laxness. Foto: Jon Kaldal/ Forlaget Oktober

Den litterære verksemda vart halden oppe gjennom seinmellomalderen, og på 1800-talet kom nasjonalromantikken med nye litterære former. Seint på 1800-talet kom den realistiske litteraturen, med Gestur Pálssons noveller. Den fremste representanten for islandsk litteratur på 1900-talet var Halldór Kiljan Laxness (1902–1998). Han skreiv i mange sjangrar, men er rekna som ein av dei største forteljarane i verdslitteraturen i vår tid. Han var politisk engasjert og skreiv artiklar mot at amerikanarane skulle få Keflavík-basen i byrjinga i 1950-åra. Laxness fekk nobelprisen i litteratur i 1955. Andre kjende islandske forfattarnamn frå vår tid er Vigdís Grímsdóttir, Einar Kárason, Hallgrímur Helgason og Þórarinn Eldjárn. Arnaldur Indriðason er ein populær krimforfattar, som sel mange bøker i Noreg.

Island har eit rikt musikkliv, både innanfor klassisk musikk og populærmusikk. Ein folkemusikktradisjon går attende til tidleg mellomalder. Den mest kjende folkemusikksjangeren er dansevisene. Som i Noreg vart folkemusikk og viser samla inn på 1800-talet.

Island har eit symfoniorkester, grunnlagt i 1950. Det har hatt norske dirigentar som Olav Kielland og Bjarte Engeset. Men den mest kjende er nok den russiske pianisten Vladimir Ashkenazi. Han er gift med ein islandsk pianist, Þórunn Jóhannsdóttir. Ashkenazi er islandsk statsborgar, men familien bur i Sveits. Orkesteret har base i det storslåtte kultur- og konserthuset Harpa, som ligg ved hamna i Reykjavík. Harpa er eit av få arkitektoniske signalbygg på Island, teikna av Henning Larsen Arkitekter (som teikna operaen på Holmen i København) og den islandsk-danske multikunstnaren Olafur Eliasson.

Sveinbjörn Sveinbjörnsson (1847–1927) vert rekna som den første store komponisten på Island. Han studerte ei tid saman med den norske komponisten Johan Svendsen, som oppmuntra han til vidare studiar. Musikken til Sveinbjörnsson byggjer ofte på folkemusikk. Det er òg han som har skrive fedrelandshymnen «Ó, Guð vors lands». I nyare tid er Jón Leifs, Karl Otto Runólfsson og Leifur Þórarinsson mellom dei mest kjende komponistane.

Islandsk popmusikk har hatt stor suksess dei seinare åra. Mest kjend er gruppa The Sugarcubes og Björk – som er ein multikunstnar. Ei ny stjerne på pop-himmelen er Ásgeir Trausti, som har sett ny salsrekord for plater på Island.

Björk foto Peter Reid CCBY SA 2 0.jpg?w=600

Björk. Foto: Peter Reid CC BY SA 2.0

Island har ein opera som òg held til i Harpa i Reykjavík. Operaen vart grunnlagd sist i 1970-åra og har sett opp mange av dei største stykka i operaverda, med både internasjonale og nasjonale utøvarar.

I Reykjavík er det òg eit musikkonservatorium som underviser på høgt nivå, og rundt om i landet er det musikkskular.

Teaterlivet på Island er oppsiktsvekkjande mangfaldig. Folk går i teater, og dei spelar teater. Landet har både radio- og fjernsynsteater, fire profesjonelle teater, ballett og mange amatørtater. Ekspertar søkjer forklaringa på den store teaterinteressa i den rike forteljartradisjonen, slik vi kjenner han frå litteraturen. Truleg heng det òg saman med vektlegginga av teater i skulen.

Islendingane er eit avislesande folk. Det finst seks dagsaviser og fleire vekeaviser og vekemagasin. Dei tradisjonelle papiravisene er truga av nettbaserte løysingar, som elles i verda. Morgunbladit har ei nett-teneste på engelsk. Island har både ei rikskringskasting, Ríkisútvarpið (RUV), med lisensfinansierte radio- og fjernsynssendingar, og reklamefinansierte lokalradiostasjonar og fjernsynskanalar. I 1986 fekk landet ei ny lov om kringkasting som tillét private sendingar. No er det to private fjernsynskanalar av ein viss storleik. Det går føre seg ein debatt om finansieringa av den statlege kringkastinga. Høgresida i islandsk politikk vil ha bort lisensen og vil finansiere alt gjennom reklame og sponsing.

Idrett spelar òg ei stor rolle på Island. I dei seinare åra er mange islandske fotballspelarar av internasjonal klasse kjøpte av kjende fotballklubbar i England, Noreg, Sverige, Danmark og på kontinentet. Det islandske fotballandslaget er minst på høgd med det norske. Det same gjeld handball. Handballaget for herrar vann sølv Bejing-OL i 2008 og bronse i handball-EM i Austerrike i 2010.

basketkamp foto David Eldur keflavik mot njardvik cc by sa 2 0.jpg?w=600

Basketkamp mellom Keflavik og Njarðvik. Foto: David Eldur/ CC BY SA 2.0

Friidrett og turn er òg populære idrettsgreiner, og Island har seks internasjonale stormeistrar i sjakk. Men nasjonalsporten er glima, ei form for bryting med røter tilbake til mellomalderen.

Språk

Islandsk er det språket som liknar mest på det gamle nordiske talespråket som var i bruk i Norden i vikingtida. Det er mogleg å lese islandsk dersom ein har studert gamalnorsk, og islendingar kan utan problem forstå tekstar frå nordisk høgmellomalder. Språket har halde på fire kasus, slik at det har mange fleire ulike substantivendingar enn det dei moderne skandinaviske språka har. Det er òg andre faktorar som avgjer kva slags endingar substantiva får. Elles er grammatikken lite endra sidan landnåmstida. Talet på bokstavar er 32, jamvel om c, q, z og w ikkje er med.

I nyare tid har islendingane vore nøye med å lage islandske ord i staden for å ta inn ord frå andre språk, til dømes engelsk. Broadcasting, som på norsk heiter kringkasting, heiter på islandsk útvarp, og fjernsyn heiter sjónvarp, medan www, world wide web, heiter veraldarvefurinn. Men det heiter blogg og vídeó. Ordet pizza kan ein sjå mange stader både på pakkar av frossen pizza og på kafear som serverer pizza. Men teater heiter leikhús, og pass heiter vegabréf.

T skjorte med skrift på islandsk jayneandd CC BY SA 2.jpg?w=600

Foto: jayneandd/ CC BY SA 2.0

Islandsk vert tala som førstespråk av islandske utvandrarar i USA (9700 personar) og Canada (7900). Island har halde på gamle namneskikkar, slik at kvinner ikkje tek namn etter mannen når dei giftar seg. Dei fleste menn og kvinner har etternamn på ‑son eller ‑dóttir etter faren. Utlendingar som får islandsk statsborgarskap, skal ta islandske namn.

Religion

Island vart kristna i år 1000, men ei gruppe irske munkar budde på øya før nordmennene kom, og det vart drive kristningsarbeid alt frå landnåmstida. Med forfatninga i 1874 vart det innført full religionsfridom, men det vart bestemt at den evangelisk-lutherske kyrkja skulle ha ei særstilling i høve til staten.

Hallgrimskyrkja er eit landemerke i Reykjavik foto Tanya Hart CC BY SA 3.0

Hallgrimskyrkja i Reykjavík. Foto: Tanya Hart CC BY SA 3.0

Den islandske protestantiske kyrkja er dominerande på Island, med vel 80 prosent av islendingane som medlemer. Men islendingane er rimeleg sekulære og er lite med i det kyrkjelege livet. Den katolske kyrkja utgjer 2,5 prosent av befolkninga. Folkekyrkja er statskyrkje, men kyrkja sine eigne organ har stor påverknad på avgjerder om kyrkjelege tilhøve. Medlemene har mykje å seie når det gjeld val av prest, og sidan 1957 har ein hatt årlege kyrkjemøte med representasjon av både prestar og lekfolk. Island har éin biskop, som bur i Reykjavík.

Leveforhold

Island er meir urbanisert enn landa i Norden elles. 80 prosent av det totale innbyggjartalet på 325 000 bur i dei ti største byane. Til gjengjeld er ikkje byane store, med unntak av hovudstaden Reykjavík, som med omland har om lag 65 prosent av befolkninga. Tettstadene er bundne saman av ein ringveg rundt heile øya. Vegen er 1337 kilometer lang. Biltettleiken er stor, med éin bil per 1,3 innbyggjarar. Bil er difor den viktigaste kommunikasjonsforma. Mange har store terrenggåande bilar med firehjulstrekk og store hjul til bruk der det ikkje finst vegar.

bilkøyring på Island med firhjulstrekk foto Ingo Meironke CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Bilkøyring på Island krev firhjulstrekk. Foto: Ingo Meironke/CC BY SA 3.0

Rundt Reykjavík er det fleire firefelts vegar. Og jamvel om vegstandarden har vorte mykje betre dei seinare åra, gjer lange avstandar, vegar utan asfalt og smale bruer at islendingane bruker fly når dei skal til andre delar av landet enn der dei bur. Det er over hundre registrerte lufthamner og flystriper, men mange av dei manglar fast dekke. Frå Keflavík og Egilsstaðir lufthamn nær Reykjavík går det rutefly til dei fleste tettstadene i landet. Denne innanlandske basisen forklarer at landet har greidd å kjempe seg til ei stor rolle i transatlantiske flygingar. Båt er elles den tradisjonelle reisemåten mellom dei ulike delane av landet.

Islendingane har høg levestandard. Folk arbeider hardt, og mange har meir enn éin jobb. Bustandarden er høg både i byane og på landet. I Reykjavík er det eit livleg sosialt liv, med mange restaurantar og nattklubbar. Matkulturen med basis i råstoff frå Island er godt utvikla dei siste åra, og er ein del av turisttilbodet. Mange islendingar er aktive brukarar av naturen, og fotturar i fjell og på isbrear er populært. Det same er symjing i basseng varma opp av dei varme kjeldene. Den blå lagune, som ligg mellom Reykjavík og Keflavík, er populær både for islendingar og for turistar frå fjern og nær.

Folk på Island er opne og venlege, og dei likar fest og moro. Det står i kontrast til dei harde naturvilkåra. Det kan òg vere ein arv frå den norrøne tradisjonen.

Eit sterkt folk

Island er eit land der livet i lange periodar må levast på kanten av det som er mogleg. Vulkanutbrot har gjennom dei 1200 åra det har budd folk der, fleire gonger lagt store delar av øya aude, og lava og oske dekkjer jordoverflata. Pest har utrydda store delar av befolkninga. Verst var svartedauden, frå 1402, då ein tredel av folket strauk med. Uår har ført til svolt og sjukdom. Fisket, som er den viktigaste næringsvegen, har svikta i periodar. Men folket sjølv har òg sett samfunnet i fare gjennom ættestrid og farlege økonomiske eventyr.

Folk på Island har trassa både den lunefulle naturen og sosiale feilsteg, og dei har kome styrkte ut av nedgangstidene. Mange uttrykkjer ein sterk islandsk identitet gjennom kulturen. Den munnlege sogetradisjonen, som etter kvart vart skriftleg, er grunnlaget for denne kulturen i dag. Gjennom orda har dei dessutan skapt medvit om kva som er rett lov. Det var lovseiemannen si oppgåve å halde lovene i hevd. Men lovseiemannen var noko meir enn ein juridisk autoritet, han var statsoverhovud i ein stat utan konge, eller med kongen langt unna. Lovseiemannen utvikla ein islandsk spesialitet, meiner tidlegare president Vigdís Finnbogadóttir: det å halde på historia og minna, og å kunne attfortelje historia nøyaktig og detaljert, og på ein måte som vekkjer tilhøyrarane. Men den islandske kulturen gjer seg òg til kjenne gjennom musikk, bilete og handverk. Gjennom desse kulturelle uttrykka har islendingane skapt eit nasjonalt medvit om Island som deira eigen heim, litt annleis enn alle andre.

Visste du at ...

  • trua på alvar er så vanleg på Island at bygningar og vegar vert lagde forbi heimane til huldrefolket, og at nokre prosjekt har vorte stansa for at dei underjordiske ikkje skulle verte uroa?
  • Island er to og ein halv gonger så stort som Danmark?
  • den største varme kjelda på Island, Deildartunguhver, produserer over 150 liter vatn i sekundet?
  • det er minst 17 ulike kvalartar i havet rundt Island?
  • Island er det viktigaste hekkeområdet for sjø- og havfuglar i Europa?
  • Noreg og Island oppretta diplomatisk samband 20. desember 1940?

Sjå video av Strokkur:

Kjelder

Jacob Børresen: Torskekrig! Om forutsetninger og rammer for kyststatens bruk av makt. Oslo 2011

Knut Heidar ofl.: Politikk i Europa. Partier, regjeringsmakt, styreform, 2. utg. Oslo 2013

Erla Sigurðardóttir (red.): Parental leave, Care Policies and Gender Equalities in the Nordic Countries, Nordisk ministerråd. København 2010

Terje Solberg og Jostein Vik: «Finanskrisens bakteppe – De nyliberale ideene og liberaliseringen på Island», Norsk statsvitenskapelig tidsskrift nr. 1, 2011

Statistisk sentralbyrå: Statistisk årbok

Knut Ødegård: Island. Fra saga til samtid. Oslo 1998

Knut Ødegård ofl.: Eksempelet Island. Om hvordan nykapitalismen angriper et folk. Oslo 2010

Islands offisielle statistikk

Islands ambassade i Oslo

Globalis.no

UDs landside om Island

BBCs landside om Island

Diverse heimesider til islandske departement






Først publisert: 27.07.2015
Sist oppdatert: 16.11.2016