Hopp til innhold
Det nederlandske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det nederlandske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Nederland

Nederland er eit lågtliggjande og tett folkesett land ved Nordsjøen. Det nederlandske samfunnet har vore ei tolerant frihamn gjennom den europeiske historia, og den nederlandske byen Haag husar i dag viktige internasjonale rettsinstitusjonar.

Nederland vart ein sjølvstendig stat etter trettiårskrigen, gjennom avtalen i Münster i 1648. Då hadde det gått nær 70 år sidan sju nederlandske provinsar hadde brote ut av det spanske riket og kunngjort republikken Dei sameinte Nederlanda. Republikken var på 1600-talet den viktigaste økonomiske makta i Europa. Det demokratiske nederlandske styresettet kom til i den turbulente perioden etter at republikken fall ved den franske invasjonen i 1795.

Grunnlaget for nasjonalstaten vart lagt under fransk styre (1795–1813). Då den franske erobraren Napoleon var nedkjempa i 1813, vart Nederland eit monarki under ein eineveldig konge. Det konstitusjonelle monarkiet, som også er styresettet i dag, er eit resultat av at kong Vilhelm 2. i 1848 gjekk med på omfattande reformer.

Nederland grensar til Tyskland i aust og Belgia i sør, og har kystlinje mot Nordsjøen i vest og nord. Det særmerkte med den nederlandske geografien er at kring ein fjerdedel av landet ligg under havnivå. Kampen mot og bruken av sjøen og elvane har forma både den nederlandske geografien og dei nederlandske samfunnsinstitusjonane. Lokalsamfunn organiserte seg tidleg i komitear som måtte samarbeide for halde landområda frie for vatn, noko som gav grobotn for lokalt samarbeid og eit konsensusbasert styre.

Under andre verdskrigen vart Nederland okkupert av Tyskland. Øydeleggingane var store, og deportasjonen av dei nederlandske jødane er eit svart kapittel i den nederlandske historia. Etter andre verdskrigen har Nederland vore ei viktig kraft for europeiske integrasjon. Først var landet med i ein tollunion med nabolanda Belgia og Luxemburg (1948), så gjennom Den europeiske kol- og stålfellesskapen (1952), der også Tyskland, Frankrike og Italia var med. Denne fellesskapen var forløparen til Den europeiske unionen (EU).

Det nederlandske samfunnet har vore kjenneteikna av mangfald, toleranse og liberale haldingar. Religion har vore viktig, medan staten har spela ei meir tilbaketrekt rolle, og frå 1500-talet har mange ulike religiøse rørsler kunna utfalde seg. Dei seinare åra har dette sjølvbiletet vorte sett på prøve, med framveksten av eit sterkt innvandringskritisk parti (PVV, leidd av Gert Wilders) og meir høglydte protestar mot internasjonal migrasjon og den muslimske befolkninga.

Den nederlandske velferdsstaten har mange av dei same kjenneteikna som dei nordiske landa, og levestandarden er høg. Nederland låg i 2017 som land nummer ti i verda på HDI-indeksen, som FNs utviklingsprogram nyttar. Denne indeksen fangar opp venta levealder, utdanningsgrad og inntektsnivå. For Nederland har det vore ein relativt jamn auke i denne indeksen mellom 1990 og 2017. Den venta levealderen har i denne perioden auka med 5,0 år, gjennomsnittleg skulegang har auka med 3,3 år, og bruttonasjonalproduktet per innbyggjar har om lag dobla seg. Tala syner òg at ressursane i landet vert fordelte jamt mellom mange.

Gatemotiv frå hovudstaden Amsterdam. Det er fleire syklar enn innbyggjarar i Nederland. Det skal finnast 22,5 millionar syklar i landet, altså 1,3 for kvar innbyggjar. Foto: loretahur, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Gatemotiv frå hovudstaden Amsterdam. Det er fleire syklar enn innbyggjarar i Nederland. Det skal finnast 22,5 millionar syklar i landet, altså 1,3 for kvar innbyggjar. Foto: loretahur, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Historie og samfunn

Dei 17 nederlandske provinsane låg i mellomalderen under hertugen av Burgund, men ettersom eigne stenderforsamlingar styrte i kvar provins, hadde dei etter måten stor grad av sjølvstende. Gjennom ekteskapsinngåingar kom Nederlanda under det mektige fyrstehuset Habsburg. Då keisar Karl 5. abdiserte i 1556, vart det tysk-romerske riket delt i to, og Nederlanda kom under spansk styre. Dei sju nordlege provinsane var då protestantiske, medan katolisismen heldt stand i dei ti sørlege provinsane.

Protestantane i dei nordlege provinsane førte ein hard kamp for å kome fri frå det katolske styret til den spanke kongen, Filip 2. I 1579 reiv dei sju protestantiske provinsane seg laus, og i 1581 kunngjorde dei at dei utgjorde eit sjølvstendig rike: Republikken dei sameinte Nederlanda. Først ved fredsslutninga etter trettiårskrigen, ved avtalen i Münster i 1648, fekk Nederland fullt ut godkjent sjølvstendet sitt.

Handelsmenn hadde gode kår i den nederlandske republikken. I hjartet av Europa kunne dei operere fritt utan den strenge reguleringa som handelen møtte i mange andre statar. Republikken rådde over ein stor handelsflåte, og økonomien voks til å verte den viktigaste i Europa. Under «gullalderen» på 1600-talet var Nederland ei europeisk stormakt både økonomisk, kulturelt og politisk.

Nederlandske skip rådde på verdshava, og gjennom handelsmonopola til det nederlandsk-ostindiske kompaniet (etablert i 1602) og det nederlandsk-vestindiske kompaniet (etablert i 1621) koloniserte nederlendarar område i Asia og Amerika. Handelskompania hadde hovudkvarter i Amsterdam, der det vart etablert eigen børs og valutabank. Den religiøse toleransen i Amsterdam gjorde handelssenteret til ein liberal fristad for flyktningar med kapital og kunnskap, ein viktig føresetnad for den nederlandske dominansen. Då handelskompania fall saman, gjekk erobringane over til den nederlandske staten.

Først etter andre verdskrigen fekk dei fleste nederlandske koloniane sjølvstende. For Indonesia var frigjeringsprosessen krevjande, med krigføring mellom kolonimakta og den indonesiske fridomsrørsla frå 1945 til 1949. Nederland har seinare godteke at Indonesia har vore ein sjølvstendig stat sidan 1945. Surinam vart avkolonisert i 1975. Framleis har Nederland sterke band til Surinam, Indonesia og Antillane, og fleire samfunn i Karibia er framleis med i det nederlandske kongedømet.

Frå slutten av 1800-talet utvikla det seg noko som minte om parallellsamfunn, omtalt som pilarar, i det nederlandske samfunnet. Dei tre pilarane – katolikkar, protestantar og sosialdemokratar – hadde eigne parti, skular, aviser og fagforeiningar. Denne klare vertikale delinga forsvann med dei sosiale revolusjonane i 1960-åra. Sekularisering og befolkningsendringane som den store migrasjonen skapte, var òg viktige for skiftet. I dag er den liberale sosialpolitikken på område som narkotikabruk og aktiv dødshjelp eit kjennemerke for det nederlandske samfunnet. Politikken har ei tydeleg linje attende til ein stat som har praktisert toleranse og mangfald, der lite innblanding frå staten har vore gunstig også for dei mektige kjøpmennene.

Oppbygginga av den nederlandske velferdsstaten er nært assosiert med Willem Drees, sosialdemokraten som var statsminister i Nederland frå 1948 til 1958. Eit nært samarbeid mellom fagrørsle, arbeidsgivarar og styresmakter har vore eit trekk ved det nederlandske arbeidslivet. Ein konsensusmodell med aktiv dialog mellom fagrørsle og arbeidsgivarar, gjerne omtalt som den nederlandske poldermodellen, voks fram etter oljekrisa i slutten av 1970-åra.

I Nederland er 23,6 prosent av innbyggjarane katolikkar, 14,9 prosent protestantantar, 5,1 prosent muslimar, medan 50,7 prosent ikkje høyrer til noko trussamfunn. Bak desse tala ligg ein svært rask sekulariseringsprosess. Frå slutten av 1960-åra har religion spela ei stadig mindre rolle i det nederlandske samfunnet, der den kalvinistiske protestantismen historisk har stått sterkt.

Nederlandske barn kan byrje i grunnskulen frå dei er fire år gamle. Dei fleste går åtte år i grunnskulen. Etter grunnskulen vel elevane mellom tre ulike retningar, som skal førebu dei til å gå vidare anten til universitet, høgare fagskule eller vidaregåande yrkesopplæring.

Politikk og økonomi

Nederland er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk styresett. Noko uvanleg er det at den nederlandske monarken spelar ei sentral rolle ved utnemninga av regjeringa. Ut over regjeringsdanninga har ikkje monarken anna enn symbolsk makt, det er statsrådane som står ansvarlege for det regjeringa gjer. Det nederlandske valsystemet gir parti med heilt ned i 1/150 av stemmene rett til å verte representerte i parlamentet. Regjeringa må ha støtte i eit fleirtal i parlamentet, noko som har resultert i at koalisjonsregjeringar av fleire parti har vore normalen i det nederlandske politiske systemet.

Det er parlamentsval i Nederland kvart fjerde år, og parlamentet har to kammer: Representanthuset og Senatet. Nederland er delt inn i 12 provinsar, og representantane i Senatet er valde av provinsane.

Det er sparsamt med råmateriale for tungindustri i Nederland, så landet har satsa på vidareforedling av importert råstoff og internasjonal handel. Nederland har ein utoverretta økonomi og var i 2015 den sjuande største vareeksportøren i verda. Maskinvarer, transportustyr og kjemiske produkt utgjer dei største gruppene av eksportvarer, og det meste av eksporten (1/3) går til nabolanda Tyskland og Belgia. Rotterdam er ei av dei største hamnene i verda, og flyplassen Schiphol i Amsterdam er ei av dei mest trafikkerte lufthamnene i Europa. Multinasjonale selskap som Royal Dutch Shell, Philips, Heineken og flyselskapet KLM har vakse fram i Nederland.

Det nederlandske selskapet Philips byrja med produksjon av lyspærer i 1891 og utvikla seg etter kvart til å verte ein av dei største produsentane av elektronikkprodukt i heile verda. Philips var òg ei drivande kraft i introduksjonen av fjernsynet i Nederland. Den offentlege allmennkringkastaren i Nederland, NPO (Nederlandse Publieke Omroep), har tre kanalar, som saman med ei rad kommersielle kanalar, der RTL Nederland har ein sterk posisjon, gir eit mangfaldig kringkastingstilbod.

Den internasjonale domstolen (ICJ) og Den internasjonale straffedomstolen (ICC) er mellom institusjonane som har sete i Haag, omtalt som rettshovudstaden i verda. Her har også Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) sete.

Språk 

Neder tyder «låg», så Nederland tyder «lågland». Låglanda vert gjerne òg nytta som ei samlenemning for Beneluxlanda (Nederland, Belgia og Luxemburg). På fleire språk ber landnamnet i seg ei fleirtalsform (the Netherlands på engelsk, les Pays-Bas på fransk). Denne fleirtalsforma finn vi òg i republikken Dei sameinte Nederlanda (1588–1795), som var det offisielle namnet på dei sju provinsane som vann sjølvstende frå Spania og underskreiv Utrechtunionen i 1579. Dei sameinte Nederlanda dekte nær det same geografiske område som Nederland gjer i dag. Det engelske ordet dutch, for nederlandsk, peikar mot det nære sambandet mellom nederlandsk og tysk. Tidlegare kalla nederlendarane sitt eige språk nederduits, altså nedertysk. Nederlandsk vert talt av den store majoriteten av folket, men ein minoritet på kring ein halv million har frisisk som førstespråk, og dette språket har status som offisielt språk i provinsen Friesland. 

Det nederlandske språket vert talt av kring 25 millionar menneske i Nederland og belgiske Flandern. Nemningane hollandsk og flamsk vert i ein del samanhengar nytta for å skilje det nederlandske språket nytta i Nederland og i Belgia, men dette er eit noko misvisande skilje. Skriftspråka her er dei same, men hollandsk og flamsk kan nyttast om dialektane i høvesvis dei to nederlandske provinsane Noord-Holland og Zuid-Holland og den belgiske provinsen Flandern. Engelsk er obligatorisk framandspråk i skulen. I dei frisisktalande områda er også frisisk eit obligatorisk fag i grunnskulen.

Kunst, kultur og idrett 

Dei verdskjende kunstmålarane Rembrandt (1606–1669) og Vincent van Gogh (1853–1890) er begge frå Nederland. Det same er Jan Vermeer (1632–1675), som måla det kjende «Pike med perleøredobb». Ein av dei fremste tenkjarane i den vestlege filosofitradisjonen, Baruch Spinoza (1632–1677), var òg nederlandsk.

Dei tre mest besøkte musea i Nederland er alle å finne i Amsterdam: van Gogh-museet, Anne Frank-huset i Prinsengracht og dei meir enn to hundre romma med kunst og historie i Riksmuseet (Rijksmuseum).

Statue av Anne Frank, Amsterdam. Foto: Diego Maia, flickr.com CC BY-NC 2.0.

Statue av Anne Frank, Amsterdam. Foto: Diego Maia, flickr.com CC BY-NC 2.0.

Nederland har ein utoverretta litterær tradisjon. I 1860 gav Eduard Douwes Dekker ut den verdskjende romanen Max Havelaar, under psevdonymet Maultatuli. Romanen synte fram den nederlandske utbyttinga av koloniane i Asia. I førre hundreår var dei modernistiske forfattarane Willem Frederik Hermans (1921–1995) og Gerard Reve (1923–2006) særleg viktige stemmer. Svært mange nederlendarar har eit nært forhold til Annie M.G. Schmidt sine barnebøker og radio- og fjernsynsseriar. Anne Frank skreiv si verdskjende dagbok då ho saman med familien sin budde i skjul i Amsterdam i 1942–44.

Nederland er ein sterk idrettsnasjon. Fotballklubbane Ajax (Amsterdam), Feyenoord (Rotterdam) og PSV (Eindhoven) har alle markert seg internasjonalt, og herrelandslaget i fotball har vore noko heile Nederland har kunne samle seg om og vore stolte av. Hurtigløp på skøyter er ein annan populær idrett, der Nederland lenge har vore den leiande nasjonen i verda. Nederland er det EU-landet med høgast medlemstal i sportsklubbar. Fotballklubbane har flest medlemer, så følgjer tennis, golf, turn og landhockey, ein idrett der Nederland er førande i verda.

Demografi

Med unntak av perioden frå midten av 1800-talet og fram til første verdskrigen har innvandring vore eit viktig trekk ved det nederlandske samfunnet. I 2018 hadde nær fire millionar nederlendarar innvandrarbakgrunn, noko som utgjorde 23,1 prosent av innbyggjarane. At fleire flyttar til enn frå Nederland, er den viktigaste grunnen til folkeveksten, som i 2017 var på kring 100 000. Då flytta 235 000 til Nederland, 154 000 flytta ut, og fødselsoverskotet var på 20 000.

Internasjonal migrasjon står for det meste av innvandringa. Familiegjenforeiningar utgjer den største delen, men arbeidsinnvandring og i veksande grad asylantar utgjer òg ein vesentleg del. Det er særleg mange frå Tyrkia, Marokko og dei tidlegare nederlandske koloniane Surinam og Indonesia som har flytta til Nederland. Frå Europa er det mange med opphav i Tyskland og Polen som har kome til landet. Polakkar er den gruppa som er i størst vekst, med ein auke på nær 150 prosent på ti år, medan tyskarar er i tilbakegang. Ved inngangen til 2018 utgjorde syrarar den største gruppa av flyktningar. Andre større flyktninggrupper kjem frå Irak, Afghanistan og Iran.

Klima og natur

Nederland har eit temperert, maritimt klima. Mykje av den nederlandske naturen er forma av menneske gjennom urbanisering og jordbruk, noko som reduserer artsmangfaldet i både plante-, fugle- og dyrelivet. Det er observert 460 fugleartar, der noko under halvparten er hekkande, og 55 artar av pattedyr i Nederland. 20 nasjonalparkar ligg spreidde rundt om i landet.

Den samla energibruken i Nederland var i 2017 på 3157 petajoule (PJ). Den viktigaste energikjelda var naturgass (41 %), følgd av petroleum (39 %) og kol (12 %). 8 prosent av energien kom frå fornybare kjelder, kjernekraft og søppel. I Nederland vert naturgass nytta til oppvarming i mange heimar. Frå 2013 har det vore ein kraftig nedgang i den nederlandske produksjonen av naturgass. Når det gjeld elektrisitetsproduksjon, er det ein sterk vekst av fornybare kjelder, der vindkraft er den viktigaste. I nederlandske hushald har det vore ein nedgang i energibruken dei siste åra.

Klimaendringane har store konsekvensar for det lågtliggjande Nederland, der både høgare havnivå og meir ekstremvêr vil gjere kampen mot vatnet krevjande.

Kjelder

Jon Birkenes ofl: Verdshistorie før 1850. Oslo 1993

Jan Palmowski: Dictionary of Contemporary World History. Oxford 2004

 

Emmeline Besamusca og Jaap Verheul (red.): Discovering the Dutch. On Culture and Society of the Netherlands. Amsterdam 2010. Digital utgåve (krev abonnement), ebookcentral.proquest.com: https://ebookcentral.proquest.com/lib/bergen-ebooks/detail.action?docID=649963

Dennis Cremers: «The position of the Netherlands», Internationalisation Monitor/2018-1, cbs.nl: https://www.cbs.nl/en-gb/publication/2018/14/the-position-of-the-netherlands [lesedato 6.12.2018]

Fabian Dekker: «Challenges for the Dutch polder model», ESPN Flash Report 2017/40, ec.europa.eu: ec.europa.eu/social/BlobServlet?docId=17894&langId=en [lesedato 15.12.2018]

Odd Bruce Hansen: «Planteliv og dyreliv i Nederland», snl.no, oppdatert 20.3.2013: https://snl.no/Planteliv_og_dyreliv_i_Nederland [lesedato 13.12.2018]

Joel Krieger (red.): The Oxford Companion to Politics of the World, 2. utg. Oxford 2004, oxfordreference.com (krev abonnement): http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780195117394.001.0001/acref-9780195117394-e-0515 [lesedato 14.12.2018]

Jan Lucassen og Leo Lucassen: «The Netherlands», i Klaus J. Bade ofl. (red.): The Encyclopedia of European Migration and Minorities. From the Seventeenth Century to the Present. Cambridge 2011. Digital utgåve (krev abonnement), ebookcentral.proquest.com: http://ebookcentral.proquest.com/lib/bergen-ebooks/detail.action?docID=667573 [lesedato 15.12.2018]

Dennis Mares og Antonius C.G.M. Robben: «The Netherlands», i Carol R. Ember og Melvin Ember (red.): Countries and Their Cultures, vol. 3, USA 2001. Digital utgåve, link.galegroup.com: http://link.galegroup.com/apps/doc/CX3401700171/GVRL?u=ubergen&sid=GVRL&xid=ebd2badf [lesedato 6.12.2018]

OECD: «State of Health in the EU. Netherlands: Country Health Profile 2017», oecd-ilibrary.org: https://www.oecd-ilibrary.org/docserver/9789264283503-en.pdf?expires=1544091355&id=id&accname=ocid194730&checksum=191283D1AAC4721E11D44FB7A22E029C [lesedato 6.12.2018]

Frits van Oostrom (red.): The Netherlands in a Nutshell. Highlights from Dutch History and Culture. Amsterdam 2008. Digital utgåve (krev abonnement), ebookcentral.proquest.com: http://ebookcentral.proquest.com/lib/bergen-ebooks/detail.action?docID=435506

John B. Roney: Culture and Customs of the Netherlands. Connecticut 2009. Digital utgåve (krev abonnement), ebookcentral.proquest.com: https://ebookcentral.proquest.com/lib/bergen-ebooks/detail.action?docID=492271

Peter Stalker: A Guide to Countries of the World, 3. utg. Oxford 2010, oxfordreference.com (krev abonnement): http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199580729.001.0001/acref-9780199580729-e-0149?rskey=S6BYwJ&result=147 [lesedato 14.12.2018]

Arne Torp: «Praat je Nederlands?», Språknytt 1998/2, sprakradet.no: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraaknytt_1998/Spraaknytt_1998_2/Praat_je_Nederlands/ [lesedato 19.12.2019]

 

Statistics Netherlands, cbs.nl: https://www.cbs.nl/en-gb [lesedato 6.12.2018]

«Trends in the Netherlands 2018», longreads.cbs.nl: https://longreads.cbs.nl/trends18-eng/ [lesedato 6.12.2018]

«Annual Report on Integration 2018», cbs.nl: https://www.cbs.nl/en-gb/publication/2018/47/annual-report-on-integration-2018 [lesedato 13.12.2018]

Dei offisielle sidene til dei nederlanske styresmaktene, government.nl: https://www.government.nl [lesedato 6.12.2018]

Det nederlanske parlamentet sine sider, houseofrepresentatives.nl: https://www.houseofrepresentatives.nl/home [lesedato 15.12.2018]

«Timeline Dutch History», Rijksmuseum, rijksmuseum.nl: https://www.rijksmuseum.nl/en/rijksstudio/timeline-dutch-history [lesedato 6.12.2018]

«Netherlands», National Geographic Kids, kids.nationalgeographic.com: https://kids.nationalgeographic.com/explore/countries/netherlands/#netherlands-bicycles-amsterdam.jpg [lesedato 6.12.2018]

CIA: The World Factbook, cia.gov: https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/nl.html [lesedato 6.12.2018]

«Holland. Your official guide for visiting Holland», holland.com: https://www.holland.com/global/tourism.htm [lesedato 6.12.2018]

OECD Data: «Netherlands», data.oecd.org: https://data.oecd.org/netherlands.htm [lesedato 6.12.2018]

International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA): «Netherlands», idea.int: https://www.idea.int/data-tools/country-view/227/40 [lesedato 6.12.2018]

FN-sambandet: «HDI – indeks for menneskelig utvikling», fn.no: https://www.fn.no/Statistikk/HDI-menneskelig-utvikling [lesedato 15.12.2018]

Finansdepartementet: «Hollandsk syke», regjeringa.no, publisert 31.5.2018: https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/norsk_okonomi/bruk-av-oljepenger-/hollandsk-syke/id449284/ [lesedato 15.12.2018]

eLife: «A century of trends in adult human hight», elifesciences.org, publisert 26.7.2016: https://elifesciences.org/articles/13410 [lesedato 15.12.2018]

United Nations Development Programme. Human Development Reports, hdr.undp.org: http://hdr.undp.org/en/composite/trends [lesedato 7.2.2019]

United Nations Development Programme. Human Development Reports: «Netherlands», hdr.undp.org: http://hdr.undp.org/en/countries/profiles/NLD [lesedato 7.2.2019]

Knowledge centre for sport netherlands: «Guide to Sports and Physical Activity in the Netherlands», Ede 2017, kennisbanksportenbewegen.nl: https://www.kennisbanksportenbewegen.nl/?file=8250&m=1512122788&action=file.download [lesedato 8.2.2019]

Encyclopaedia Britannica: «Dutch Republic», britannica.com, sist oppdatert 14.8.2019: https://www.britannica.com/place/Dutch-Republic [lesedato 19.12.2019] 

Peikarar

Rijksmuseum i Amsterdam, rijksmuseum.nl

Statistics Netherlands (CBS), cbs.nl

Først publisert: 19.11.2019
Sist oppdatert: 27.04.2020