Akershus fylke
Akershus fylke
Akershus er prega av at fylket ligg nær hovudstaden, der den sentrale politiske makta er samla. Akershus utgjer i dag ein stor del av Osloregionen.
Aust-Agder fylke
Aust-Agder fylke
Aust-Agder er størst i areal av dei to Agder-fylka, men minst i folketal. I fylket ligg den sørlandske skjergarden og fylket har lange industritradisjonar. Inst i fylket ligg Setesdalen.
Buskerud fylke
Buskerud fylke
Buskerud er eit langstrekt og variert fylke. Fylket strekkjer seg frå det sentrale austlandsområdet i søraust til dei store fjellviddene Hardangervidda og Langfjella i nordvest.
Finnmark fylke
Finnmark fylke
Finnmark er det nordlegaste og største fylket i landet, samtidig som det har færrast innbyggjarar. Fylket utgjer eit kjerneområde for den samiske kulturen i Noreg.
Hedmark fylke
Hedmark fylke
Hedmark er det austlege av dei to innlandsfylka på Austlandet. Det ligg lengst frå havet av alle fylka våre og er det som har mest skog.
Hordaland fylke
Hordaland fylke
Hordaland er det tredje folkerikaste fylket i landet. Kystområda har sterk folkeauke. Dei indre distrikta har vore blant kjerneområda for norsk nasjonsbygging.
Møre og Romsdal fylke
Møre og Romsdal fylke
Møre og Romsdal er det nordlegaste fylket på Vestlandet. Her ligg Geirangerfjorden, ein del av UNESCO-landskapet «Vestnorske fjordar».
Nordland fylke
Nordland fylke
Nordland er det sørlegaste og mest folkerike av fylka i Nord-Noreg. Det er det nest største fylket i areal og femner om eit mangfald av natur og samfunn.
Nord-Trøndelag fylke
Nord-Trøndelag fylke
Nord-Trøndelag var eit eige fylke fram til 2018. I fylket ligg Stiklestad, staden som symboliserer kristninga og den endelege samlinga av Noreg.
Oppland fylke
Oppland fylke
Oppland er det vestlege av dei to langstrekte innlandsfylka på Austlandet som ikkje grensar til sjø. Lengst i nord og vest ligg nokre av dei mest kjende fjellområda våre: Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen.
Oslo fylke
Oslo fylke
Oslo er både fylke og kommune, byen Oslo er hovudstad i Noreg og den største byen i landet. Her held regjeringa og Stortinget til.
Rogaland fylke
Rogaland fylke
Rogaland ligg i det sørvestlege hjørnet av Noreg og er det fremste olje- og gassfylket vårt. Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i landet.
Sogn og Fjordane fylke
Sogn og Fjordane fylke
Sogn og Fjordane har store naturressursar, men er tynt folkesett og har få og små byar og tettstader. Naturen i fylket er særprega, med fjordar, høge fjell og den største isbreen i Noreg.
Sør-Trøndelag fylke
Sør-Trøndelag fylke
Sør-Trøndelag var fram til 31.12.2017 eit eige fylke. No utgjer området den minste delen i areal og mesteparten av folketalet i Trøndelag fylke.
Telemark fylke
Telemark fylke
Telemark er eit kontrastfylt fylke. Grenlandsområdet har 70 % av innbyggjarane i fylket og er tettbygd, medan indre Telemark har mange grisgrendte fjellkommunar.
Troms fylke
Troms fylke
Troms er det midtre av dei tre nordnorske fylka. Her ligg den største og viktigaste byen i landsdelen, Tromsø, som populært blir kalla «Nordens Paris», og den tredje største, Harstad.
Trøndelag fylke
Trøndelag fylke
I 1804 blei Trondhjems amt delt i to. Gauldal, Orkdal, Fosen og Trondheim blei samla i eit sørleg amt, og Namdalen og Inntrøndelag i eit nordleg. I 2018 blei heile området igjen samla i eitt fylke.
Vest-Agder fylke
Vest-Agder fylke
Vest-Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Agder-kysten er for mange knytt til sol og sommar. Her ligg Dyreparken – den nest mest besøkte turistattraksjonen i landet – og Lindesnes, med det eldste fyret i Noreg og det sørlegaste fastlandspunkt i landet.
Vestfold fylke
Vestfold er det minste landfylket i Noreg, rekna i areal, men det er tett folkesett og har fleire mindre og mellomstore byar.
Østfold fylke
Østfold fylke
Østfold er det viktigaste grensefylket i Noreg, sjølv om fleire andre fylke har lengre riksgrenser. Nærleiken til Sverige har gjort Østfold utsett i krigstider, men i våre dagar går ein stor del av utlandstrafikken både til Sverige og kontinentet gjennom fylket. Østfold har òg viktig industri, store landbruksareal og turistattraksjonar som Haldenvassdraget.