Hopp til innhold
X
Innhald

Akershus fylke

Akershus er prega av at fylket ligg nær hovudstaden, der den sentrale politiske makta er samla. I dette fylket finn vi fleire bygningar som har vore skilsetjande i norsk historie, mellom anna Eidsvollsbygningen og Oscarsborg festning. Akershus utgjer i dag ein stor del av Osloregionen, noko som har ført til sterk vekst i folketalet, økonomien og talet på arbeidsplassar. Ingen andre fylke utanom hovudstaden har fleire innbyggjarar og tettare folkesetnad.

Akershus høyrer til flatbygdene på Austlandet, med bølgjande landskap og grøderik jord. I aust strekkjer fylket seg heilt til svenskegrensa, og her er landskapet prega av tynt folkesette skogsområde. Kontrasten er stor til den vestlege delen av fylket, der åtte av kommunane grensar direkte til hovudstaden og kan reknast som forstadskommunar. I nord ligg Romerike, som har hatt sterk vekst, særleg etter at Oslo Lufthamn blei flytta frå Fornebu til Gardermoen i 1998.

Heile Akershus er tett knytt opp til kultur, arbeidsliv og samfunnsfunksjonar i hovudstaden. Fylket er det einaste som ikkje har administrasjonen i eige fylke, han ligg i Oslo. Mange pendlar til arbeid i hovudstaden, og svært mange er sysselsette i tenesteytande næringar. Akershus har hatt dei noverande grensene sidan 1948, då Aker kommune gjekk inn i Oslo.

Eidsvollsbygningen. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY 2.0.

Eidsvollsbygningen. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY 2.0.

Miljø og klima

Akershus har innlandsklima, men Oslofjorden og Mjøsa gjer at vintrane er relativt milde. Middeltemperaturen i januar varierer mellom –4 °C og ca. –8 °C, medan middeltemperaturen for juli, som er den høgaste i landet, ligg på 15–17 °C. Fylket har relativt lite nedbør og er lite utsett for vind, men har ofte skodde om hausten og vinteren.

Utsleppa frå industrien til fjordar og vassdrag i Akershus har gått mykje ned dei siste åra. Vasskvaliteten er likevel dårleg mange stader, på grunn av forsuring og eldre ureiningskjelder. Fylket har lite inngrepsfrie område, men det finst likevel eit stort mangfald av naturtypar, som er rike på artar. Skogane varierer frå varmekjære, frodige edellauvskogar i vest til skrinne barskogar lengst mot aust. Akershus har fast bestand av ulv og gaupe, medan jerv og bjørn opptrer som streifdyr. Aure finst i dei fleste vatna og vassdraga, medan laksen går opp i ti av elvane.

Berggrunnen i Akershus kan grovt sett delast i tre. Lengst i aust ligg eit kupert grunnfjellsområde, med lågareliggjande parti og marine lausmassar innimellom. I nord og nordvest har berggrunnen vulkansk opphav, medan øyane i Oslofjorden og deler av Asker og Bærum består av skifer og kalkstein frå kambrosilur.

Historie

Mange arkeologiske funn vitnar om ein rik forhistorisk periode i Akershus. Fylket er blant dei eldste jordbruksområda i landet. Her voks det tidleg fram større samfunnsstrukturar med konsentrert makt og økonomi. Fylket har fleire bygdeborger frå jernalderen. Dei fungerte som forsvarsverk i urolege tider, med konflikt mellom ulike grupper. Vi finn bygdeborger mellom anna på Tjuvåsen i Frogn og Skansen i Skedsmo.

Midt på 1500-talet fekk Akershus sin første industri, med jernverket i Hakadal, som er eit av dei eldste i landet. Seinare fekk fylket fleire jernverk, mellom anna i Bærum og på Eidsvoll. Jernverka var utstyrte med masomnar og baserte jernframstillinga på trekol. På 1800-talet blei dei utkonkurrerte av billegare jern frå utlandet.

Jernverka var gjerne knytte til større herregardar. På Eidsvoll bygde eigaren frå 1794, Carsten Anker, opp ein av dei største privatbustadene i landet, no kjend som Eidsvollsbygningen. Her heldt leiande menn på Austlandet det såkalla notabelmøtet 16. februar 1814, der dei gav si støtte til Kristian Fredrik sin sjølvstendepolitikk. Seinare på våren disponerte Riksforsamlinga huset medan dei utarbeidde Grunnlova. 112 representantar frå heile Sør-Noreg hadde møtestaden sin her frå 10. april til 20. mai 1814.

Det kjende måleriet «Eidsvold 1814» som viser Riksforsamlinga då dei utarbeidde Grunnlova i 1814. Måleriet er laga av kunstnaren Oscar Wergeland på bestilling i 1882–85 for å henge på Stortinget, og det heng framleis på Stortinget i stortingssalen. Foto: Teigens fotoatelier, Stortinget på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Det kjende måleriet «Eidsvold 1814» som viser Riksforsamlinga då dei utarbeidde Grunnlova i 1814. Måleriet er laga av kunstnaren Oscar Wergeland på bestilling i 1882–85 for å henge på Stortinget, og det heng framleis på Stortinget i stortingssalen. Foto: Teigens fotoatelier, Stortinget på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Akershus har vore eit viktig oppland for Oslo så lenge byen har eksistert. På 1600- og 1700-talet auka trelasthandelen, og byen var ei viktig utførselshamn for trelast som kom frå eller blei ført gjennom fylket. Akershus fekk den første jernbana i landet i 1854, då «Hovedbanen» mellom Kristiania og Eidsvoll stod ferdig. Bana gav sterk økonomisk vekst i distriktet, ikkje minst i Lillestrøm, der det voks fram ein stasjonsby med ei rekkje dampdrivne sager. Strømmen, som tidlegare hadde vore eit senter for sagbruksindustrien, utvikla seg til ein allsidig industristad, med Strømmens Værksted og Strømmen Stål blant dei største bedriftene. Utover på 1900-talet er ein stadig større del av dei nærmaste kommunane kring Oslo blitt utbygde med bustader og næring, slik at dei no høyrer til hovudstadsområdet.

Midt på 1800-talet blei Oscarsborg festning ved Drøbaksundet bygd. Om morgonen 9. april 1940 søkkte kanonskot frå festninga den tyske kryssaren Blücher. Innsatsen seinka det tyske angrepet på Noreg og gav kongefamilien, regjeringa og Stortinget høve til å kome seg vekk frå Oslo.

Sosiale forhold

Akershus er ved sida av Rogaland det rikaste fylket i landet. Fylket har ein mindre del av folket i låginntektsgruppene og fleire i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 19 % av hushalda under 350 000 og 31 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået ligg langt over landsgjennomsnittet. 35,1 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Det same gjer den forventa levealderen, særleg for menn. Kvinnene i Akershus kan rekne med å bli 83,3 år gamle og mennene 79,4 år, mot høvesvis 82,9 og 78,4 år i heile landet. Skilsmisseraten ligg litt over landsgjennomsnittet, medan talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg under landsgjennomsnittet. Det er òg færre røykarar – 23 % av dei vaksne i Akershus røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 12,8 % av folket er medlemmer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja (mot 11,5 % i heile landet), over halvparten av dei i andre kristne kyrkjesamfunn.

Næringsliv

Saman med Oslo utgjer Akershus det tredje største kornfylket i Noreg. Jordbruket har likevel lite å seie i den totale sysselsetjinga, med berre 0,8 % av dei yrkesaktive sysselsette i primærnæringane (mot eit landsgjennomsnitt på 2,4 %). Heller ikkje industrien er avgjerande i fylket. Av dei ulike industrisektorane er næringsmiddelindustrien, metallvareindustrien og den grafisk industrien dei viktigaste.

Det er innanfor tenestyting at Akershus skil seg ut (saman med Oslo) frå resten av fylka i Noreg. Dei tenesteytande næringane sysselset ca. 85 % av dei yrkesaktive i fylket, mot eit landsgjennomsnitt på 77 %. Fylket har stor detaljhandel og engroshandel. Av kommunane har Ullensaker høgast detaljhandel i landet per innbyggjar, på grunn av flyplassen på Gardermoen. Dei største tenesteområda i privat sektor, utanom handel, bygg og anlegg, er arkitektar og tekniske konsulentar, IT-tenester, transporttenester og lagring, serveringsverksemd og finansieringsverksemd. Særleg i Asker og Bærum finst det ei rekkje større verksemder innanfor informasjonsteknologi og konsulentfirma knytte til ulike bransjar. Akershus har dessutan nesten like mange arbeidsplassar innanfor offentleg administrasjon som Oslo. Elles er hovudstaden arbeidsstad for mange som bur i Akershus.

Fylket har ingen stor reiselivssektor, men har likevel mange viktige turistmål. Her ligg mellom anna Eidsvollsbygningen, fornøyelsesparken Tusenfryd i Ås og Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum. Fylket har dessutan fleire større alpinanlegg.

Berg-og-dal-bane i fornøyelsesparken Tusenfryd. Foto: Erik F. Brandsborg/Aktiv I Oslo, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Berg-og-dal-bane i fornøyelsesparken Tusenfryd. Foto: Erik F. Brandsborg/Aktiv I Oslo, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Det går sju jernbaner gjennom Akershus: Hovudbana mellom Oslo og Eidsvoll, Dovrebana vidare frå Eidsvoll til Trondheim, Østfoldbana frå Oslo til Ski og deretter i to ulike linjer gjennom Østfold, Gjøvikbana mellom Oslo og Gjøvik, Kongsvingerbana mellom Lillestrøm og riksgrensa ved Magnor, Drammenbana mellom Oslo og Drammen og Gardermobana mellom Oslo og Eidsvoll. Hovudbana, Drammenbana og Gardermobana har dobbeltspor, og det blir no bygd dobbeltspor på delar av Østfoldbana og Dovrebana.

I Akershus ligg Oslo lufthamn på Gardermoen, hovudflyplassen i Noreg. Lufthamna har kring ein tredel av innanlandstrafikken i landet og over halvparten av utanlandstrafikken. Akershus har eit godt utbygd, men sterkt trafikkert, vegnett. Det går tre europavegar gjennom fylket: E6 frå fylkesgrensa mot Østfold via Vestby og Oslo og over Romerike til fylkesgrensa mot Hedmark, E18 frå fylkesgrensa mot Buskerud via Asker, Bærum, Oslo og Ski til fylkesgrensa mot Østfold, og E16 frå fylkesgrensa mot Oppland over Romerike til fylkesgrensa mot Hedmark. E6 og E18 har motorvegstandard gjennom store delar av Akershus.

Administrativ og historisk inndeling

Akershus fylke har desse 22 kommunane: Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Eidsvoll, Enebakk, Fet, Frogn, Gjerdrum, Hurdal, Lørenskog, Nannestad, Nes, Nesodden, Nittedal, Oppegård, Rælingen, Skedsmo, Ski, Sørum, Ullensaker, Vestby og Ås. Drøbak (i Frogn) miste bystatusen etter ei kommuneregulering i 1960-åra, men fekk statusen tilbake i 2006. Også Lillestrøm (i Skedsmo), Sandvika (i Bærum) og Ski har fått bystatus etter 1995.

Akershus hadde på det meste, frå 1931 til 1943, 33 kommunar. I 1943 blei Hølen slått saman med Vestby. Fem år seinare gjekk Aker inn i Oslo og blei overført frå Akershus fylke. I 1962 blei Drøbak slått saman med Frogn, medan Blaker gjekk inn i Sørum og Lillestrøm i Skedsmo. To år seinare blei Son slått saman med Vestby, medan Kråkstad gjekk inn i Ski og Feiring i Eidsvoll. I 1966 gjekk Søndre Høland, Nordre Høland, Setskog og Aurskog inn i den nye storkommunen Aurskog-Høland.

Frå 1.1.2020 blir talet på kommunar i fylket redusert frå 22 til 19. Ski og Oppegård har gjort vedtak om å slå seg saman til ein ny kommune nord i Follo. Asker i Akershus slår seg saman med Røyken og Hurum i Buskerud. Aurskog-Høland slår seg saman med Rømskog i Østfold. Eit fleirtal av Høgre, Framstegspartiet og Venstre går òg inn for å slå saman Fet, Skedsmo og Sørum.

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre vedtek våren 2017 å slå saman Akershus, Østfold og Buskerud.

Akershus stiftamt blei oppretta i 1662. I 1685 blei Buskerud skilt ut som eige amt, og i 1756 også Oplandene (Hedmark og Oppland). Kristiania blei eige amt i 1842, og i 1948 blei Aker overført til frå Akershus til Oslo. Fylket blir i mange samanhengar delt i desse regionane: Romerike, Follo og Asker og Bærum.

Foto frå Ddrøbak. Foto: Sjekster, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Foto frå Drøbak. Foto: Sjekster, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Demografi

Dersom ein ikkje reknar med Oslo, er Akershus det mest folkerike, folketette og urbaniserte fylket i landet. 90,4 % av folket bur i tettbygde strok, mot eit landsgjennomsnitt på 81,4 %. Over halvparten av innbyggjarane i fylket bur i det samanhengande tettbygde hovudstadsområdet. Også dei andre større tettstadene i fylket ligg i området kring Oslo (tala er frå 2017): Ski (19 357), Jessheim (17 687), Drøbak (13 409), Råholt (13 156), Nesoddtangen (12 803), Lommedalen (11 307), Ås (10 110). 

Folketalet i Akershus har auka kraftig gjennom heile etterkrigstida. Det blei tredobla frå 1953 til 2014. Fylket har heile tida hatt solide fødselsoverskot. I motsetning til resten av landet auka fødselsoverskotet frå midten av 1960-åra, og nedgangen frå 1970-åra og utetter var mindre enn i andre fylke. Akershus har gjennom heile perioden hatt netto innflytting. Flyttestraumen til fylket auka kraftig i 1960-åra, men gjekk noko tilbake i 1970-åra. Sidan slutten av 1990-åra har det igjen vore høg netto innflytting, og Akershus har saman med Oslo dei seinare åra vore den regionen i Europa som har hatt sterkast vekst, ikkje minst på grunn av innvandring. I 2015 var 16,5 % av innbyggjarane i Akershus fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Akershus fylkeskommune ligg i Oslo. Akershus har felles fylkesmannsembete med Oslo, frå 2019 også med Buskerud og Østfold. Då vil hovudkontoret til fylkesmannen vere i Moss i Østfold. 

Foto av Valgerd Svarstad Haugland under ein seremoni i Oslo Rådhus i 2014 for nye norske statsborgarar. Akershus har felles fylkesmannsembete med Oslo. Fylkesmann i Oslo og Akershus sidan 2011 er Valgerd Svarstad Haugland. Foto: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Foto av Valgerd Svarstad Haugland under ein seremoni i Oslo Rådhus i 2014 for nye norske statsborgarar. Akershus har felles fylkesmannsembete med Oslo. Fylkesmann i Oslo og Akershus sidan 2011 er Valgerd Svarstad Haugland. Foto: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Akershus er omfatta av fire regionråd: Øvre Romerike Utvikling (kommunane Eidsvoll, Gjerdrum, Hurdal, Nannestad, Nes og Ullensaker), Samarbeidsrådet for Nedre Romerike (Aurskog-Høland, Fet, Lørenskog, Nittedal, Rælingen, Skedsmo og Sørum) og Follorådet (Enebakk, Frogn, Nesodden, Oppegård, Ski, Vestby og Ås), medan Asker og Bærum er med i Vestregionen saman med fleire kommunar i Buskerud og Vestfold.

Fylket er delt i fire tingrettsdistrikt: Øvre Romerike, Nedre Romerike, Follo og Asker og Bærum. Dei to førstnemnde ligg under Eidsivating lagmannsrett, med sete på Hamar, medan dei to sistnemnde høyrer til Borgarting lagmannsrett, som har sete i Oslo. Akershus er delt mellom to politidistrikt: Asker og Bærum høyrer til Oslo, medan resten av fylket er saman med Østfold i Aust politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Sør-Aust. Asker og Bærum ligg under Vestre Viken helseføretak, medan fylket elles soknar til Akershus Universitetssjukehus (Ahus). Det er òg sjukehus i Bærum og Lørenskog. Fylket ligg under Vegregion Aust og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Asker og Bærum høyrer til Oslo bispedøme, medan resten av Akershus ligg under Borg bispedøme, med sete i Fredrikstad. Fylket er delt i seks prosti: Asker, Bærum, Follo, Nedre Romerike, Østre Romerike og Øvre Romerike.

Akershus fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Høgre og Arbeidarpartiet har veksla mellom å vere det største partiet ved fylkestingsvala i Akershus sidan 1975. I fleire periodar har dei hatt like mange mandat. Fylkestinget har alltid hatt borgarleg fleirtal. Fylkesordførarane har kome skiftevis frå Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti. I perioden 2015–19 er Anette Solli (H) fylkesordførar og Lars Salvesen (KrF) fylkesvaraordførar.

Sidan 1989 har dei borgarlege partia hatt fleirtalet av stortingsrepresentantane frå Akershus, og forspranget til den sosialistiske sida har auka dei seinare åra. Jan Tore Sanner, kommunal- og moderniseringsminister sidan 2013, kjem frå Akershus. Fylket har òg fostra ei rekkje andre profilerte topp-politikarar, mellom dei Jo Benkow, formann og parlamentarisk leiar for Høgre og stortingspresident, Åslaug Haga, leiar i Senterpartiet, kulturminister, kommunalminister og olje- og energiminister, og Jan Petersen (H), leiar i Høgre og utanriksminister.

Språk

Akershus fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform. Fylkesmannen i Akershus og 17 av kommunane i fylket har bokmål som tenestemål. Fem kommunar er språkleg nøytrale (Ski, Ås, Sørum, Rælingen og Lørenskog).

99,3 % av elevane i grunnskulen i fylket har bokmål som opplæringsmål (0,7 % har ikkje oppgitt målform). Av innvandrarspråk er polsk, somalisk, urdu, arabisk og tigrinja dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Akershus høyrer til dei austnorske målføra og har kløyvd infinitiv og tjukk l. Svake substantiv blir bøygde på to måtar (hankjønn: en bakke, en hara, hokjønn: ei jente, ei viku). Gamle diftongar finst, men det er òg døme på at dei blir forenkla (heime = hime, draum = drøm, gløyme = glømme). Målføra i fylket er sterkt prega av bryting mellom eldre bygdeformer og nyare bymål.

Kunst, kultur og idrett

Akershus har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Romerikes Blad (Skedsmo, 26 398), Budstikka (Asker, 21 070), Østlandets Blad (Ski, 8612), Indre Akershus Blad (Bjørkelangen, 7915), Akershus Amtstidende (Drøbak, 7217), Eidsvoll Ullensaker Blad (Eidsvoll, 7032), Varingen (Nittedal, 5635), Raumnes (Årnes, 5293), Enebakk Avis (Enebakk, 2604), Vestby Avis (Vestby, 1978) og Ås Avis (Ås, 1886).

Fylket soknar til NRK sitt distriktskontor NRK Østlandssendingen, som sender frå Sagene i Oslo.

Høgskolen i Akershus fusjonerte i 2011 med Høgskolen i Oslo til Høgskolen i Oslo og Akershus. Dette er den største høgskulen i landet, med fakultet for helsefag, lærarutdanning/ internasjonale studium, samfunnsfag og teknologi/kunst/design, og med studiestader i Oslo, på Kjeller og i Sandvika. På Ås ligg Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, med fakultet for miljøvitskap/teknologi, samfunnsvitskap og veterinærmedisin/biovitskap.

Musea i fylket er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under paraplyorganisasjonen Akershusmuseet. Under dette museet ligg mellom anna det nasjonale kulturminnet Fetsund lenser, museumsjernbana Urskog-Hølandsbana og Labråten i Asker, som var heimen til Hulda og Arne Garborg og senter for det intellektuelle og kulturpolitiske miljøet med tilnamnet «Askerkretsen». På Jar i Bærum ligg Filmparken, ein næringspark for filmbransjen. Her ligg mellom anna Mediefabrikken i Akershus, eit ressurssenter for unge filmskaparar. Tidlegare hadde Norsk Film sine studio på Jar.

Frå Akershus kjem framståande musikarar som Marit Larsen, Bendik Hofseth og Arild Andersen, og forfattarar som Merete Morken Andersen og Hanne Ørstavik. Blant fylket sine fremste idrettsutøvarar i nyare tid er skiløparen Bjørn Dæhlie, handballspelaren Stine Brede Oftedal, skihopparen Bjørn Einar Romøren, padlaren Knut Holmann og alpinisten Aksel Lund Svindal. Fylket har to klubbar som har hevda seg i norsk toppfotball dei siste åra, Stabæk og Lillestrøm.

Kjelder

H. Chr. Mamen (red.): Bygd og by i Norge. Akershus. Oslo 1981

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Akershus fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_2 - KAPITTEL_2 [lesedato 14.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.uib.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Oslo og Akershus», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/oslo-og-akershus/ [lesedato 14.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 14.6.2015]

Store norske leksikon og Svein Askheim: «Akershus», snl.no, sist oppdatert 25.9.2014: https://snl.no/Akershus [lesedato 14.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Akershus fylkeskommune

Først publisert: 22.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018