Hopp til innhold
X
Innhald

Aust-Agder fylke

Aust-Agder er størst i areal av dei to Agder-fylka, men minst i folketal. Den sørlandske skjergarden er for mange knytt til sol, sommar og ferie, men fylket har òg lange industritradisjonar og bedrifter med høg kompetanse innanfor data og elektronikk. Inst i fylket ligg Setesdalen, med ein sterkt tradisjonsbunden bondekultur.

Aust-Agder har vore eige fylke sidan slutten av 1600-talet. Den største byen i fylket, Arendal, utgjer tyngdepunktet innanfor næringslivet i Aust-Agder. Småbyane og kysten elles i fylket er populære, med tett turisttrafikk og høgt aktivitetsnivå om sommaren, men vinterstid er det meir stilt i mange av idyllane og fritidshusa. Hovden øvst i Setesdalen er derimot den viktigaste vintersportsstaden i landsdelen.

Som i Vest-Agder har lekmannskristendomen hatt eit sterkt fotfeste i fylket, i det minste i kyststroka. Innlandet er prega av andre kulturelle tradisjonar. Her har religiøsiteten stått svakare og norskdomsrørsla sterkare. I Setesdalen, som lenge var eit svært isolert område, har ein halde i hevd eldre kunsthandverk og folkemusikk.

Skogbrannen i Froland 9.–14. juni 2008 er ein av dei verste skogbrannane i noregshistoria. Oppimot 30 000 mål skog blei svidd av før brannvesenet fekk kontroll.

Foto frå naturen i Setesdal. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Foto frå naturen i Setesdal. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Miljø og klima

Heiane ved Setesdalen ligg utsette til for nedbør som kjem inn frå vest, medan resten av fylket er meir skjerma og har eit klima som liknar dei nærmaste delane av Austlandet. Kyststraumen går i sørvestleg retning, med relativt varmt vatn om sommaren, medan det er kaldt om vinteren, med innslag av havis. Kyststroka er relativt solrike og nedbørfattige, men enkelte vintrar med mykje austavind kan det kome store mengder snø.

Aust-Agder har eit breitt naturmangfald. Langs kyststripa finst det eike- og edellauvskogar med eit stort mangfald av artar. I innlandet dominerer gran- og furuskog, medan heiane og fjellområda har skrint med vegetasjon. Alle dei fire norske hjorteviltartene, villrein, hjort, elg og rådyr, finst i fylket. Av dei store rovdyra har gaupa fast tilhald, medan bjørn, jerv og ulv opptrer som streifdyr. Det finst òg mykje kongeørn. Vassdraga i Aust-Agder var på 1900-talet sterkt utsette for sur nedbør og fiskedød, men kalking og mindre sur nedbør har ført til at fiskebestanden har teke seg opp att dei fleste stader.

Berggrunnen i Aust-Agder består av grunnfjell. Omkring 30 km frå kysten går det ei forkastingslinje som markerer eit skilje mellom kyststroka og innlandet. Kystsona er låglendt, men kupert, med mange heiar, vatn og myrar og ein tett skjergard. Innlandet har ein meir einsarta topografi, med fleire dalføre i nord-sørgåande retning.

Gamle Hellesund i Lillesand kommune. Foto: Mads Henrik, Redningsselskapet Kristiansand, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Gamle Hellesund i Lillesand kommune. Foto: Mads Henrik, Redningsselskapet Kristiansand, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Historie

I seinmellomalderen tok skipsfarten seg opp i Skagerrak, og mange utanlandske skip la vegen innom Aust-Agder. Uthamnene voks fram som naturlege sentrum, og hollandske, skotske og tyske skuter tok til med oppkjøp av trelast og tømmer. I første omgang blei det hogd i den kystnære skogen, seinare måtte ein lenger inn i landet for å hente tømmeret. På 1500-talet kom oppgangssaga i bruk i Noreg, og ein reknar med at fleire av vassdraga i fylket tidleg fekk slike sager.

Mot slutten av 1700-talet blei fylket utgangspunkt for det største bondeopprøret i Noreg under dansketida, den såkalla Lofthusreisinga. Under leiing av Christian Jenssøn Lofthuus frå Vestre Moland kom det til store protestaksjonar mot høg skattlegging og monopolhandel. Styresmaktene slo ned opprøret i 1787 og sette Lofthus i fengsel, men hendinga fekk stor symbolverdi.

Under napoleonskrigane hadde Aust-Agder stor kaperfart. Då dreiv private, med godkjenning frå styresmaktene, kapring (sjørøveri) ved å skaffe seg kontroll over framande handelsskip, som dei så førte til lands. Samstundes leid fylket hardt under at den viktige trelasteksporten til England stoppa opp i lange periodar, og at kornfarten frå Danmark blei sterkt hindra av krigen. Henrik Ibsen sitt kjende dikt «Terje Vigen» er ei skildring av forholda i denne perioden. Terje Vigen er truleg ikkje ein historisk person, men ved Fjære kyrkje utanfor Grimstad står ein bauta som ofte blir kalla «Terje Vigens grav», som er eit minne om alle frå distriktet som på ulike måtar sette livet til i nødsåra 1807–14.

I seglskutetida på 1800-talet var sørlandsbyane, med Arendal i spissen, blant dei leiande sjøfartsbyane i Noreg, med ein stor skipsflåte. Men overgangen til dampskip, og seinare motorskip, gjorde at sjøfartsnæringa etter kvart fekk mindre å seie for landsdelen.

I området kring Arendal ligg ein av dei rikaste førekomstane av jernmalm her i landet, og på 1600-talet blei det oppretta jernverk i Barbu og på Nes i Holt. Det sistnemnde verket var i drift til 1909. På industristaden Eydehavn, oppkalla etter gründeren Sam Eyde i 1913, blei det bygd eit smelteverk for produksjon av aluminium og silisiumkarbid, og dette var lenge blant dei største arbeidsplassane i Aust-Agder.

Eydehavnmuseet i Arendal. Foto: Arendal Tourist Office, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Eydehavnmuseet i Arendal. Foto: Arendal Tourist Office, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Sosiale forhold

Aust-Agder ligg litt bak resten av landet i inntektsutvikling. Fylket har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 25 % av hushalda under 350 000 og 20 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er lågt. 26,4 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i heile Noreg. Også den forventa levealderen ligg litt under landsgjennomsnittet. Mennene i fylket kan rekne med å bli 77,7 år gamle og kvinnene 82,1 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg litt over landsgjennomsnittet. Det same gjeld røykjarar – 27 % av dei vaksne austegdene røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 12,9 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, dei aller fleste i andre kristne kyrkjesamfunn (landsgjennomsnittet er 11,5 %).

Aust-Agder har fleire personar på uføretrygd og arbeidsavklaringspengar enn gjennomsnittet i Noreg, og sjukefråveret på grunn av psykiske lidingar ligg på landstoppen. Fylket veksla mellom å liggje på nest dårlegaste og tredje dårlegaste plass på SSB sin likestillingsindeks 1999–2008 (seinare er ikkje fylka rangerte).

Båtar på sjøen i Grimstad. Foto: Livio Barcella, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Båtar på sjøen i Grimstad. Foto: Livio Barcella, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Næringsliv

Jordbruket i Aust-Agder er prega av små bruk og ein kupert topografi som gjer det vanskeleg med stordrift. Grasproduksjon og husdyrhald er dominerande. Fiske blir berre drive i liten skala. Av dei ulike fiskeria er rekefisket viktigast. Primærnæringane i fylket sysselset 2,2 % av dei yrkesaktive (mot eit landsgjennomsnitt på 2,4 %).

Verkstadindustrien er dominerande innanfor industrien, med maskinindustri, produksjon av metallvarer og transportmiddel som dei største sektorane. Også data- og elektronikkindustrien har relativt høg sysselsetjing i Aust-Agder. Næringsklyngja Norwegian Offshore & Drilling Engineering (NODE) omfattar 70 verksemder i heile Agder, med fleire tusen tilsette, og dei leverer utstyr til oljenæringa, særleg boreutstyr. Ein stor del av industrien i fylket er lokalisert i og omkring Arendal, der det finst fleire industriområde.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 73 % av dei yrkesaktive i Aust-Agder (mot 77 % i heile landet). Reiselivet er ein viktig sektor i fylket. Agder er særleg kjend for sommarturisme, og langs kysten ligg det tett med hytter og ferieanlegg. Men også innlandet, ikkje minst Setesdalen, har fleire viktige reisemål. Hovden har stor utfart om vinteren. Her ligg det òg eit skigymnas.

Samferdsel og kommunikasjon

Aust-Agder har to jernbaner: Sørlandsbana, som går frå Stavanger via Kristiansand og gjennom dei indre delane av fylket til Drammen, og Arendalsbana, ei 37 km lang sidelinje frå Nelaug til Arendal. Fylket har ingen flyplassar med fast rutetrafikk, men kring 80 % av innbyggjarane bur innanfor ein times køyreavstand til Kristiansand lufthamn på Kjevik. Vegnettet i Aust-Agder er godt utbygd. Hovudåra gjennom fylket er E18, som går gjennom kystområda frå fylkesgrensa mot Vest-Agder via Lillesand, Grimstad og Arendal til fylkesgrensa mot Telemark. Frå Kristiansand til Grimstad har vegen motorvegstandard, og vidare til Arendal er det motortrafikkveg. Ein annan viktig sambandsveg er riksveg 9, som går frå Kristiansand og gjennom Setesdalen, som ligg i Aust-Agder, til Haukeligrend.

Administrativ og historisk inndeling

Aust-Agder fylke har desse 15 kommunane: Arendal, Birkenes, Bygland, Bykle, Evje og Hornnes, Froland, Gjerstad, Grimstad, Iveland, Lillesand, Risør, Tvedestrand, Valle, Vegårdshei og Åmli. Arendal, Grimstad og Risør er historiske byar. Tvedestrand og Lillesand miste bystatusen ved kommunereguleringar i høvesvis 1960 og 1964, men dei fekk han att i 1997 og 2000.

Gate i Grimstad med Ibsen-museet til venstre. Ibsen-museet er ein del av Grimstad bys museer. Foto: Hanne Feyling, Visit Sørlandet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Gate i Grimstad med Ibsen-museet til venstre. Ibsen-museet er ein del av Grimstad bys museer. Foto: Hanne Feyling, Visit Sørlandet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Aust-Agder hadde på det meste, frå 1919 til 1960, 36 kommunar. I 1960 blei Holt og Dypvåg slått saman med Tvedestrand, Gjøvdal med Åmli og Hornnes med Evje. I 1962 danna Flosta, Stokken og Austre Moland den nye kommunen Moland. Storparten av Eide gjekk inn i Landvik, Vestre Moland og Høvåg i Lillesand, og Hylestad i Valle. To år seinare tok Risør opp i seg Søndeled. I 1967 gjekk Mykland inn i Froland, Vegusdal og Herefoss i Birkenes og Tovdal i Åmli. Fire år seinare blei Fjære og Landvik slått saman med Grimstad. I 1992 tok Arendal opp i seg Moland, Øyestad, Tromøy og Hisøy.

Aust-Agder låg opphavleg under Kristiansands stiftamt, men blei på slutten av 1600-talet delt frå som eige amt med namnet Nedenes. I 1919 fekk fylket det noverande namnet. Setesdalen og kystområda blir i mange samanhengar rekna som kvar sine regionar.

1.1.2020 blir Aust-Agder slått saman med Vest-Agder til Agder.

Kvinner på sykkeltur i setesdalsbunad, ved Valle i Setesdal. Foto frå rundt 1900/10. Foto: Anders Beer Wilse. Kredit: Riksantikvaren, Flickr.com CC BY 2.0.

Kvinner på sykkeltur i setesdalsbunad, frå Valle i Setesdal. Foto frå rundt 1900/10. Foto: Anders Beer Wilse. Kredit: Riksantikvaren, Flickr.com CC BY 2.0.

Demografi

Aust-Agder har noko lågare folketettleik enn landet samla sett. Også urbaniseringsgraden ligg under landsgjennomsnittet. 73,6 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,4 % for Noreg totalt. Tettast folkesetnad er det langs kysten, medan innlandet er meir grisgrendt. Arendal er den nest største byen på Sørlandet, med 43 804 innbyggjarar i det tettbygde området. Andre byar og større tettstader er Grimstad (12 899 innb.), Lillesand (7 644 innb.). Innbyggjartala er frå 2017.

Folketalet i Aust-Agder har auka dei fleste åra i etterkrigstida. I 1950-åra hadde fylket høge fødselsoverskot, men dette skrumpa inn gjennom 1960- og 70-åra. Fram til midten av 1960-åra gjekk flyttestraumen hovudsakleg ut av fylket, men straumen snudde, og sidan 1967 har Aust-Agder hatt netto innflytting i alle år. Særleg i 1970- og 80-åra var tilflyttinga høg. Sidan 2007 har flyttinga inn til fylket auka til nye høgder på grunn av innvandring. I 2015 var 11,8 % av innbyggjarane i Aust-Agder fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Aust-Agder fylkeskommune ligg i Arendal, med eigne avdelingar for organisasjon, økonomi, plan, utdanning og regionar. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Arendal, Grimstad, Lillesand, Risør, Tvedestrand, Åmli, Hornnes, Valle og Hovden. Fylket har dessutan fagskule i Grimstad og tre folkehøgskular.

Arendal. Foto: Arne Widding, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Arendal. Foto: Arne Widding, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Aust-Agder har tre regionråd: Knutepunkt Sørlandet (kommunane Birkenes, Iveland og Lillesand, og i tillegg Kristiansand, Songdalen, Søgne og Vennesla i Vest-Agder), Setesdal regionråd (Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle) og Kommunesamarbeidet Østre Agder (Risør, Arendal, Tvedestrand, Froland, Gjerstad, Grimstad, Vegårshei og Åmli).

Fylket ligg under Agder lagmannsrett og er omfatta av to tingrettsdistrikt, Aust-Agder og Kristiansand. Til det sistnemnde soknar òg ein del kommunar i Vest-Agder. Aust-Agder høyrer til Agder politidistrikt. Fylket ligg under helseregion Sør-Aust og utgjer saman med Vest-Agder eitt helseføretak, Sørlandet sjukehus. I Aust-Agder har helseføretaket sjukehus i Arendal. Fylket høyrer til Vegregion Sør og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det ligg under Agder og Telemark bispedøme og er delt i fire prosti: Aust-Nedenes, Vest-Nedenes, Arendal og Otredal.

Politikk

Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Aust-Agder sidan 1999. Fylkestinget har alltid hatt borgarleg fleirtal. Fylkesordførarane har kome skiftevis frå Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet. I perioden 2015–19 er Tellef Inge Mørland (Ap) fylkesordførar og Jon-Olav Strand (KrF) fylkesvaraordførar.

Blant stortingsrepresentantane frå Aust-Agder har det tidlegare vore ei jamn fordeling mellom sosialistisk og borgarleg side, men sidan 2009 har dei borgarlege partia teke dei fleste mandata. Ein sentral politikar frå fylket av nasjonalt format var Astrid Gjertsen, som mellom anna var andre viseformann i Høgre og sat som forbrukar- og administrasjonsminister i 1981–86. Frå Lillesand i Aust-Agder kjem Tine Sundtoft (H), som har vore klima- og miljøvernminister sidan 2013.

Ei viktig sak i fylket dei seinare åra er spørsmålet om samanslåing med Vest-Agder. Dei to Agder-fylka har mykje til felles, men samtidig har forholdet mellom dei to største byane, Kristiansand og Arendal, vore prega av sterk rivalisering. I 2011 blei det halde rådgivande folkerøysting i Aust-Agder om samanslåing av dei to fylka, der over 60 % av dei som røysta, sa nei.

Språk

Aust-Agder fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform, det same er fylkesmannsembetet i fylket. Sju av kommunane i fylket er språkleg nøytrale, fire nyttar bokmål (Arendal, Grimstad, Tvedestrand og Lillesand), medan fire kommunar nyttar nynorsk (Åmli, Bygland, Valle og Bykle).

95 % av elevane i grunnskulen i Vest-Agder har bokmål som opplæringsmål, medan 5 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er arabisk, polsk, somalisk, litauisk og burmesisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Aust-Agder har e‑mål, det vil seie at infinitivar endar på ‑e (lese, finne) Også ubestemt form av svake hokjønnsord endar på ‑e (kone, gryte). Austnorsk tjukk l finst heilt aust i fylket. I Aust-Agder er austnorsk lågtone vanleg, medan Vest-Agder helst har vestnorsk høgtone. Kystområdet i fylket høyrer til «den blaute kyststripa» med b, d og g i staden for p, t og k (hop = hob, mat = mad og tak = tag). Skarre‑r rår langs kysten og har breidd seg til innlandet i nyare tid. Målet i Setedalen skil seg ut som ein av dei mest særprega dialektane i landet.

Kunst, kultur og idrett

Aust-Agder har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Agderposten (Arendal, 19 214), Grimstad Adressetidende (Grimstad, 6013), Setesdølen (Bygland, 4408), Lillesands-Posten (Lillesand, 3667), Tvedestrandsposten (Tvedestrand, 3379), Aust Agder Blad (Risør, 3271), Arendals Tidende (Arendal, 1655), Frolendingen (Froland, 1405), Birkenes-Avisa (Birkeland, 1335) og Åmliavisa (Åmli, 1264).

Aust-Agder soknar til distriktskontoret NRK Sørlandet, som har hovudbase i Kristiansand, med lokalkontor i Arendal.

Universitetet i Agder blei oppretta i 2007, då den tidlegare Høgskolen i Agder fekk universitetsstatus. Universitetet har fakultet for helse- og idrettsvitskap, humaniora og pedagogikk, kunstfag, samfunnsvitskap og teknologi og realfag. I tillegg kjem Handelshøyskolen ved UiA, som er eige fakultet, og Avdeling for lærarutdanning. Universitetet har studiestad i Grimstad, i tillegg til Kristiansand i Vest-Agder.

Musea i Aust-Agder ligg under Aust-Agder kulturhistoriske senter, som òg omfattar ei avdeling for arkiv. Institusjonen har lokale i Kuben på Langsæ ved Arendal.

Blant dei viktigaste festivalane i Aust-Agder er Kortfilmfestivalen i Grimstad, som er knutepunktfestival, Risør Trebåtfestival og Canal Street (jazz/blues) i Arendal. Tvedestrand kallar seg «Bokbyen ved Skagerrak». Agder Teater er regionteater for begge Agder-fylka og har base i Kristiansand, men har òg framsyningar i Fjæreheia ved Grimstad. Dette gamle steinbrotet starta som utescene med oppføringa av Ibsens Catilina i 1993.

Aust-Agder har fostra forfattarar som Gabriel Scott, Karl Ove Knausgård og Håvard Rem, folkemusikarar som Kirsten Bråten Berg og brørne Gelius, med presten Einar og journalisten Jon.

Arendal var frå 1994 til 2011 arrangørby for Norwegian Grand Prix, ein meisterskap for speedbåtar.

Kjelder

Dag Ellingsen og Ulla-Britt Lilleaas: «Noen vil ha det slik». Tradisjonelle kjønnsroller og svake levekår på Sørlandet. Kristiansand 2014

Alv Kristiansen (red.): Bygd og by i Norge. Agder. Oslo 1977

Jernbaneverket: «Sørlandsbanen», publisert 30.4.2013:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Sorlandsbanen [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Aust-Agder fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_9 - KAPITTEL_9 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Aust-Agder», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/aust-agder/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Aust-Agder», snl.no, publisert 13.2.2009: https://snl.no/Aust-Agder [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Aust-Agder fylkeskommune

Først publisert: 09.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018