Hopp til innhold
X
Innhald

Hedmark fylke

Hedmark er det austlege av dei to innlandsfylka på Austlandet. Det ligg lengst frå havet av alle fylka våre og er det som har mest skog. Glåma, den lengste elva i Noreg, renn gjennom Hedmark og har forma hovuddalføret i fylket. Elles har fylket både flate jordbruksbygder og vide fjellvidder.

Hedmark har vore eige fylke sidan 1781. Det er det fylket i Noreg der færrast bur i byar og tettbygde strok. Dei siste tiåra har det skjedd ei sentralisering også i dette fylket, og kring halvparten av innbyggjarane bur i Hamar med omland (Hedmarken), medan andre distrikt har fått merke stagnasjon i folketal, arbeidsplassar og næringsliv.

Særleg flatbygdene i Hedmark har vore prega av relativt store klasseskilje, med storbøndene på toppen av den økonomiske og sosiale rangstigen og husmennene og skogsarbeidarane på botnen. Desse miljøa er skildra av Alf Prøysen – ein av dei mest folkekjære diktarane våre, og dei har lagt grunnlaget for at arbeidarrørsla har ei særleg sterk stilling i fylket.

Flaumen «Vesleofsen», som råka Austlandet våren 1995, er den største flaumen i moderne tid rekna i skadeomfang, og han gjekk særleg hardt ut over Hedmark. 4. januar 2000 blei fylket råka av Åsta-ulykka, den nest verste togulykka i Noreg etter andre verdskrigen, med 19 omkomne.

Kulturlandskap og landbruk på Hamar. Foto: Thomas Leth-Olsen, Flickr.com CC BY 2.0

Kulturlandskap og landbruk på Hamar. Foto: Thomas Leth-Olsen, Flickr.com CC BY 2.0.

Miljø og klima

Hedmark er eit innlandsfylke, og klimaet ber preg av dette, med strenge vintrar og varme somrar. Berre lengst i søraust gjer Mjøsa og Oslofjorden at vintrane er noko mildare. I Engerdal er det målt ned til –47 °C. Om sommaren kjem maksimumstemperaturen mange stader opp i over 30 °C, men i dei indre dalstroka kan det vere frostnetter endåtil i juli.

Fylket er rikt på vassdrag, og vasskvaliteten er gjennomgåande god. Kring ein firedel av fylket er inngrepsfrie naturområde som ligg meir enn ein kilometer frå tyngre tekniske inngrep som vegar, jernbaner og kraftliner. Ved Mjøsa finst små innslag av varmekjær edellauvskog, men det er barskogen som dominerer i Hedmark. Lavfuruskog, bærlyngfuruskog, blåbærgranskog og lågurtgranskog dekkjer store område. Mot snaufjellet er det mange stader eit belte av bjørkeskog.

Hedmark er det største elgfylket i landet. Her finst òg bestandar av hjort, rådyr og villrein. Som einaste fylke i landet har Hedmark fast tilhald av alle dei fire store rovdyra i Noreg: ulv, bjørn, jerv og gaupe.

Geologisk kan Hedmark delast i fire hovudområde. Området sør for ei linje mellom Stange og Nybergsund er grunnfjellsområde. På slettebygdene ved Mjøsa finn vi avsetningsbergartar frå kambrosilur – leirskifer og kalkstein som gir godt jordbruksland. Midtre delar av fylket består av sparagmittar som er kring 700 millionar år gamle, medan den nordlegaste delen høyrer til den kaledonske fjellkjeda. Storparten av fylket er dekt av botnmorene frå den siste istida. Ved Glåma finst det grøderike elvesletter. Mot slutten av den siste istida strekte ein fjord seg opp til Elverum, og her finst ei rekkje marine avsetjingar.

Historie

Det er funne spor etter menneske tilbake til steinalderen i dei fleste delar av Hedmark. Elgjakt har spela ei viktig rolle i fylket i tusenvis av år, og på Ringsaker finst det bergkunst med bilte av elg. Jordbruket kom tidleg til Hedmark, men det arkeologiske materialet viser at bønder i periodar har levd side om side med jegerfolk. Mjøsbygdene, Solør og Odalen ser ut til å ha blitt busette av folk som dyrka jorda og hadde kontakt med bønder lenger sør og aust. Funn syner elles at det sørsamiske kulturområdet strekte seg sør til Engerdal og Rendalsfjella før vikingtida.

Elgjakt har spela ei viktig rolle i fylket i tusenvis av år, og på Ringsaker finst det bergkunst med bilte av elg. Foto av helleristning frå gården Stein på Ringsaker. Foto: A. B. Johansen, Arkeologisk museum, UiS / CC BY-NC-ND 3.0, unimus.no.

Elgjakt har spela ei viktig rolle i fylket i tusenvis av år, og på Ringsaker finst det bergkunst med bilte av elg. Foto av helleristning frå gården Stein på Ringsaker. Foto: A. B. Johansen, Arkeologisk museum, UiS / CC BY-NC-ND 3.0, unimus.no.

Åker gard ved Hamar var eit viktig maktsentrum i yngre jernalder. Her har arkeologar gjort rike funn av gjenstandar, og her låg truleg tingstaden for Eidsivating i eldre tid. På 1000-talet voks Hamarkaupangen fram på ein odde eit par kilometer unna. Hamar blei bispesete i 1152/53, og det blei bygd domkyrkje. Etter reformasjonen blei bispesetet nedlagt, og under den nordiske sjuårskrigen i 1563–70 blei Hamar brend og nedlagd som by. Først i 1848 fekk Hamar på nytt bystatus.

På 1600-talet innvandra mange finnar til dei store skogstrekningane i den austlege delen av Solør, difor namnet Finnskogen. Finnane dreiv svibruk og blanda seg lite med dei norske bøndene i området, slik at finsk språk, byggjeskikk og levemåte heldt seg nokså uendra i fleire hundre år. Så seint som under folketeljinga i 1930 blei 345 personar i Grue (og Vinger) rekna for å vere finnar.

Hedmark har ei langstrekt grense mot Sverige og låg utsett til då det blei utkjempa krigar mellom den svenske og den dansk-norske staten. Ved Kongsvinger og Elverum blei det bygd fleire festningsanlegg på 1600-talet. Under unionen med Sverige etter 1814 blei anlegga lagde ned, men dei blei rusta opp att på byrjinga av 1900-talet, då unionstida gjekk mot slutten. Under andre verdskrigen blei mange flyktningar frakta over grensa frå Hedmark til Sverige, med hjelp frå grenselosar.

Då Tyskland gjekk til angrep på Noreg 9. april 1940, rømde kongefamilien, regjeringa og Stortinget til Hamar og derifrå vidare til Elverum. Tyske fallskjermsoldatar som prøvde å fange kongen og regjeringa, blei stogga av norske troppar på Midtskogen, mellom Hamar og Elverum. Stortinget gav same kvelden den såkalla Elverumsfullmakta på Elverum folkehøgskule, som innebar at regjeringa fekk løyve til å gjennomføre dei tiltaka som var nødvendige inntil Stortinget igjen kunne møtast. 11. april blei Elverum og Nybergsund bomba av tyske fly, men kongen, kronprinsen og regjeringa kom seg unna.

Sosiale forhold

Fylket ligg eit stykke bak resten av landet i inntektsutvikling. Hedmark har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 28 % av hushalda under 350 000 og 16 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er det lågaste i landet – 23,1 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg litt under landsgjennomsnittet, det same gjer den forventa levealderen. Mennene i fylket kan rekne med å bli 77,5 år gamle og kvinnene 82,1 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i landet som heilskap. Når det gjeld røykjarar, er det litt fleire i fylket enn elles i landet. 28 % av dei vaksne hedmarkingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 6,9 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, mot 11,5 % i landet samla sett.

Næringsliv

Hedmark er eit viktig jordbruksfylke, med dei største korn- og potetavlingane i landet. Den beste jorda finst i distriktet Hedmarken, med kommunane Ringsaker og Stange, som er blant dei viktigaste jordbrukskommunane i landet. Her er òg mekaniseringa komen lengst. I skog- og fjellregionane er husdyrhald med grasproduksjon meir utbreidd. Skogbruket er viktig i Hedmark, og fylket har det største skogarealet av alle fylka i landet, rekna både i produktiv skog og totalt. Over halvparten av tømmeret blir sendt ut av fylket uforedla. Relativt sett er det mange sysselsette i primærnæringane (5,1 %, mot 2,4 % i heile landet).

Ein stor del av industrien i Hedmark driv vidareforedling av råstoff frå fylket, nemleg jordbruksprodukt og tømmer. Dei største industrigreinene er såleis næringsmiddelindustri og trelast- og trevareindustri. I Moelv og Stange ligg brenneri basert på lokale poteter, og fylket har elles ei rekkje meieri, slakteri, trevare- og møbelfabrikkar, trelastbruk og ferdighusfabrikkar. Hedmark har òg noko jern- og metallindustri. Mykje av industrien i fylket ligg i og omkring Hamar, Kongsvinger og Elverum.

Trysil. Foto: Ola Matsson/ SkiStar, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Trysil. Foto: Ola Matsson/ SkiStar, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 76 % av dei yrkesaktive i Hedmark (mot 77 % i heile landet). Reiselivet har mindre å seie enn i nabofylket Oppland, men Hedmark har likevel dei to største hyttekommunane i landet – Ringsaker og Trysil. I Trysil ligg dessutan det største skisenteret i Noreg. Av andre viktige attraksjonar kan nemnast ruinane etter Hamar domkyrkje, Norsk Skogmuseum på Elverum og Jernbanemuseet og Norsk Utvandrermuseum på Hamar. På Femunden går M/S Fæmund i rutetrafikk i sommarhalvåret.

Foto av M/S Fæmund, som går i rutetrafikk i sommarhalvåret på Femunden. Foto: Mirko Junge, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Foto av M/S Fæmund, som går i rutetrafikk i sommarhalvåret på Femunden. Foto: Mirko Junge, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Fire jernbaner går gjennom Hedmark: Dovrebana frå Eidsvoll via Hamar til Trondheim, Rørosbana frå Hamar gjennom Østerdalen til Støren, Kongsvingerbana frå Lillestrøm til riksgrensa ved Magnor og Solørbana mellom Kongsvinger og Elverum. På Dovrebana er det stor trafikk, med mellom anna intercitytog frå Oslo til Lillehammer, og det er planar for utbygging til dobbeltspor mellom Eidsvoll og Hamar. Solørbana har berre godstrafikk.

Fylket har ingen flyplassar med rutetrafikk, men eit godt utbygd vegnett. Hedmark har to europavegar: E6 frå fylkesgrensa mot Akershus via Hamar og Brumunddal til fylkesgrensa mot Oppland på Mjøsbrua, og E16 frå fylkesgrensa mot Akershus via Skarnes og Kongsberg til riksgrensa ved Riksåsen. Andre viktige hovudårar er riksveg 2 mellom Magnor og Elverum og riksveg 3 frå Elverum gjennom Østerdalen til fylkesgrensa mot Sør-Trøndelag i Kvikne.

Dovrebana over Dovrefjell. Foto: flickr.Marcus, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Dovrebana over Dovrefjell. Foto: flickr.Marcus, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Administrativ og historisk inndeling

Hedmark fylke har desse 22 kommunane: Alvdal, Eidskog, Elverum, Engerdal, Folldal, Grue, Hamar, Kongsvinger, Løten, Nord-Odal, Os, Rendalen, Ringsaker, Stange, Stor-Elvdal, Sør-Odal, Tolga, Trysil, Tynset, Våler, Åmot og Åsnes. Hamar og Kongsvinger er historiske byar, medan Brumunddal og Moelv (begge i Ringsaker kommune) og Elverum har fått bystatus etter 1995.

Hedmark hadde på det meste, frå 1926 til 1963, 32 kommunar. I 1963 blei Hof slått saman med Åsnes. Året etter gjekk Nes og Furnes inn i Ringsaker, Romedal inn i Stange og Vinger og Brandval inn i Kongsvinger. I 1965 blei Sollia slått saman med Stor-Elvdal, og Ytre Rendal og Øvre Rendal gjekk saman i den nye kommunen Rendalen. I 1966 blei Kvikne delt, slik at ein del blei overført til Rennebu kommune i Sør-Trøndelag, medan storparten blei lagd til Tynset kommune i Hedmark. Same året slo Os og Tolga seg saman til Tolga-Os, men i 1976 gjekk dei frå kvarandre att og heldt fram som kvar sin kommune. I 1992 gjekk Vang inn i Hamar.

Hedmark høyrde opphavleg til Akershus stiftamt. I 1687 blei Gudbrandsdalen og Hedemarken oppretta som eige amt, men etter få år gjekk det inn att i stiftamtet. Oplandene, som omfatta både Oppland og Hedmark, blei i 1756 skilt ut som eige amt. I 1781 blei så dette amtet delt i to, Kristians amt (Oppland) og Hedemarkens amt. Fylket blir i mange samanhengar delt i desse regionane: distriktet omkring Hamar (Hedemarken), Vinger, Odalen, Solør og Østerdalen (den siste ofte delt i sør og nord).

Frå 1.1.2020 blir Hedmark og Oppland slått saman til ein region.

Demografi

Hedmark er eit tynt folkesett fylke. Flest menneske bur det langs Mjøsa, medan dei indre dal- og fjellstroka er meir grisgrendte. Samstundes er Hedmark det minst urbane fylket i landet. Berre 55,7 % av folket bur i tettbygde strok, langt under landsgjennomsnittet (80 %). Av byar og tettstader er desse dei største (folketal i det tettbygde området): Hamar (31 868 innb., inkludert Bekkelaget i Stange), Elverum (14 081 innb.), Kongsvinger (11 694 innb.), Brumunddal (9405 innb.), Moelv (4190 innb.), Løten (2730 innb.), Stange (2633 innb.) og Tynset (2557 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Hedmark har auka svakt gjennom det meste av etterkrigstida, med unntak av kortare periodar med stagnasjon og nedgang midt i 1960-åra, 1980-åra og 1990-åra. I 1950-åra hadde fylket eit høgt fødselsoverskot, som sikra folkevekst trass i til dels stor utflytting. I 1960- og 70-åra minka fødselsoverskotet, og sidan 1975 har Hedmark hatt fødselsunderskot kvart einaste år. Men samstundes minka òg flyttestraumen ut av fylket, og sidan 1970 har det vore netto innflytting dei fleste åra. Størst har innflyttinga vore dei siste åra, på grunn av innvandring. I 2015 var 9,1 % av innbyggjarane i Hedmark fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Hedmark fylkeskommune ligg i Hamar, med eigne fageiningar for vidaregåande opplæring, internasjonalt samarbeid, næring og nyskaping, samferdsel, kulturminne og plan, og kultur, bibliotek og kompetanse. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Elverum, Hamar, Stange, Koppang, Tynset, Ringsaker, Kongsvinger, Skarnes, Flisa, Alvdal og Trysil. Det ligg òg fem folkehøgskular i fylket.

Flyfoto av Hamar. Foto: John Christian Fjellestad, Flickr.com CC BY 2.0.

Flyfoto av Hamar. Foto: John Christian Fjellestad, Flickr.com CC BY 2.0.

Hedmark har fire regionråd: Hamar (kommunane Hamar, Løten, Ringsaker og Stange), Glåmdal (Eidskog, Grue, Nord-Odal, Kongsvinger, Sør-Odal, Våler og Åsnes), Sør-Østerdal (Elverum, Engerdal, Stor-Elvdal, Trysil og Åmot) og Fjellregionen (Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Tolga og Tynset, og i tillegg Røros og Holtålen i Sør-Trøndelag).

Hedmark ligg under Eidsivating lagmannsrett og er delt i fire tingrettsdistrikt: Hedmarken, Glåmdal, Sør-Østerdal og Nord-Østerdal. Fylket utgjer saman med Oppland Innlandet politidistrikt og høyrer til Helseregion Sør-Aust. Saman med Oppland utgjer det eitt helseføretak, Sjukehuset Innlandet – med sjukehus i Hamar, Elverum, Kongsvinger og på Tynset. Fylket ligg under Vegregion Aust og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Hamar bispedøme og er delt i fem prosti: Hamar domprosti, Ringsaker, Sør-Østerdal, Nord-Østerdal og Solør, Vinger og Odal.

Hedmark fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Hedmark er eit politisk raudt fylke. I 1970- og 80-åra hadde Arbeidarpartiet fleirtal åleine i fylkestinget, og frå 1991 til 2007 hadde partiet fleirtal saman med SV. Etter 2007 har det vore borgarleg fleirtal i fylkestinget. Arbeidarpartiet hadde fylkesordføraren fram til 2007, deretter overtok Senterpartiet. I perioden 2015–19 er Dag Rønning (Sp) fylkesordførar og Gunn Randi Fjæstad (Ap) fylkesvaraordførar, som begge held fram i sin andre periode som fylkesordførar og fylkesvaraordførar. Hedmark har eit parlamentarisk system, med eit fylkesråd som har den utøvande politiske makta i fylkeskommunen. Leiaren for fylkesrådet er Per-Gunnar Sveen (Ap).

Med unntak av ein periode då det var jamt mellom den borgarlege og den sosialistiske sida, har Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti hatt eit fleirtal av stortingsmandata frå Hedmark gjennom dei siste tiåra. Fylket har fostra mange topp-politikarar på nasjonalt nivå. Felles for mange av dei er at dei kjem frå Arbeidarpartiet: Odvar Nordli, statsminister i 1976–81, Kjell Borgen, samferdselsminister og kommunalminister, Sigbjørn Johnsen, finansminister, Sylvia Brustad, barne- og familieminister, kommunalminister og helseminister, og Knut Storberget, justisminister. Leiaren i Senterpartiet sidan 2014, Trygve Slagsvold Vedum, er frå Stange, og han har tidlegare har vore landbruksminister.

Språk

Hedmark fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform. Fylkesmannen i Hedmark og 15 av kommunane har bokmål som tenestemål. Sju kommunar i fylket er språkleg nøytrale.

0,5 % av elevane i grunnskulen i Hedmark har nynorsk som opplæringsmål, resten bokmål. Hedmark har tidlegare hatt fleire nynorske skulekrinsar. Den siste, Dalen i Folldal, gjekk over til bokmål i 1997. Av innvandrarspråk er somalisk, polsk, arabisk, tigrinja og vietnamesisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Hedmark høyrer til dei austnorske målføra, med kløyvd infinitiv og tjukk l. Lengst i nord har Kvikne trøndermål, medan Folldal har gudbrandsdalsmål. I heile fylket blir ein g som kjem etter r eller tjukk l, til j (elg = ælj, korg = kørj). Særleg i Østerdalen er det innslag av diftongforenkling (staur = stør, steinrøys = stenrøs). Med unntak av sørlege delar av Østerdalen og Solør har heile Hedmark bevart dativendingar (mannen = mæinna, skulen = skola).

Kunst, kultur og idrett

Hedmark har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Hamar Arbeiderblad (Hamar, 22 407), Glåmdalen (Kongsvinger, 15 453), Østlendingen (Elverum, 15 299), Ringsaker Blad/Brumunddølen (Moelv, 6293), Lokalavisa Sør-Østerdal (Elverum, 2693), Stangeavisa (Stange, 2651), SolungAvisa (Flisa, 2491), Østerdølen (Stor-Elvdal, 787).

NRK Hedmark var tidlegare eit eige distriktskontor. Det er no slått saman med distriktskontoret i Oppland til NRK Hedmark og Oppland, med hovudkontor på Lillehammer. Hamar fekk sin første kringkastingssendar i 1927.

I fylket ligg Høgskolen i Hedmark, med studiestader på Hamar, Elverum, Rena, Blæstad ved Hamar og Evenstad i Stor-Elvdal. Høgskulen gir tilbod om studium innanfor pedagogikk, musikk, helse/idrett, animasjon/spel, økonomi/leiing, språk/kommunikasjon, økologi/landbruk og bioteknologi.

Musea i Hedmark er etter museumsreforma på 2000-talet organisert under Anno Museum (tidlegare Hedmark Fylkesmuseum). Til dette museet høyrer mellom anna Norsk Skogmuseum på Elverum, som er nasjonalt museum for utmarksnæringane jakt, fangst, fiske, skog, skogbruk og skogindustri, og Det norske Migrasjonsmuseet utanfor Hamar, som er eit landsdekkjande museum for utvandring, innvandring og heimvandring. Fylket har dessutan Norsk Jernbanemuseum på Hamar. I Alvdal ligg Aukrustsenteret, som har utstillingar av forfattaren, teiknaren og målaren Kjell Aukrust. Senteret er teikna av Sverre Fehn.

Modell av bilen Il Tempo Gigante, kjent frå filmen Flåklypa Grand Prix frå 1975, ved Aukrustsenteret. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Modell av bilen Il Tempo Gigante, kjent frå filmen Flåklypa Grand Prix frå 1975, ved Aukrustsenteret. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Av viktige festivalar i Hedmark kan nemnast Prøysenfestivalen Blåklokkevikua i Prøysenhuset på Ringsaker, Kirsten Flagstad Festival på Hamar og Festspillene i Elverum. Sistnemnde er knutepunktfestival. Teater Innlandet er regionteater for Oppland og Hedmark, med base på Hamar. RingsakerOperaen er ein av sju distriktsoperaer i Noreg. Hedmarken Symfoniorkester er eit regionalt orkester med musikarar frå Hamarregionen og Elverum.

Frå Hedmark kjem framståande forfattarar som Knut Faldbakken og Levi Henriksen, og visekunstnarar som Tove Hulbækmo og Geirr Lystrup. Blant fylket sine fremste idrettsutøvarar i nyare tid er skiløparen Therese Johaug.

Kjelder

Sigmund Moren (red.): Bygd og by i Norge. Hedmark. Oslo 1978

Jernbaneverket: «Dovrebanen», publisert 30.4.2015: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Dovrebanen [lesedato 13.6.2015]

Jernbaneverket: «Solørbanen», publisert 21.1.2014: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Solorbanen/ [lesedato 13.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Hedmark fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-0... - KAPITTEL_4 [lesedato 13.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Hedmark», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/hedmark/ [lesedato 13.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Hedmark», snl.no, sist oppdatert 1.5.2013: https://snl.no/Hedmark [lesedato 13.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Hedmark fylkeskommune

Først publisert: 23.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018