Hopp til innhold
X
Innhald

Hordaland fylke

Hordaland er det tredje folkerikaste fylket i landet. Kystområda har sterk folkeauke og eit pulserande næringsliv, med stor satsing på fisk, olje og gass. Dei indre distrikta har mindre vekst, men har vore blant kjerneområda for norsk nasjonsbygging.

Hordaland har vore eige fylke sidan 1763, men Bergen stod utanfor og var eige fylke frå 1835 til 1972. Byen, som er den nest største i landet, har vore og er sterkt dominerande i fylket. Dei nærmaste omlandskommunane har teke del i Bergen sin vekst. Regionen har dessutan fått stort utbytte av petroleumsaktiviteten i Nordsjøen, med omfattande landanlegg i Lindås, på Sotra og i Øygarden. Eit anna vekstsenter i fylket, med eit sterkt næringsliv, er Stord, medan Austevoll er den fremste fiskerikommunen i landet.

Dei indre distrikta, Voss og Hardanger, er rike på dramatisk landskap, med fjell, brear, fossar og fjordar, og har tiltrekt seg kunstnarar og turistar gjennom fleire hundreår. På 1800-talet fekk særleg Hardanger ein opphøgd status som uttrykk for «det norske» i samband med nasjonsbygginga. Her fann kunstnarar og tradisjonssamlarar særpreg i naturen og bondekulturen som kunne gi nasjonen karakter. Hardangerbunaden, hardingfela og ikkje minst måleriet «Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude, fekk status som kulturelle ikon.

Foto av måleriet «Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude, 1848. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland. Kjelde: Nasjonalmuseet, samling.nasjonalmuseet.no CC BY-NC 4.0.

Foto av måleriet «Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude, 1848. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland. Kjelde: Nasjonalmuseet, samling.nasjonalmuseet.no CC BY-NC 4.0.

Miljø og klima

Luftstraumane kjem for det meste inn frå sørvest og gir Hordaland eit temperert kystklima. Nedbøren er størst i ei sone omkring 50 km frå kysten og minkar lenger mot aust. Innlandet har strengare vintrar og varmare somrar enn kysten, men lange fjordarmar dempar vinterkulda. Hordaland har den nest lengste fjorden i Noreg, Hardangerfjorden.

Hardangerfjorden sett frå Brimnes. Foto: European Roads, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Hardangerfjorden sett frå Brimnes. Foto: European Roads, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Hordaland har ein mangfaldig natur, med store variasjonar i plante- og dyrelivet. Hardangervidda er det største høgfjellsplatået i Europa, og her finn vi den største villreinstamma i verdsdelen. Fylket har den største førekomsten av barlind i landet. Langs fjordarmane finst det varmekjær lauvskog, med ein rik flora av sjeldne artar av lav. Hjort er utbreidd i heile fylket, medan elg og rådyr finst i enkelte område. Store rovdyr finst berre som streifdyr i Hordaland. Det er kritisk for dei fleste laksestammane i fylket, og bestanden av sjøaure er sterkt redusert.

Berggrunnen i fylket er grovt rekna sett saman av tre lag: eit underlag av grunnfjell med gneis og granitt, eit mellomlag med omdanna bergartar frå kambrosilur og øvst ulike skuvedekke med harde grunnfjellsbergartar som er blitt skuva over dei andre laga i samband med den kaledonske fjellkjedefaldinga. Dei høgastliggjande områda finst i grunnfjellsområda, for det meste i dei indre stroka. I fylket ligg to av dei største breane i landet, Folgefonna og Hardangerjøkulen.

Historie

Kysten av Hordaland blei tidleg folkesett. På Toftøy i Øygarden har ein gjort eit funn som kanskje er det eldste sporet etter menneskeleg aktivitet her i landet, datert til mellom 10 700 og 10 200 f.Kr. Her låg knoklar og bein av ulike dyr, fisk og fugl som passar godt med det kosthaldet ein kan vente hos arktiske jegerfolk. Men òg innover i fjordane og i fjellområda er det gjort svært gamle funn. I hellerar i Herand ved Hardangerfjorden har ein til dømes grave ut buplassar som var i bruk for opptil 9000 år sidan, og på Sumtangen på Hardangervidda er det oppdaga spor etter fangstfolk frå drygt 8000 år tilbake og deretter gjennom kvart einaste tusenår fram til vår tid.

Hordaland hadde i mellomalderen fleire mektige klosterinstitusjonar, som var store jordeigarar og eigne jurisdiksjonar. Dei viktigaste utanfor Bergen var Lysekloster i Os og Halsnøy kloster i Sunnhordland. Rosendal i Kvinnherad hadde frå 1678 til 1927 det einaste baroniet i landet.

Sunnhordland og Hardanger hadde på 1600-talet stor eksport av trelast via skotske og nederlandske oppkjøpsskip. På 1800-talet bygde det seg opp ei stor småskipsnæring i desse delane av fylket, som inkluderte både skipsbygging og sjøfart. Dei ytre delane av fylket har tradisjonelt vore meir retta mot fiske, og Bømlo var eit senter for det rike sildefisket i fylket tidleg på 1800-talet.

Bergen voks fram som eit senter for kongemakta på 1000-talet. Årstad var kongsgard, og etter kvart bygde det seg opp ein bykjerne ved Vågen, basert på aukande handel med fiskevarer frå Nord-Noreg og korn, klede, vin og andre importvarer frå utanlandske handelsbyar. Byen spela ei viktig rolle som internasjonal handels- og sjøfartsby. Han voks raskt og var den største i Noreg fram til 1830-åra. Han miste rett nok mange funksjonar då Noreg tapte sjølvstendet i seinmellomalderen, men heldt på den dominerande posisjonen sin i Hordaland og på Nordvestlandet opp til moderne tid. Ein stor del av handelen i fylket skjedde i Bergen, og då det blei oppretta dampskipsruter i fylket på 1800-talet, var byen det naturlege utgangspunktet. I 1883 kom det smalspora jernbane frå Bergen til Voss, og i 1909 stod heile strekninga mellom Bergen og Kristiania ferdig, med normalspor.

Takka vere Bergen sin posisjon kom fylket tidleg med i industriutviklinga, med tekstilfabrikkar på Salhus, i Ytre Arna og i Dale i Vaksdal. Hordaland, særleg dei indre delane av fylket, har store vasskraftressursar, og det har skjedd store utbyggingar i løpet av 1900-talet, med etablering av smelteverk i Odda, Tyssedal, Ålvik og på Husnes. Eidfjord og Modalen høyrer til blant dei rikaste kommunane i landet, på grunn av kraftinntektene.

Sosiale forhold

Fylket ligg litt framfor resten av landet i inntektsutvikling. Hordaland har ein mindre del av folket i låginntektsgruppene og fleire i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 23 % av hushalda under 350 000 og 26 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået er relativt høgt – 31,4 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen ligg over landsgjennomsnittet for begge kjønn. Mennene i Hordaland kan rekne med å bli 79 år gamle og kvinnene 84 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg litt under landsgjennomsnittet, og det er litt færre røykjarar. 25 % av dei vaksne hordalendingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 8,8 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, dei aller fleste i andre kristne kyrkjesamfunn (landsgjennomsnittet er 11,5 %).

Næringsliv

Hordaland har relativt få sysselsette i primærnæringane (1,7 %, mot 2,4 % i heile landet). Fylket er likevel eit viktig fiskerifylke, og det største i landet når det gjeld pelagisk fiske, med Austevoll som ein kjernekommune for aktiviteten. Hordaland er dessutan det nest største oppdrettsfylket målt etter mengd og verdi av slakta matfisk. Jordbruket er prega av relativt mange og små bruk, sidan geografien gjer det problematisk med stordrift. Den dominerande driftsforma er grasproduksjon med storfe- og sauehald. Indre Hardanger er kjent for bær- og fruktproduksjon, og Hordaland er det største fruktfylket i landet.

Mykje av den tradisjonsrike industrien i Hordaland ligg i dei indre stroka, på einsidige industristader, men tekstilindustrien og metallindustrien har dei siste tiåra gått igjennom kraftige omstillingar, noko som har ført til ein sterk nedgang i sysselsetjinga fleire stader. Størst vekst i nyare tid har kome i dei ytre stroka, innanfor olje- og gassnæringa, og fylket er det nest største rekna i sysselsette i petroleumssektoren. Mange store olje- og gassfelt blir administrert frå Bergen. Mongstad har oljeraffineri og forsyningsbase, medan ilandføring av gass skjer på Kollsnes i Øygarden. Sunnhordland, særleg Stord, har ein omfattande offshoreretta verkstadindustri.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 74 % av dei yrkesaktive i Hordaland (mot 77 % i heile landet). Ein stor del av tenesteytinga skjer i Bergen, som har omfattande handels- og shippingaktivitet og fleire store utdanningsinstitusjonar og sjukehus. Byen er òg ei viktig cruisehamn og fylket sitt største reisemål, med ei rekkje turistattraksjonar, til dømes Fløybanen, Fisketorget, Bryggen og Akvariet. Fylket har tradisjonelt stor turisttrafikk i Hardanger i sommarsesongen. På Hardangervidda er sykling på Rallarvegen og vandring langs merkte løyper populære aktivitetar. Voss, Røldal og Kvamskogen er dei viktigaste vinterdestinasjonane.

Bryggen i Bergen. Foto: Erik Veland, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Bryggen i Bergen. Foto: Erik Veland, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Hordaland har ein sundskoren geografi med mange fjell, fjordar og øyar, men gjennom dei siste tiåra er det blitt bygd ei rekkje større bruer og lengre tunnelar som knyter fylket saman. Viktige fjordkryssingar inkluderer Trekantsambandet mellom Bømlo, Stord og Haugalandet, Halsnøysambandet, Nordhordlandsbrua, Sotrabrua og Askøybrua. Det er no to kommunar som ikkje har fastlandssamband, Austevoll og Fedje. Fylket har tre europavegar: E16, som går frå Bergen via Voss til grensa mot Sogn og Fjordane, E39 frå grensa mot Rogaland via Stord, Bergen og Lindås til grensa mot Sogn og Fjordane, og E134 frå grensa mot Telemark på Haukelifjell via Røldal og til grensa mot Rogaland i retning Haugesund. Hordaland har ein jernbane, Bergensbana, som går frå Bergen via Voss over fjellet og vidare til Oslo. Fylket har to lufthamner. Bergen lufthamn på Flesland er den nest største i landet, med stor trafikk innanlands og utanlands, og dessutan offshoretrafikk, medan Stord lufthamn på Sørstokken er kortbaneflyplass med mindre trafikk. Bergen er den sørlege endestasjonen for Hurtigruta. Frå byen går det òg båtrute til Hirtshals og ekspressbåtar til Nordfjord, Sogn og Sunnhordland.

Stordabrua, som er ein del av trekantsambandet mellom Bømlo, Stord og Haugalandet. Foto: Henrik Mundal, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Stordabrua, som er ein del av trekantsambandet mellom Bømlo, Stord og Haugalandet. Foto: Henrik Mundal, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Administrativ og historisk inndeling

Hordaland fylke har desse 33 kommunane: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Fjell, Fusa, Granvin, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Odda, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Stord, Sund, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden. Bergen er den einaste historiske byen i fylket, medan Odda og Stord har fått bystatus etter 1995.

Hordaland hadde på det meste, frå 1947 til 1963, 56 kommunar. I 1963 blei Moster og Bremnes slått saman med Bømlo. Året etter gjekk Valestrand inn i Sveio, medan Vikebygd blei delt mellom Ølen og Sveio. Røldal gjekk inn i Odda, Kinsarvik og Eidfjord i Ullensvang, Vossestrand og storparten av Evanger i Voss, Hålandsdal og Strandvik i Fusa. Herdla blei delt mellom Fjell, Askøy, Øygarden, Radøy og Meland, og storparten av Bruvik gjekk til den nye kommunen Vaksdal. Dei delane av Haus, Hosanger og Hamre som låg på Osterøy, blei lagde inn under den nye kommunen Osterøy. Hjelme gjekk inn i den nye kommunen Øygarden, medan Hordabø, Manger og storparten av Sæbø slo seg saman til Radøy kommune, og Alversund gjekk inn i Lindås. I 1965 blei Skånevik delt mellom Etne og Kvinnherad, og Varaldsøy mellom Kvinnherad og Kvam. Fjelberg gjekk inn i Kvinnherad, medan storparten av Strandebarm gjekk til Kvam. I 1972 blei Laksevåg, Fana, Arna (tidlegare Haus) og Åsane slått saman med Bergen. Eidfjord blei skilt ut frå Ullensvang og blei eigen kommune att i 1977, medan Ølen blei overført til Rogaland fylke i 2002.

1.1.2020 blir talet på kommunar i Hordaland redusert frå 33 til 25. Rundt Bergen slår Fusa og Os seg saman. Det gjer òg Meland, Lindås og Radøy samt Sund, Fjell og Øygarden. I Hardanger slår Os, Ullensvang og Jondal seg saman. Granvin og Voss slår seg òg saman frå den same datoen.

Hordaland høyrde opphavleg til Bergenhus stiftamt. I 1763 blei Bergenhus delt i ein sørleg og nordleg del. Fylket heitte Søndre Bergenhus amt til det fekk det noverande namnet i 1919. Bergen var eige fylke til det blei innlemma i Hordaland i 1972. Utanom Bergensregionen (Midhordland) deler ein i mange samanhengar fylket i desse regionane: Nordhordland, Voss, Hardanger og Sunnhordland.

Hordaland og Sogn og Fjordane har vedteke å slå seg saman frå 1.1.2020.

Demografi

Hordaland er det tredje folkerikaste fylket i landet og har nesten dobbelt så stor folketettleik som landet samla sett. Urbaniseringsgraden ligg litt over landsgjennomsnittet – 83,4 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81 % for Noreg totalt. Fylket har den nest største byen i landet, Bergen, som har 254 235 (2017) innbyggjarar i det tettbygde området. Også fleire av dei andre større tettstadene i fylket ligg i området kring Bergen: Askøy (23 194 innb.), Osøyro (13 601 innb.), Arna (9 751 innb.), Knarrevik/Straume (10 908 innb.) og Knarvik (5 721 innb.). Dei største byane og tettstadene utanfor Bergensregionen er Leirvik (14 171 innb.), Vossevangen (6461 innb.), Odda (5089 innb.). Innbyggjartala er frå 2017.

Folketalet i Hordaland har med unntak av få år auka kraftig i heile etterkrigstida. I 2014 passerte det ein halv million – det er 34 % høgare enn i 1972, same året som Bergen blei lagd inn under fylket. Hordaland hadde solide fødselsoverskot i 1950- og 60-åra, og nedgangen i overskotet frå 1970-åra og utetter var mindre enn i mange andre fylke. Frå 1963 til og med 1971 hadde fylket netto tilflytting, mykje på grunn av flytting frå Bergen til forstadskommunane. I 1970-åra var det netto utflytting, men frå 1982 har fylket hatt netto innflytting dei fleste åra. Sidan midten av 2000-talet har innflyttinga auka, på grunn av innvandring. I 2015 var 12,8 % av innbyggjarane i Hordaland fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune ligg i Bergen, med eigne avdelingar for kultur og idrett, opplæring, samferdsel, regional utvikling og tannhelse. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Bergen, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Husnes, Knarvik, Norheimsund, Odda, Os, Osterøy, Rubbestadneset, Skogsvåg, Stord, Straume, Ulvik, Voss og Øystese, fagskular i Bergen, Austevoll og Fusa, og folkehøgskule på Manger. Fylket har òg sju andre folkehøgskular.

Hordaland har fem regionråd: Bergensalliansen (kommunane Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal og Øygarden), Nordhordland (Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy, og i tillegg Gulen i Sogn og Fjordane), Regionrådet Vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden), Samarbeidsrådet for Sunnhordland (Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes) og Hardangerrådet (Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik).

Fylket ligg under Gulating lagmannsrett og er delt i tre tingrettsdistrikt: Bergen, Sunnhordland og Hardanger. Etne kommune soknar til Haugaland tingrett i Rogaland. Hordaland er omfatta av to politidistrikt: Vest politidistrikt og Sør-vest politidistrikt (kommunane i Sunnhordland høyrer til her). Fylket høyrer til Helseregion Vest og ligg under to helseføretak, Helse Bergen og Helse Fonna. Det sistnemnde helseføretaket dekkjer òg Haugalandet i Rogaland. Sjukehus finst i Bergen, i Odda, på Stord og på Voss. Fylket ligg under Vegregion Vest og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Bjørgvin bispedøme og er delt i sju prosti: Arna og Åsane, Bergen domprosti, Fana, Hardanger og Voss, Nordhordland, Vesthordland og Sunnhordland.

Hordaland fylkeskommune er medlem av Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeid mellom dei fire vestlandsfylka, frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

Politikk

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Hordaland sidan 1999. Tidlegare var òg Kristeleg Folkeparti, som blei grunnlagt nettopp i Hordaland i 1933, eit stort parti i fylket, men i dei siste åra har det gått mykje tilbake. Fylkestinget har hatt borgarleg fleirtal sidan 1975. Fylkesordførarane har kome skiftevis frå Ap, H, Sp og KrF. I perioden 2011–15 er Tom-Christer Nilsen (H) fylkesordførar og Mona Haugland Hellesnes (V) fylkesvaraordførar.

Dei borgarlege partia har alltid hatt eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Hordaland. Fleire politikarar av nasjonalt format i nyare tid kjem frå fylket. Erna Solberg har vore statsminister sidan 2013. Ho har òg vore partileiar i Høgre sidan 2004, var kommunal- og regionalminister i 2001–05 og parlamentarisk leiar for Høgre i 2005–13. Monica Mæland (H) er næringsminister, frå 2013, og var i 2003–13 byrådsleiar i Bergen. Lars Sponheim var leiar i Venstre i 1996–2010 og har vore næringsminister og landbruksminister. Frå 2010 er han fylkesmann i Hordaland. Knut Arild Hareide er stortingsrepresentant og frå 2011 leiar i KrF. Han har tidlegare vore miljøvernminister.

Ei politisk sak som skapte stor spenning på 2000-talet både i Hordaland og på nasjonalt nivå, var utbygginga av ei kraftline gjennom Hardanger frå Eidfjord til Samnanger. Lokalpolitikarar og miljøvernarar protesterte mot utbygginga, som på grunn av storleiken på mastene fekk tilnamnet «monstermaster». Kraftlina blei likevel bygd, og ho stod ferdig i 2013.

Språk

Hordaland fylkeskommune og fylkesmannsembetet i fylket har nynorsk som tenestemål. Det same har 30 av kommunane, medan tre er språkleg nøytrale (Bergen, Askøy og Odda).

62 % av elevane i grunnskulen i Hordaland har bokmål som opplæringsmål, medan 38 % har nynorsk. Det er nynorskfleirtal i alle kommunar unnanteke Bergen og Askøy. 

Av innvandrarspråk er polsk, arabisk, somalisk, litauisk og kurdisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Hordaland høyrer til dei sørvestnorske målføra. Med unntak av Bergen er det a‑mål over heile fylket. I bergensk bymål finst ikkje hokjønn i substantiv, alle hokjønnsorda ender på ‑en i bestemt form eintal (jenten, solen). Vosse- og hardingmålet har diftongen ao (båt = baot). I Nordhordland, Voss og Hardanger bruker dei æ‑ending i sterke hokjønnsord (døræ), medan Sunnhordland har o‑ending (døro). Svake verb misser r i presens i heile fylket (kasta, leve). Sunnhordlandsmålet har endinga ‑e i presens av sterke verb og ja‑verb (ho synge, han fortele).

Kunst, kultur og idrett

Hordaland har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Bergens Tidende (Bergen, 73 640), Bergensavisen (Bergen, 15 064), Norge IDAG (Bergen, 11 322), Dagen (Bergen, 9742), Hordaland (Voss, 8342), FiskeribladetFiskaren (Bergen, 6358), Sunnhordland (Leirvik, 6571), VestNytt (Straume, 5718), Hordaland Folkeblad (Norheimsund, 5520), Nordhordland (Knarvik, 5334), Os & Fusaposten (Os, 5090), Strilen (Knarvik, 5049), Hardanger Folkeblad (Odda, 4674), Bygdanytt (Arna, 4562), Askøyværingen (Askøy, 4313), Fanaposten (Nesttun, 4148), Kvinnheringen (Husnes, 4143), Grannar (Etne, 3575), Bømlo-nytt (Bremnes, 3188), Marsteinen (Austevoll, 2329), Tysnes (Tysnes, 2323), Grenda (Rosendal, 2318), Vaksdalposten (Vaksdal, 2295), Åsane Tidende (Åsane, 1809), Samningen (Samnanger, 1438), Sydvesten Lokalavis (Fyllingsdalen, 1180) og Vestavind (Sveio, tal ikkje tilgjengeleg).

TV2, den nest største fjernsynskanalen i Noreg, har sitt sete i Bergen. Det same har NRK Hordaland, NRK sitt største distriktskontor. Bergen har hatt kringkastar sidan 1925.

Universitetet i Bergen er det nest største universitetet i Noreg. Det blei etablert i 1946 og har fakultet for humaniora, jus, matematikk/naturvitskap, medisin/odontologi, psykologi og samfunnsvitskap. Det har ikring 40 institutt og faglege senter. I Bergen ligg òg Norges Handelshøyskole, Sjøkrigsskolen, Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Høgskolen i Bergen, med utdanningstilbod innanfor pedagogikk, ingeniør/økonomifag og helse- og sosialfag. Dessutan finst det ei rekkje private høgskular. Høgskolen Stord/Haugesund, som har studium i pedagogikk, ingeniørfag, nautikk, sjukepleie og økonomiske/administrative fag, har den eine studiestaden sin på Stord.

Bergen er sete for forlagshuset Vigmostad & Bjørke, som er den tredje største bokdistributøren i Noreg. Under forlagshuset ligg mellom anna Fagbokforlaget, Eide forlag, forlaget Vigmostad & Bjørke, John Grieg AS, musikkforlaget Cantando, studentbokhandlane Akademika og Studia og nettbokhandelen Haugenbok.no. Byen har òg fleire mindre forlag, mellom dei Mangschou og Bodoni.

Musea i Hordaland er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under fem einingar: Bymuseet i Bergen, Hardanger og Voss Museum, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (Odda/Tyssedal), Museumssenteret i Hordaland (Nordhordland), Museum Vest (Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden) og Sunnhordland Museum. I tillegg kjem frittståande museum som Bergen Sjøfartsmuseum og kunstmuseet KODE.

I Hordaland blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk, mellom andre Festspillene i Bergen, som er knutepunktfestival, Vossa Jazz, Bergen internasjonale filmfestival, Ekstremsportveko (Voss), Hardanger Musikkfest (folkemusikk) og Ulvik Poesifestival. Fylket sitt regionteater er Hordaland Teater, med base på Stend i Fana. Bergen har elles institusjonsteatret Den Nationale Scene og ei rekkje andre kulturinstitusjonar, mellom anna Teatergarasjen og Carte Blanche, det nasjonale kompaniet for samtidsdans. Dei indre distrikta i fylket har eit rikt folkemusikk- og folkedansmiljø, med mellom anna Ole Bull-Akademiet på Voss.

Fylket har fostra mange forfattarar, mellom dei Per Sivle, Jon Fosse, Einar Økland, Johannes Heggland, Johannes Gjerdåker, Cecilie Løveid, Nina Karin Monsen, Ragnar Hovland, Marit Eikemo og Frode Grytten. Frå Hordaland kjem òg ei rekkje musikarar, til dømes Jan Eggum, Sissel Kyrkjebø, Torhild Sivertsen, Kurt Nilsen, Sondre Lerche og Lars Vaular. Blant fylket sine fremste idrettsutøvarar i nyare tid er symjaren Aleksander Dale Oen, handballspelaren Cecilie Leganger og fotballspelaren Erik Huseklepp. Bergen og fylket sitt fremste fotballag er Brann, som er omfatta av ein sterk patriotisme.

Kjelder

Gunnar Hagen Hartvedt (red.): Bygd og by i Norge. Hordaland og Bergen. Oslo 1976

Trond Bergh: «Bergensbanen 100 år», publisert 24.1.2011: http://www.mn.uio.no/astro/tjenester/publikum/almanakken/innhold/tema2009.html [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Hordaland fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_12 - KAPITTEL_12 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Hordaland», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/hordaland/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Hordaland», snl.no, sist oppdatert 24.9.2014: https://snl.no/Hordaland [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Hordaland fylkeskommune

Først publisert: 16.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018