Hopp til innhold
X
Innhald

Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal er det nordlegaste fylket på Vestlandet, men har på mange måtar òg vore knytt nordover til Trøndelag. Næringslivet byggjer på ein sterk gründermentalitet og mange innovative miljø. Fylket har ein velutvikla industri og er det største i landet på villfisk. Her ligg Geirangerfjorden, ein del av UNESCO-landskapet «Vestnorske fjordar».


MØRE OG ROMSDAL Geiranger foto Livio Barcella CC BY SA 3.jpg?w=600

Verdsarvområdet Geiranger ligg i Møre og Romsdal. Foto: Livio Barcella, CC BY SA 3.0

Møre og Romsdal har vore eige fylke sidan 1689. Trass i plasseringa i nordvest – langt unna storbyane – eller kanskje nettopp på grunn av denne plasseringa, har fylket utvikla ein sterk autonomi og gründerkultur. Særleg sunnmøringane har vore kjende for skaparevne og utvikling av næringslivet, men òg lenger nord i fylket har utviklinga gått i same retning. Fiskeri og møbel-, konfeksjons- og skipsindustri har lange tradisjonar i Møre og Romsdal. Dei seinare åra har òg olje- og gassnæringa fått eit solid fotfeste.


MØRE OG ROMSDAL ulsteinvik foto nz willowherb CC BY SA 2.jpg?w=600

I Ulsteinvik dominerer skipsindustrien. Her frå Ulstein Verft. Foto: nz willowherb, flickr.com CC BY SA 3.0

Fylket blir i mange samanhengar delt etter dei gamle futedøma, som har kvar sin by som uomstridd senter – Ålesund på Sunnmøre, Molde i Romsdal og Kristiansund på Nordmøre. Til tider har det vore ei sterk rivalisering mellom dei tre byane og distrikta, både om symbolske og reelle verdiar. Dei siste åra har det vore ein hard sjukehusstrid mellom Molde og Kristiansund.

Nyttårsorkanen 1. januar 1992, som er den største naturkatastrofen i Noreg i moderne tid målt i tapte verdiar, gjorde særleg stor skade i Møre og Romsdal.

Miljø og klima

Over halvparten av fylket er høgfjellsareal som ligg over skoggrensa. I botnen av dei store dalføra Romsdalen, Sunndalen og Surnadalen finst det mykje grøderik morenejord. Langs kysten og på øyane ligg det mange større område med strandflate som er dekt av myr, ikkje minst på Smøla, i Fræna og på Aukra.


MØRE OM ROMSDAL Runde fyr foto AGR.jpg?w=600

Ved Runde Fyr ligg det største fuglefjellet i Sør-Noreg. Fyret har i dag sjølvbetent overnatting gjennom Ålesund-Sunnmøre Turistforeining. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Det største fuglefjellet i Sør-Noreg ligg på Runde på Sunnmøre. Fylket har bestandar av både hjort, rådyr, elg og villrein. Av rovdyr finst jerv og gaupe, medan bjørn og ulv opptrer som streifdyr. Det finst òg mykje havørn. Aure og laks er dei vanlegaste artane av ferskvassfisk i Møre og Romsdal. 62 vassdrag har registrerte bestandar av vill-laks. I havet utanfor fylket finst det store førekomstar av korallrev.


MØRE OM ROMSDAL Molladalen foto Lisjejohan flickr CC BY SA 2.jpg?w=600

Molladalen på Sunnmøre viser kvifor området vert kalla Sunnmørsalpane. Foto: lisjejohan, flickr.com CC BY SA 3.0


Berggrunnen i Møre og Romsdal er sterkt prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Store delar av fylket består av grunnfjellsbergartar som er blitt omdanna i kambrosilur. På Sunnmøre finst det lommer med olivin og serpentin. Under istida grov breane ut djupe dalføre med alpine former fleire stader i indre strok. Trollveggen i Romsdalen har til dømes kring tusen meter loddrett fall. Kysten har eit mildt klima, med ein middeltemperatur på omkring 2 °C i februar og 14 °C i august. Dei indre stroka har strengare vintrar og varmare somrar.

Historie

Møre og Romsdal er eit sentralt fylke når det gjeld utforskinga av norsk kystbusetnad i steinalderen. Fosna, det eldre namnet på Kristiansund, har gitt namn til den såkalla Fosnakulturen, som strekte seg hovudsakleg frå Rogaland til Nordland. På buplassane, som er daterte til mellom 6000 og 8000 f.Kr., er det berre bevart reiskapar av stein og avfall etter reiskapsproduksjon. Flint var det viktigaste råstoffet.

Sagaene skildrar fleire stormenn frå fylket i vikingtida. Ifølgje Snorre Sturlason sette Harald Hårfagre Ragnvald Mørejarl til å styre både Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal. Son hans, Gange-Rolv, er i tradisjonen blitt oppfatta som same person som Rollo, som var hertug av Normandie. Begge skal ha vore frå Giske, som alt i folkevandringstida var eit maktsentrum i distriktet. Giskeætta var ei leiande stormannsætt i Noreg på 1100- og 1200-talet. Mot slutten av 900-talet stod slaget ved Hjørungavåg, der ein stor dansk hær skal ha blitt slått attende.

Tømmereksporten frå fylket var omfattande på 1600-talet. Frå slutten av 1700-talet voks Ålesund, Molde og Kristiansund fram som byar og senter for kvar sine futedøme. Kristiansund bygde seg opp på klippfiskeksport, med stor tilførsel av saltfisk frå Lofoten, medan Ålesund blei senter for den ekspanderande fiskerinæringa på Sunnmøre. Frå slutten av 1800-talet auka det på med havfiske på Storegga, og fiskarane i fylket tok tidleg i bruk ny fangst- og fartøyteknologi. I 1904 brann storparten av Ålesund. Denne bybrannen er den verste brannen i Noreg nokon gong, rekna i talet på nedbrende hus.

På Søre Sunnmøre oppstod tidleg eit ruralt intellektuelt miljø, då Sivert Aarflot starta prenteverk på Ekset i Volda i 1809 og gav ut Norsk Landboeblad. Fire år seinare blei Ivar Aasen, grunnleggjaren av nynorsken, fødd på Åsen, eit lite stykke unna. I 1861 fekk Volda lærarseminar. Utdanningstradisjonen i bygda blei seinare vidareført gjennom Høgskulen i Volda, som er den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

I midten av april 1940 gjekk britiske troppar i land på Åndalsnes. Planen var å ta att Trondheim frå dei tyske okkupantane gjennom ein knipetongoperasjon. Operasjonen var mislukka, men regjeringa, kongen og kronprinsen greidde å rømme frå Sør-Noreg via Romsdalen og Molde. Gullbehaldninga til Noregs Bank blei frakta same vegen. Tyske fly bomba Åndalsnes, Molde og Kristiansund og gjorde store skadar.

Sosiale forhold

Møre og Romsdal ligg omtrent på linje med landsgjennomsnittet når det gjeld inntektsnivå. I 2013 tente 24 % av hushalda under 350 000 og 24 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået er lågt – 24,9 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen ligg godt over landsgjennomsnittet for begge kjønn. Mennene i Møre og Romsdal kan rekne med å bli 79 år gamle og kvinnene 83,9 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 i heile landet. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar er nest lågast i landet, og det er litt færre røykjarar enn gjennomsnittet. 23 % av dei vaksne møringane og romsdalingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 6,7 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, langt under landsgjennomsnittet (11,5 %).

Næringsliv

Møre og Romsdal har eit solid og allsidig næringsliv, basert på ressursar både på landjorda og i havet utanfor kysten. Fiskarane herifrå har vore pionerar på å drive fiske i fjernare farvatn, og fylket har i dag ein stor havfiskeflåte, som høyrer heime hovudsakleg på ytre Sunnmøre. Møre og Romsdal er det største fiskerifylket i landet målt etter fangstmengda og verdien av villfisk. Også fiskeoppdrett spelar ei viktig rolle. På grunn av fiskeria er det mange sysselsette i primærnæringane i fylket (3,8 %, mot 2,4 % i heile landet). Jordbruket i Møre og Romsdal er først og fremst prega av grasproduksjon, knytt til husdyrhald, men òg noko frukt- og bærdyrking, ikkje minst i dei indre fjordstroka på Sunnmøre.

Fylket har industrimiljø med lange historiske tradisjonar. Møbelindustrien har sitt sentrum i Sykkylven, med den største møbelprodusenten i Norden, Ekornes. Sunnmøre og Romsdal har òg hatt ein omfattande trikotasje- og konfeksjonsindustri, men denne industrien er sterkt redusert i dei seinare åra. Skipsindustri er framleis ein stor aktivitet, med Ulstein Verft blant dei største verksemdene. Andre store industrigreiner er maskinindustri og næringsmiddelindustri, den sistnemnde med til dømes produksjon av Pizza Grandiosa på Stranda. Sunndalsøra har eit stort aluminiumsverk, eigd av Hydro.

Ormen Lange foto Bilfinger SE flickr CC BY SA 2 0.jpg?w=600

Ormen Lange i Aure på Nordmøre er det nest største gassfeltet på norsk sokkel. Foto: Bilfinger SE, flicr.com CC BY SA 2.0

Olje- og gassindustrien gjorde sitt inntog i Møre og Romsdal i 1990-åra, med utbygginga på Haltenbanken. Kristiansund er knytt til dette feltet med ein stor forsyningsbase. Gassen frå Haltenbanken blir ført i land på Tjelbergodden i Aure, som har eit stort industrianlegg med mellom anna metanolfabrikk. Frå Ormen Lange-feltet, som er det nest største gassfeltet på norsk sokkel, går gassen i land til eit stort prosessanlegg i Nyhamna på Aukra og vidare gjennom ein røyrleidning til England. Utbygginga av Ormen Lange, som stod ferdig i 2007, er blant dei største industriprosjekta i Noreg.

Tenesteytande næringar sysselset relativt få av dei yrkesaktive i Møre og Romsdal, 69 % (mot 77 % i heile landet). Reiselivet er spesielt viktig i indre delar av fylket, med Geiranger og Romsdalen som store destinasjonar. Men også kysten tek imot mange turistar og kan lokke med attraksjonar som fuglefjellet på Runde, Atlanterhavsvegen, det fråflytta fiskeværet Grip og Ona fyr med fleire.

Samferdsel og kommunikasjon

Møre og Romsdal er eit sundrive fylke, med mange fjordar og øyar. Sjølv om det er bygd ei rekkje bruer og undersjøiske tunnelar, har fylket framleis mange ferjestrekningar. Møre og Romsdal har to europavegar: E39, som går frå grensa mot Sogn og Fjordane via Volda, Ørsta, Spjelkavik og Molde til grensa mot Sør-Trøndelag i Vinjefjorden, og E136 mellom Ålesund og grensa mot Oppland i Romsdalen. Fylket har òg ei jernbane, Raumabana, som går frå Åndalsnes til Dombås. Det finst fire lufthamner: Ørsta-Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Den førstnemnde er ein kortbaneflyplass, medan dei tre siste er stamflyplassar, med trafikk også til utlandet. Kristiansund lufthamn er dessutan base for offshoretransport.

MØRE OG ROMSDAL atlanterhavsvegen foto jechstra CC BY SA 3.jpg?w=600

Atlanterhavsvegen på Nordmøre er åtte kilometer lang, og ein spektakulær biltur. Foto: jechstra, flickr.com CC BY SA 3.0


Administrativ og historisk inndeling

Møre og Romsdal fylke har desse 36 kommunane: Aukra, Aure, Averøy, Eide, Fræna, Giske, Gjemnes, Halsa, Haram, Hareid, Herøy, Kristiansund, Midsund, Molde, Nesset, Norddal, Rauma, Rindal, Sande, Sandøy, Skodje, Smøla, Stordal, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Kristiansund, Molde og Ålesund er historiske byar, medan Fosnavåg (i Herøy), Ulsteinvik (i Ulstein) og Åndalsnes (i Rauma) har fått bystatus etter 1995.

MØRE OG ROMSDAL ålesund brosundet foto Ålesund kommune CC BY SA 2.jpg?w=600

Brosundet i jugendbyen Ålesund. Foto: Ålesund kommune CC BY SA 3.0

Møre og Romsdal hadde på det meste, frå 1924 til 1960, 68 kommunar. I 1960 blei Øksendal og Ålvundeid slått saman med Sunndal, medan Edøy, Brattvær og Hopen gjekk saman i den nye kommunen Smøla. I 1964 gjekk Bolsøy inn i Molde og Grip i Kristiansund. Vanylven tok opp i seg Syvde, medan Rovde blei delt mellom Sande og Vanylven. Dalsfjord gjekk inn i Volda, Vartdal og Hjørundfjord i Ørsta, Vigra i Giske, Tresfjord i Vestnes, Eresfjord og Vistdal i Nesset, Bud og Hustad i Fræna, Kvernes i Averøy og Straumsnes i Tingvoll. Voll, Eid, Grytten, Hen og storparten av Veøy slo seg saman til den nye storkommunen Rauma, medan Bremsnes blei delt mellom Kristiansund, Averøy og Frei. Stordal og Skodje slo seg saman med Ørskog, men blei frådelte att i 1977. I 1965 gjekk Sunnylven inn i Stranda, medan Haram tok opp i seg storparten av Vatne og delar av Borgund. Øre og deler av Tingvoll gjekk inn i Gjemnes, og Åskard og storparten av Stangvik inn i Surnadal. Stemshaug slo seg saman med Aure, og Valsøyfjord med Halsa. I 1968 gjekk resten av Borgund inn i Ålesund, men Sula gjekk ut av Ålesund og blei eigen kommune i 1977. I 2006 blei Tustna slått saman med Aure. To år seinare gjekk Frei inn i Kristiansund.

Frå 1.1.2020 blir talet på kommunar redusert frå 36 til 27 kommunar. Molde, Nesset og Midsund slår seg saman. Fræna og Eide blir slått saman. Det blir òg Stordal og Norddal. På Sunnmøre har kommunane Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog gjort vedtak om samanslåing. Høgre, Framstegspartiet og Venstre dannar fleirtal for at òg Haram skal vere ein del av den nye storkommunen på Sunnmøre.

Halsa forlet Møre og Romsdal og slår seg saman med Hemne og delar av Snillfjord. Hornindal i Sogn og Fjordane slår seg saman med Volda, som framleis skal vere ein del av Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal var opphavleg delt slik at Sunnmøre høyrde til Bergenhus stiftamt, medan Romsdal og Nordmøre var eige amt med namnet Romsdals amt, som låg under Trondhjems stiftamt. I 1689 blei Sunnmøre lagt til Romsdals amt. Fylket heitte frå 1919 til 1935 Møre fylke, men fekk deretter det noverande namnet.

Demografi

I Møre og Romsdal er folketettleiken omtrent som landsgjennomsnittet, men fylket har låg urbaniseringsgrad. 71,6 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,5 % i heile landet. Folk bur tettast på kyststripa, medan dei indre stroka er meir grisgrendte. Dei største byane, Ålesund (52 163 innbyggjarar i det tettbygde området), Molde (20 863 innb.) og Kristiansund (18 412 innb.), er senter for kvar sin region. Dei største tettstadene elles er Ørsta (7 230 innb.), Volda (6 368 innb.), Ulsteinvik (5 694 innb.), Sykkylven (4 321 innb.), Sunndalsøra (4 064 innb.). Innbyggjartala er frå 2017.

Folketalet i Møre og Romsdal har auka dei fleste åra sidan 1950, med unntak av ein stagnasjonsperiode i 1980-åra. I 1950- og 60-åra var veksten høg, sjølv med netto utflytting, takka vere høge fødselsoverskot. I 1970-åra tok fødselsoverskotet til å minke, og det har seinare halde seg lågt. Samstundes minka òg flyttestraumen ut av fylket. I perioden 1971 til 2006 hadde fylket netto utflytting i 29 av åra og netto innflytting i sju. Frå 2007 har det vore høg netto innflytting på grunn av innvandring. I 2015 var 11,2 % av innbyggjarane i Møre og Romsdal fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Møre og Romsdal fylkeskommune ligg i Molde, med eigne tenesteområde for utdanning, regional- og næringsutvikling, kultur og folkehelse, samferdsel, plan og analyse, tannhelse og miljø. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Kristiansund, Ålesund, Molde, Fræna, Vikebukt, Brattvåg, Fosnavåg, Åndalsnes, Stranda, Sunndalsøra, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulsteinvik, Volda og Ørsta, og dessutan fagskular i Kristiansund og Ålesund. Fylket har seks folkehøgskular. Tidlegare dreiv fylkeskommunen ferjerutene i fylket gjennom Møre og Romsdal fylkesbåtar, men selskapet blei i 2001 lagt inn under Fjord1-konsernet, og fylkeskommunen har no selt alle aksjane sine der.

Møre og Romsdal har tre regionråd: Sunnmøre (kommunane Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund), Romsdal (Aukra, Eide, Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Rauma, Vestnes) og Ordfører- og rådmannskollegiet for Nordmøre (ORKidé) (Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll). Rindal er dessutan med i Orkdalsregionen i Sør-Trøndelag.

Fylket ligg under Frostating lagmannsrett og er delt i fire tingrettsdistrikt: Nordmøre, Romsdal, Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Møre og Romsdal er eit eige lensmannsdistrikt. Vanylven kommune høyrer til Sogn og Fjordane politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Midt-Noreg og utgjer eitt helseføretak, Helse Møre og Romsdal, med sjukehus i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Det ligg under Vegregion Midt og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Møre og Romsdal utgjer Møre bispedøme, som er delt i sju prosti: Søre Sunnmøre, Austre Sunnmøre, Nordre Sunnmøre, Molde domprosti, Indre Romsdal, Ytre Nordmøre og Indre Nordmøre.

Møre og Romsdal fylkeskommune er medlem av Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeid mellom dei fire vestlandsfylka frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

Politikk

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Møre og Romsdal sidan 2003. Tidlegare var òg Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet store parti, men dei siste åra har dei gått mykje tilbake. Fylkestinget har hatt borgarleg fleirtal sidan 1975, men fylkesordførarane har kome skiftevis frå Ap og dei borgarlege partia. I perioden 2015–19 er Jon Aasen (Ap) fylkesordførar og Gunn Berit Gjerde (V) fylkesvaraordførar.

Dei borgarlege partia har alltid hatt eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal. Fylket har fostra fleire profilerte politikarar, mellom desse er Karita Bekkemellem (Ap), som har vore barne- og likestillingsminister, og ikkje minst Kjell Magne Bondevik (KrF), som var kyrkje- og undervisningsminister og utanriksminister før han blei statsminister i to regjeringar (1997–2000 og 2001–05).

Innanfor fylket spelar rivaliseringa mellom dei tre gamle futedøma Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre ei viktig rolle som politisk bakteppe. Sunnmørslista er etablert som ei tverrpolitisk liste med representasjon i fylkestinget gjennom fleire periodar, og mellom Molde og Kristiansund blei det ein hard kamp etter at regjeringa i 2011 gjekk inn for eit nytt felles sjukehus for dei to byane. Striden har vore ein av dei bitraste i landet når det gjeld nedlegging av lokalsjukehus. I 2014 blei det gjort vedtak om at det nye sjukehuset skal liggje i Molde.

Språk

Møre og Romsdal fylkeskommune og fylkesmannsembetet i fylket har nynorsk som tenestemål. Det same har 22 av kommunane, medan 13 er språkleg nøytrale og éin (Eide) har bokmål som tenestemål.

Eit knapt fleirtal, 50,2 %, av elevane i grunnskulen i Møre og Romsdal har nynorsk som opplæringsmål, medan 49,7 % har bokmål. Av innvandrarspråk er polsk, litauisk, somalisk, arabisk og russisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

På Sunnmøre er det over 98 % i nynorsk i alle kommunane utanom Ålesund, men også der er det 672 nynorskelevar. I Romsdal er det nynorskfleirtal i Aukra, Midsund og Vestnes kommunar, men det er også nynorskelevar i Fræna (411), Rauma (273) og Nesset (66) kommunar. På Nordmøre er det nynorskfleirtal i Aure og Surnadal, men det er også nynorskelevar i Gjemnes (83) og Rindal (2). 

Det går eit skilje mellom dialektane på Nordmøre og dei som blir brukte lenger sør i fylket. Sunnmørsk og romsdalsk høyrer til dei vestnorske målføra og har e‑mål, medan nordmørsk høyrer til dei trøndske målføra og har kløyvd infinitiv. Sunnmørsk har ikkje tjukk l, romsdalsk har tjukk l av gamal l (sol), men ikkje av rð (bor), nordmørsk har tjukk l både av gamal l og delvis òg av rð. Romsdalingane seier i (for eg). I heile fylket er gamle former av dativbøying bevart. Palatalisering finst opphavleg både i trykksterke og trykksvake stavingar (bajllajnne), men er i tilbakegang.

Kunst, kultur og idrett

Møre og Romsdal har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Sunnmørsposten (Ålesund, 25 772), Romsdals Budstikke (Molde, 15 456), Tidens Krav (Kristiansund, 12 302), Møre-Nytt (Ørsta, 5190), Vestlandsnytt (Fosnavåg, 4767), Vikebladet Vestposten (Ulsteinvik, 3966), Åndalsnes Avis (Åndalsnes, 3571), Driva (Sunndalsøra, 3537), Møre (Volda, 3373), Sykkylvsbladet (Sykkylven, 2856), Aura Avis (Sunndalsøra, 2777), Bygdebladet (Sjøholt, 2439), Nordre/Haramsnytt (Brattvåg, 2352), Sulaposten (Langevåg, 2304), Synste Møre (Vanylven, 2201), Sunnmøringen (Stranda, 1822), Vestnesavisa (Vestnes, 1851), Nordvest-Nytt (Smøla, 1768), Øy-Blikk (Giske, 1548) og Storfjordnytt (Valldal, 1405).

NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund. Byen har hatt kringkastar sidan 1926.

Fylket har tre høgskular. Høgskolen i Molde har tilbod om studium innanfor sjuke- og vernepleie, økonomi, IT, logistikk, jus, samfunnsfag og idrett. Høgskolen i Ålesund har avdelingar for biologiske fag, helsefag, ingeniør- og realfag, internasjonal business, og maritim teknologi og operasjonar. Høgskulen i Volda har fag- og profesjonsutdanningar innanfor pedagogikk, velferd, medium og kultur.

Musea i Møre og Romsdal er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte i tre regionmuseum: Sunnmøre Museum, Romsdalsmuseet og Nordmøre Museum. Den fremste festivalen i fylket er Molde Internasjonale Jazz Festival, som er knutepunktfestival. Blant dei andre festivalane kan nemnast Bjørnsonfestivalen i Molde, Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda og Den norske matfestivalen i Ålesund.

MØRE OG ROMSDAL barneboktua Ivar Aasen tunet foto Noregs Mållag CC BY SA 2.jpg?w=600

Barneboktua i Ivar Aasen-tunet. Foto Noregs Mållag. CC BY SA 3.0

Teatret Vårt er regionteater i fylket, med base i Molde. I Ålesund ligg mellom anna Kunstmuseet KUBE, medan Kristiansund har eigen opera.

parr_maria_2009_foto_solvi_brudevoll_svkv.jpg?w=600

Forfattar Maria Parr. Foto: Sølvi Brudevoll.

Møre og Romsdal har fostra ei rekkje framståande forfattarar og diktarar, blant dei Marie Takvam, Anne Karin Elstad, Hans Hyldbakk, Marie Lovise Widnes, Stig Nilsson, Marit Kaldhol, Nils-Øivind Haagensen og Maria Parr. Av profilerte musikarar frå fylket kan nemnast Annbjørg Lien, Henning Sommerro, Frode Alnæs og Jo Nesbø, som dei seinare åra har skrive krimbøker. Molde fotballklubb er blant dei fremste fotballaga i Noreg, det eine av to i landet som har spela i Champions League. Nokre av dei fremste spelarane i klubben gjennom tidene er Åge Hareide, Kjetil Rekdal og Ole Gunnar Solskjær. Også Aalesunds Fotballklubb har hevda seg i norsk toppfotball dei seinare åra.

Kjelder

Pio Larsen (red.): Bygd og by i Norge. Møre og Romsdal. Oslo 1977

Jernbaneverket: «Raumabanen», publisert 28.8.2013:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Raumabanen [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Møre og Romsdal fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_14 - KAPITTEL_14 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Møre og Romsdal», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/more-og-romsdal/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A... [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

John Stokkan: «Møre og Romsdal», snl.no, sist oppdatert 20.4.2009: https://snl.no/Møre_og_Romsdal [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune

Først publisert: 29.09.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018